Foredrag Tore Hågård - Helse Førde

helse.forde.no
  • No tags were found...

Foredrag Tore Hågård - Helse Førde

Hyperkinetisk forstyrring/ADHDFørde, 13. januar 2011Overlege Tore Hågård,Sogndal BUP


Diagnostikk


ICD-10• F90.0 Hyperkinetisk forstyrringHyperaktivitetogmerksemdsvanskarogimpulsivitet


• Prevalens 1-5%• 3-4 gonger fleire gutarenn jenter


DSM-IV• 314 ADHDHyperaktivitet og impulsivitetog/ellermerksemdssvikt• 3 subtypar:▫ ADHD-HI▫ ADHD-IA▫ ADHD-C


• Innføring av DSM-IV-kriteria auka prevalensen med50% til minst 5%.• ADHD-IA står for det meste av auken.▫ Fleire jenter▫ Fleire vaksne• ADHD-HI▫ Fleire førskuleborn


Klinisk bilete - kjernesymptom• Hyperaktivitet• Impulsivitet• Konsentrasjonsvanskar


Klinisk bilete - tilleggsvanskar• Andre frontallappssymptom - eksekutive vanskar▫ Målretta aktivitet▫ Planlegging og struktur▫ Forutsjå konsekvensar▫ Korrigera åtferd – læra av erfaring▫ Sosial forståing


Klinisk bilete - tilleggsvanskar• Åtferdsvanskar• Kognitive vanskar/lærevanskar• Emosjonelle vanskar/dysregulering• Sosiale vanskar• Motoriske vanskar• Ticstilstandar


Diagnose• Utgreiinga skal gje svar på 7 spørsmål:1. Fyller pasienten diagnosekriteria (18 punkt)?2.Viser symptoma seg på fleire livsområde?3.Har symptoma vart i minst 6 mnd?4.Viste vanskane seg før skulealder?5.Står vanskane (ikkje) i forhold til barnet sittutviklingsnivå?6.Påverkar symptoma barnet sitt funksjonsnivå i betydeleggrad?7.Kan ein annan tilstand forklara symptoma (betre)?


18 diagnosekriteriar• 9 kriteriar for merksemdssvikt (>6):▫ 1. Har ikkje auga for detaljar, gjer slurvefeil.▫ 2. Har vanskar med å vera merksam over tid i leikeller oppgåver.▫ 3. Ser ofte ut til å ikkje høyra etter.▫ 4. Har vanskar med å følgja instruksjonar og åfullføra oppgåver.


▫ 5. Har vanskar med å organisera leik og oppgåver.▫ 6. Unngår oppgåver/aktivitetar som krevervedvarande mental innsats/merksemd.▫ 7. Mister ting.▫ 8. Vert lett distrahert.▫ 9. Gløymer lett i daglege aktivitetar.


18 diagnosekriteriar• 5 kriteriar for hyperaktivitet (>3):▫ 1. Mykje småuro i kroppen.▫ 2. Forlet plassen sin i situasjonar der ein vertforventa å sitja i ro.▫ 3. Spring, klatrar etc i situasjonar der dette ikkje erpassande.▫ 4. Har vanskar med å leika stille.▫ 5. Viser eit vedvarande mønster med overaktivitetutan situasjonstilpassing.


18 diagnosekriteriar• 4 kriteriar for impulsivitet (>1):▫ 1. Plumpar ut med svar, gjerne før spørsmålet erstilt.▫ 2. Har vanskar med å venta på tur.▫ 3. Avbryt og uroar andre.▫ 4. Pratar mykje, ofte utan situasjonstilpassing.


Viser symptoma seg på fleirelivsområde?• Minst to livsområde.• Vanlegvis heime og på skulen.• Oftast ein gjennomgripande tilstand – viser seg ileik, i bursdagar, på trening, i butikken…• Ikkje berre i skulerelaterte aktivitetar.• Kva med dei ikkje-hyperaktive?


Har symptoma vart i minst 6 mnd?• ADHD er ein kronisk tilstand.


Viste vanskane seg før skulealder?• ADHD vert rekna som ei medfødd,hjerneorganisk utviklingsforstyrring.• Medfødd, genetisk disposisjon – psykososialeforhold påverkar forløpet.• Konsentrasjonsvanskar i ungdomsalder er sværtvanleg – lite truleg ADHD.• Men kva med dei ikkje-hyperaktive?


Står vanskane (ikkje) i forhold tilbarnet sitt utviklingsnivå?• Evne til å konsentrera seg, til å hemma impulsarog til å undertrykka uro er avhengig avalder/utviklingsnivå.FerdigheitAlder


Påverkar symptoma barnet sittfunksjonsnivå i betydeleg grad?• Er tilstanden alvorleg nok?• Kor alvorleg er alvorleg – kva er betydelegfunksjonstap?• Finst ikkje-alvorleg ADHD?• Foreldra aksepterer diagnosen på vegne avbarnet – diagnosen kan ha biverknader.


Kan ein annan tilstand forklarasymptoma (betre)?• Differensialdiagnostikk.• Eksklusjonskriteriar:▫ Angst og depresjon▫ Gjennomgripande utviklingsforstyrring▫ Psykotisk tilstand▫ Somatiske tilstandar


Differensialdiagnosar –somatiske/nevrologiske• Sansedefektar, søvnvanskar, smertetilstandar kan gjemerksemdssvikt og uro.• Konsentrasjonsvanskar er vanleg ved tics-tilstandar.• Epilepsi (abscence).• Medikamentbiverknader.• Rusmiddel.


Differensialdiagnosar - psykiske• Angst, depresjon, PTSD, psykose mm kan gjekonsentrasjonsvanskar.• Bipolar liding (hypomani) gjev ofte hyperaktivitet,impulsivitet og konsentrasjonsvanskar.• Aktivitetsnivå, distraherbarheit, uthald mm ertemperamentsvariablar som kan gje store utslag, menlikevel innan normalvariasjonen.


Differensialdiagnosar - kognitive• Svake kognitive evner gjev tilsvarande svak evne tilmerksemd og konsentrasjon.• Ulike lærevanskar gjev konsentrasjons- ogmotivasjonsvanskar i skulen.• Utviklingsmessige språkvanskar gjev ofte ADHD-(liknande) symptom.


Differensialdiagnosar - åtferdsmessige• Åtferdsforstyrring har likskapar med ADHD.


Differensialdiagnosar - psykososiale• Omsorgssvikt og mishandling kan gjemerksemdsvanskar.• Utilstrekkeleg foreldrefunksjon gjev næring til ein evtmedfødd disposisjon.• Tilknytningsforstyrring (udiskriminerande type)liknar mykje på ADHD.


Kva med fastlegen?• Relativt få vert tilvist direkte frå fastlege ellerhelsestasjon.• PPT er hovudleverandør.• Men alle tilvisingar skal vera signert av lege(eller barnevernleiar).• Tyder signert av lege vurdert av lege?


Vurdering av fastlege/helsestasjonslege:• Vurder symptoma.▫ Liknar det på hyperkinetisk forstyrring?▫ Vurder alvorsgrad.• Utelukk somatiske differensialdiagnosar.▫ Målretta anamnese.▫ Generell somatisk undersøking.▫ Obs syn og hørsel.▫ Tilleggsundersøkingar på indikasjon.▫ Hugs at allmennlegar kan mykje meir omsomatiske tilstandar enn barnepsykiaterar!


Tilvisinga• Kvifor eige BUP-skjema?▫ Får viktige opplysningar om familie ogomsorgssituasjon.▫ Får opplysningar om involverte instansar.▫ Gjev fakta til statistikk.▫ www.nbup.no


• Ei god tilvising inneheld opplysningar som gjerBUP i stand til å føreta ei korrekt vurdering avom pasienten har rett til naudsynt helsehjelp.


• Familie/sosialt, psykososiale belastningar.• Tidlegare/andre sjukdommar.• Aktuelt, skildring av symptom.• Undersøkingar og funn.• Vurdering av alvorsgrad.


Samarbeid om utgreiing?• Kan fastlegen overta delar av utgreiinga?• Kor mykje kan PPT gjera før tilvising?• Stavangermodellen.• Tema for diskusjonen?

More magazines by this user
Similar magazines