Views
1 year ago

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Gerhard Austeljord: f'

Gerhard Austeljord: f' LJ0S t. Hyrdingar kring eit bål på Betlehemsmarka. Me har gjort det til eit glansbilete. Men for desse var det nok ingen romantikk. Tvertimot krass realisme. Det var ein kamp for livsopphaldet, ein kamp mot kulde og mØrkre, mot alt det som lurde i mørkret. Så kveikte dei eit båI. Det var deira forsvar. Det var deira ly. Det var deira berging. Hyrdingar kring eit bål i nattemørkret. Sanneleg ingen romantikk. Grå kvardag, kamp for livet. Slik som desse hyrdingane måtte kjempa mot mørkret og f 7r7Ørkret vondskapen som løyner seg i det, slik har menneska gjennom alle tider måtta kjempa. Slik vil dei og alltid måtta koma til å kjempa. Job har stilt dette mennesket sin lodd i form av eit spørsmål: Er ikkje eit menneskes liv på jorda ei krigsteneste ? Frå syndefallet av har det vore slik. Menneska har måtta føra krig mot slitet: med sveitten i andletet skal du eta ditt brød! Det har måtta føra krig mot villmark, mot ville dyr, mot ville menneske: Kain slo sin bror ihel. Kort og godt: Livet er krig mot mørkret og mot vondska-

pen som bur i mørkret. Krig skapar angst og gru. Over menneskelivet står difor denne innskrifta: under syndas og dødens Iov! Må livet teiknast med så svarte fargar? For det fyrste: DeL er vår realisme. For det andre: di mørkare ein teiknar livet, di klårare kjem juleevangeliet fram. For juleevangeliet er nemleg den rake motsetninga til livet under synda og dødens lov. For det juleevangeliet fortel, er dette: inn i vårt angsfylte mørkre strålar det eit ljos. Ljoset frå Guds himmel lyser over forskremde menneske: Eit barn er oss fødd, ein son er oss gitt. Menneska skal ikkje lenger måtta kjempa åleine mot vondskapen. For Gud er med oss. Barnet heiter Immanuell Livet er like fullt ei krigsteneste. Kampen mot vondskapen er like fullt vårt liv. Villdyra er her, rØvarane,er her, hamp. slit, fattigdom og sveltihel, synd og død, alt er her like fullt. Men her er kome til noko nytt: det lyser i mørkret! Difor heiter det no: ver ikkje redde! For det vert sunge ein song om fred, ein hugsvalingssong for forpinte menneske. Englane syng han. Å, store under: eg syng han med!

Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Bygdejol 1972
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
Kulturarv som varer, boka om pilotprosjektene
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kirkelig fellesråd - Drammen kommune
Kvam turlag - Turprogram 2017
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron
Kulturminnevern i Oslo - Byantikvaren
Med hammer og kalkulator - Riksantikvaren
4 2010 Granvin - Hordaland fylkeskommune
NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund
Last ned pdf
Selbu kommune
Kulturminner og verdiskaping i Nord-Norge - NIKU
Askeladden - Munin - Universitetet i Tromsø