Views
1 year ago

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

gong har vakse opp der

gong har vakse opp der på garden. Han måtte absolutt skaffa seg kikkert ein gong, og hadde ikkje tidene til å vera lenge borte. Han "la på lopao tidleg ein morgon, kom til byen og fekk seg kikkert og kom heim att til Rosseland same døgret. Det høyrest utruleg ut, han må nok ha sprunge det - meste av vegen - men det skal vera heilt påliteleg. Undrast om nokon av idrottsstjernene no vil ha greitt å fylgja han. Ein kraftprestasjon av eit litt anna slag på denne vegen, gjorde ei kone på Kleiva. Ho var uvanleg sterkvaksen, og ein gong ho var på Tysse, tok ho på ryggen ei bør på 100 kiio og bar ho opp Frøylandsdalen og Fossen Bratte og heim til gards. Eg skulle gjerne helsa på den kjerringa som ville ta på seg det same i dag. Det var i sumarhalvåret at denne vegen var mest i bruk, men han vart nok nytta vintersdag og. Då kunne dei sjølvsagt gå på ski og fara i terrenget som dei ville. Men høykøyringa frå skogaslåttene gjorde at det ofte var snØbraut så å seia over heile Steinsskogen, så i godversbolkar kunne dei koma seg fram utan ski og. Far min gjekk folkehøgskulen på Garnes truleg vinteren 1890-91. Då juleferi en kom, tok han ut tidleg ein morgon mo åleine oppover mot Gullfjellshøgdene og kom ned til Øyjordæ. Det var fin skare og lett å gå, så han valde å ta fjellvegen vidare og. Då han kom oppover mot Eikedalen, gjekk han så langt framme på fjellkanten at han såg ned i dalen, og fekk då auga på folk som kom ned Fossen Bratte. Han var altså ikkje åleine på vegen den dagen, endå det var mørkaste vinteren. Sjølv kom han seg ned Steinslia i måneskinet om kvelden. Dagen etter var han så gangsperr at han knapt vann seg over stovegolvet. Ein slik tur var vel knapt etter fjellreglane ro, men høyrdest ikkje ut til å vera noko uvanieg då. Ein kan no stort sett berre fantasera seg til kva som har gått føre seg på denne vegen nedgjennom hundreåra. Han har nok vore opplyst med smil og glade andlit og vætt med sveitte og tårer mange gonger. Så å seia alt slikt har gått i gløyme. Men me kjenner til at ein ungdom på 22 år, Anders Århus, som gjekk med post til Bergen for presten frgens, omkom i eit uver på Byfjellet i 1810. Og like opp til våre dagar har ordet gått på folkemunne om Johannes Eikedal som fraus ihel i Vardaholo i 1849. Han gjekk på ski og hadde tung bør, og hadde sett seg til å kvila, som skikken var når dei var komne halvveses. t5

Der fann dei han sitjande, han hadde ikkje greitt å reisa seg att. Ei dramatisk soge er det og fortalt om Bertil Bertilson Skeie, Vetle-Bertil, som han til dagleg vart kalla. Han var beistehandlar og driftekar, og kom ein gong heimover frå byen, truleg med ein god slump pengar i lomma. Han fekk seg natlerom på ein avsides gard, men han fann stell og stemning litt underleg og mystisk så han fekk ikkje sova med det same han kom under sengkleda. Om ei stund tok det til å tusla og tiska utanfor døra så han vart ålvaken og han høyrde tydeleg ei røyst som kviskra: oMen han sØv ikkje endå." Han ante at det måtte vera fåre på ferde og kledde seg i mørkret og kom seg stilt ut glaset og fekk salen på hesten og reid vekk i tan. Då skaut det etter han ut i mørkret. Han vart så skræmd at han vart aldri meir den same som før. Men dei fleste hadde sikkert ljose minne med frå byturane. Å koma til byen og sjå alt som ovra seg der på sjø og land, måtte vera ei oppleving. Var dei fleire i fylgje på vegen, hadde dei mykje å snakka om og gle seg over. Når dei så sette seg på kvilesteinane oppe på ei høgd og naut nistematen og såg utover nye landevidder med fjordar og bygder, eller fjellvidder med vatn og heiar, måtte det vera opplevingar som dei levde på lenge. Mange kom vel ikkje på ein slik tur meir enn ein gong eller to, sume kom vel aldri så langt. Det var skikk i bygda at eit ungt par skulle gå til bydn og ringa seg, og for dei vart visseleg ei slik reis eit minne for livet. Den skikken var så innarbeidd at det var vanleg med ein bytur i slike høve lenge etter at det vart moderne reisemåtar å nytta seg av. Då eimbåtane tok til å gå i rutefart inn Osterfjorden, vart det ofte til at byfararane tok frå Samnanger og over Øyjordæ og ned til Trengereid (nordre), og derifrå fylgde dei båten til bydn. Mor fortalde at ho gjorde første byturen sin på den måten. Båten ho fylgde heitte "Kristian Jebseno, og billetten kom på 40 cbre. Det var alt ho la ut på reisa til bydn. Overnattinga i Samnanger kosta visst ingen ting. Folk var gjestmilde mot reisande, og samningane har tr-uleg sett det som ei rimeleg grannebygdsteneste å hjelpa kvemmene med hus og seng i slike høve og såg ikkje på dei som turistar som dei skulle tena pengar på. Mange husvertar sette sikkert pris på slik gjesting berre for å få ei god kveldsrØe og spørja nytt frå hi sida fjellet. Før dei hadde telefon oe lokal- I6

Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Bygdejol 1972
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
Kulturarv som varer, boka om pilotprosjektene
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kirkelig fellesråd - Drammen kommune
Kvam turlag - Turprogram 2017
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron
Kulturminnevern i Oslo - Byantikvaren
Med hammer og kalkulator - Riksantikvaren
4 2010 Granvin - Hordaland fylkeskommune
NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund
Last ned pdf
Selbu kommune
Kulturminner og verdiskaping i Nord-Norge - NIKU
Askeladden - Munin - Universitetet i Tromsø