Views
7 months ago

bv1218

Førde Sogndal

Førde Sogndal GARDSREPORTASJE Gisle Fjæreide (35) og Lene Langhelle Fjæreide (31) driv sauegard på Litlesotra i Fjell kommune, Hordaland. Saman har dei ei dotter, Malene (10 månadar) . Dei er begge i arbeid utanom garden. Lene er frisør og Gisle er tilsett i Sartor Maskin. Garden er 97 mål stor. Om lag 20 mål er dyrka mark. I tillegg har dei leigejord og –beite, om lag 50 mål dyrka mark. Dei har om lag 50 vinterfôra sau, og ventar kring 100 lam. Stavanger Bergen Fjell Valle Skien Tønsberg Arendal Eivind Fjæreide, far til Gisle, er god hjelp i den daglege drifta. Frå beite til by: Gisle Fjæreide driv gard tett på folk. Her står han øvst på beitet på garden. Sotrabrua i bakgrunnen. Bonden i byggefeltet Trass i at leigeareal går tapt og at nye byggefelt kjem stadig nærare gardstunet, jobbar Gisle Fjæreide kvar einaste dag for å vere den beste bonden han kan. Jane Brit Sande Gisle Fjæreide driv sauegard saman med kona Lene Langhelle Fjæreide på Litlesotra i Fjell kommune, Hordaland. Frå Sotrabrua går ferda gjennom gater og byggefelt fram mot høgda på Breivik, der garden deira ligg. Mister areal Gisle og Lene driv gard tett på folk. Byggefelta veks stadig nærare garden. Det er søkt om løyve til å bygga 170 bueiningar rett nedi dalen frå der dei bur. I denne omgang går det hardast utover leigeareala. – Samfunnet treng vegar og bustadar. Men no mister eg leigejord til ein golfbane. Det kjennest ikkje riktig, seier Gisle. Han viser til utbygginga av Sotrasambandet. Den nye brua gjer at ein lokal golfbane mister to av ni hol, og desse to hola blir no flytt til der Gisle leiger areal. Både beite, innmark og dyrka mark går tapt i samband med vegutbygginga. Drøymer om større gard Gisle har drive garden lenge, men den formelle overtakinga er ikkje gjort. – Me har gjort det slik, fordi eg lenge har sett etter ein gard å kjøpa. Draumen er ein gard me kan leve av, seier han. Gisle og Lene har vore på visning på fleire gardar. Det har vore nedslåande. Skal dei kjøpe gard det er mogleg å leve av, er prisen høg. – Me ynskjer ikkje å leve med den gjelda det vil gi oss. I tillegg ligg det gjerne i korta at investeringar vil vere naudsynt innan få år etter overtaking, noko som gir meir gjeld, seier Gisle. 22 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

Godt å vere to: Med seg på laget, har Gisle kona Lene. – Eg trur det er viktig å vere to på ein gard, seier han. Saman har dei dottera Malene, som er ti månadar. Garden deira er frå 1920. Det var besteforeldra til Gisle som kjøpte den. Dei første tiåra var det ikkje tett av naboar på Litlesotra, men etter kvart har mange nye folk kome til. Garden har utvikla og fornya seg. I 1968 bygde besteforeldra til Gisle nytt fjøs. Dei dreiv garden lenge, og Gisle var med i arbeidet på garden heile barndommen. – Det er gjort litt endringar etter fjøset vart bygd på 1960-talet. Far min bygde på, slik at det blei plass til fleire dyr. Me nyttar heller ikkje dei gamle tresiloane lenger, seier Gisle. Naboar på godt og vondt Gisle høyrer sjeldan surmuling frå naboane, så lenge sauene held seg innanfor gjerdene. Opne portar og oppetne hageblomar er ikkje populært i eit byggefelt. Nokre av folka derifrå nyttar beita rundt garden som turområde. – Det har si bakside å vere så tett på folk. Portar blir ståande opne, gjerder blir øydelagt, og det blir nedtråkk på marka. Men dei fleste av naboane våre er veldig positive til garden og drifta. Og me gjer det me kan for å halde det positivt at garden er her, og tar i mot barnehagar på besøk og så vidare, seier Gisle. Godt å vere to Kona Lene er vaksen opp på gard, og er ikkje framand for å vere med i fjøset. I desse dagar er det likevel ti månadar gamle Malene som tek det meste av tida hennar. – Lene er med på det meste av arbeidet på garden. Eg trur det er viktig å vere to på ein gard. I tillegg får me mykje god hjelp av både foreldra og syskena mine. Det er ein hektisk kvardag, seier Gisle. Det går mot livlege tider i fjøset. Bøndene førebur seg til å ta imot 100 lam under lemminga. Til sommaren går turen til Hardanger – for første gong. – Med leigejorda har me rikeleg med grovfôr, men det er dårleg med beiteareal. I år har me eit prøveprosjekt der me sender dyra til heis i Hardanger. Det ser me fram til, seier Gisle. På luftetur: Det er ikkje beitesesong heilt enda, men sauene får lufte seg litt når vêret tillèt det. Kva med framtida? – Omregulering tek tid, heldigvis. Det er ikkje slik at utbyggarar eller kommunen kjem og bankar på døra og skal ha garden i morgon. Men me gjer ikkje investeringar heller, seier Gisle. Han har familien sin i ryggen. Dei ynskjer heller ikkje å sjå garden bli til byggefelt. – Det blir tungt for heile familien, viss garden blir lagt ned, seier han. – Korleis held du motivasjonen oppe, når gardar rundt deg blir bygd ned og byggefelta stadig kjem nærare? – Eg er så enormt interessert i sauene, og har mykje glede i arbeidet med dei. Folk som er vakse opp på gard, veit ikkje kor heldige dei er, seier Gisle. – Eg har nok skylappane på med tanke på det som blir bygd ned. Sjølvmelding Mest nøgd med: Eg har arbeidt aktivt med avlen, og ser stor framgang i eiga besetning. Kva kan bli betre: Me har mykje gamal eng, så eg burde ha pløya oftare. Men det er ikkje så enkelt med det klimaet me har her. Tips og råd: Eit lam som skil seg ut frå dei andre, gjerne i farge, triggar interessa til dei minste. Det er mi eiga erfaring frå då eg var yngre, og vår erfaring frå barnehagebesøka. BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 23