Views
2 weeks ago

bv1218

Førde Sogndal

Førde Sogndal GARDSREPORTASJE Bergen Rune Haugland driv med mjølk- og kjøtproduksjon på Haugland i Time kommune på Jæren. Arealgrunnlaget er 700 dekar til gras- og kornproduksjon pluss beite. Mjølkekvoten er på 515.000 liter. Ytinga ligg opp mot 10.000 kilo EKM per årsku. Fullt påsett med kring 200 storfe på garden til ei kvar tid. I tillegg blir det produsert 450 slaktegriser i året. Stavanger Time Valle Skien Tønsberg Arendal Kristiansand Dyrkar kvalitetsfôr: Med ei mjølkeyting opp mot 10.000 kilo EKM, må fôrkvaliteten og avlingsmengda vera på topp. Utnyttar husdyrgjødsla maksimalt Rune Haugland har 200 storfe og 450 slaktegriser på garden. Slikt blir det mykje gjødsel av. Men bonden har ikkje ein drope til overs. Sjur Håland – Lort er pengar. Alternativet hadde vore å kjøpt meir gjødsel. Eg vil kjøpa minst mogleg kunstgjødsel og heller utnytta næringsstoffa som blir produsert på garden maksimalt, seier Haugland, som driv gard på Haugland i Time kommune på Jæren. Målet er at gras- og kornplantene skal gi maksimale avlingar ved å nyttiggjera seg næringsstoffa i den verdfulle husdyrgjødsla. Trongen for nitrogen og svovel blir tilført utover sesongen med Yara Opti-NS 27. 700 dekar I løpet av kort tid skal 500 dekar hjå Haugland gjødslast med opp mot ti tonn vassblanda blautgjødsel med hjelp av innleidd entreprenør med slangespreiar. – Svært effektivt. Planteveksten kjem fort i gang. Eg får ut gjødsla tidleg, og med minimal jordpakking. Resten av arealet, 200 dekar, blir gjødsla med eiga tankvogn og nedfellar. Denne gjødsla er noko fastare, og Haugland nøyer seg med vårgjødsling på kring fire tonn per dekar på dette arealet. No er gjødsellagera fulle, og vel så det. På grunn av den ekstreme sommaren i fjor, var det langt meir i lagera enn normalt, dermed måtte han søkja dispensasjon frå Time kommune for å letta litt på det verste trykket. – Eg fekk kjørt ut litt av den mest tørrstoffrike husdyrgjødsla på eit myrlendt område. Med litt klake i jorda, gjekk det heilt fint, og eg fekk faktisk gjødsla eit område som elles kan vera problematisk å koma utpå, så aldri så galt at det ikkje er godt for noko, smilar Haugland. 12 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

«– Om kraftfôret blir dyrare, tenkjer eg å kompensera med å auka delen av korn i grovfôret.» Næringa når plantene Håelva slyngar seg gjennom landskapet der Haugland driv sin intensive korn- og grasproduksjon. Den fiskerike elva greier seg best utan avrenning frå landbruket, det er ein av fleire grunnar til at Haugland gjerne vil nå plantene med næringsstoffa. Oppdatert gjødslingsplan har vore sjølvsagt på garden gjennom mange år. Bonden har valt å utvikla sin eigen gjødselplan med hjelp av Excel. Han sit gjerne med nettbrettet utover vinteren, og oppdaterer det detaljerte programmet kontinuerleg gjennom vekstsesongen. – Eg er nok litt nerd på dette området, men så lenge det i tillegg til å vera interessant også er svært nyttig, tåler eg godt det stempelet. Kretsløpstolken Næringsstoffrekneskap på gardsnivå grip om seg, også på Jæren. Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har medlemmar som har byrja å ta i bruk programmet Kretsløpstolken. Med hjelp av programmet, som er utvikla i Nederland, får mjølkeprodusentane høve til å dokumentera utnyttinga av næringsstoffa. I tillegg blir også klimagassane ein del av næringsrekneskapen. Sjølv om Jæren er på landstoppen når det gjeld grasavlingar, har mange, i følgje NLR, mykje å gå på. Prosjektet Grovfôr 2020 legg til grunn ei generell auke i grasavlingane på 20 prosent dei komande åra. NLR meiner at Kretsløpstolken er ein god måte å bli medviten på næringsvegane og avlingsnivået. Her får brukarane synleggjort økonomien i grovfôrproduksjonen i lys av kva som går inn og kva som blir teke ut av næringsstoff ut frå avlingsmengd og avlingskvalitet. Viktig næringsstoffdokumentasjon Rune Haugland har vore med sidan 2015. – Ikkje fullt ut, eg har starta forsiktig og lagt inn nokre data frå 2015 og 2016. For meg er det særleg viktig å synleggjera kor mykje fosfor og kalium som blir tilført gjennom husdyrgjødsla, og kor mykje som blir teke ut med avlingane. Liv: Frosten har gjort godt. Grasplantene har greidd seg fint gjennom vinteren og er klar for tilførsel av husdyrgjødsel. – Det står til liv både over og under torva, konstaterer bonden, som gler seg til våronna og ny vekstsesong. Her på garden kjem me til å halda fram arbeidet med å implementera Kretsløpstolken, seier han. Haugland erfarer at ei god grasavling på 1000 kilo tørrstoff tar ut 27 kilo kalium og mellom 3,5 – 4 kilo fosfor. – Dette er betydeleg meir enn standardnorma, noko som er viktig å dokumentera, ikkje minst i område som blir intensivt utnytta, som her på Jæren, understrekar han. Garden har ein mjølkekvote på 515.000 liter. Med fullt påsett og ei yting opp mot 10.000 kilo EKM med ein kraftfôrdel på 25 kilo per 100 liter mjølk, er fôrkvalitet alfa og omega for det økonomiske resultatet i drifta. Og, det er ein motivator i seg sjølv å få maksimalt ut av jorda. Rune Haugland dyrkar kring 200 dekar med korn, som ein del av fôrgrunnlaget til kyr, ungdyr og oksar. – Siste åra har me brukt noko maxammonbehandla bygg. I tillegg blir det hausta ein del heilsæd som blir lagt som eit eige sjikt i plansiloen. Målet er ein fôreiningskonsentrasjon på 0,95. Han treng struktur i form av halm for å halda fordøyelsen i orden hjå dyra. Det aller meste av grovfôret blir lagt i dei to plansiloane, kvar på 12 gonger 60 meter. Dei er enkelt bygde med «asfaltgrus» i botn og betonglagde vollar. BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 13