18.02.2018 Views

Unikum februar 2018

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Nye endringar som vart sett i gang frå og med studieoppstart i januar

inkluderer at det ikkje lenger er servering av mat etter klokka 16, medan

ein før kunne kjøpa middag fram til klokka 17. Ei anna endring som er

gjort er at det no ikkje lenger finst eit middagstilbod der ein kan velje

seg ut ein rett på ein meny for ein gitt pris, men i staden kan ein velje

kva matrettar- og kor mykje ein vil ha av kva rett i ei buffetordning.

Prisen kan ein også no regulere sjølv, då ein tek den mengda ein vil ha

for 16,90 kr pr. hekto. Studentane har ulike meiningar om den nye ordninga,

som kjøkkensjef og leiar for kantinedrifta gjerne vil høyra for å

kunne gjere kantina best mogleg eigna for studentar.

Etter etterspurnad frå STA om å få middag på vekt i staden for faste

menyar, tok leiinga for kantina desse ynskja med seg for å lage ei kantineordning

som studentane ville ha. Kjøkkensjef Jette Kristensen og

leiar for kantinedrifta, Jon Egil Andersen, meiner nemleg at kantina

skal vera det beste moglege tilbodet for studentar. Kristensen hevdar

også at ein like viktig grunn til at dei no er gått over til buffetordninga

”plukk og miks” er erfaringa dei har hatt med matsvinn. Kristensen

meiner det er meir miljøvenleg at studentane sjølv forsyner seg med

den matmengda dei vil ha.

Olea (20) og Linn-Katrin (20), som begge studerer samfunnsplanlegging,

er nøgde med den nye kantineordninga, og tykkjer det er fint med

ei forandring. Dei er begge to særs nøgde med at ein no kan plukka og

miksa den maten ein sjølv ynskjer, og ser på det som eit stort pluss for

miljøet at ein no forhåpentlegvis kastar mindre mat. Det einaste dei ser

kan vera utfordrande for somme med buffetordninga er at det fort kan

verta meir stress som kjøpar når ein plutseleg må plukke og mikse sjølv

samstundes som ein må tenke på kor mykje det kjem til å koste. Dette

seier også musikkstudenten Sindre (23) seg einig i. Han meiner at det

var enklare før, ettersom ein kunne velje seg ein rett og vite akkurat

kva rett ein fekk for den bestemte prisen på menyen. Kjøkkensjef Kristensen

ser poenget til studentane, men seier at det er ein tilvenningssak

som truleg kjem til å lønna seg. Kristensen har forståing for at studentar

fort kan gå på ein smell med tanke på mengde og pris dei fyrste gongane

dei tek i bruk buffeten og vil gjerne ta omsyn til dette, men meiner

også at når ein lærer seg å porsjonera riktig vil dette ha ein sunn effekt

på både lommeboka og miljøet.

Fleire studentar meiner den nye opningstida er problematisk ettersom

mange sluttar i forelesingar klokka 16 og rekk difor ikkje å nytte seg av

middagstilboda i kantina. Til dette svarar kantineleiar Jon Egil Andersen

at opningstidene er ei tilpassing som er gjort etter at dei over lenger

tid har opplevd mindre pågang i kantina så seint på dagen. Jette Kristensen

legg også til at sidan dei ynskjer at kantina skal vera eit tilbod

som er mest mogleg ”inn i tida” og best tilpassa studentar har dei valt

å kutte ut middagstilbodet, sidan dei ser at studentar ofte synest det er

for tidleg å eta middag før klokka 17. Eit alternativ til dei som ynskjer

å ete middag på universitetet er å kjøpe varm mat i kiosken, som også

har fått eit utvida mattilbod og er ope til kl. 18. Kristensen ber også alle

hugse på at i eksamenstida vert det sjølvsagt lengre opningstider for å

tilpasse studentane sine behov.

Musikkfaglærarstudentane Ingrid (22) og Ida (22) meiner maten framleis

er god i kantina, og synest det er fint at ein kan velje ulike rettar.

Det dei derimot ser på som ei utfordring er å vera allergikar når ein

skal plukke og mikse mat i buffeten. Kjøkkensjef Kristensen er einig

i at dette kan vera ei stor utfording når ein skal forsyne seg frå ein

buffet. Dette er noko som kanskje var enklare når ein kunne bestille

ein bestemt rett som ein visste var allergifri, utan å bekymra seg for

om reiskap vart flytta mellom dei forskjellige rettane. Det er også noko

som vil bli fylgt med på om det skulle verta eit stort problem. Jette Kristensen

og Jon Egil Andersen tek gjerne i mot tips, meiningar og idear

om kantina, ettersom målet ikkje er å gå i overskot, men å ha ei kantine

som er det beste moglege tilbodet for studentar.

februar 2018 unikum nr 2 5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!