Views
1 year ago

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Kr. B. Kolltveit,

Kr. B. Kolltveit, BATBYGGJING I Hans E. Kinck har i ein novelle skildra ein vintermorgon frå sin barndom i Strandebarm for bortimot 100 år sidan. Grytidleg om morgonen kan dei sjå båtbyggjaren si lykt flytta seg frå huset oppe i bakken ned til naustet i fjøra, og straks etter høyrest taktfast klinking vidt utover i morgonstilla. Dei fleste Strandbermingar vil vel kjenna biletet att. Det einaste måtte vel vera at me var so vane med den låten at me høyrde det ikkje i det heile teke. Å jau, me høyrde det. Me kunde endå til høyra kven som klinka. Alle hadde ikkje same laget. Ein klinka fort og let, ein annan seint og tungt. Den nye læreguten heldt underhammaren so hardt opp mot saumhovudet at det vart ikkje dubbelslag av det. Men meisteren han let båe hamrane arbeida med si eiga tyngd, fort og lett, og so taktfast at om han lynsnart snudde hammaren i neven og bruka den kvisse pinnen, STRANDEBARM heldt han likvel takten som ein tambur. Han arbeidde etter augnemåI. Han sikta inn stamnane etter lodd, men elles greidde han alt med ein gamal tummestokk og dei velrøynde augo. Ja, han hadde ei gamal båteal som minna litt om ein primstav. På den var avmerkt djupna for dei ymse storleikar. Der var innskore ein N for ni-alning og T for ti-alning og so vidare, med strek for halve alner innimellom. Med dette utstyret laga han båtar med so fine straumlinjer i botnen, at det vanskeleg kan gjerast mykje betre idag av ekspertar med elektronisk utstyr. Dei gamle båtbyggjarane riste på hovudet, då dei yngre kring hundreårsskiftet tok til med å byggja seg lunare verkstader, som dei kanskje endå til sette omnar i som skulde det vera ei stova. Dei gamle hadde greidt seg so ypparleg godt i dei opne skytjene sine heime på garden, eller i dei enno opnare nausti 2t

ved sjØen. karar. Det var herdiee Om ein av dei som var gamle då eg var ung fortalde folk, at når han i ungdomen bygde båtar i naustet, gjekk han heimanfrå klokka 5 om morgonen og kom heimatt klokka 10 om kvelden. Han vilde ikkje ha ni sta med seg. Det tok for mykje tid frå arbeidet når han skulde hefta seg med å eta midt på dagen. Slikt var nok uvanlegt ogso i den tid, men det fortel no likevel noko om arbeidstid og tempo i dei dagar. Det var utrulege dagsverk dei kunde klara med sine enkle reidskapar. Om Rasmus J. Byrkjenes (Øyane) ( 1820-1864) fortalde Heine Linga, at han kom heimanfrå Byrkjenes ein morgon med båtstamnane på aksli og tok til å arbeida i naustet i Sutarvik på Litlafosse. Om kvelden var båten utborda, og neste l

Bygdejol 1972
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kulturarv som varer, boka om pilotprosjektene
Rent Nytt - kvam agentur as
Norway Yearbook - 1971
Norway Yearbook - 1971
Kulturminner i Karmøybarnehagene - Karmøy kommune
Kvam turlag - Turprogram 2017
Fiskets Gang, nr 31, 1971
Syng som folk - Romsdal Sogelag
Blyttia_200503_skjer.. - Universitetet i Oslo
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
sammen bevarer vi svalbard - Regjeringen.no
Kartfesting av kulturminner
KULTURMINNER I GJESDAL - Gjesdal kommune
Årsrapport 2008 - NIKU
Det Gamle Testamente på gudstjenestens betingelser - Anis
4 2010 Granvin - Hordaland fylkeskommune