Views
2 weeks ago

bv1218

AKTUELT I LANDBRUKET

AKTUELT I LANDBRUKET Skal betre dyrevelferda Det nye Dyrevelferdsprogrammet skal sikre slaktegris god dyrevelferd. – Det som før var godt nok, er ikkje nødvendigvis godt nok nå, seier Stine Gulliksen. Liv Kristin Sola Etter mange medieoppslag om dårleg dyrevelferd i fjor haust, fekk Animalia ansvaret for å utvikle ein handlingsplan for dyrevelferd, inkludert eit Dyrevelferdsprogram for slaktegrisbesetningar. Representantar frå Helsetenesta for svin, Nortura, KLF og Norsvin var med i arbeidsgruppa som i desember la fram handlingsplanen som vart vedteken i bransjestyret. – Hovudmålet med Dyrevelferdsprogrammet er å sikre norsk slaktegris god dyrevelferd, seier Stine Gulliksen. Ho er spesialveterinær i Helsetjenesten for svin i Animalia og har jobba mykje med Dyrevelferdsprogrammet. På trass av dei negative oppslaga minner Gulliksen om at dei aller fleste svineprodusentane jobbar hardt kvar dag for at grisen skal ha det bra. Regelmessig besøk av veterinær Kartlegging i samband med handlingsplanen viste at ein tredjedel av slaktegrisprodusentane leverer under hundre slaktegris i året. Det vart bestemt at besetningar med under 750 slaktegris skal ha minst eit veterinærbesøk i året. Besetningar frå 751 til 1500 slaktegris skal ha minst to besøk. Besetningar med over 1500 skal ha tre veterinærbesøk i året. – Sett i system, utløyser dette ikkje mindre enn 3500 veterinærbesøk. Det betyr ei stor mobilisering av veterinærar, understreker Gulliksen. Veterinæren skal fungere som rådgivar og skal i samarbeid med produsenten lage ein tiltaksplan for kva som skal gjerast. Gulliksen lovar at veterinærar som skal rådgje slaktegrisprodusentane skal rustast med nødvendig kunnskap, også i områder kor det er langt mellom svineprodusentane. Veterinærane skal ikkje berre vere oppdatert på fag, dei skal også kursast i rådgiving. Dyrevelferd i system Animalia har skissert ei liste over det dei ser som dei viktigaste utfordringane for dyrevelferd i slaktegrisbesetningane. Desse punkta skal følgjast opp fortløpande. • Oppfølging av sjuke og skadde dyr. • Bruk av strø- og rotemateriale. • Førekomst av halebiting på dyra, i besetningen og registrert på slakteriet. • Oppstalling og dyretettleik. • Tilgang til fôr og vatn. Stine Gulliksen Ein gong i året skal veterinæren ha ein meir omfattande gjennomgang i besetningen som skal omfatte blant anna: • Smittevern • Andre miljøtilhøve • Driftstilhøve • Helse og velferd Dokumentasjon i Helsegris Produsenten og veterinæren skal saman utarbeide ein besetningsrapport kvart år, og etter kvart besøk skal det lagast ein tiltaksplan om dyrevelferd. Det digitale systemet ”Helsegris” skal nyttast som dokumentasjons- og rådgivingsverktøy. – Me må kunne dokumentere kva som vert gjort i besetningane. Samstundes er dette ein flott inngang for veterinærane Nyttig samarbeid: – Tillit og god dialog er grunnleggjande for god rådgiving, understrekar Stine Gulliksen i Animalia. 6 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

AKTUELT I LANDBRUKET til å besøke slaktegrisbesetningar jamleg, seier Gulliksen. Ho har tru på at veterinær og produsent klarer å etablere eit tillitsforhold og eit godt samarbeid for målretta rådgiving og god velferd i fjøset. – Får vi til dette, er mykje gjort, seier Gulliksen, og håper fleire vil sjå nytten av samarbeidet og gjerne ha fleire besøk enn minstekravet. Ikkje vent Helsegrissystemet er under utvikling, men det er fullt mulig å bruke systemet slik det er nå. Systemet vil være ferdig tilpassa krava i Dyrevelferdsprogrammet frå hausten 2018. Målet er at alle slaktegrisprodusentar skal delta i Dyrevelferdsprogrammet, sjølv om det er frivillig. Produsentar som likevel ikkje ønsker å delta, eller som ikkje følgjer opp programmet, vil få eit pristrekk. Slakteria sender i desse dagar ut ein fjøslogg til sine medlemmar. Fjøsloggen skal vere lett tilgjengeleg i fjøset og nyttast kontinuerleg blant anna til å notere sjuke eller skadde dyr. – Det er viktig å kunne vise til kva ein gjer, og korleis ein handterer sjuke og skadde dyr. Produsenten er alltid ansvarleg for dyrevelferd i eiga besetning, seier Gulliksen. Varemottakar blir varsla automatisk via Helsegrissystemet og er ansvarleg for oppfølging av besetningar som ikkje tilfredsstiller krava i Dyrevelferdsprogrammet. Frå 1. januar 2019 vil slakteria gjennomføre trekk ved manglande oppfølging. Gulliksen oppmodar slaktegrisprodusentane til allereie nå å kontakte veterinær for å gå gjennom besetningen og legge ein plan for vidare rådgiving. Framdriftsplan for innføring av Dyrevelferdsprogrammet for slaktegrisprodusentar. Frist Tiltak Februar 2018 Informasjon ut til alle produsenter og veterinærer. Produsentene blir anbefalt å ta kontakt med veterinær så raskt som mulig, for besetningsoppfølging. April 2018 Ferdigstillelse og distribusjon av veiledningsmateriell til produsent. April 2018 Fjøslogg distribueres via slakteriene. Løpende Tilpasning av Helsegris. Oppfordrer produsentene til å registrere seg i Helsegrissystemet nå. Oktober 2018 Dyrevelferdskurs for praktiserende veterinærer i samarbeid med Den norske veterinærforening. 31.12.2018 Alle slaktegrisprodusenter skal være inne i Dyrevelferdsprogrammet. 1.1.2019 Økonomisk trekk ved manglende deltakelse eller oppfølging. Helsar programmet velkommen Laila Vølstad Hognestad og Stian Hognestad har langt på veg implementert det nye Dyrevelferdsprogrammet i slaktegrisproduksjonen. – Bra for både folk og dyr, seier dei. Sjur Håland Med kring 1100 slaktegriser i året, kjenner bøndene på Hognestad Gard på Ravndal i Gjesdal kommune utfordringane i produksjonen. Sau og mjølkeproduksjon har vore hovudproduksjonane sidan dei kjøpte bruket i 2008, medan grisen har vore ein sideproduksjon. Hognestad Gard kjøper smågris frå fast leverandør, som held jamn og høg kvalitet på dyra. Likevel går det ikkje alltid etter boka. Den mykje omtala «nye grisen» (TN70-purka) førte til at dei vart tekne på senga i fjor. Bjørk mot halebiting – Me opplevde at grisene vart mykje meir aggressive. Problema med halebiting vart etter kvart som eit mareritt. Me vil jo slett ikkje ha det slik, i tillegg visste me om Mattilsynet sin kampanje her i Rogaland. Dermed var me meir enn motiverte for å retta opp i den akutte situasjonen. Logg: Laila Vølstad Hognestad og Stian Hognestad har dyrevelferd som førsteprioritet. Tiltaka mot halebitingproblema i fjor har gitt god effekt. Loggføringspermen heng på døra og blir konsekvent brukt. Sjukebingar blir brukt når det er naudsynt. Dyrlegen skal ha ein runde når han er på førebyggande besøk i kufjøset seks til åtte gonger i året. BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 7