Views
3 months ago

bv1218

AKTUELT I LANDBRUKET

AKTUELT I LANDBRUKET Paret sette i verk sin eigen kampanje, Gris 2018. Hilde Elin Østerhus frå Nortura vart hyrt inn som rådgjevar. Blant tiltaka var enda meir bruk av strø og rotemateriale. Dei har også montert bjørkestammar i bingane. Å skilja etter kjønn ved innsett, har vidare gitt svært godt resultat. – I tillegg prøver me å få så jamstore smågriser som råd i dei ulike bingane. Kampanjen har gitt resultat. – Nå er det mest ikkje problem med halebiting i det heile. Logg på døra – Kva tenkjer de om Dyrevelferdsprogrammet? – Me ønskjer det velkommen. Det er klart at både eigne erfaringar og det som har skjedd i svinenæringa det siste året har vore ein vekkjar. Me har alltid vore opptekne av at dyra skal ha det godt. No er me enda meir medvitne og har til dømes faste rutinar på bruk av sjukebingar også i grisehuset. Nye loggføringsrutinar inneberer kryss og signatur i permen som heng på grisehusdøra for kvar gong dei går inn. Her blir også avvik notert. – Enkle grep som også bidreg til at me blir medvitne på kva me gjer til ei kvar tid, seier dei. Løn for strevet Tiltaka fungerer. Loggen synar at i den siste puljen på 159 slakta griser, hadde ingen hatt behov for å bli plassert i sjukebinge. Laila og Stian Hognestad held fram viktigheita av å ha kvarandre som sparringspartnerar. Det er også eit godt samhald i grenda der tre av fire bønder driv med gris. – Så har me hatt stor nytte av kurs og fagmøte kring dyrevelferdsproblematikken siste tida, strekar dei under. Mattilsynet er velkomne – Dyrevelferdsprogrammet inneberer obligatoriske veterinærbesøk. Kva tenkjer de om det? – Me har gode erfaringar med seksåtte årlege førebyggande veterinærbesøk i mjølkeproduksjonen. No blir dyrlegen også med i grisehuset på desse besøka. – Kva seier Mattilsynet om slaktegrisproduksjonen på garden dykkar? – Mattilsynet har faktisk enda ikkje vore på inspeksjon. Men dei er velkomne når dei dukkar opp. Jord er gull. Plen er tull. - Kva skal du med plen? Sett av ti kvadrat til grønsaker og sjå om ikkje det er kjekkare, seier Bondevennens nye spaltist, Margunn Ueland. Bothild Å. Nordsletten - Styresmaktene seier me skal eta fem om dagen. Det gjer me ikkje. Ikkje bøndene heller. Men du kjem garantert til å gjera det om du dyrkar maten sjølv, seier Margunn Ueland. Bondevennen lanserer denne veka «Kjøkkenhagen», ei ny spalte om matauk rett utanfor stoveglaset. I annakvar utgåve framover skal hageentusiast og hagebloggar Ueland, losa lesaren gjennom såing, planting, forvaring av grønsaker og jordforbetring. Ueland, som er tidlegare journalist i Stavanger Aftenblad, vaks opp på garden Ueland i Heskestad i Lund og har dyrka sin eigen vesle hage i Stavanger sidan 1980. For ikkje lenge sidan ekspanderte ho over vegen og rydda fleire grønsaksenger på den overgrodde leikeplassen. Liten skala – stor glede - Eg gjer dette først og fremst fordi det er det gildaste eg veit, seier Ueland. Å dyrke ein kjøkkenhage gir meistringskjensle, avstressing, lukt, smak, fargar og form. Og utruleg god, fersk mat. Usprøyta. Sår du sjølv får du også eit mykje rikare utval enn i dei beste butikkar. I tillegg er mange grønsaker vakre som prydvekstar. Ueland lagar si eiga jord av lauv, kompost, tang, møkk - gjerne også gras frå øydelagde rundballar, tilkøyrt av ein bonde på Ullandhaug. - Det gir ei god kjensle av livets sirkel, når avfall blir til nytt liv, seier Ueland. Nesten sjølvforsynt Grønkål, persille, lauk og tomatar… Ikkje mindre enn 43 sortar grønsaker spirer i drivhuset hennar, klare for den første av fleire utplantingar denne sesongen. Åtte sortar jordeple skal snart i bakken. - Stort sett er eg sjølvforsynt, konstaterer Ueland. - Måten eg og mange hobbydyrkarar driv på, vil overraske mange. Det er så produktivt. Du får store mengder mat på lite plass, utan kunstgjødsel, utan å grave, utan å sprøyte. Du treng ikkje mykje lauk, sellerirot, kål og raudbeter før du kan lage 40 liter suppe. Det er ganske mange porsjonar. - Du blir også meir medviten om pris kontra kvalitet når du dyrkar sjølv. Me Bybonde: Margunn Ueland er betre på lågare pris enn å kjenna kva som er god kvalitet på ein grønsak. - Kva kan ein urban hagebrukar formidla til storproduserande bønder? - Dei kan ha den same vinsten av dette som meg. Kjøkkenhagen er ein gild hobby for heile familien. Og det bør gå lettare for bønder å få det til enn for meg i byen. Dei kan mykje og har ressursane. Det treng ikkje ta mykje tid. Dessutan er det godt for helsa. Me blir det me et. Og det finns ikkje meir næringstett mat per kalori enn grønsaker! Sjå «Kjøkkenhagen», side 26 8 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

ATTLEGG Når enden er god Rundt 35 tonn med grisehalar vart eksportert frå Nortura til utlandet som menneskemat i fjor, skriv bladet Kjøttbransjen. Dei fleste halane gjekk til Asia og Hong Kong, der etterspurnaden veks. Halane blir solgt for 40 kroner kiloet, ein auke på svimlande 300 prosent etter at eksporten starta i 2015. Nortura tente totalt 1,2 millionar kroner på dette i fjor. Foto: Istock 400 godkjente Inn på tunet-gårder En milepæl er nådd, ifølge Matmerk. Søndre Digerud gård i Akershus er Inn på tunet-gård nummer 400. – Stadig flere gårder kommer inn i ordningen, ser Nina Sunqvist, administrerende direktør i Stiftelsen Matmerk. – Å knytte tjenestetilbudet på gården opp til livet og arbeidet der, og så tilby det til brukergrupper som trenger en litt annerledes hverdag, er en viktig del av alt det bra norsk landbruk leverer til storsamfunnet, sier Sundqvist. Stiftelsen Matmerk har ansvar for å godkjenne Inn på tunet-gårdene. For å bli godkjent, må flere krav oppfylles. Det må dokumenteres at tilbudet er knyttet til den faglige driften av gården. Hvert år skal en egenrevisjon gjennomføres, og en ekstern revisjon må gjennomføres for å bli godkjent. – Jeg ser fram til at vi tipper 500 gårder, for dette er tjenester og tilbud som det norske samfunnet virkelig trenger, sier Sundqvist. Russarane vil eta organisk 4.april vedtok Dumaen, Russlands lovgjevande forsamling, ei lov om organisk jordbruk. Over 400 av Dumaens 450 representantar stemte for, ifølgje den russiske landbruksportalen aggroxi.ru. Målet med lova er å trygge sertifiserte organiske produsentar mot omsetting av «falske» øko-varer, altså mat som ikkje er produsert organisk, men som blir selt som det. Omsynet til folkehelsa har òg vore eit viktig argument i prosessen. Behovet for å auka eigen produksjon for å erstatta importvarer veg også tungt. I 2014 sette russiske styresmakter i verk embargo mot import av mat frå vestlege land som reaksjon på at dei innførte sanksjonar mot Russland etter anneksjonen av den ukrainske Krim-halvøya. Landet har som mål å bli nesten sjølvforsynt med blant anna korn, poteter, kjøt og meieriprodukt innan 2020 og ligg svært godt an til å nå måla. Potensialet for grønare produksjon er stort i Russland ettersom meir enn 20 millionar hektar jord ikkje har blitt sprøyta på over tre år og dimed kan bli opparbeida og sertifisert som organisk. Den russiske marknaden for organisk mat er verdt 120 millionar USD. Meir enn 90 prosent av dette kjem frå sal av importerte varer. Berre to prosent av jordbruksareala (246 tusen hektar) er sertifisert som organisk etter internasjonale standardar. Russisk sikringskost: Raudbete. Foto: Istock Lest & lånt «For ti år siden handlet realityprogrammene om hedonistisk fest på «Paradise Hotel». I dag handler de om å klare seg alene i villmarka – uten teknologi og sivilisasjon. Det er åpenlyst en sensibilitet som er på vei tilbake. Det er noe hjelpeløst og forvirret over det senmoderne mennesket: Vi er hjelpeløse teknologiske aper i gule refleksvester og lys på sykkelhjelmene.» Theis Ørntoft, forfatter, Klassekampen 3.april BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 9