Views
1 year ago

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

aviser og massemedia av

aviser og massemedia av andre slag, kunne folk vera nokså uvitande om slikt som skjedde utanom sine eigne bygdegrenser. Endå lenge etter at riksvegen var ferdig, og turistane strøymde inn over bygdene, heldt denne gjestevenskapen seg oppe. I slutten av første verdskrigen kom ein ung kvemming syklande i lag med kjærasten sin frå Trengereid og heimover. Då dei kom oppover frå Tysse i kveldinga, møtte dei eit så kvast uver at dei var både gjennomblaute og forkomne då dei kom til Eikedalen. Dei fann det meiningslaust å fara vidare så seint på dag, og bad om hus på ein gard der. Dei vart mottekne med opne armar og fekk tørka seg opp att og vart oppvarta med varm, god kveldsmat, så dei kjende seg heilt som nye menneske. Kvar sitt soverom vart reitt opp til dei, og dei sov seg fram i godveret dagen etter. Før dei kom seg opp om morgonen, var husens folk alt farne til arbeids, berre bestemora var heime for å sjå til huset og stella med gjestene. Men bordet stod ferdig-reitt med høgtidsfrukost. For all denne omsuta og velviljen skulle så kavaleren gjera opp. Nei då, var det likt, bestemora veifta han frå seg. Han måtte berre ikkje nemna sovore. Han prøvde å forklara henne at det var ikkje no som før, dyrtid var det og. Det vart mest til ein ordstrid mellom dei, han hadde ikkje godt av å fara frå heimen der utan å gjera greitt for seg. Til slutt måtte ho motviljug gje etter. ,,Jaja, det får vera 50 øre då." Enden vart at han fekk henne til å ta imot to kroner. Det gjorde henne synleg vondt, og ho var mest unøygd for å få så mvkie - for så lite. l7

K. HERADSTVEIT: -"-rf:T. Nokre minne om LARS KALHAMAR Lars Olavson Heradstveit vart fødd på Heradstveit i 1.872. Han døydde i 1937 65 år gamal. I dagleg tale vart han kalla Lars Kalhamar og budde det meste av sitt liv i Vikøy. Det var og dei som kalla han for Lars Bøen. Han var litt av ein bygdeoriginal og vart vide kjend av ymse grunnar, men mest for at han var uvanleg ordhag og god i replikken, og hermingane etter han lever på folkemunn den dag i dag. Det kunne vore skrive ei heil bok om Lars Kalhamar, men vi skal her prøva å laga eit lite bilete av denne mannen. Lars var einaste sonen av eit syskinlag på fire. Far hans - Olav Heradstveit (og kalla Olav Bøen) - var husmann, snikkar og kjeraldemakar, og Lars tok same yrket som faren. Han kjøpte først ein lut av Nilsa-garden på Heradstveit, men flytte snart til Vikøy der han kjøpte småbruket Kalhamar og vart busett der resten av livet. Han vart gift med Ragna Olavsdotter Skålheim frå Skålheim i Norheimsund. Lars og Ragna dyrka og dreiv småbruket sitt med stor omsut. Kjeraldearbeidet vart gjort i ein verkstad som han hadde oppe på lemen i våningshuset. Om sommaren var han mykje ute på bygningsarbeid og dertil dreiv han litt med krøterhandel. Som menneske var Lars ein tenkt mann med stort hjartelag og stor humor. Men sjølv om svar og replikkar frå hans munn var morosame, hadde dei ofte ein snev av brodd, men brodden var sjeldan så kvass at den såra i vesentleg grad. Lars og Ragna hadde eit framifrå ekteskap. Dei vart barnlause, men denne sorga delte dei og bar ho med ein viss skjemt. Lars sa ein gong at han trudde Vår Herre ynskte å få slutt på kjeraldemakarane, for fleire av dei kjeraldemakarane han kjende fekk ikkje born. Ein gong måtte han henta jordmor til grannekona. Ragna stod på tropphella då han for framom huset. Ho spurde kvar han skulle av stad. nEg skal henta jord- IB

KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
Bygdejol 1972
Kirkelig fellesråd - Drammen kommune
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron
Askeladden - Munin - Universitetet i Tromsø
Konsekvensutgreiing – arealdelen av kommuneplanen
pdf-fil - Sogn og Fjordane fylkeskommune
Last ned fil her - Arkeologisk museum
Ta vare på Svalbard - Sysselmannen
Kulturminner - Norsk olje og gass
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron
Kristendommen - Linksidene
Digte og sange
Sommer i Nesbyen
Blad nr. 2 - Losskøyta Frithjof II
Fiin gammel aargang - Riksantikvaren
Naturvårdsprogrammet - Ale kommun
DESTINASJON MARRAKECH - VG
Turistguide Røros.pdf - Melhus Turbuss
Preview - Norøl
TYRKIA - Solresor
2008-3 - kirkene i Kragerø