Views
1 year ago

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

opp i Hisdalen, men

opp i Hisdalen, men vegen dit hadde bratte motbakkar og kleivar, så han var ikkje farande for fe, berre for folk som var gode til beins. Dei kunne vel tena litt tid ved å ta den vegen og vidare om Gullbotn og Gullfjellet ned til Osavatnet og Bjørndalen, og så ned til Unneland eller Espeland. Etter det var det visst det vanlege å gå om Borge og over Borgeskaret, ned Isdalen og til Haukeland og Bergen. Frå Borgeskaret kunne dei og gå over Byfjellet og Fløyen og ned til byen. Men den vanlege vegen fråt Ådland gjekk gjennom Masteskaret til Skarsvatnet og over til Skjelånæ i Trengereidfjorden, så framom Nordbø - og Trengereidgardane og oppover mot Brekken, eit klype mellom Gullfjellet og Svinningen. Derifrå kom ein så ned til Hausdal, øvste garden i Samdalen i Fana. Så kunne vegen falla så mangeleis alt etter kva tid og ærend den farande hadde. Han kunne fylgja Samdalen til endes ned til Kalandseid og gå om Sandven og Hatlestad og over Vadlaheiane og ned til Nesttun, eller han kunne ta om Titlestad os fylgja Stendadalen. Den mest nytta vegen frå Hausdal var likevel ein som låg lengre oppe i bygda. Før ein nådde Håland, tok han av til høgre opp lia til Bontveit og derfrå nedover til Frotveit. Seinare vart det brukt ein snarveg der som gjekk på skrå opp lia over Håland og så langs sørsida av Frotveitvatnet og opp til gards. Frå Frotveit gjekk så vegen over Grindåsen til Riple, framom Kåpesteinen og Vindberget, ned Kubakken til garden Myrdal, over Småbruene og gjennom Ulsmog, over Helldalselva og ned Sandbrekkene til Sanddalen, så over Natlandshøgda til Natland og framom Vognstølen til Haukeland, og vidare om Fløen på austsida av Store Lungegårdsvatnet og til Bergen. Desse var truleg dei mest brukte vegane når folk var ute på ein vanleg bytur. Dei valde vel mellom dei etter årstider og vertilhøve, og etter kva tid dei hadde til rådvelde. Ned gjennom tidene har det sikkert gått hundrevis av krøterdrifter frå Hardanger og vestover, både slaktedyr til Bergen og livdyr til den velkjende Haukelandsmarknaden. Den siste fedrifta som er spurd, gjekk om Rosseland så seint som i 1904. Det er spurt om fleire vegleider for slike drifter. Frå eldre tider må ein tru dei kunne bruka den vanlege gongevegen. Det er såleis sikkert at det var ein overnattingsstad for fedrifter på Rødne (Røen) og Driftehjedlen i Samnanger, som tl

ligg langt nede i bygda. Der er ein flate som enno ber namnet StØlen, og den var inngjerd i gamle dagar, og feet fekk kvila ut og gå på beite der medan driftekarane og tok seg rett til ein pust i bakken. Når denne legerpassen vart brukt, må ein trrr at den vanlege gongevegen vart nytta. Men det ser mest ut som driftevegane etter kvart vart lagde til skog og fjell. Det kan tenkjast at utvidinga av dyrka og tilsådd jord kan ha lagt visse hindringar for å driva gjennom bygdene. Almenningane som svært ofte var overnattingsstader for slike drifter, kom også meir og meir over i privat eige og gjekk inn under gardsbruket, og det kunne verka på same måten. Det er truleg at drivarane prøvde å unngå trakk over åker og eng og valde å fara etter skogsvegar og fjellrekkje der det var mogeleg. Driftevegen her frå bygda tok ut frå Mo i Øystese til Ståene markjæ, over Furukamben og til Nyasete, der dei nådde i vegen frå Steinsliæ. Over Skogen fylgde dei så den vanlege gongevegen til dei kom til Teigen, der det var overnattingsstad, men tok til høgre straks dei kom over Byksaonæ og gjekk opp lia og over Vårefjell, ned Vårekleivæ og over Hardingabekken, der det var kvilestad og friskt vatn for folk og fe. Lenger nede kom dei til Hardingamyræ, der dei kunne stogga natta over om det leid langt på dag. Dette er namn som gjev tydelege vitnemål om samband med Hardangerbygdene. Vegen tok så om Høysæter og ned Svensdalen mot Langeland. Derifrå kunne dei så ta ned til Haga og fylgja gongevegen om Rødne og Ådland. Og det var visstnok den mest brukte vegen. Men dei kunne og ta til høgre før dei nådde Langeland og gå gjennom Ilaget og driva etter fjellvegen. Denne leida kunne dei og koma inn på om dei dreiv ned Frøylandsdalen, framom Frøyland og opp Tøsslandsdalen (Tysselandsdalen) og nådde i vegen frå Høysæter der. Frå Ilaget gjekk vegen vestover fjella framom Fitjavatnet, og opp Nordvikslåttene til Buhilderen. Der måtte dei opp ei stygg kleiv, Vossaskoræ, der dei i eit knipetak måtte støtta krØ- og over Skålheimsbrua som er nemnd alt i 1817, og - truleg er mykje eldre, opp Sandhaugane og gjennom - utmarka til Skålheim og Sæleset, ut Hylmedalen til Stuasete. Vidare for dei så over Geithaug, framom Rishaugen til Rishaugsbrua som gjekk over Fosselva, så ut Rosselandsmarka til Holo, der det var bru over Gjerdeselva. Etter det for dei gjennom Larsat2

Bygdejol 1972
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kulturarv som varer, boka om pilotprosjektene
Rent Nytt - kvam agentur as
Norway Yearbook - 1971
Norway Yearbook - 1971
Kulturminner i Karmøybarnehagene - Karmøy kommune
Kvam turlag - Turprogram 2017
Fiskets Gang, nr 31, 1971
Syng som folk - Romsdal Sogelag
Blyttia_200503_skjer.. - Universitetet i Oslo
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
sammen bevarer vi svalbard - Regjeringen.no
Kartfesting av kulturminner
KULTURMINNER I GJESDAL - Gjesdal kommune
Årsrapport 2008 - NIKU
Det Gamle Testamente på gudstjenestens betingelser - Anis
4 2010 Granvin - Hordaland fylkeskommune