Views
8 months ago

bv1218

NORSK

NORSK LANDBRUKSRÅDGIVNING Fruktbar modernisering i Leikanger Terje Fosshagen og faren Ingemår har erstatta gamle hagar med moderne, tettplanta tre. Investeringane bærer bokstaveleg tala rikeleg med frukt. Marianne Bøthun og Rune Vereide, begge NLR Vest SA - Slik vi dreiv fruktdyrking tidlegare er historie, seier Terje Fosshagen og faren Ingemår, to generasjonar fruktdyrkarar på garden Fosshaga i Leikanger. Dei snakkar om moderne tettplantingar som har erstatta gamle hagar. Plantingar med over 300 epletre per dekar treng solid oppstøtting og tilpassa gjødsling, skjering og forming for å lukkast. Terje tok over garden i 2005 og har deretter fornya og auka tretalet frå 2000 til 6000 tre. Tett oppfølgjing både av nyplantingar og eldre felt som kom i full produksjon krevde så mykje tid at Terje for nokre år sidan tok avgjerda om å bli fruktdyrkar på heiltid. Familien er til god hjelp i sesongen, og han leiger også inn arbeidshjelp til tynning og hausting. Fleire av teigane hans er brattlendte og tungdrivne på det 50 daa store bruket, Gode råd: Terje har besøk av rådgivar Aad Wisse i nyplanting med eple i 2013. Sauemøkk er lagt ut i trerekkjene etter planting, men i god avstand frå stammane for ikkje å gje for kraftig verknad. Foto: Rune Vereide som går frå fjorden opp til 100 m.o.h. I plommefelta og i ein Aroma-hage må det riflesprøytast og stellast manuelt. Eplesortane er Discovery, Summerred, Raud Gravenstein, Raud Aroma og Aroma. Mallard og Opal er viktigaste plommesortane. Terje har og planta litt Celinapære. Replanting med greina tre Garden har lang historie med fruktdyrking og det er planta om att på tidlegare fruktareal. Endra planterekker og tilført sauemøkk frå ein nabo har motverka jordtrøyttleik og gitt nyplantingane god tilvekst saman med Opti-start (N+Pgjødsel). Vanlegaste grunnstamme til eple er M9 og til Discovery den litt sterkare B9. Det vert planta toårige greina tre som kjem raskare i bering enn ved planting av piskr (ugreina eittåring), slik ein gjorde tidlegare. Det er viktig å få greina tre raskt i jorda og gje dei godt stell. Forming og vatning Terje har delteke på mange kurs gjennom Sognefrukt og rådgjevingstenesta sitt samarbeid med den nederlandske konsulenten Aad Wisse. Trea blir no planta i eit «streng-hesjesystem» med oppstøtting og solid stolpekonstruksjon. I eplefelta blir det montert eit «bordsystem» som nedste greinkransen kviler på og midt i treet skjer ein eit ”vindauge” for å opne opp for lystilgang inn og ned i treet. I alle nyplanta felt blir det montert dryppvatningsanlegg. Rikeleg vatn kan medføre litt seinare utvikling og modning, men frukta veks betre og blir større, noko som gjev mindre billeg, småfallen «posefrukt» og meir sekspakningar og brettpakka eple til høgare pris. Gode avlingar Nyplantingane til Terje har kome raskt i bering. På Discovery blir alle blomstane fjerna i eit til to år etter planting for å gje god tilvekst i trea. Aromaplanting frå 2012 gav i 2016 3,5 tonn per dekar. Eit mindre Summerred-felt har gitt fire til fem tonn/ daa dei siste tre åra. I plommefelta har Opal fleire år gitt tre tonn/daa. Andre sortar varierer noko meir i avlingsnivå. Større avling og betre sorteringsresultat er ein vinn-vinn situasjon for produsent, fruktlager og forbrukar. Terje påpeikar at frukta må modne optimalt og plukkast i fleire omgangar etter kvart som dei mognar for å få god smak og for å sikre at forbrukarane kjøper epla igjen og igjen i butikken. For å kunne hauste frukta til rett tid trengst nok haustekapasitet og rask nedkjøling for å gje god kvalitet ut til forbrukar. Ekstra gjødsling og tynning I 2014 monterte Terje gjødselinjektorar for flytande gjødsel. Han meiner skjering, tynning og gjødselvatning er viktigaste grunn til høge og stabile avlin- 20 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

NORSK LANDBRUKSRÅDGIVNING gar. I tettplantingar med svaktveksande grunnstammar er gjødselvatning eit viktig tillegg til vårgjødslinga med fullgjødsel 12-4-18 og Nitrabor strødd i radene seinare i sesongen. Til ”presisjonsgjødsling” med flytande gjødsel blir det brukt Kristalon Indigo og Kristalon Brown i kombinasjon med Calsinit. Bladgjødsling med Urea og MAP blir tilsett i plantevernsprøytingar, Bortrac og Zintrac blir tilført som bladgjødsling før blomstring og Magtrac noko seinare. I juli-august er kalsium viktigaste bladgjødslinga for å unngå prikksjuke. Ceronetynning blir brukt litt i eple og ATS-tynning i plomme, men handtynning er viktigast og naudsynt. Låg dose Cerone i Summerred fjernar 30 prosent av blomstane, deretter trengst handtynning på kartstadiet og kvalitetstynning i august. Alle sortane blir tynna, også Discovery og Aroma. Terje har litt dårleg erfaring med Cerone i høg dose, som lett gjev overtynning. Ein viktig tilleggseffekt ved bruk av lågare Cerone-doseringar er utjamning av avlingar og mindre vekselbering. Vegen vidare Far Ingemår er til god hjelp og støtte for Terje. Det er store kostnader ved nyplanting, men dei har ikkje angra. Tilskot frå Innovasjon Norge har gjort investeringane moglege. Gode resultat gjev inspirasjon til vidare drift og smittar også Far og son: Terje og Ingemår Fosshagen Foto: Marianne Bøthun Bognar: Nytt felt med Summerred med fin avling i 2017. Foto: Marianne Bøthun over på andre dyrkarar i området. Terje framhevar kor viktig det er med eit godt fagmiljø der det er lett for nye dyrkarar å kome inn og delta i erfaringsutvekslinga. Godt samspel mellom dyrkarar, rådgjevarar, fruktlager og grossist kjem alle ledd i næringa til gode. BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 21