Views
7 months ago

bv1218

GARDSREPORTASJE Lagvis:

GARDSREPORTASJE Lagvis: Rune Haugland legg det aller meste av graset i plansilo. Her demonstrerer han korleis slåttane ligg lagvis fôrdelt, med vårkveiten i eitt av sjikta. Haugland har gode erfaringar med heilsæd i fôret, og vil auka korndelen om kraftfôrprisane stig. – Eit enkelt og velfungerande fôrlager som til saman ikkje kosta meir enn 200.000 kroner, fortel Haugland. Vårkveite I 2017 sådde han i 120 dekar med vårkveite. – Det synte seg å gå svært bra, trass i mykje regn og krevjande tilhøve. Eg vil faktisk hevda at kveiten klarte seg betre enn seksradsbyggen. Me stubba høgt og fekk dermed lite halm inn i fôret som vart lagt i plansiloen. Dyrkinga av kveite gir mykje lys i svoren og passar godt i kombinasjon med attlegg, held han fram. Slåttane blir lagt lagvis i plansiloen. Heilsæden av korn blir dermed eitt av laga. Han lesser grovfôret frå stuven med grabb over i fullfôrblandarar. Denne metoden betyr at fôringa blir lik frå dag til dag. – Om kraftfôret blir dyrare, tenkjer eg å kompensera med å auka delen av korn i grovfôret. Treng Timotei – Kva grasblandingar brukar du? – Det går mykje i Spire Surfôr Pluss 90, men eg likar også blandingar som inneheld mindre raigras, kor eg kompenserer med å så i med raigras etter kvart som enga blir eldre. Haugland erfarer at Timotei, grunna smaken, er eitt nøkkelgrasslag i engblandingane. På garden har han alt frå moldrik morenejord, til leir- og myrjord. Omlaupstida på enga varierer. – Det kan vera frå tre år og utover. Eg har inga fast oppskrift, men ser enga an. Å pløya opp er ein betydeleg kostnad. – Korleis er planen denne våren? – Nett no ser det bra ut. Me har hatt ein del frost, medan ørlite snø har tilført viktig fukt i grasbotn. Haugland har hatt eit overskot av grovfôr, og har selt ein del til kollegar som ikkje har hatt nok også denne vinteren. Sommaren 2017 var vanskeleg, men Haugland var heldig. – Eg er nok litt i farten. Det høvde godt i fjor. Eg fekk hausta dei fire slåttane i løpet av dei korte vindauga som var med opphaldsvêr. Plansiloar: Dei to plansiloane på garden ligg nær driftsbygningen og målar 12 gonger 60 meter. Dei er enkle, men funksjonelle. Samla byggekostnad var 200.000 kroner. Må fjerna overflatevatnet Grøfting og vedlikehald av desse, er viktig for bonden. Å leia vekk overflatevatnet for å unngå tilslemming og tetting av jorda har prioritet. – Eg lagar fysiske avløp med singel og opne «grøfter» i problemområde. Kummar av bildekk over drensrøyra fylt med singel fungerer fint, desse tåler ein trøkk med plogen og andre jordarbeidingsreiskap utan å bli øydelagde. Elles prøver eg å profilera terrenget med gravemaskinen for å unngå vassfloar. Sjølvmelding – Kva er du mest nøgd med i fôrdyrkinga? – Å få høve til å blanda korn inn i grovfôret gir moglegheiter. Dessutan er korndyrking svært interessant. – Kva kan bli betre? – Å stadig betra dreneringstilstanden blir viktig. Jorda treng å bli rusta for å handtera aukande nedbørsmengder. – Tips og råd til andre? – Det må vera å utnytta avlingspotensialet i jorda. Høge avlingar er nøkkelen for å auka inntektsgrunnlaget. 14 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

LESARBREV «...det å kalla 8000 andelsbrukarar for bønder er nærast ei hån mot oss som er bønder» TOR GUNNAR ØSTEBØ Professor langt frå grasrota Professor Dag Jørund Lønning kjem i BV 10 med nokre påstandar og uttrykk som eg gjerne vil kommentere. Eg undrast over kvifor denne mannen får så mykje spalteplass i Bondevennen. Eg har lese BV fast i mange år, og sjeldan blitt så provosert. Denne gongen såpass at eg måtte finna fram blekk og papir. Professor Lønning angrip oss bønder frå alle kantar på ein gong. Seinast i BV nr. 10. Eg har drive som heiltidsbonde i litt over 20 år, og vore med på ei til nå interessant, men krevjande utvikling. Eg vil her koma med nokre synspunkt på det eg reagerer mest på. Lønning hevdar at Bondelaget si rolle er å sitte ”Med foten på bremsa”. Ja, sjølvsagt er det våre organisasjonar si rett og plikt til å prøve og bremse effektiviseringa, slik at ikkje akkorden blir ytterligere strama opp. Eg ville sett at AF (Akademikernes fellesforbund) hadde jubla om deira medlemmar måtte jobba to timar ekstra kvar dag utan ekstra løn, eller produsert 20 prosent meir kvar dag innafor same arbeidstid. ”Mold er trendy”, seier Lønning. Ja, men det å kalla 8000 andelsbrukarar for bønder er nærast ei hån mot oss som er bønder. Dette prosjektet har eg avgrensa tru på at blir nokon suksess over tid. Er redd der blir mykje kveka og rotne gulerøter utover, etter ein lang sommarferie utan tilsyn. Lønning skriv om at forbrukarane har ”Matmakt”. Ja, Kari og Ola vil ha mest Tor Gunnar Østebø Plogen duger: Det skal bli godt å setta plogen i jorda snart, skriv innsendaren. mogleg norsk mat, det er godt å vita, men det som konsumerast i det daglege skal kjøpast i den billegaste butikken, helst på tilbod. Når det derimot er snakk om utanlandske varer som parmaskinke eller kobebiff skal den helst være dyrast mogeleg - er mitt inntrykk. Dersom professoren hadde følgt med litt, burde han ha fått med seg at det finst ei heil mengd med småskala nisjeprodusentar over det ganske land. Meiner å hugse at Tingvollost blei kåra til verdas beste ost. Det er berre slik at ikkje alle kan drive nisjeproduksjon. I Bondebladet nr. 12/13 blir det føreslått at landbruket i Noreg bør todelast, mellom volumproduksjonen i sentrale strøk og naturpleie og småskala i fjord og fjell, slik som i Alpane. Dette er jo delvis gjennomført også her til lands, men bør kan hende utviklast vidare. Ja, landbruket, som alt anna næringsliv, tar ny teknologi i bruk. Det har alltid blitt gjort, og slik vil det også bli i framtida. Sit professoren og skriv på ein skrivemaskin og stensilerer opp og arkiverer i arkivskap med kartotek? Effektiviseringa er eit resultat av rammevilkår og ny teknologi. Det er tallause yrkesbrør dei siste åra som har vald å ikkje bli med på denne utviklinga av ulike årsaker, men er redd dei viktigaste årsakene er svak lønsemd, kompliserte offentlege krav, tilsyn, dokumentasjon, pålegg og krav frå mange hald. Lønning vil at me skal vera «tett på naturen». Me som bønder lever tett på naturen, og ligger på vêret heile tida. Dette såg me spesielt i fjor. Då vart mest heile vekstsesongen dekka av ei lang regnbyge. Det stod vatn på jordstykke der det aldri tidlegare har stått vatn. Me kjempa mot naturen og vêret heile fjoråret. Professoren skriv: ”Nærleik til naturen er i ferd med å bli det viktigaste for folk. Menneske må attende i sentrum. Det handlar om å leike, om å skape, å ha nevane i molda, tett på naturen.» Freista ikkje mange å leike i jorda i fjor, trur eg. Det skal bli godt å setta plogen i jorda snart - det er ikkje noko anna som duger! Ynskjer alle ein god vår - med moldråk. Tor Gunnar Østebø, Sola LESARBREV Noko å melde? Send teksten til post@bondevennen.no Hald teksten kort og poengtert. BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 15