08.02.2018 Views

Bv0518

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Menn som overser kvinner

Bothild Å. Nordsletten

bothild@bondevennen.no

LEIAR LANDBRUK, POLITIKK OG SAMFUNN

Der godt vaksne menn dominerer, og det

gjer dei i landbruket, er dei ofte forbausande

flinke til å fremja folk som liknar

seg sjølve. Det er nok ikkje vondt meint.

Men det er heller ikkje ein produktiv

måte å rekruttera fleire kvinner til næringa

på.

Likestilling og fleire kvinner har i årevis

vore uttalte målsettingar for landbruket

og bondeorganisasjonane. Mykje er oppnådd.

I dag er kvinner i posisjon overalt i

næringa, frå grasrot til konsernleiing. Likevel

er dei ennå ikkje fleire enn at Bondelaget

seinast rundt årsskiftet valde å

gjennomføra ei undersøking for å læra

meir om kva tiltak som kan bidra til at

fleire kvinner vel landbruksutdanning,

blir bønder og tillitsvalde.

I landet med kvinneleg stats-, finans- og

forsvarsminister er det kanskje lett å tru

at likestillingskampen er fullenda. Det

er sjølvsagt feil, noko ikkje minst metookampanjen

avslører. Men i somme delar

av landbruket er det til og med som om

kampen aldri starta. Korleis elles forklara

at dei seksten største landbruksorganisasjonane

som stod bak Samvirkekonferansen

i Rogaland i januar, valde å

ha berre éi kvinne på det to dagar lange

programmet?

Varhaug-møte, Særheim-konferansen,

Mat og Landbruk og Kornkonferansen er

andre døme på landbruksarrangement

der talarstolen eller debattpanelet blir dominert

heilt eller i stor grad av menn. Rett

nok finst det mange arrangement med

bra miks av menn og kvinner, men alt for

ofte er kjønnsbalansen alt for skeiv. Praksisen

undergrev næringas eigne målsettingar

om å tiltrekka seg fleire kvinner.

I beste fall er den manglande evna til å

putte kvinner på talarstolen eit utslag av

medvitsløyse. I så fall vitnar det om kor

vanskeleg det er for bodskapen om betre

kjønnsbalanse å trenge inn, trass tiår

med forsøk. Truleg er mannsdominansen

dels også eit utslag av rutinetenking,

dårleg fantasi og giddeløyse. Møteorganisator

ringer han dei har høyrt før, det

er safe. Det er underleg at ikkje fleire

kvinner reagerer.

I tillegg finst det også dei, både kvinner

og menn, som parerer etterlysing av

fleire kvinner på podiet, med argumentet

om at kompetanse «trass i alt», er viktigare

enn kva kjønn talaren har. Ei slik

haldning vitnar om mangelfull kjennskap

til alle dei høgkompetente kvinnene som

finst der ute, på alle fagområde. Og den

tek tilsynelatande for gitt at i ein mannsdominert

bransje, er betre kjønnsbalanse

noko som kjem av seg sjølv.

I verste fall snakkar me om regelrett

ekskludering av kvinner. Det er vanskeleg

å tolka reine mannearrangement

som noko anna.

Kva veg kjønnsbalansen tippar på dei

mange landbruksmøta rundt om, er ikkje

aleine avgjerande for kor mange kvinner

som vel ein karriere i landbruket, men

det speler ei rolle fordi det påverkar kulturen

for inkludering og mangfald i næringa.

Nett slik menn speglar og stadfestar

kvarandre som meiningsbærande og

ansvarlege aktørar i alle fora, treng også

kvinner å spegla og stadfesta relevansen

av eigne innfallsvinklar, kunnskap og erfaringar

i andre kvinner. Skal fleire kvinner

inn i landbruket, må dei iallfall koma

til orde.

Å sette fleire kvinner på plakaten er eit

enkelt rekrutteringsgrep som kostar lite.

Det finst inga orsaking for ikkje å gjera

det. Det er viljen det står på.

BONDEVENNEN Nr. 5 - 9. februar 2018 3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!