Me veks i spora våre - leseprøve

forlagshusetvest

Bent Eia pendlar mellom draum og røynd i si fjerde diktsamling. Tema i boka er filosofi, psykologi, mellommenneskelege forhold, natur og miljø. Nokre av dikta synar at lyrikaren ikkje trur på nokon av dei gudane som er på marknaden. Dei fleste dikta er frå det siste tiåret, men det er òg pussa støv av eldre stoff. Boka er illustrert av Aud Rye som bur i Oslo. Ho har tidlegare hatt sin eigen skule. No undervisar ho i akvarellmaling i Europa.

Bent Eia

Me

veks i

spora

våre


Me veks i spora våre


Me veks i spora våre

Bent Eia

Illustrert av Aud Rye

2016


© Commentum Forlag 2016

COMMENTUM FORLAG AS

Gamleveien 87

4315 SANDNES

www.commentum.no

ISBN: 9788282334099

Omslagsdesign: Haakon Mæland

Sats: Haakon Mæland

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser.

Uten særskilt avtale med Commentum Forlag er enhver eksemplarfremstilling og

tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid

med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.


Til deg som vitjar

tankane mine

Kan hende er du

i slekt med meg

på det indre planet?

7


Forord

Eit ord

ein stein

i ei kald elv.

Ein stein til ‒.

Eg lyt ha fleire steinar

skal eg koma yver

Olav H. Hauge

Eg har alltid vore fascinert av lyrikaren som med så få ord

kan berette ei heil historie, eller formidle djupet i ei kjensle.

«Me veks i spora våre» er Bent Eia si fjerde diktsamling. Eg

spurde han ein gong korleis dikta vart til. Svaret ga han oss

allereie i si første diktsamling.

8


Noko har eg sett.

Noko har eg følt.

Noko har eg grave fram.

Og

noko

har

bare

falt

ned

her.

Frå «Veggane var for tjukke» 1993

For Bent Eia har orda og dikta vorte vegen gjennom – og ut

av – tunge dagar, og nokre av dikta trur eg berre kan skrivast

av ein som har opplevd nettopp det. Samstundes deler han

fantastiske naturopplevingar kjenslevart, han set nye ord på

kjærleiken og formidler ei sterk respekt for alt levande. Han

utfordrar meg til å ta vare på livet, – mitt eige liv, relasjonane,

naturen, – og eg vert audmjuk i møte med så ærlege ord.

Korleis veks det i spora dine?

Gjøvik, april 2016

Liv Ellen Giske

9


10


Det er ei mørk og klar natt

Eg er ute og ser på

stjernehimmelen

som er så langt vekke

Eg kunne tenkja meg

å rokera med røynda

for å sjonglera med

ein spiralgalakse

Men så legg eg handa

på hjartet mitt

og tenkjer at det er jo

fantastisk det som er

verkeleg òg

Eg kan leika med livet

11


Når tida tek slut

vil du ikkje

merka skilnad

på sekund og æva

12


Er eg ein av dei

du fryktar

bak skotsikkert glas?

Bak jernringen?

Eg er og inni

tankane dine

Derfor er du ikkje trygg

13


Kunne eg halda

kloden i hendene mine

ville eg kviskra

ein bodskap til skogen

trea sin heim

Eg må kviskra lågt

for byen må ikkje høyra

14


Plantane sine blad

var grå i tida sin morgon

Dei såg på regnbogen

sin flotte fargepalett

Dei spurde regnbogen

om han kunne måla

over alt det grå

Regnbogen var med på det

Plantane ville gjerne få

den vakraste fargen av alle

den grøne

Så då blei grått til grønt

15


Morgonen og kvelden

møttest ein gong

Dei dansa i skumringa

og gløymde seg heilt vekk

Folk som sov måtte sova

og dei som arbeidde måtte arbeida

Men menneska ville vidare

så morgonen og kvelden

måtte venta til endetida

med sin samansmeltande dans

16


Eg vil laga ein spindelvev

til å fanga tankar og draumar i

Eg skal ta dei med på torget

for å selja dei

Folk vil nok kjenna att

dei gamle tankane og draumane sine

dei vil lata som inkje

og betala godt for å få tak i dei

så dei kan få gøymt

dei vekk for alltid

17


Kor mange gonger

skal de øydeleggja verda?

Kor mange menneske skal døy

før de er nøgde?

Kor lenge skal de

stabla opp ofra for systema

etter modell frå gamle Kheops

og sjølv klatra til topps

med falske flagg?

18


Den nye dagen venta på

at solblomen skulle

gro opp i aust

Me er alle som frø

ifrå denne blomen

Om ikkje frøet blei sådd

om ikkje planten blei vatna

om ikkje ugraset blei luka

blei det ingen blom

19


I mai 1956

sende far min

ut millionar rumpetroll

på kappsymjing

Berre eit av dei kunne vinna

Hadde eg ikkje vore til

hadde eg vore ein annan

hadde dette ikkje blitt skrive

om eit anna rumpetroll

hadde vunne

Eg lurar òg på korfor

eg er så dårleg til å symja

Har eg arva

symjeeigenskapane til egget?

20


Eg lurar på om

der finst liv på

andre planetar

Eg lurar på

om der er tre som bjørk

som tek fargen sin på nevra

frå natt og dag

Eg lurar på om der er dyr

som meitemarken

som arbeider med å laga

gangar nedi jorda

Kan hende finst det nokon

ein stad der ute

som lurar på det same som meg?

21


Eg sådde eit frø

Miljøet var jordmor

Frøet spirte

det ville bli eit tre

Det vaks

og fekk stamme, greiner og blad

Men så kom hausten

blada blei gule og raude

og fall ned

Etter ei tid blei dei til mold

Snøen kom og eg gjekk

Medan treet blei forsteina

viska vinden ut spora i snøen

Men kor blei eg hen?

22


Sekunda dine sine tonar

blir til dagane sine songar

Dagane dine sine songar

blir til åra sine symfoniar

23


Altfor mange tre

blir hogde ned – myrda

Me høgg ned

vår eiga framtid

Nei, la livet få leva

la grøne spirer få gro

la dei bli store tre

som ikkje skal hoggast

men gje grunnlag for nytt liv

i klorofyllet sin

fantastiske fabrikk

24


Pilegrimen fann

sine eigne spor

attende

Og fann kjelda til livet

Vegen attende

kan gje deg nøkkelen

til den rette vegen fram

25


Eg har ein stein

i sinnet mitt

Eg kiler han i to

Han forvitrar til jord

Det spirar

Eg veit at

det vil bløma ein dag

Veit eg det?

Vonar eg berre?

Eg må seia til meg sjølv

at eg veit det

for å klara å gå vidare

Då vatnar eg spirene mine

26


27

More magazines by this user