11.04.2018 Views

bv1218

• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Førde

Sogndal

GARDSREPORTASJE

Bergen

Rune Haugland driv med mjølk- og

kjøtproduksjon på Haugland i Time

kommune på Jæren. Arealgrunnlaget er

700 dekar til gras- og kornproduksjon pluss

beite. Mjølkekvoten er på 515.000 liter.

Ytinga ligg opp mot 10.000 kilo EKM per

årsku. Fullt påsett med kring 200 storfe på

garden til ei kvar tid. I tillegg blir det

produsert 450 slaktegriser i året.

Stavanger

Time

Valle

Skien

Tønsberg

Arendal

Kristiansand

Dyrkar kvalitetsfôr: Med ei mjølkeyting opp mot 10.000 kilo EKM, må fôrkvaliteten og avlingsmengda vera på topp.

Utnyttar husdyrgjødsla maksimalt

Rune Haugland har 200 storfe og 450 slaktegriser på garden.

Slikt blir det mykje gjødsel av. Men bonden har ikkje ein drope til overs.

Sjur Håland

– Lort er pengar. Alternativet hadde vore

å kjøpt meir gjødsel. Eg vil kjøpa minst

mogleg kunstgjødsel og heller utnytta

næringsstoffa som blir produsert på

garden maksimalt, seier Haugland, som

driv gard på Haugland i Time kommune

på Jæren.

Målet er at gras- og kornplantene skal

gi maksimale avlingar ved å nyttiggjera

seg næringsstoffa i den verdfulle husdyrgjødsla.

Trongen for nitrogen og svovel

blir tilført utover sesongen med Yara

Opti-NS 27.

700 dekar

I løpet av kort tid skal 500 dekar hjå

Haugland gjødslast med opp mot ti tonn

vassblanda blautgjødsel med hjelp av

innleidd entreprenør med slangespreiar.

– Svært effektivt. Planteveksten kjem

fort i gang. Eg får ut gjødsla tidleg, og

med minimal jordpakking. Resten av

arealet, 200 dekar, blir gjødsla med eiga

tankvogn og nedfellar.

Denne gjødsla er noko fastare, og

Haugland nøyer seg med vårgjødsling på

kring fire tonn per dekar på dette arealet.

No er gjødsellagera fulle, og vel så det.

På grunn av den ekstreme sommaren i

fjor, var det langt meir i lagera enn normalt,

dermed måtte han søkja dispensasjon

frå Time kommune for å letta litt på

det verste trykket.

– Eg fekk kjørt ut litt av den mest tørrstoffrike

husdyrgjødsla på eit myrlendt

område. Med litt klake i jorda, gjekk det

heilt fint, og eg fekk faktisk gjødsla eit

område som elles kan vera problematisk

å koma utpå, så aldri så galt at det ikkje

er godt for noko, smilar Haugland.

12 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!