Eit informasjonsmagasin frÅ vanylvEn kommunE | nr. 2-2009 ...

xn..eingrunntilsmile.nob.no

Eit informasjonsmagasin frÅ vanylvEn kommunE | nr. 2-2009 ...

Eit informasjonsmagasin fRÅ vanylven kommune | nr. 2-2009HjortejegerenGjestejegerar har blittattåtnæring på Rovde. No vilforskarane ha fleire ut på jakt iVanylven. Side 3-5Krossen frå åheimEin mystisk kross på St.Jetmundkyrkja har blittvaremerket til gullsmeden Bjørnar Eikremseter. Side 10-11Støttehjul og leikeskurFemåringar på Fiskå avslørar detaller beste med Vanylven. Side 14


23Den storehjortejaktaDen store hjortejaktaTeatermoroDen hemmelege stadenDen mystiske krossenOrdføraren på YouTubeDet beste med Vanylveninnhaldside 3-5side 6-7side 8-9side 10-11side 12-13side 14– Dyr på veg!Det kviskrast over sambandet. Det er iskaldtunder grana. Snøen lavar ned, årets allerførste. Leif Grøndahl frå Løten, tek ladegrep.Håra reiser seg under regnkleda, det drypså høgt på hettejakka, eg trur at hjorten kanhøyre det, dropp dropp dropp dropp, eg heldpusten, dropp dropp seier den våte snøen,eg må trekke pusten, skodda susar gjennomskogen, det raslar, ganske stille, ein kalvspring gjennom lyngen med lette steg, LeifGrøndahl plystrar, dyret stoppar, nattemørkretviker for dagen, dyret lyttar etter plystrelyden,ser mot oss, Leif Grøndahl siktar, pang.Grunneigarane på Rovde har fått eiattåtnæring. Storvaldet har 173 dyr, fleireav dei vert selde til gjestejegarar. Tre kararfrå Austlandet har fått sine tre, er storlegnøgde etter den grytidlege jakta denneoktoberdagen. Kalven er 23 kilo, og skalreise over fjellet til gode middagar. Ogminner i boka for gjestejegerane. GrunneigarJonny Lade noterer fangsten på tavla ireiskapshuset.Vanylven – ein grunn til å smile, nr. 2-2009 Utgjevar: Vanylven kommune, Rådhuset, 6143 Fiskåbygd.Ansvarleg redaktør: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Ord og bilete: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og Hilde Schrøder Røyset.Epost: pr@iogm.no Formgjeving: I&M kommunikasjon AS. Trykk: Hatlehols AS– Eg la ut ein annonse på finn.no omhjortejakt og måtte fjerne den etter to dagar,eg vart nedringd, seier Lade. >>


45HjorteforskarVebjørn VeibergHjortebestanden i Noreg harhatt ein kraftig auke. I fjor varfyrste året det vart felt fleirehjortar enn elgar.– Vi lever godt på ryktebørsenjonny lade>> Grunneigarane i jaktfeltet på Sundnes starta medgjestejakt fordi dei var for få lokale jegerar. I år har Ladeåtte gjestejegerar. Han losjerer dei inn i eit hus på gardenog legg til rette for jakta. Det har vorte ei attåtnæring.– Vi må levere varene. Vi viser dei rundt, påviser grensene ivaldet. Det er alltid ein kjentmann med på jakta. Elles har virydda litt skog og tilrettelagt postane, seier han.Gjestane frå Austlandet slaktar dyra på tilrettelagtslakteplass. Hjortane vert flådde og vegde, og hovuda lagdefram for kontroll.– Det er noko eige med hjortejakt, fortel dei, hjorten erekstra var. Det er mykje vanskelegare å skyte hjort enn elg,seier Kjell Klafstad, Johnny Foss og Leif Grøndahl. Dei trenyslåtte pensjonistane brukar all fritid på jakt. Dei har vorepå bjørnejakt i Alaska og antilopejakt i Sør-Afrika. Og altsåhjortejakt på Rovde.– Opplegget er fenomenalt. Det er kort veg frå losji tiljaktterreng, og vi har god dialog med grunneigaren, seierGrøndahl.Jegerane betalar to tusen kroner kvar, seksti kronerkiloen for hjorten, pluss losji. Det synest dei ikkje er dyrt.Grunneigarane har utgifter til fellingsavgifter, ettersøkshundog andre faste kostnader. No vurderer Jonny Lade ogdei andre grunneigarane om dei skal satse endå meir pågjestejegerar.– Dette er jo ikkje noko å leve av, førebels. Vi lurer på om viskal satse på guidar, kokkar, middagar og større opplegg,seier Lade.Dei tre gjestane pakkar slakt og bagasje i varebilen. Deikjem att neste år. Grunneigaren er nøgd.– Eg treng i alle fall ikkje annonsere. Vi lever godt påryktebørsen.– Vi skyt for lite hjortMøre og Romsdal det nest største hjortefylke, etter Sognog Fjordane. Det vart felt 10.244 dyr i Møre og Romsdal ifjor, 82 prosent av kvoten.– Det er i all hovudsak jakta som regulerer bestanden, seierforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), VebjørnVeiberg.Bestandane av hjort på Vestlandet er no så store, atverken rovdyr eller trafikk spelar inn i særleg grad. Aukabestandstettleikar har allereie gitt seg tydelege utslag iform av redusert kroppsvekt for både koller og bukkar i allealdersklassar. Han fryktar at denne utviklinga vil bli tung åsnu om ikkje kommunane følgjer med i timen når dei avgjerkor store kvotar som vert utdelte.– Det er uheldig at bestanden veks over alle støvelskaft,seier Veiberg. Han meiner at klok forvaltning er viktig, for åbevare ein sunn og produktiv hjortebestand. Registreringav nøyaktige slaktevekter og registrering av hiort einhar sett, er to av dei viktigaste tiltaka som den lokaleforvaltninga må sikre vert gjennomført. Slik informasjon ermed på å dokumentere dagens situasjon og vil vere viktigestyringsverktøy i framtida.Framleis er det fleire elgjegerar enn hjortejegerar i Noreg.Veiberg trur at det er smart at fleire gjer som grunneigaranepå Rovde, nemleg opne for gjestejakt. Det er 36.146menn som jaktar på hjort i Noreg (2008/2009), medan1.422 er kvinner. Hjorteforskaren ynskjer å få i gang størrerekruttering av kvinner og ungdom.– Det er store utfordringar knytt til den framtidigehjorteforvaltninga, og rekruttering av nye jegerar er eisentral oppgåve. Alle seriøse jaktlag bør sjå det som einaturleg oppgåve å medverke til dette rekrutteringsarbeidet.Om dette består i å ha med utanbygds gjestejegerar ellerinteresserte ungdomar er mindre vesentleg, seier VebjørnVeiberg.I tillegg meiner han det er viktig at alle partar (kommunen,grunneigarane og jegerane) bidreg med å legge til rettefor ei mest mogleg effektiv jaktutøving og set seg klare oglangsiktig mål for bestandsforvaltninga.


67Full av ablegøyer og morosamepåfunn. Frå venstre Lars AndreasMyklebust (16), Ane BenedicteLillebø (14), Anne-Stine Sætre (13)og Petter Ekrem (14).Teatermoro– Nokre vert skuffa, andre kanskje glade, seierteaterinstruktør Marianne Løseth medan ho heng opprollelista på veggen ved Myklebust skule i Syvde.– Men alle får vere med og alle har replikkar, seier ho til20 born og unge, som har samla seg til øving denne sistetysdagen i september. Frå før har dei vore med på auditionmed songprøver, for dei arbeidar seriøst med framsyninga,som har premiere før påske neste år.morosamt i lag med Marianne, veit dei.Lars Andreas Myklebust frå Syvde seier det slik:– Eg gler meg til øving. Mykje betre enn å gjere lekser,humrar han.– Å stå på scena er ikkje skummelt, men å stå baksceneteppet før ein skal gå fram er fælt.– Ja, men når ein er ferdig med framsyninga kjennest detberre godt, meiner Petter Ekrem.Teatergjengen i Vanylven fekk nyleg tildelt rollane til våren si framsyning,musikalen Annie. No blir det månader med øving. Og skal ein ta ungdomane på ordet,så er øvinga det aller beste, saman med den kule instruktøren Marianne Løseth.Marianne Løseth er utdanna skodespelar og pendlar mellomBergen og Vanylven. I fjor vart ho tilsett ved kulturskulen heri kommunen. Frå ein spinkel start med tre elevar er det noom lag 25 fordelt på to grupper, frå femte til sjuande klasse,og frå åttande klasse ved ungdomsskulen til fyrste året vedvidaregåande.Mykje gøy– Eg gler meg til å starte arbeidet med rollekarakterar og giulike oppgåver til skodespelarane. Vi skal bruke musikarar fråkulturskulen, og vi skal ha med oss både songpedagog ogdansekoreograf. Og uansett skal vi ha det mykje gøy.Det er ikkje ungdomane i tvil om. For at det vert mykjeSamla tilbodBegge er einige om at teatergruppa er eit veldig godt tilbodsom samlar heile kommunen.– Men vi treng fleire Åheimarar, til no har vi berre ei jentemed, seier Lars Andreas.At det er fleire gutar med i teatergjengen, er dei glade for.Mange stader er det vanskeleg å få med gutar til å speleteater. Slik er det ikkje i Vanylven.– Det er jo flest jenter her, og ein skal ikkje sjå bort ifrå atnettopp det er ein av grunnane til at vi er her, ler Lars Andreasog Petter.


89Øystein Vidnes (1976) erORDfrå Fiskå i Vanylven.Han har gitt ut bøkene“Bondeforteljingar“ (2002)og “Ekstsar” (2006). Hanbur i Berlin og kombinererskrivinga med jobbing somgrafisk designer, omsetjarog litteraturkritikar iMorgenbladet.Den hemmelege stadenFoto: Herborg PedersenDersom eit av desse ansikta opna seg, dersomein av munnane opna seg, her eg sit og skriv dette, på t-baneni Berlin, og byrja å spørje meg om ting, kven eg er, kvar egkjem frå, kva ville eg svare? Kva om den jenta som sit der, påsetet overfor meg, plutseleg sette augene i meg og byrja åstille nærgåande spørsmål? Ho er bleik, nesten grå, og munnener samanknepen, men når ho ser på meg legg eg merke til atho har eit par glødande, mørke auge. Kven er du? Eg svarerunnvikande først, kjem med eit par generelle fraser, seier ateg kjem frå Noreg, eller kanskje frå det norske Vestlandet. Egvil vite kvifor ho spør. Ho har eit slags forskingsprosjekt pågang, seier ho. Ho går rundt og spør folk om oppveksten ogheimstaden deira, og kva desse har hatt å seie for kven deihar blitt. Javel, eg blir nesten litt skuffa, seier eg. Eg trudde duskulle svare at det var noko med meg som gjorde at du fekkei uimotståeleg lyst til å vite meir. Ho berre smiler og gjentekspørsmålet.Eg kjem frå ein stad du aldri har høyrt om, seier eg, menbyrjar å fortelje.Å ha eit avklart forhold til si eiga fortid er ikkje sunt. Deter ei ærleg sak å hate eller elske, å ta avstand eller lengtetilbake, men dei fleste av oss vil kjenne ei uklar blanding avmotstridande kjensler når du ber dei seie noko om barndom ogoppvekst.Å vere frå Vanylven er på mange måtar å bere på einløyndom, og eg trur denne løyndommen er ein av dei tingasom har prega meg. Trongen til å finne stader som berre egvisste om, i ei treklynge, bak enorme steinar, blant gjengroddebygningsrestar, i det lange, våte graset, ved elvar, eller gåsaman med andre og legge ut på oppdagingsferder somkjendest som ekte oppdagingsferder. For kvar sti som egvisste kvar førte, var det sju eg ikkje ante kvar gjekk. Då egmaste meg ut av bygda som 16-åring og flytta til Volda for å gåpå skule, møtte eg fleire som aldri hadde høyrt om Vanylvenfør, også folk som hadde vakse opp i nabokommunen Volda.Det er noko absurd og forfriskande over det, at det plutselegskal dukke opp ein stad i nabolaget som du aldri har høyrtom, det opnar opp sinnet. Og ikkje berre ein liten stad heller,men eit heilt landskap, og ikkje berre ein våg, men fleire. Detvestlandske landskapet er fullt av slike overraskingar.Om ein snakkar om realisme i samband med noko som blirfortalt, så tenkjer ein ofte på kor vidt skildringa verkar å gjengidet vi på det tapre språket vårt kallar røyndommen. Men detfinst òg ei anna tyding av ordet realisme, i byggmeisterens,byråkratens eller entreprenørens spørsmål: Kva er realistisk?Kva er realistisk å tenkje seg? Kva er realistisk å få til? Dåeg lærte ordet, var det i den tydinga, ei tyding som kunnepressast, utvidast, formast.Å stå i glaset på barnerommet og sjå ut på eit landskapsom ein kjenner, og vite utan å vite det: Å gå ut i dettelandskapet er å vere med på å skape det. Å stå på ein fjelltoppeller ei tue og peike på stader og seie namnet på dei, lét einogså forstå at ikkje alt har eit namn. Eg har vore med på å gistader namn, stader som kanskje hadde hatt namn før også,namn som for lengst var gløymde, akkurat som mine namn noer gløymde. Ein stad å fylle med meining. Ein stad som ikkje erførehandsdefinert. Men eg er ikkje vaksen opp på ein stad utanhistorie, tvert imot, eg er vaksen opp på ein stad med fleirehistorier, og det kjem nye kvar dag. Og til alle historiene knyterdet seg ein tvil, ein produktiv tvil, som gjer alt legendeaktig ogmytisk.Eg kan også hugse kjensla av å røre seg i tid, seier eg tiljenta som sit der framfor meg på t-banen. Tilhøvet til tid varannleis der enn andre stader eg har vore. Eg vaks opp ein stadder både ting og folk lever lenge. Det ville ikkje seie at dei satfast i ei gammal tid. Nei, dei kunne røre seg mellom ulike tider.Vegen frå flatskjermen til utedoen er ikkje lang der, og når einer ferdig der ute, så går ein inn igjen. Eg kan hugse synet avmormor kome roande inn frå fjorden etter å ha vore ute ogtrukke eit garn som hadde blitt ståande midt i ein sildestim,båten var heilt full av sild, ho sat opp til midja i sild, der ho komroande inn frå ei anna tid. Dette var kvardag, men fest likevel.Ho reiste seg med oljehyra dekt av fiskeskjel, steig ut av båten,og silda blei sløgd, og det vi ikkje åt med ein gong – eg medhjartet i halsen, eg klarte ikkje sild, eg likte nesten alt unntattsild, men eg var liten den gongen og utan makt over kva egskulle ete – blei lagt i frysaren, som ho så tydeleg kunne hugseei tid utan, denne vidunderlege oppfinninga der alt kunneleggast og stå seg for alltid. Men når som helst kunne ho gåut i frysaren og hente det fram, tine det på kjøkenbenken, elleri mikrobølgjeomnen om det hasta, koke eller steike det, lagenoko og setje det fram på respateksbordet med alle knivsporaav av brødmåltida som blei inntekne slik dei alltid hadde voredet, rett på bordet, utan tallerkar. Og slik gjekk det til at eg vaksopp ein stad der du kunne hente fram gamle ting og lage nokonytt av det.


1011Ein kross hogd i marmorblokkapå St.Jetmundkyrkjapå Åheim, kan no hengastrundt halsen.Den mystiske krossenPå Fiskå sit gullsmed Bjørnar Eikremseteri verkstaden sin og pussar krossar.Gullsmeden lagar sylvkross med peridott,etter modell frå den mystiske krossen somer hogd inn i St.Jetmundskyrkja.– Krossen er eit symbol for bygda, seiergullsmeden. Han handlagar smykka, ogsidan i sommar har han produsert krossarfor fullt.Krossen i kyrkja vart funnen underrestaureringa av St.Jetmundkyrkja i 1937.Der fann ein ei marmorblokk med einkross som er uthogd og innfelt i steinen.Nokre meiner det er ein Maltesarkross,som symboliserer dei åtte dydane fråbergpreika til Jesus. Andre meiner at deter ein St.Georgkross, som er skytshelgenfor England. Kva funksjon krossen har hatt,kva han tyder, kvifor den er hogd i kyrkja ogkvifor det ikkje finst slike krossar i nokonandre kyrkjer i Noreg, veit ingen. Det synestEikremseter er spanande. Han har fått SveinBøstrand til å lage øskjer til krossen, ogsmykket har no vorte ei populær gåve.– Eg ynskjer å skape noko eige og særmerktfor Vanylven og heimbygda Åheim, seierEikremseter.No gler gullsmeden seg over atjulebestillingane har byrja å kome.– Eg vonar at dette kan verte mitt levebrød,seier Bjørnar Eikremseter.Jermund Rekkedal,kulturleiar i VanylvenPilegrimar til VanylvenVandrande pilegrimar har fått sin renessanse.Fleire og fleire av oss legg ut på ei pilegrimsvandringein eller fleire gonger i livet. No vilVanylven vere med i pilegrimsturismen.Mange har nok høyrd om detkjende målet for pilegrimar i detnordlege Spania, Santiago deCompostela. Men også her heimefins pilegrimsleiar.– For pilegrimar i Noreg har alle vegartil no ført til Nidaros. Fleire meinerat ein bør få til ruter som endar påVestlandet og Selja. Ei rute er detallereie eit prosjekt på, den går fråKinn vest for Florø og til nettoppSelja. Det er denne vandrerutavi ønskjer å knyte oss på, fortelJermund Rekkedal, kulturleiar iVanylven.– Vi vil at leia skal gå frå Vanylvenover Mannseidet og til Selje. Einstopp ved St. Jetmund kyrkja påÅheim er eit sjølvsagt mål på denneruta. Kjem ein frå Vågsøy, vil einstopp på Jetmundsteinen vere einnaturleg del av den totale opplevinga,seier ein ivrig Jermund Rekkedal.– Vi har også andre mål i Vanylven,til dømes Olavskjelda og den gamlekyrkjeplassen der Olavskyrkja sto iSyvde. Olavskjelda skulle etter segnalækje sjuke. Andre mål som vi måfå fram i lyset etter kvart er ”KongRing” sitt rike på Ringefjellet mellomEidså og Fiskå. Dette er ei historiesom er fantastisk fasinerande, og kanha djupare røter mot kristendomenenn vi er klar over i dag.– Selskapet Sunnfjord 2020 harhand om pilegrimsprosjektet og ståransvarleg for vidare arbeid. Dei stillerseg positive til å forlenge vandrerutatil Vanylven, seier Jermund Rekkedal.


1213Ordføraren – ein hit påRapgruppa KeSera og gjestesolist ogordførar i Vanylven, Jan Helgøy, gårsom ein farsott på YouTube. No harnesten 45 000 sett videoen ”De næreting”. I videoen syng Helgøy ”De næreting” i flanellskjorte, medan hankøyrer traktor og sliper ljåen.– Korleis kom dette i stand?– Det starta med mediestudentane i Radio Volda somutfordra ordførarane til å framføre eit kulturinnslag. Egvart kåra som vinnar med ”De nære ting” og vår ivrigebulystkoordinator Espen Wingaard tipsa KeSera, fortelJan Helgøy.Han sa ja til å stille opp, fordi det var eit muntert avbrot ikvardagen, men hadde aldri rekna med at det tok av pådenne måten. Helgøy er godt nøgd med videoen, somhar vakre naturbilete frå Vanylven.– Eg synest videoen er bra og får mykje tilbakemeldingarfrå ungdom. Det er artig, sidan ”De nære ting” var einslager då eg var ung. No har songen fått sin renessanse,humrar ordføraren.– Kva synest du om at nesten 45 000 har sett deg påYouTube?– Det er jo heilt utruleg! Veit ikkje kva eg skal seie. Detmå jo vere noko her, som gjer at folk synest det er kult.Det er jo ein song som set seg på hjernen.Skal ein tru kommentarfelta på YouTube, harordførarrappen falle i smak. ”Digga den! Særligreferenget med ordføren. En ny vri som jeg syns gjordesangen veldig bra”.”Der har du Noregs råaste og kulaste ordfører”.Du kan sjå videoen på www.youtube.com og ved å søkepå Jan Helgøy.Fyrste kommune med miljønettVanylven kommune sender no utsvanemerka miljønett til alle husstandari kommunen.– Vi er den fyrste kommunen i Noreg som gjer dette, seierbulystkoordinator Espen Wingaard.Han har to tusen miljønett på kontoret. No skal dei sendastut til alle som bur i Vanylven. Netta har refleks på skuldra.På baksida av nettet er det trykt ei liste med grunnar til åsmile.– Vanylven er ein miljøkommune. Vi vil få ned bruken avplastnett og samstundes gjere innbyggjarane våre synlege ihaustmørkret, seier Wingaard.


1415Femåringane i Solsikka barnehage på Fiskå trivst best når dei er ute ogleikar, og ”å reie” er noko av det kjekkaste. Og som ein av dei seier det:– Eigentleg har eg altStimarframoverTonje Brekke 5 år– Det beste med Vanylven er ateg kan bade på ei strand her, og ibadebasseng i barnehagen. Og såsyklar eg med støttehjul. Eg har ogsåein pus, men alle kattungane døydde.Eigentleg har eg alt, for eg har bestefarog bestemor, farfar og farmor.Nikoline Thunem, 5 år– Det beste er at eg kan leike mykjeute, hoppe på trampolina og gjeretriks. Systera mi kan hoppe salto, ogho har mista 10 tenner, men eg harframleis ikkje mista.Kaja Thunem 5 år– Eg synest det er gøy her ibarnehagen og heime, då vi har”reie” der. Eg har også trampolineog likar å leike ute i lag med venenemine. Og så har eg mist éi tann ogfått pengar for ho i et glas med vatn.Johanna Bugjerde 5 år– Eg likar å reise til besta på Åheimog besøke syskenborna mine der,og eg skal dit no til helga. Og såhar eg fire kaninar, og leikar medbarbie-dokker. Og så er det bra atvi har barnehagen, for vi har bygdnytt leikeskur.laksebedrifta Hofseth AS i Syvde erei suksesshistorie. Sidan 2005 har deitredobla talet på tilsette.– Inn her, seier Geir Even Håberg, dagleg leiar ved Hofseth AS iSyvde, og peikar på nedste delen av ei imponerande lang rekkjemaskiner.– Inn her legg vi fisken etter at hovudet er kutta. Så reinsarmaskina han for skinn og bein, medan menneskehender sikrarat alt er skikkeleg utført. Deretter vert fisken behandla, alt etterom han skal fileterast eller pakkast i porsjonar.Men fisken hamnar ikkje på norske middagsbord.– Det er ei god stund sidan vi produserte for den norskemarknaden. Hovudtyngda av produksjonen går til Sverige,Canada og USA.Fisken vert frakta med lastebil til Europa og skipa til Amerika.140 tonn fisk i vekaOg det er mykje fisk i omløp. Kvar veke kjem det sju vogntogmed 20 tonn fisk per bil frå slakteri på Vestlandet og lenger nordi landet. Snart stig talet på vogntog til 11 per veke.– I går laga vi 15 og eit halvt tonn med vakuumpakka 125grams skinn- og beinfri porsjonslaks. Maskinene i bedrifta gårså mykje dei klarer. Snart får vi endå ei produksjonsline somvidareforedlar laksen, fortel Håberg.I produksjonshallen finn ein tilsette frå lokalområdet og litauarar.Nærheit til fiskenAt Hofseth AS etablerte seg i Syvde har fleire årsaker. I 2004dreiv hovudeigar Roger Hofseth og Geir Even Håberg, beggefrå Ellingsøya, med kjøp og sal av fisk. Då dei bestemte segfor å starte med vidareforedling i Noreg, meinte mange det vargalskap. Dei fleste frakta fisken til billegare land, men Hofsethsåg fordelen med nærheit til råstoffet. Eit passande lokalefann dei i det gamle meieribygget i Syvde. Huseigaren, SyvdeEiendom, var også villig til å satse, og Vanylven kommuneformidla midlar til etablering frå Innovasjon Noreg. Frå startenmed 17-18 tilsette i desember 2005 har dei altså no ekspandertstort på fire år. Om nokre veker er den nye produksjonslina påplass, og då vert det arbeid til 70 tilsette ved anlegget.– Framtida ser positiv ut. Men i fiskerinæringa er det vanskelegå vere visjonær over lang tid. Men vi må prøve å vere best iklassa. Ein kan ikkje setje seg ned og vere fornøgd, men ein måheile tida kome seg vidare, seier dagleg leiar Geir Even Håberg,som gir skryt til kommunen.– Det er lett å kome i kontakt med dei som tek avgjerslene iVanylven.Holdingselskapet Hofseth International AS, som har kontori Ålesund, eig både Hofseth AS og systerbedrifta SeafoodFarmers på Valderøya. Roger Hofseth er den største eigaren iholdingselskapet.


EIN GRUNN TIL Å SMILEVi gratulerer John Willy Klungre frå Syvde! Hanhar tatt dette biletet, som vann konkurransen omdet beste biletet til temaet “Ein grunn til å smile”.Vinnaren får eit gåvekort på 1.000 kroner som kannyttast i alle butikkane i Vanylven.Vil du bli vanylving?Vi ynskjer oss fleire innbyggjarar! Treng du gode grunnar? Gjest vår nettsidewww.eingrunntilåsmile.no

Similar magazines