11.04.2018 Views

bv1218

• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KJØKKENHAGEN

Margunn Ueland

Oppvaksen på Ueland gard i Heskestad.

Har vore journalist i Aftenbladet i 38 år,

men hageentusiasten er nå ”bybonde”,

bloggar, kurs- og foredragshaldar.

Blogg: www.margunnskjokkenhage.no

Sauelort og gras gjer susen

God, levande jord må til for at grønsakene

skal trivast. Derfor blei eg knallglad

då eg fyrst fekk tre sekker med sauelort

frå bror min Ståle Ueland, og så ein

rundballe som ikkje var brukande til fôr

og eit lass med halm frå kalvegardane til

Kalle A. Nilsen på Ullandhaug.

De skulle ha sett andleta på naboane

mine då Kalle kom durande på traktoren

gjennom villastroket her på Eiganes.

Nye bed utan graving

I fjor brukte eg ein heil rundballe i Leikeplasshagen:

Eg fjerna overgrodde

buskar og bjørkekratt frå den gamle leikeplassen

tvers over gata og laga kjøkkenhage.

I staden for å kjøpa eit lass med jord,

bygde eg opp beda av gratis «avfall»:

Der det ikkje var jord frå før, bare grus

og ugras, dekka eg fyrst med eit lag papp/

aviser. Så lessa eg på med kvistar og flis

i botnen, deretter lauv (hadde fylt mange

sekker om hausten), kompost frå varmkompostbingen

min (mat- og hageavfall),

tang og tare, gammal hestemøkk og saue-

Leikeplass: Av bonden Kalle A. Nilsen får eg halm. Det blir til god jord på den gamle

leikeplassen.

lort, litt jord frå min eigen kjøkkenhage

(stinn av meitemark) og eit tjukt lag med

gras på toppen. Fort gjort, null graving!

Der det var jord frå før – trong eg ikkje

papp og kvistar i botnen. Der bare blanda

eg inn møkk og tare og toppa med gras

frå rundballen.

Naturen sin metode

Då eg planta ut dei små grønsaksplantene,

laga eg eit lite hol i massen og fylte

på nokre handfullar med vanleg jord

rundt røtene. Dei vaks som bare det!

Skikkeleg frodig vart det!

Ikkje rart, for dette er jo naturen sin

måte å laga jord på! Jord har jo blitt bygd

opp av lag på lag med organisk materiale

som har blitt brote ned av makkar, bakteriar

og soppar.

Kva eg dyrka i desse «komposthaugane»?

Jordeple, lauk, bondebønner, fleire

slag kål og grønkål, brokkoli, rosenkål,

sukkererter, sommarsquash, mais, gras-

Edel gjødsel: Sauelort er gull.

26 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!