Views
1 year ago

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

til at arbeida fram so

til at arbeida fram so eg seint um sidar kunde kvila ut paa høgaste Humpen deruppe. Medan eg sat der, ramlade ei Snjoskreda laus og tuskade ende ned etter Gjelet, der eg hadde gjenget. Eg var daa inkje feig denne Gong, tenkte eg og takkade Vaar-Herre, so med sin sterke Fland hadde hjetpt meg hertil.u Det var nok litt meir Mannen fortalde, men eg sluttar her avdi det var um ei faarleg Friing her vat tale, men Turen hans seinare var inkje meir enn at baade eg og du kan hava freistad liknande um inkje paa Friarveg so paa eitkvart annat Stelle i Livet, so det inkje er nokot at fortelja um. Prins Ludvig Filip vitja Øystese Av Jøkob H. Vik Jakob H. Vik var mellom dei flittigaste til å skriva for Bygdejol. Ei tid såg det ut til å verta vanskeleg å fylla 1970-heftet. Han skreiv då i ein fart dette vesle stykket, men heftet vart fullt utan. Difor kjem det no. Prins Ludvig Filip av Orleans livde i å,ri 1773-1,850. Han var med i den franske revolusjonen og i levolusjonskrigane, men rømde ut or landet i 1793. To år etter kom han til Noree. Fyrst til Kristiania, der etter til Vestlandet. Prinsen med reisefylgje budde ei tid på Øystese hjå bonde og baronilensmann Jan O. Øystese. Lensmannen hadde stort tohøgdars hus og dreiv litt som gjestgjevar. Då prinsen reiste, skreiv han i gjesteboki og takka for seg. Redaktør i Bergens Tidende, Finn B. Henrichsen, var i Øvstese fyrst i 1890 åri. Han såggjesteboki og omsette den franske teksten" Fritt omsett til nynorsk lyder den slik: "Eg takkar for gjestevenskap og godt opphald, og for dei mange vensame menneske eg har mLøIt.>> Frå Øystese reiste prinsen med fylgje til Trondheim, BodØ, Kabelvåg, Hornvik, Sørsand, Hammerfest, Måsøy og Alta og so vidare til Finland. I Nord-Noreg budde prinsen lengste tidi hjå handelsmann Buch. Denne fylgde han ogso til Nordkapp. Etter Julirevolusionen i 1830 var han konse i Frånkrike lram til Februarreirolusjonen 1848, då han vart avsett. Kongen sende ein korvett til Nord-Noreg med ein marmorbyste av seg som gåve til fami lien Buch. Bysten var i husi til Buch inntil 1944 de tyskarane raserte Finnmark os brende det huset bysten stod i] I 1,957 sende den franske stat ny byste av Kong Ludvig Filip til Nord-Noreg. Denne bysten vart plassert på Nordkapp-platået i ein nisje, nett som ei stor grue, i eit betonghus med vegger på 3 kantar og tak, men ope mot nord.

JULEBREVET L97T Det er litt av eit ork å koma i gang med dette julebrevet. Tankar og fingrar blir stivare for kvart nytt årstal. Dagleg mas og sut tek det overskotet som må til for å samla tankane om åndelege ting. I haust har det vore ekstra tungt. Veret har vore trøysteslaust. Regn og rusk vekene til endes. Merkeleg at ein kan bli hjelpne På eit lite småbr-uk i slik bløyte. Og attåt alt dette vatnet, skal vi dagleg måtta lesa og høYra kor mYkje andre må betala for at vi skal kunna eksistera. Vi vert sett på som ein klamp om foten og ei utidig hindring for det slaraffenliv vi kan få i landet om vi kjem oss med i det store og rike EuroPa. Ja, ja, trass i seriar med våte lågtrykk frå England, har vi blitt hjelpne i år og. Gras, frukt og Poteter har vorte berga under tak i tur og orden. Kyr og sauer står no og turkar i bås og bing. Dei har visst ikkje fått noko mein av bløyta. Attåt alt har vi i år hatt jordbruksferie. Etter lange rådleggjingar, har dei styrande funne ut at også bøndene burde få litt fri. Med brask og bram vart det kunngjort at ferien skulle vara i 6 dagar og kvar bonde som greidde pressa seg til levemåte på garden, skulle få feriePen- gar. Vilkåret var at han heldt seg borte frå garden og ikkje gjorde gagns arbeid i ferietida. Kona kunne også takast med På ferieturen, men utan løn - sjølvsagt Vi tok ut etter slåtten. Turen gjekk austover - i von om å treffa sola. Stoppane var planlagde i nærleiken av slekt og kjenningar der vi hadde matskyld. Etter ei veke, kom vi heim att, trØyLte og velnøgde av ferie. Hesjane vi reiste frå, stod der clei skulle og var like brune. No er søknaden om feriepengar skriven. Det kan koma vel med ein ekstraskilling til jul. Elles har det vorte langt mellorn merkesdagane i år. Arbeid og sut for det daglege tek det meste. Det vert smått både med tid og krefter til å pleia samlivet med hittfolket. Naboane har nok med sitt og er Iite å sjå. Men ein kveld i haust - nett føre valet - kom både Per og kona. Det vart kaffi og prat til langt på natt. Medan eg i mitt stille sinn lurde på kva det eigentlege ærendet var, dreiv samtalen forbi veret, årsavlinga, fruktprisane, fellesmarknaden og - ja heile den vanlege ska- Iaen. Til slutt kom det. Valet! Han Per har vore mellom dei stYrande i bygda i mange år. No var han redd for å bli sitjande heime. Vi måtte stå saman, sa han, ikkje lata

Bygdejol 1972
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kärcher rengjøringsmaskiner - kvam agentur as
Kulturarv som varer, boka om pilotprosjektene
Rent Nytt - kvam agentur as
Norway Yearbook - 1971
Norway Yearbook - 1971
Kulturminner i Karmøybarnehagene - Karmøy kommune
Kvam turlag - Turprogram 2017
Fiskets Gang, nr 31, 1971
Syng som folk - Romsdal Sogelag
Blyttia_200503_skjer.. - Universitetet i Oslo
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron
KYRKJEBLAD - Kirkene i Nord-Fron - Den norske kirke
sammen bevarer vi svalbard - Regjeringen.no
Kartfesting av kulturminner
KULTURMINNER I GJESDAL - Gjesdal kommune
Årsrapport 2008 - NIKU
Det Gamle Testamente på gudstjenestens betingelser - Anis
4 2010 Granvin - Hordaland fylkeskommune