Bygdejol 1971
Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag
Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag
- TAGS
- kulturminne
- sogelag
- gamle
- kvam
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
ei studiegruppe av eldre trufaste

lemer. Jakob har vore studieleiar,

han førde møteboka

slik at ho alltid var ferdig til

underskrift når møtet var slutt,

og han førde rekneskapen og

ordna all korrespondansen for

laget. Dette var den mest naturlege

ting i verda, og det var aldri

eit ord å høyra om at for mykje

av arbeidet fall på ein mann.

I det heile var han ei drivande

kraft i Hardanger distriktslosje

heilt til det siste, og var alltid

frampå med eit innlegg på oflentlege

tilskipingar. Berre nokre

veker føre han døydde var

han såleis med på eit møte i

Herand og fortalde om folketalaren

Peder Svendsen. Den dagen

har vart sjuk, føre han

døydde, skulle han vore med på

75 årshøgtida åt Øystese Ungdomslag

og fortalt lagssoga, og

det var nok ikkje med lett hjarta

han laut gjeva avbod. Kanskje

det var fØrste gongen han

vart nøydd til å gjera noko slikt

og, for han hadde ei god helse.

Til slutt vil eg gjerne ta med

eit par små blenk frå mitt personlege

hopehav med Jakob Vik.

Eg var i konfirmasjonsalderen

og skulle utretta nokre ærend

i Øystese. I dei dagar måtte ein

då fyrst bruka båt og sidan beina

når ein budde på Fykse. Eg

skulle m. a. tala med Jakob Vik

og då vart det klårt at eg laut

til Norheimsund og for å greia

ærendet mitt. Det var no alltid

eit tillegg både i veg og tid.

Då sa han Jakob: "Du skal få

låna sykkelen min og då gjer

du snøgt den turen. Ja du kan

vel sykla?" Til all lukke kunne

eg det endå eg var i frå Fykse

der det var heller smått med

vegar og syklar på den tid.

Den tillit og hjelpsemd han

den gongen viste mot ein heller

ukjend "kjuagut" vart altså eit

ljost lite minne for livet. Ein

sykkel i dei dagar var meir enn

ein bil no.

Så var det nokre år seinare.

Eg var på Bømoen, gjekk gjennom

rekruttskulen. Ein kamerat

og eg hadde meldt oss til

samlagsstemna i Hardanger og

Voss Skyttarsamlag som det

året skulle haldast på Bulken.

Me rekna med at det var kurant

sak å få fri den dagen til

noko som låg slik i tråd med

tenesta på moen. Så opplevde

me at søknaden vår vart avslegen.

Jakob Vik var då samlagsformann.

Etter morgonØkta var

eg i telefonen og prøvde få tak

i Jakob Vik, utan at det lukkast.

Men eg tala med ein vossing

som lovde å informera Jakob

Vik om situasjonen.

På middagsstunda gjekk eg

på telefonbua att for å prØYa

på nytt. Samstundes med meg

kom kapteinen for det andre

kompaniet,

ftan kjende sjølvsagt

ikkje ffieg, -

i full fart

6