27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Ja, jau, let eg og togg på ein smultring

som kona hadde funne fram

frå eit gamalt treliterspann. Det var

greitt vi måtte halda på makta -

- men det var no han Per som

var med

- og styrde då eg hadde vanskar

med straum til høykanona. Kanskje

det var andre som kunne vera

like hjelpsame når ein trong til det.

På valdagen gjorde eg mi borgarplikt

etter aller beste overtyding.

Per vart varamann.

Valresultatet vart elles uventa for

fleire enn han Per. Eg hadde aldri

trudd at røysta mi skulle gjera slikt

utslag. Ingen av dei eg strauk kom

inn. Men det kom inn 41 som fØr.

Vi bøndene styrkte stillingen, trass

i harde påstandar om nisseluementalitet

og bakstrevarånd. Høgre minka

i takt med Brusselforhandlingane

og Ap-veljarane sat heime.

Verst gjekk det ut over gamle, gode

venstre. Det hjelpte korkje med

H. F. eller husmorlaget. Resultatet

vart etter mi meining skuffande.

Men Kr. F. har ikkje grunn til å vera

korkje vonbrotne eller såra.

Straks valet var over, rykte rådmannen

ut i H. F. og erklærte at no

var heradskassen tom. Og det ville

han bli i mange år.

Vi kunne vera glade om vi klarde

halda liv i alle dei folka som hadde

sitt levebrød i heradet si teneste.

Pengar til nye tiltak var det ikkje

snakk om. No var det berre å leggja

seg på veret og prØva å halda

seg flytande.

Dette var litt av ein kalddusj.

Korleis skal det no gå med alle

dei store sakene som er lova i parti

programma. Programma ja. Alle parti

hadde kappast om å lova alt.

Alle ville byegja kyrkje, rådhus, sjukeheim,

industrihus, nytt vassverk,

fleire skular. Vidare skal vi få fleire

vegar med fast dekke. Store industriområde

som lokkemat for nye

arbeidsplassar. Fleire bustadfelt med

vatn og kloakk. Store hyttebyar

både ved fjell og fjord. Friareal der

turistar og innfødde kan kosa seg

med kaffikjel og fiskestong og badeplassar

langs alle strender. Dertil skal

vi få toppkvalifiserte og høgtløna

karar (kvinner) til å ta seg av idrett,

song og musikk og ungdomsarbeid.

Eldreomsorga skal aukast og kyrkjene

skal få bårehus og automatisk

ringjing.

Senterpartiet gav ut valavis for at

alle skulle få greie på dei storstilte

planane. At mange tok feil og trudde

det var ei forseinka russeavis

kan ikkie utgjevarane lastast for. At

40 kandidatar uttalte det same om

dei same sakene vitnar om kor

samde dei er. Den 41. hadde avvikande

syn. Han ville stoppa alle

investeringar ( jamfør rådmannen)

og betala tilbake alle lån. Han kom

ikkje inn i heradstyret.

Venstre br-ukte H. F. som valavis

etter evne. Resultatet vart + 2. det

same som sist.

Kr. F. la mest vekt på makmælt

og personleg påvirkning på interne

møte. Resultatet vart tilfredsstillande

men dei må nok ha vore altfor

makmælte. Evangeliet har ikkje nådd

lengre enn frå Tørvikbygd til Laupsa.

Høgre var merkeleg anonyme i valkampen.

Ikkje såg eg korkje program

eller annan propaganda. Kanskje

dei har gitt opp å driva sakleg

informasjon for negative jordtrælar.

Det vert nok arbeidarpartiet som

vil få det lettast med å leva etter

programmet i det nye heradstyret.

Dei har ikkje lova meir enn dei kan

stå ved: Å motarbeida all borgarleg

polititkk.

Elles tykte eg valbrosjyra deira

var lite i samsvar med hovudopp-

4l

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!