Planprogram - Hordaland fylkeskommune

polsak.ivest.no

Planprogram - Hordaland fylkeskommune

1.2 Regional plan1.2.1 Regional plan i Plan- og bygningslovaI Plan og bygningslova (2008) er omgrepet fylkes(del)plan erstatta med regional plan. Kva regionale planar somskal utarbeidast av fylkeskommunen, skal vere fastsett i den regionale planstrategien. Til planane skal det utarbeidasthandlingsprogram for gjennomføring (§8-1).Ettersom planen ikkje inneheld retningsliner for utbygging, er det ikkje krav om konsekvensutgreiing (KU).Regionale planar skal vere langsiktige og fleksible. Dei konkrete verknadane av planane skal mellom anna gjereseg gjeldande gjennom handlingsprogram som skal reviderast årleg.1.2.2 Verknader av planenRegional transportplan skal formulere mål, strategiar og retningslinerfor ulike tema innanfor transportsystemet i fylket. Avhengig av temavil planen påverke ulike prosessar og nivå i forvaltninga. For temainnanfor fylkeskommunen sitt ansvarsområde vil strategiane ogretningslinene verte fylgt opp gjennom handlingsprogram ogbudsjettvedtak som peiker mot konkrete prosjekt og løyving av midlarover fylkeskommunale budsjett. Planen skal og leggjast til grunn forstatlege prosessar, til dømes nasjonal transportplan (NTP), ogkommunal arealplanlegging.Pbl. § 8-2 Virkninger avregional plan”Regional plan skal legges tilgrunn for regionale organersvirksomhet og for kommunalog statlig planlegging ogvirksomhet i regionen.”Retningslinene i RTP vil ikkje vere rettsleg bindande slik som føresegner, men vere uttrykk for politiskeprioriteringar gjort av fylkeskommunen. Avvik frå desse retningslinene kan leie til motsegn fråfylkeskommunen der det er relevant, til dømes i kommunal arealplanlegging.1.2.3 KonsekvensutgreiingRetningslinene i RTP vil vere knytt til strategiar for måloppnåinginnan ulike transportrelaterte tema. RTP vil ikkje formulere rammerfor utbygging, men vere ein viktig del av bakgrunnsmateriale til planarfor konkrete samferdsleprosjekt i fylket uavhengig av planmynde. Tildømes vil retningslinene, strategiane eller føringane i RTP kunne seienoko om kva rolle ei fylkesvegstrekning skal fylle, men ikkje avgjeretraséval, vegstandard, kryssutforming ellar anna arealbruk knytt tilvegprosjektet. Som overordna strategidokument utan retningslinereller rammer for utbygging vil ikkje arbeidet med RTP utløyse krav tilkonsekvensutgreiing.Pbl. §8-3, 3. ledd”Regionale planer medretningslinjer eller rammer forframtidig utbygging skal inneholdeen særskilt vurdering avplanens virkninger for miljø ogsamfunn.”Sjølv om denne planen ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiingar etter forskrifta, vil det vere teneleg åvurdere moglege verknadar for miljø og samfunn knytt til dei strategiar, retningsliner og tiltak planenformulerar. RTP kan vere med på å legge grunnlaget for KU-arbeid i planlegging av ulike samferdsleprosjekt.Regional transportplan 2013 - 2024 Planprogram 3

More magazines by this user
Similar magazines