12.08.2019 Views

Bruk Bibelen: Bibeldagen (nn)

Bruk Bibelen: Bibeldagen - nynorsk

Bruk Bibelen: Bibeldagen - nynorsk

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

BRUK BIBELEN

Bibeldagen

«Dette er dagen som Herren

har gjort; lat oss jubla og gleda

oss no!»

Sal 118,24

2

© Bibelselskapet 2015

ISBN 978-82-541-0902-1

Omslagsfoto: Dag Kjær Smemo

Design: Åsmund Sand

Sats: Ole Arnøy

Trykk: Strålfors

Bibeldagen

- Eg visste ikkje at Bibelen fanst på så mange språk!

Har liksom alltid tenkt på Bibelen som ei norsk bok

... Dei pratar saman på veg ut frå kyrkja. I handa

har dei ein brosjyre frå Bibelselskapet. – Og så

mange gamle biblar dei hadde greidd å få tak i her i

bygda ...eg visste ikkje at det fanst så mange!

Mål: Å opna Bibelen for alle

– i vår eiga forsamling, i

Noreg og i heile verda.

Tid: Hovudsamlinga til

forsamlinga.

Stad: I ei kyrkje eller eit

forsamlingshus.

Kor mange personar:

Heile forsamlinga.

Kven gjer kva:

- Bibelkontakten i

forsamlinga informerer om

Bibeldagen

- Talaren for dagen preikar

om Bibelen

- Nokon deltek med bøner

og lesingar

- Nokon deler ut blad og

brosjyrar ved utgangen

- Born deltek, utkledde som

bibelske personar

3

4

Kva er Bibeldagen?

Bibeldagen er den årlege feiringa av Bibelens plass i

forsamlinga, i Noreg og i verda. På Bibeldagen set vi

Bibelen i sentrum og gler oss over at vi har han på vårt

eige språk. Vi set fokus på bibelbruk og vil hjelpa alle til å

opna Bibelen. Og vi vender blikket ut mot menneske i

andre land som òg ønskjer seg ein bibel.

Det er lang tradisjon i Noreg for å feira Bibeldagen på

Såmannssundag eller ein annan dag i året. Bibeldagen er eit

godt høve til å skapa bibelglede og inspirasjon i den lokale

forsamlinga. Kvifor ikkje markera dagen på ein ny og kreativ

måte i år?

Bibeltekstene på Bibeldagen handlar om Guds ord, og

heile hovudsamlinga i forsamlinga kan bli farga av vår takksemd

til Gud for at vi gjennom mange hundre år har kunna

bruka Bibelen. Det å ha sin eigen bibel er ikkje noko sjølvsagt

mange stader i verda. Difor gjev vi gjerne ei offergåve

til bibelarbeidet i andre land på Bibeldagen.

Dei fleste forsamlingar har ein bibelkontakt som kan

involverast i planlegginga av dagen.

Forsamlinga kan ha tre konkrete målsettingar for dagen:

- Vi kan takka for at vi har Bibelen på vårt eige språk.

- Vi kan gje andre menneske den same sjansen som vi har til

å få ein bibel.

- Vi kan hjelpa kvarandre til å opna Bibelen og ta han i bruk.

Bibeldagen med fokus på

bibelarbeidet internasjonalt

Det er millionar av menneske som ønskjer seg ein bibel,

men ikkje kan få tak i ein. Grunnen kan vera at det ikkje

finst biblar på språket deira,at det ikkje blir selt biblar i

landet deira eller at dei ikkje har råd til å kjøpa ein. Målet til

Bibelselskapet er at alle menneske skal få tilgang til sin

eigen bibel, på eit språk dei skjønar,til ein pris dei kan

betala og i ei form som dei kan bruka.

På grunn av dei mange gåvene gjennom heile året og takkofra

på Bibeldagen er Det Norske Bibelselskap mellom dei

bibelselskapa som gjev mest til trykking og spreiing av biblar

i andre land. Bibelselskapet støttar kvart år prosjekt i

omkring 40 land. Prosjekta omfattar alt frå omsetjingsarbeid

og leseopplæring til drift av bibelbutikkar og

subsidiering av biblar til fattige.

Sjølv ei lita gåve frå ein norsk gjevar rekk langt når ho blir

brukt i eit anna land. 100 norske kroner dekkjer papiret til

ti kinesiske biblar, eller sørgjer for trykking og frakt av tre

illustrerte barnebiblar til Cuba. Sjølv om forsamlinga ikkje

har ressursar til å gjera så mykje ut av Bibeldagen, kan eit

enkelt takkoffer til bibelarbeidet ha mykje å seia for nokre

menneske som for første gong kan få sin eigen bibel.

5

6

Kven gjer kva?

Kvart år blir det lagt ut informasjon om årets bibeldagsprosjekt

på bibeldagen.no.Her finn forsamlinga ressursar

til både gudstenester og andre samlingar.

Bibelkontakten i forsamlinga minner staben på å setja inn

Bibeldagen i årsplanen og kan syna dei ressursane frå

Bibelselskapet på bibeldagen.no;

- Forsamlinga finn artiklar og bilete til bruk i kyrkjebladet

i god tid før Bibeldagen, eller som kan sendast til lokalavisene

like før dagen.

- Den som skal forkynna, finn framlegg og gode moment

til preika ut frå teksta for Såmannssundag.

- Ved å spørja i god tid kan forsamlinga få ein talar frå

Bibelselskapet til å koma.

- Den lokale bibelkontakten kan fortelja om årets bibeldagsprosjekt

under kunngjeringane, eller under kyrkjekaffien

etterpå.

- Den som skal leia gudstenesta, finn framlegg til forbøn

og kunngjeringar om dagens takkoffer.

- Den musikalske leiaren i forsamlinga vil ofte finna ein

song frå årets prosjektland, eller ein annan song som

høver til bruk på Bibeldagen.

- Den som skal leia kunngjeringane, kan lasta ned ein

presentasjon av årets prosjektland.

- Under kunngjeringane kan ein òg bruka ein stutt film

med presentasjon av årets prosjektland. Denne bør ein

lasta ned på førehand,slik at eit treigt internett ikkje

hindrar avspelinga på storskjerm.

- På nettsida finn ein òg ressursar til markering av

Bibeldagen for born (sjå neste punkt).

Foto: Tot Tjeransen

7

8

Bibeldagen for born

Bibeldagen kan gjerne feirast som Bibeldagen for born.

For heile historia til bibelselskapa i verda starta med eit

barn. Den unge jenta Mary Jones frå Wales hadde spart

pengar i fleire år og gjekk fleire mil til fots for å kjøpa seg

ein bibel. Men då ho kom fram, hadde ikkje presten ein

einaste bibel å selja. Men han gav likevel ein bibel til den

unge jenta.

Dette hende omkring år 1800. Det veit vi fordi forteljinga

om Mary Jones er referert i papira frå den gongen Det britiske

bibelselskapet vart skipa i 1804. For den presten som

Mary kom til, var til stades på skipingsmøtet og fortalde

om den store mangelen på biblar på slutten av 1700-talet.

Slik vart historia om Mary Jones inspirasjonen til ei verdsomspennande

lenkje med bibelselskap.

Kven gjer kva?

- Born utkledde som bibelske personar ønskjer velkomen

til gudsteneste. Ein kan farga gamle konfirmantkapper i

ulike fargar og bruka dei som utgangspunkt for

utkledinga:

• Abraham og Sara med kompass

• David med slynge eller kongekrone

• Daniel med ei leikeløve

• Samuel og Eli med ei lykt

• Enkja fra Sarepta med ei krukke med mjøl

• Rut med eit kornband

• Peter med fiskegarn

• Marta med kaffikoppar

• Kvinna ved brønnen med ei bøtte vatn

- Gudstenesta kan opna med ein konkurranse mellom

høgre og venstre sida i kyrkjerommet: Kva for bibelske

personar skal borna likna på?

- Under gudstenesta kan ein dela ut biblar til born i ei

bestemt aldersgruppe, eller til konfirmantane.

- Ein kan fortelja historia om Mary Jones som dagens

preike. Historia finst som PowerPoint-presentasjon på

bibeldagen.no.

- Historia om Mary Jones kan også dramatiserast av born,

som eit alternativ eller supplement til preika.

- «Mi favorittforteljing frå Bibelen»: Eit barn, ein ungdom,

ein vaksen og ein eldre kan dela favoritthistoria si frå

Bibelen og fortelja kvifor dei likar denne forteljinga

spesielt godt.

- Kyrkjerommet kan dekorerast med barneteikningar av

forteljingar i Bibelen. Ei skuleklasse eller ei barnegruppe

i kyrkja kan laga teikningane.

- Takkofferet går til arbeidet med å gje alle som ønskjer det,

ein bibel på eit språk dei kan skjøna og til ein pris dei kan

betala.

9

Bibeldagen med måltid

Foto: Anne Kristin Aasmundtveit

10

I Bibelen er måltidet ofte ramma for fellesskapet mellom

menneske. Også i dag blir menneske meir opne for kvarandre

og for bodskapen i Bibelen når auga kan møtast over eit

duka bord. Ein kan difor feira Bibeldagen i ramma av eit

stort fellesmåltid,gjerne med retter frå heftet «Bibelmat».

Eit anna alternativ er å invitera til eit bibelsk måltid før

eller etter gudstenesta i forsamlinga.

På Såmannssundag handlar evangelietekstene om ein

kornåker,anten han blir sådd (Luk 8,4–15), veks (Mark

4,26–34) eller er full av ugras (Matt 13,24–30). Då høver det

godt å baka byggbrødet i heftet «Bibelmat» og servera i

samband med gudstenesta,gjerne saman med «Esaus

raude linsesuppe». Viss ein i staden lagar vanleg kyrkjekaffi,

høver det godt å baka honningkaka i heftet.

Send gjerne eigne framlegg og tips til oppskrifter til

nettredaksjonen@bibel.no,så kan de finna dei att på

bibel.no/bruk-bibelen.

Kven gjer kva?

- Kyrkjekontoret kunngjer måltidet i god tid,særleg

dersom det tek til før vanleg gudstenestetid.

- Konfirmantane eller andre grupper i forsamlinga kan

baka brød eller laga suppe. Saman med bakinga kan ein

lesa dei aktuelle tekstene i heftet «Bibelmat».

- I ei tradisjonell langkyrkje kan ein prøva å dekkja bordet i

midtgangen, viss brann- og rømmingsforskriftene tillèt

dette.

- På borda kan ein laga dekorasjonar der biblar og kornaks

er sette saman, evt.med andre element som kan syna at

Ordet gjev næring til trua.

- Ein kan knyta forkynninga til maten som ein deler, ved at

bibellesingar og korte refleksjonar blir knytte til rettene,

etter førebilete frå det jødiske påskemåltidet.

- Kan ein bruka lokale råvarer eller produkt i måltidet?

Undersøk kva alternativ som finst i lokalmiljøet.

Kanskje det alt er nokon i nærområdet som bakar

byggbrød?

- Takkofferet går til biblar i andre land,slik at dei òg kan få

Ordet som gjev næring til trua.

11

Bibeldagen med

bibelutstilling

Ei utstilling av gamle biblar frå lokalsamfunnet kan engasjera

både historisk og kulturelt. Slik kan Bibeldagen markera

den lange historia som Bibelen har på staden. Fleire

ulike grupper kan engasjerast i arbeidet med utstillinga,

som kan setjast opp i kyrkja, biblioteket, eit galleri eller ein

annan stad som høver. Gudstenesta på Bibeldagen kan

markera opninga av utstillinga.

Kven gjer kva?

- Forsamlinga må kunngjera utstillinga lang tid i førevegen,slik

at dei som eig gamle biblar, får god tid til å

respondera på utfordringa.

- Også biletkunst med bibelske motiv,som broderte bilete

med bibelvers, kan inkluderast i utstillinga.

- Dersom kyrkjebygningen ikkje er eigna til å husa utstillinga,

kan både utstillinga og gudstenesta leggjast til eit

anna lokale,som biblioteket eller eit galleri.

- Det lokale historielaget eller biblioteket kan få ansvar for

å merkja og setja opp utstillinga. Kom i hug å avklara

kven som har ansvaret for tryggleiken og forsikringa av

biblane.

12

- Under gudstenesta kan ein bera inn nokre gamle biblar i

prosesjon og leggja dei på ein sentral stad i kyrkjerommet.

- Tekstlesingane kan hentast frå nokre av dei eldre omsetjingane

som er i utstillinga. Eventuelt kan ei og same

tekst lesast frå ulike gamle utgåver,slik at forsamlinga

kan høyra korleis den same teksta var omsett i tidlegare

hundreår.

- Ein kan gjerne kopla markeringa av gamle biblar saman

med utdeling av nye,til born eller konfirmantar.

- Dei som eig biblane, kan utfordrast til å fortelja det dei

veit om historia deira, for eksempel kor lenge biblane har

vore i familiens eige og kva dei veit om personane som

har namnet sitt i dei.

- I samband med utstillinga bør det vera høve til å kjøpa

eller tinga nye biblar. Den lokale bokhandelen kan utfordrast

til å ordna dette.

- Takkofferet går til bibelspreiing i andre land, der mange

ikkje har ein eigen bibel.

13

14

Bibeldagen og diakoni

Bibelen seier mykje om å elska nesten sin og syna kjærleik i

handling. Gudstenesta på Bibeldagen kan ikkje berre utfordra

oss til å bruka Guds Ord og halda det høgt,men også

til å gjera det Ordet seier. Det manglar noko viktig i vår

bibelbruk viss ikkje orda om nestekjærleik blir sette ut i

livet.

Dei siste åra har mange forsamlingar fått ein ny røyndom

tett inn på livet,gjennom menneske som søkjer kyrkjeasyl,

asylsøkjarar som ønskjer å konvertera til kristen tru og

utanlandske tiggarar som tek plass på kyrkjetrappa.

Samtidig har forsamlinga kjende utfordringar i eldre og

sjuke som ikkje lenger greier å lesa i Bibelen sin, eller som

treng eit fellesskap der dei kan lytta til lesingar frå Bibelen.

Forsamlinga kan knyta kontakt med diakonale institusjonar

og organisasjonar i lokalsamfunnet i planlegginga

av denne gudstenesta.

Kven gjer kva?

Punkta nedanfor er meinte som eksempel; dei konkrete

tiltaka må utformast slik at dei passar i lokalmiljøet.

- Diakoniutvalet i forsamlinga bør i god tid drøfta kva

grupper ein vil gjera noko for i samband med Bibeldagen.

- Ein kan samarbeida med den lokale omsorgs- og sjukeheimen

for å kartleggja kva brukarar som ønskjer seg ein

bibel med stor skrift eller ein lydbibel. Også heimebuande

eldre kan få tilbod om ein bibel med stor skrift.

- Ein del av takkofferet på Bibeldagen kan gå til biblar til

omsorgs- og sjukeheimen, og biblar kan evt. overrekkjast

til brukarane eller leiinga under gudstenesta.

- Tekstlesingane på Bibeldagen kan hentast frå

«Fattigdoms- og rettferdighetsbibelen» (Verbum Forlag

2015).

- Forsamlinga kan kartleggja kva språk som finst mellom

flyktningar og asylsøkjarar i kommunen og kven som

ønskjer seg ein bibel.

- Forsamlinga kan kontakta Bibelselskapet,som har biblar

på meir enn 100 språk. Fleire utgåver kan skaffast på

bestilling. Noko bestillingstid må påreknast.

- Flyktningar og asylsøkjarar kan inviterast spesielt til gudstenesta

på Bibeldagen, og forsamlinga kan dela ut biblar på

språket deira.

- Bibeltekstene i gudstenesta kan lesast på fleire forskjellige

språk som er representerte i lokalsamfunnet.

- Flyktningar og asylsøkjarar kan utfordrast til å fortelja kva

plass Bibelen har i livet deira og korleis Bibelen blir lesen i

heimlandet deira.

- Dei som forsamlinga får kontakt med på denne måten, bør

inviterast inn i eit fellesskap,som ei bibelgruppe eller

liknande.

- Forsamlinga kan kartleggja om det trengst ei fast tekstlesing

på andre språk under dei faste gudstenestene.

- Takkofferet går til arbeidet med å omsetja Bibelen til stadig

nye språk.

15

Det er lang tradisjon i Noreg for å feira

Bibeldagen på Såmannssundag eller ein

annan dag i året. Bibeldagen er eit godt

høve til å skapa bibelglede og inspirasjon

i den lokale forsamlinga. Kvifor ikkje

markera dagen på ein ny og kreativ måte

i år?

I heftet finn du:

· Kva er Bibeldagen?

· Bibeldagen med fokus på

bibelarbeidet internasjonalt

· Bibeldagen for born

· Bibeldagen med måltid

· Bibeldagen med bibelutstilling

· Bibeldagen og diakoni

ISBN 978-82-541-0902-1

Bibelen open for alle

9 788254 109021

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!