Views
1 week ago

bv1218

NORSK

NORSK LANDBRUKSRÅDGIVNING God jordstruktur = godt klimatiltak Eit tett plantedekke og lågt dekktrykk på traktoren er viktige tiltak for ”klimasmart” grovfôrproduksjon. Leif Trygve Berge, NLR Vest SA God jordstruktur gjer jorda robust slik at ho kan takle aukande nedbørsmengder og ekstremvêr. God jordstruktur gjev også gode vilkår for næringsomsetjing, næringsopptak og plantevekst. Dette er ”klimasmart” grovfôrproduksjon. Vassinnhaldet har stor betydning for bereevna til jorda. Diverre gjev aukande nedbørsintensitet færre dagar med god bereevne. I fuktige strøk er blaut jord og tungt utstyr hovudutfordringa. Og under slike tilhøve vil bruk av tung traktor, gjødselvogn og rundballepresse auka faren for pakking og med det dårlegare jordstruktur. Viktigaste mottiltak etter drenering er å tilpasse køyring til mest mogleg laglege forhold, og å tilpassa tyngde og hjul best mogleg. Tett plantedekke viktig Tett og godt plantedekke skånar jorda mot skadeleg jordpakking, då røter og plantedelar lagar ei armert bereflate for hjula. Likevel blir grasplantene skada av køyringa, særleg der det oppstår friksjon mellom dekk og grasmark. For å nytta armeringseffekten til planter og røter, kan det til dømes vera fornuftig å køyra ut mesteparten av både kalk og gjødsel før ein pløyer. Køyreskadar Jordpakkinga blir redusert når ein reduserer dekklufttrykket. Målet bør difor vere lågast mogleg dekktrykk – det oppnår ein med størst og breiast mogleg dekk. Køyreskade frå nedpressing og køyrespor blir mindre med breie dekk og lågt trykk. På blaut jord bør ein ha maksimalt breie og høge dekk. Køyreskaden på graset er derimot avhengig av breidda på dekka. Dess breiare dekk, dess breiare ”fotavtrykk” og potensiell skade på plantene. Under slike tilhøve kan høgare lufttrykk hjelpe noko. Ribbemønster best Det er viktig å velja gode dekk som har gode eigenskapar til køyring på grasmark, samtidig som det er mogleg å ha lågt lufttrykk. Hjul på tilhengar og rundballepresser bør ha mønster som liknar mest mogleg på mønsteret på traktordekka. Det vil seie skråribber med god opning mellom ribbene. Det er gjort målingar som dokumenterer halvert rullemotstand når ein brukar hjul med ribber samanlikna med tradisjonelle tilhengardekk med rullemønster. Tradisjonelle tilhengardekk klistrar og klemmer også jorda meir. Tvillinghjul er framleis aktuelt. Eit breidekk kan ikkje erstatta tvillingmontering fullt ut. Med tvillingdekk oppnår ein både redusert marktrykk og auka stabilitet i hellande terreng. I tillegg er det mogleg å kople av tvillinghjula slik at ein lettare kan halda lovleg breidde langs veg. Køyremønster Større og tyngre traktorar og maskinar krev større fokus på køyremønster. Bruk eksisterande køyrevegar, lag nye, eller bruk same køyrespor fleire gonger. Mønsterhjul: Hjul på tilhengar og rundballepresser bør ha mønster som liknar mest mogleg på mønsteret på traktordekka, det vil seie skråribber med god opning mellom ribbene. 16 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

NORSK LANDBRUKSRÅDGIVNING Her kjem fire artiklar skrivne av Norsk Landbruksrådgiving på oppdrag frå Bondevennen Køyr minst mogleg der det er vanskelege forhold. Kan du køyra dei brattaste bakkane berre nedover, og oppoverbakkane med minst mogleg lass? Ved nyinvestering er det viktig å ta med i vurderingar at lettare traktor og reiskap sparar jorda for pakking og reduserer dieselforbruket. Praktiske tilpassingar Sjølv om du har tung traktor og reiskap, kan det gå bra med avlingar og kvalitet. Du har stor kapasitet og kan gjera jobben når det er lageleg, men det er viktig at du brukar agronomikunnskapane dine saman med maskinressursane. Høg fart og vibrering/risting aukar også faren for skadeleg jordpakking. Dobling av dekkbreidde gjev 100 prosent betre bereevne. Dobling av diameter gjev 50 prosent betre bereevne. Tvillingmontering gjev 75 prosent, ved lik total bereevne som breidekk. Under gode forhold med god dekkutrustning bør seks tonn vere maksimal belastning på enkel aksel og ni tonn vere maksimal belastning for boggi. Med små Fuktige forhold: Etter drenering er dei viktigaste mottiltaka mot jordpakking og dårleg jordstruktur tilpassa køyring, tyngde og hjul. og kuperte teigar, er enkle, høge og breie hjul, eller tvillinghjul, å føretrekka framfor boggi. Boggi fører til køyring i same spor og riv opp torver ved skarpe svingar. Eit godt val om du vil ta vare på jordstrukturen er å utstyra traktor og tilhengar med hjul med ribbemønster som toler lass med 0,8 bar lufttrykk. Sjekk for all del tilrådingar frå dekkprodusent på kor stor fart ein kan tillata ved ulike dekktrykk. Det er diverre slik at mange dekk på til dømes gjødselvogner ikkje kan køyrast i 40 km/t med fullt lass utan at ein har tre bar trykk. Landbruksrådgivinga bidreg gjerne med konkrete råd både ved val av dekkutrusting, mekanisering og for agronomiske vurderingar. Stabilt: I sidehelling må dekka vera sidestabile – tvilling vil då vera eit tryggare val enn breie dekk. Forholdstal på bereevne • Dobbel bredde = 2 x bereevne • To hjul (tvilling - tverrboggi) = 1.75 x bereevne • Dobbel diameter = 1.5 x bereevne • Boggi: effekt som dobbel diameter, men boggien bremsar i sving og framkallar sluring BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 17