Views
1 year ago

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Arne Skeie: Jakoh H. Vik

Arne Skeie: Jakoh H. Vik Då Jakob H. Vik døydde 18. februar i år, var det nok mange som totte dette var ein saknaddaude. Det gjeld ikkje berre i Kvam, men vidt ut over landet. For J. H. Vik hadde kjenningar og vener vide i kring. Han reiste mykje, kanskje ikkje minst etter at han vart pensjonist og fekk meir tid til å ofra seg for alle interessene sine. M.a. gjorde han ei ferd til Israel. Han hadde uvanleg lett for å koma i prat med folk, både kjende og ukjende, så det var nok ikkje lengst i mellom at han knytte nye kontaktar. Som nemnt hadde han mange og varierte hugmål og fann difor i lengste laget tilknytingspunkt med kven som helst. Han var praten og underhaldande, så det vart aldri daudt og keit der han var til stades. Han kunde føra samtaler om ulike emne, og gav alltid inntrykk av å vera engasjert i det han tala om. Eg tenkjer dei er mange som hugsar at han korta tida på bussturen mellom Øystese og Bergen dei åra han reiste fast der. Noko av det som karakteriserte han mest var den sjeldne vitaliteten og arbeidstamen hans. Det kom til syne heilt frå det raske gongelaget til tamen ved skrivebordet, og desse eigenskapane hadde han stort sett heilt til slutten. Difor vart det gjerne så at det var han som førde an og avgjorde kva som var på tapetet når han var i eit lag. I samvær med vener og meiningsfrendar var han alltid mun- 1er og ein hadde inntrykk av at han var den som moroa seg aller mest. Gjerne kom han då inn på eit eller anna frå gamal tid, og på det området visste han meir enn andre. All si tid var han sterkt lokalhistorisk

interessert og har lagt ned mYkje arbeid der. Tenk berre på kva arbeid det ligg bak den originale bumerkesamlinga hans. I venelaget var det kvikke hovudet hans i ustanseleg aktivitet, tankar og innfall trengde på og ville koma til orde. Ofte hadde ein inntrykk av at stØrste vansken for han var å tØyma tankeflaumen og å "prioritera, dei ymse tankane som melde seg samstundes. Det var ikkje alltid like lett. Han var nok merksam på dette sjølv, og i meir høgtidelege høve var det tycleleg for dei som kjende han at han la band på seg og tala seinare enn det elles var naturleg for han. Dei mange interessene hans førde til at han tidleg kom med i ei rekkje lag og organisasjonar. Det låg ikkje for han å vera passiv lem når han gjekk inn i eit lag. Han tok arbeidsselen på, og det var som regel ikkje lenge å bia før han var med i fremste lina. Kor mange styre- og formannsjobbar han hadde gjennom eit langt liv attåt garden og banken og offentlege ombod som ordførar m.m., skal eg ikkje gå inn på. Eg veit visst at eg fekk ikkje med alt om eg prøvde meg med ei opprekning. Han var ei sjeldent effektiv blanding av idealist og realist, slik at det vart resultat av arbeidet hans. Røynsla frå meierist- og bankarbeidet førde til at han gjerne fekk kasserarjobben om han ikkje var formann i eit lag. Han var heller ikkje av dei som går seg trØytte og seier oPP etter eit år eller to. Det kan vera på sin plass å nemna nokre døme på det. Han var formann i Hardanger og Voss Skyttarsamlag i 15 år, losjefullmekt i losje nHugin" i 25 år, styrelem og kasse- år, sty- rar i Kvam Mållag i relem i Hardanger Historielag t 28 år, styrelem i Kvam Jorddyrkningsfond i 40 år og av desse 30 år som formann. Når desse organisasjonane er nemnde, har ein straks ei peiling på kvar dei sterkaste interessene hans låg, men slett ikkje alle. Og som før sagt, han var like hugheilt med over alt der han gjekk inn, så eg trur det vil vera vanskeleg å nemna "hjartesaka" hans framfor andre. Han var ein god nordmann, men først harding og kvemming, og alt som han meinte ville bera bygd og land fram, gjekk han like sterkt inn for. Ein lyt seia at dei ideelle og kulturelle interessene hans femnde uvanleg vidt. Han stod på fast kristeleg grunn, sjølv om han ikkje tok nokon leiarstilling der, og hadde sin faste plass i kyrkja. Og han var ein uredd mann, så han veik ikkje unna for den 4

Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
Kulturarv som varer, boka om pilotprosjektene
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
Teknisk industrielle kulturminner i Longyearbyen ... - Sysselmannen
Kulturminneplan for Svalbard 2013 – 2023 - Sysselmannen
Fredning av Rakettkiosken Invitasjon til markering - Kulturminneåret ...
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron
Kärcher rengjøringsmaskiner Antrasitt utseende ... - kvam agentur as
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron
Verneplan for nasjonalpark i Vestfold - Fylkesmannen.no
Den verdifulle kystkulturen i Nordland - med ... - Regjeringen.no
Kulturminnevern i Oslo - Byantikvaren
Med hammer og kalkulator - Riksantikvaren
4 2010 Granvin - Hordaland fylkeskommune
NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund
Regional plan for vindkraft, høyringsutkastet - Sogn og Fjordane ...
Avvikling og disponering av Ekofisk I - konsekvensutredning
Konsekvensutredning del 1 - Valg av analyseområde - Aust-Agder ...
Kulturminner og verdiskaping i Nord-Norge - NIKU
Fartøyvernsenteret v/ Terje Flaaten-Stokkan - Sør-Troms regionråd
Navarsete vil ikke utrede oljeboring - Disen Kolonial Sjur Harby
Askeladden - Munin - Universitetet i Tromsø