tro til forandring - Norges Kristne Råd

norgeskristnerad.no
  • No tags were found...

tro til forandring - Norges Kristne Råd

Gudsteneste i friluft: Miljøengasjementeti den grønekyrkjelyden i Fusa kjem til synei gudstenestelivet. Skaparverketsin dag vert feira ogein held gudsteneste i det fri.Foto: Harald Geir SætherMiljøgeriljaen: Fairtrade-framstøyt på kommunehuset i Fusa. Soknerådsmedlem Sissel Valvatne (t.v),soknerådsleiar Bjarte Samnøy og sokneprest Roar Strømme. Foto: Lars Ove KvalbeinStraumsparing: - Vi sparar mykje straum på ikkje å nytte flaumljoset som sikringstiltak, fortel kyrkjeverjeHarald Geir Sæther. Innetemperaturen vert halde lav når kyrkjene ikkje er i bruk. Foto: Lars Ove KvalbeinGrøn kyrkjelyd utfordra kommunenAv Lars Ove KvalbeinBjørgvin bispedøme avDen norske kyrkjaI Fusa bestemte kyrkjelyden seg for å ta miljøsakai eigne hender. Hausten 2007 gjorde soknerådetvedtak om å bli grøn kyrkjelyd. Så utfordra deipolitikarane til å bli med på laget. Året etter gjordekommunestyret i Fusa samrøystes vedtak omå bli Fairtrade-kommune. Noko hadde hendt imellomtida.Dei tre grøne eldsjelene vi møter på kyrkjekontoret iFusa, var ikkje smålåtne då dei skulle presentere engasjementetsitt for folk i Fusa. ”Miljøgeriljaen i kyrkja” stodet under biletet av dei tre på framsida av kyrkjebladet.Sissel Valvatne er medlem i soknerådet og driv si eigaverksemd. Bjarte Samnøy er leiar i soknerådet og bonde,og Roar Strømme er sokneprest i Fusa.Ansvar for jorda- Korleis kom de på ideen om å bli grøn kyrkjelyd?- Både eg og Roar har lenge vore engasjert i miljøsaka.Vi i kyrkja har også eit ansvar for jorda vår. Saka er forviktig til å overlatast til politikarane, seier Sissel Valvatne.- Som bonde er eg spesielt opptatt av rettferdig handel,sidan dette handlar om solidaritet med fattige småbondekollegaeri sør, fortel soknerådsleiar Bjarte Samnøy.Sokneprest Roar Strømme fortel at han har vore miljøengasjertheilt sidan studietida. I ei tid då miljøengasjementstort sett var eit framandord i kristne kretsar,skreiv han ei spesialavhandling om økoteologi. Sidan harhan kjempa for miljø og rettferd både i bispedømerådog på Kyrkjemøtet.- Sjølv om fleire av oss hadde vore engasjert i detteover lang tid, var det veldig nyttig for oss å kunne brukeopplegget for grøn kyrkjelyd. Vi hadde behov for eitheilskapleg verkty for å få nye idear til tiltak og for åtenkje meir systematisk om arbeidet vårt, fortel Strømme.Feie for eiga dør- Korleis vart det grøne initiativet tatt i mot i resten avkyrkjelyden?- Vi fekk god respons i soknerådet. Nyleg hadde vi einidédugnad om den nye diakoniplanen i Den norskekyrkja. Då kom det opp mange forslag til grøne tiltak.Eg tar det som eit teikn på at engasjementet har settseg når folk tenkjer miljø, forbruk og rettferd som einnaturleg del av diakonien, seier Roar Strømme.- Vi har fått stort sett berre positive reaksjonar ogsåutanom soknerådet, både frå kyrkjefolk og andre.Det vi har fått mest respons på hittil var nok temanummeretav kyrkjebladet, der vi presenterte oss somgrøne. Bladet hadde også klistremerke med ”nei takk”til reklame som vedlegg, slik at folk fekk ein sjanse til ågjere noko heilt konkret, legg Bjarte Samnøy til.- Utsendinga av slike klistremerke gav oss uventa PR.Vi fekk nemleg kritikk i lokalavisa for å sende ut kyrkjebladet.Meldinga frå innsendaren var at vi måtte feie foreiga dør, når vi sender ut kyrkjebladet som inneheld bådereklame og mykje papir. Vi svarte så godt vi kunne, ogdet vart ein fin liten føljetong i lokalavisa vår og eit finthøve til å utdjupe engasjementet vårt, fortel Roar Strømme.ForbrukarmaktArbeidet med å få Fusa til å bli Fairtrade-kommune harvore den største og mest konkrete saka for dei grøneeldsjelene. Fairtrade er ei merkeordning for rettferdighandel. Ein Fairtrade-kommune forpliktar seg til å støtterettferdig handel etter bestemde reglar.- Etter at vi hadde presentert saka i Kyrkjebladet, skipa vitil eit folkemøte på bedehuset, der mellom anna ordførarenvar til stades og fekk utfordringa på direkten.Lokalavisa var også der, og det vart eit fint oppslag iavisa, fortel Strømme.Møtet og oppslaget må ha hatt sin verknad, for ikkjelenge etter vart dei inviterte til å presentere saka på eitmøte i kommunestyret. Vedtaket om å bli Fairtradekommuneblei samrøystes vedteke av kommunen idesember i fjor. No tar den verkelege jobben til medå oppfylle kriteria for å bli Fairtrade-kommune.- Vi har sett at vi har ganske stor makt som forbrukarar.Butikkane her lokalt prøver å følje opp så godt dei kan,men eg synest det er litt lite trøkk på Fairtrade fråsystemet bak butikkane, seier Sissel Valvatne.- Kva tiltak har vore vanskelegast å gjennomføre?- Vi er ikkje heilt i mål på kjeldesorteringa ute i kyrkjeneenno. Vi klarar heller ikkje å unngå eingongsutstyr på kyrkjekaffien,men har fått eit bra opplegg for å kjeldesortere pappenherifrå. Heldigvis fann vi at vi hadde ein god del på plassallereie då vi starta. Miljøperspektivet var godt på plass iforkynninga, og vi hadde allereie tradisjon for friluftsgudstenesteog feiring av skaparverket sin dag. Loppemarknadhar vi også hatt lenge, men det har no fått ny meining ogmotivasjon, seier soknerådsleiar Bjarte Samnøy.FAKTAGrøn kyrkjelydEin grøn kyrkjelyd gjer om sitt globale engasjement formiljø og rettferd til konkrete tiltak i sin kyrkjelyd ogsitt lokalsamfunn.Ein grøn kyrkjelyd har:• sette i gang tiltak for betre miljø og meir rettferdigfordeling• laga ein enkel plan for arbeidet• peikt ut ein miljøkontakt og danna ei arbeidsgruppesom følgjer opp tiltaka• nytta verktya ”Miljøsteget”, plakaten ”Vår grønnemenighet” eller ”Miljøfyrtårn”-materiellet for åarbeide systematisk med eigen praksis.Les meir om grøn kyrkjelyd på www.kirken.no/miljoPunkt frå handlingsplanenVI VIL:· feire ”Skaparverkets dag”· arrangere minst ei gudsteneste med fokuspå miljø, forbruk og rettferd i løpet avkyrkjeåret.· inkludere miljø, forbruk og rettferdperspektivi liturgien og i preika der deter naturleg· arrangere gudsteneste i friluft minstein gong i året· integrere forbruk og rettferd-perspektivi undervisinga og trusopplæringa vår· formidle stoff om miljø, forbruk ogrettferd i kyrkjebladet· teste butikkane i nærmiljøet vårt på’utval, profilering og prising av varermed Fairtrade-merking, økologiske ogsvanemerkte varer· kjøpe så lite som mogeleg· bruke fairtrade-merkte produkt nårslike finst· velje miljømerkte produkt når slike finst· ta initiativ til ein enøk-sjekk av bygninganetil kyrkjelyden· senke temperaturen når det ikkje er folki kyrkja, kyrkjelydshus og kontor· sløkkje ljoset i rom som ikkje er i bruk· skru av PC-en når vi går for dagen· unngå bilkøyring i nærmiljøet og påkorte turar· leggje til rette for sykkelparkeringved kyrkja· klimanøytralisere flyreisene våre· be tilsette og medlemer om å seie neitil postkassereklame· bruke baksida av brukt papir til kladdearkog huskelappar· vere med å arrangere byttemarknad,loppemarknad eller nytte gjenbruksbutikkarGlimt frå grønt kyrkjelivDet norske misjonsforbundhar ein handlingsplanfor forbruk,miljø og solidaritetsom fungerer someit ressurshefte forkyrkjelydar. ”På jordasom i himmelen” eroverskrifta.Ressursgruppa for grøne kyrkjelydar i Metodistkyrkja på reisei England for å lære om arbeidet med ”eco-congregations”,øko-kyrkjelydar. Foto: Solveig Meistad HermansenMiljø- og utviklingsminister Erik Solheim overrekkjer Miljøfyrtårnsertifikatettil Kari Skår Sørheim, leiar i hovudkomiteen for generalforsamlingai Det Norske Misjonsselskap. Sertifikatet er det synlegeprovet på at generalforsamlinga er sertifisert som eit grønt arrangementetter krava frå Miljøfyrtårn. Foto: Lars Ove Kvalbein12 www.trotilforandring.nowww.trotilforandring.no 13

More magazines by this user
Similar magazines