13.08.2017 Views

Bygdejol 1972

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

gjekk og kjende på at ein tidbolk

var slutt, og noko nytt stod

for døra. Ein tok liksom det

fyrste stiget over dØrstokken inn

i den vaksne alderen, og dette

stiget var symbolisert ved å gå

i lang buksa. Jau, der var ein

eigen nnimbuso over skrivardagen,

og slik var det visstnok

for dei fleste. Eg minnest soleis

ein vårdag med nysnø, me kom

heim frå skulen. Då stod det

skrive i snøen langs heile vegen:

oHan Jens skal skriva seg i

dag.o Han heitte ikkje Jens

denne guten, men han var ein

av dei som hadde tungt for å

fylgja med i skulen -

ein sokalla

"gnadd", eg no var endeleg

den store dagen komen, han

var fri! Dette kunngjorde kamelatane

med skrift i snØen. Born

har alltid vore oppfinnsame i å

terga sine medskapningar, og

då serleg dei som er mindre

gjevne.

Men tilbake til prestegonga.

Det var kvar måndag kl. 10 me

samlast i bedehuset. Hugsar eg

ikkje feil, var me 52 i talet og

var sessa etter alderen. Me møtte

alltid fram i god tid, og såg

når Ottesen kom køyrande pr.

stolkjerra og svinga inn på Brigtatunet,

der han Brigt-Ola tok

over taumane og sette prestemerra

på stall til ei kjærkomen

kvild etter den lange luntetrav

frå Vikøy. Det var ein mann

som sa til Ottesen ein gong at

han måtte lata øyken få slappa

av stundom og ikkje springa i

eitt trekk. Men dette ville ikkje

presten vera med på. Han hadde

snakka med ein veterinær

om dette, og han hadde forklart

at det var det beste for hestane

å springa jamnt og trutt.

Dette levde i alle høve Ottesen

og merra hans etter, men me

tykte han var helst keivleg å

kØyra, der han sat i framsete

med slakke taumar. Visstnok

hadde han svipa i handa, men

det var nok ikkje serleg smell

i henne. Men om det var slik

at me bondegutane ikkje hadde

serleg vyrdnad for presten sin

omgang med hest og køyring,

so slo likevel dette aldri ut i

nokon ap. Når det galdt r,yrdnad

og age for sjølve presten,

so var denne tilstades i full

mun, og eg trur å kunna seia

at det var ein lydhør og roleg

ungdomsflokk han hadde framfor

seg prestedagane i det gamle

Øystese bedehus. Hans måte

å vera på, og hans undervisning

i det heile var med å fremja

vår vokster frå born til ungdom.

Eg hugsar serleg kva vinn han

la på at ein alltid måtte ha for

augo å lesa bibelen som den

absolutte openberring av Guds

ord til menneskja. Han åtvara

sterkt imot det han kalla ,.å

bruke pennekniven for å radere

vekk de sannheter som forstanden

ikke kan fatte,,.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!