Views
1 week ago

bv1218

MIN VENN BONDEN Min venn

MIN VENN BONDEN Min venn bonden i ambulanse Eg har ein venn som er bonde. Han kan vere både det eine og det andre, og ofte er han det andre. Det var i den hektiske tida i fjor då alt i naturen vaks som om det var besett og luking og lamming ingen ende ville ta og alt burde vore gjort i går. Min venn bonden kjende seg som ei bie. Det gjekk i eitt. Han burde tatt seg ein matpause, men så var det enklast og gjere litt til og litt til. Då han endeleg klarte å slite seg laus frå arbeidsrusen gjekk han inn og steikte seg nokre grønsaker, to egg og potet frå i går. Lukta var himmelsk, svolten var stor og han tømde alt saman over på ein stor tallerk i det han såg ein mann komme inn på tunet. Ein nabo, ein ung nederlendar som gjerne ville drive med bier. For nokre veker sidan hadde min bondevenn sagt at han berre måtte komme innom og sjå på hans drift. Akkurat då angra han på det, stakk tre steikte brokkolibitar i munnen og gjekk ut for å møte gjesten. Vêret var trykkande og lummert, og dei snakka litt om dei trudde det skulle komme regn og torevêr eller om det ville blåse over, før dei gjekk bort til bigarden. Den entusiastiske nederlendaren hadde mange spørsmål og det var herleg å vere den som kunne svare på desse spørsmåla og vekke undring og glede i naboens auge, tenkte min venn bonden. I løpet av samtalen slo det han at han kanskje stod ein tanke for nært bikubane, noko han fekk bekrefta då vaktstyrkane i den eine kuba sendte ut ei bie for å åtvare han med eit stikk på underarmen. Etterkvart som samtalen heldt fram kjende bonden seg underleg. Det begynte å banke i hovudet og svi i augo. Det hadde han ikkje opplevd før. Nasen begynte å renne og han merka at hans nye nabo stadig oftare gløtta opp på han og etterkvar slutta å stille spørsmål. Då han til slutt også kommentere at hovudet hans hadde fått same farge som ein Finnøy-tomat og at han synst han burde ringe 113, var det blitt så vanskeleg å puste at han gjekk inn og gjorde det. AMK skulle sende ambulanse og min venn bonden forsøkte å dytte i seg noko av middagen – svolten som han var – samstundes som symptoma stadig blei verre; han naus og kunne nesten ikkje sjå då ambulansen rulla inn på tunet. Den forskremde nederlendaren stod ved sidan av, helste på ambulansepersonellet og peika mot vindauget der han stod og togg og heiv etter pusten og forsøkte å gi eit gjestfritt ”tommel opp” gjennom tåkesynet. Eigentleg hadde han rekna med å få behandling på staden, men det ville dei ikkje høyre snakk om og fekk han inn i ambulansen og gjorde adrenalinsprøyta klar medan sjåføren starta bilen. Min venn var litt forfjamsa, men kom brått på at gjesten hans framleis stod utanfor, det var litt for galt, så han fekk opna døra til ambulansen og ropa telefonnummeret sitt til han, og ”snakkes snart!”. Ambulansepersonellet fekk dytta min venn bonden tilbake igjen og køyrde med blålys til byen. Han la seg ned. Hovudet pulserte. Det gjorde vondt i heile armen og smerta var så konkret at det ikkje var plass til andre kjensler eller tankar. Det var på sett og vis frigjerande, og pressa han til å vere her og nå utan tanke på andre. Hadde det berre ikkje vore for denne svolten. Mon om dei hadde stengt kjøkenet på sjukehuset? I morgongryet neste dag banka min venn på døra mi. Frisk, men prega. Han fekk mat, genser og pengar til bussen heim. Eg fekk historia. Foto: Istock 28 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

FAGLAG OG MØTE Rogaland Klyppekurs 2 stk. klyppekurs på anlegget til Nortura Forus, 13.-14.-15. august Første kurs kl. 07.00 til 14.00, andre kurs kl. 14.00 til 20.00. Kursene er både for nybegynnere og viderekomne. Deltakeravgift 2500 kroner. Vi holder maskiner, klær og mat. Instruktører er Jens Olav Leira, Børge Høiland og Onar Lima. Påmelding til Stian Espedal, tlf. 979 58 151 innen 1.juni. Arr.: Sandnes sau og geit og Nortura Nærbø bygdekvinnelag har tur til Måltidets hus på Ullandhaug, onsdag 18. april. Buss frå Nærbø torg kl. 18.00. Me besøker Tine innovasjon og marked der Hilde Kraggerud fortel om ost og smak. Det vert servert ost og kjeks. Pris kr 150,-. Påmelding til 976 92 660 (gjerne SMS) innan 16. april. Time Bygdekvinnelag arrangerer dagstur rundt i Sandnes kommune, lørdag 9. juni. Buss fra M44, kl. 09.00, retur ca. kl. 17.00. Påmelding og spørsmål om turen kan rettes til Dortea Haugland, 415 74 596, eller Grethe Osland, 924 36 918. Arr.: Turkomiteen Tyr Rogaland inviterer til Kjøttfekafé mandag 16. april kl. 19.00 på Øksnevad VGS tirsdag 17. april kl. 19.30 på Tysværtunet Tema: Mattilsynet kommer og forteller om dyrevelferd i ammekubesetninger. Diskusjon etterpå. Servering av pizza. Alle er hjertelig velkomne! Arr.: Tyr Rogaland Program for Lammelunch’n 2018: 17/4: Nortura v/Stian Espedal 24/4: Fiskå Mølle v/ Tone-Runhild Skadsem Velkommen til lunch og drøs på ”Smalaloftet” hos Kirsten og Tor Bjarne fra kl.11.30 Neste Bondevennen kjem 20. april Bv 13 20. april Bv 14 27. april Bv 15 4. mai Bv 16 18. mai Fristen for annonsar er torsdag veka før utgjeving. For oppsett av gjerde ring og få tilbud: Veshovda Drift AS /v Rolf Gravdal tlf 97 19 60 45 Kjøle- og fryseanlegg/ varmepumper Sola Kjøleservice, tlf. 918 53 800 borge.meland@gmail.com Mob.: 911 74 250 Klauvskjærer Morten Erga med 3 års erfaring. Ledig for oppdrag i Rogaland. 20 % rabatt på alle bestillinger innen 31. juli. Tlf.: 477 06 439 GJØDSELTRANSPORT Gjødseltransport med lastebil, mulighet for utkjøring med kanon. Kontakt: Andreas 934 09 411 MASKINAR/UTSTYR salg Drensrør med filter Stokka AS Tlf. 915 15 378 MASKINAR/UTSTYR kjøp Komplett DeLaval melkeanlegg med skinnebane og MU480 med DelPro, ønskes kjøpt. Tlf. 950 82 100 MF35, 3 og 4 sylindret, ønskes kjøpt. Alt av interesse. Tlf. 917 66 596 MJØLKEKVOTER Vi formidlar mjølkekvote for sal/kjøp/utleige/leige. Vår frist for sal/kjøp er 01.07.2018. Vår frist for utleige/leige er 1.09.2018. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, tlf. 51 78 91 80 FÔR/HØY/HALM Silofôr til salgs Ligg i plansilo. Ta kontakt med Tor Stangeland, Voll. Tlf. 909 88 885 Grovfôr ønskes kjøpt Tlf. 975 20 794 JORD Beite til ca. 16 ammekyr + okse, ønskes. Tlf. 970 28 581 Ønsker å leige jord Alt av interesse. Grovfôr og beite til sau (Sør Rogaland). Tlf.: 975 03 104 FRÅ BONDE TIL BONDE HUSDYR Border Collie tispe til salgs 14 mnd. Har startet å trene den på sau. Kan det grunnleggende. Arvid Årdal, tlf. 911 52 104 Border Collie valper fra foreldre med gode gjeterlinjer. Leveringsklare 28.03. Tlf. 478 95 029/954 16 507 Border Collie valper f. 17. des. Alle interessert i sau. Valpene er av gode gjeterlinjer. Begge foreldre har gjeterprøve. Lev. klare. Tlf. 980 75 488 LIVDYR Suffolkver 2 år ts etter semin: Samson Tlf.: 478 44 970, Forsand DIVERSE Ønsker pris på utskifting av ca. 600 m 2 stålplater på tak på landbruksbygg i Sandnes. Tlf. 913 50 419 Bøyler til plast-tunnel ønskes kjøpt. Rogaland Tlf. 971 55 814 Jord og melkekvote ønskes leid. Tlf. 905 43 708 BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 29