Bruk Bibelen: Høgtlesing (nn)

nettredaksjonen

Bruk Bibelen: Høgtlesing - nynorsk

BRUK BIBELEN

Høgtlesing

frå Bibelen


Sæl er den som les opp ...

og sæle er dei som høyrer.

Op 1,3

2

© Bibelselskapet 2015

ISBN 978-82-541-0897-0

Omslagsfoto: Torstein Ihle

Design: Åsmund Sand

Sats: Ole Arnøy

Trykk: Strålfors


Høgtlesing frå Bibelen

Denne halvtimen er heilag! Det er berre tredje

gongen dei møtest for å lesa høgt frå Bibelen

saman,men det har alt vorte ei dyrebar stund. Orda

frå Bibelen får liksom liv og blir levande framfor

auga deira medan dei les – borte er dei vanlege

uromomenta som distraherer når dei les åleine.

Kapittel etter kapittel blir slukt medan dei byter på

å lesa høgt. Endeleg har bibellesinga vorte levande!

Mål: Å hjelpa menneske til å

lesa Bibelen saman.

Tid: Ein halv time i veka, eller

ein halv time til ein time.

Stad: - I heimane

- På studiestaden eller

arbeidsplassen

- I ei kyrkje eller eit

forsamlingshus

Tal på personar: Frå to til

kor mange som helst.

Kven gjer kva:

- Forsamlinga kan kopla

menneske saman i grupper

av Bibellesevener.

- Bibellesevenene møtest

kvar veke for å lesa Bibelen

saman, eller etter avtale.

- To gode lesarar les kvart sitt

kapittel i eit brev.

- Ein god lesar les eit langt

avsnitt frå Bibelen.

3


4

Korleis gjer vi det?

I mange land i verda kjem menneske saman for å lesa i

Bibelen. Ofte har mangel på biblar vore årsaka. Men dei

som les høgt frå Bibelen saman, opplever ofte at teksta

talar til dei på ein sterkare måte. Denne opplevinga

ønskjer vi at norske bibellesarar òg skal få del i.

Høgtlesing av bibeltekstene var òg det vanlege i oldkyrkja.

Omkring år 150 e.Kr. fortel Justin Martyr at dei kristne les

frå skriftene til apostlane og profetane «så langt tida tillèt».

For på denne tida var det ingen som hadde sin eigen bibel;

den einaste måten å lesa Bibelen på var ved høgtlesing.

Dessutan kunne berre ein av ti i Romarriket lesa.

Høgtlesinga var difor viktig også for dei som ikkje hadde

sjanse til å lesa sjølve. Det var ei viktig teneste i kyrkja å

vera tekstlesar.

Det er altså lang tradisjon for å lesa Bibelen saman:

- I kyrkjehistoria

- I andre land i verda

- I diakonien, dvs. den kristne tenesta

Samtidig ser vi at norske bibellesarar slit åleine, ein og ein,

medan dei er omgjevne av mange ting som kan uroa dei.

Både mobiltelefon og datamaskin er alltid innanfor rekkjevidde

og utgjer ein sterkare distraksjon enn nokon tidlegere

generasjon har opplevd.

Vi vil utfordra norske bibellesarar til å utforska skattane

som ligg gøymde i høgtlesing!


Bibellesevener

Foto: Hans Johan Sagrusten

I ei kyrkje på landsbygda i Hunan-provinsen i Kina møtest ei

gruppe på omkring 30 kvinner for å lesa i Bibelen saman.

Kvar einaste kveld kjem dei saman for å lesa eit eller fleire

kapittel. Nokre av dei har lært å lesa på denne måten,andre

har kome til tru ved å vera med i denne gruppa.

Dei peikar på ei av kvinnene som sit lengst bak: Det var ho

som tok til med å lesa i Bibelen i denne landsbyen. Det hende i

1985. No er dei rundt 1000 kristne i kyrkja i landsbyen,og

gruppa med kvinner som møtest for å lesa høgt frå Bibelen,

er sjølve hjarteslaget i forsamlinga.

5


Denne historia frå Kina er ikkje eineståande. På stad etter

stad høyrer vi korleis den jamlege høgtlesinga har skapt bibelglede

og kyrkjevekst. Ofte har dei eldre kvinnene fått

ungdomen med seg, og slik har bibelgleda spreidd seg til

nye generasjonar.

Difor vil vi lansera ideen med Bibellesevener også her i

Noreg. Når to eller fleire blir samde om å møtast til fast tid,

blir det lettare å få orden på bibellesinga. Bibellesevenene

kan ordnast både i grupper og i par,til dømes slik:

- Ei bibelgruppe bestemmer seg for å berre lesa Bibelen i

eit heilt år.

- Nokre vener møtest ikkje lenger berre over ein kaffi latte,

men over ein open bibel.

- Ein ung bibellesar vitjar ein eldre eller svaksynt bibellesar

som ikkje greier å lesa sjølv.

- To ungdomar ved ein studiestad byrjar å lesa – med

opning for at fleire kan bli med.

Alternativa er uendeleg mange. Kven som helst kan bli

Bibellesevener. Det viktigaste er å bli samde om dei ytre

rammene:

- Tid: Det er viktig å møtast ofte, helst kvar veke. Somme

kan kanskje greia å lesa kvar dag,slik som kvinnene i Kina?

- Stad: Ein fast stad der ein kan lesa høgt utan å bli uroa, er

viktig. Somme kan kanskje bruka lunsjpausen på arbeidsplassen?

6


- Byta på å lesa: Det beste er å lesa eit kapittel kvar,slik at

ein får variasjon og avveksling i lesinga. Men somme

Bibellesevener greier ikkje å lesa så mykje og bør heller få

lov til å lytta.

- Tekstutval: Det er viktig å byrja med forteljande tekster

som eignar seg for høgtlesing. Dei fire evangelia er den

beste staden å byrja.

Ordninga med Bibellesevener gjer det mogleg for alle å bli

bibellesarar – også dei som ikkje kan lesa. Alle har like stor

rett til å få lytta til Bibelen,uansett om vi har eitkvart som

set grenser for oss:

- Synshemmingar

- Sjukdom

- Alder

- Konsentrasjonsvanskar

Det er mange fordelar med å lesa høgt frå Bibelen saman:

- Ein opplever teksta med fleire sansar enn synet

- Ein blir ikkje så lett uroa i lesinga

- Ein har forplikta seg til å møta nokon andre for å lesa

- Ein har nokon å snakka med om det ein har lese

Dei som blir Bibellesevener, kan hjelpa kvarandre å oppleva

den viktigaste boka i verda, også dei som elles er

hindra frå å få boka med seg. Bibellesevener kan skapa ei ny

bølgje av bibellesarar – også mellom dei som ikkje trudde

at dei kunne bli det.

7


Brevlesing som

kveldssamling

I vår tid då alt går så fort, er det noko eksklusivt over det å

oppleva noko som går sakte. Å ha tid. Ro. Pust. Slik er

tekstene i Bibelen ei gåve. Eit høve til å bli halden fast i ein

lang tanke utan at ein må skunda seg vidare.

Vi tilrår ei enkel kveldssamling heime eller i kyrkja der eit

av dei stuttare breva blir lese opp. Det er noko heilt spesielt

fint å få høyra eit heilt brev i eitt, og vi kjem dirrande nær

situasjonen til dei som først fekk brevet.

Det kan vera fint å utfordra to gode tekstlesarar til å lesa eit

kapittel kvar,annankvar gong. Eller naturlege tekstavsnitt

som er stuttare og gjev god meining. Vekslingar er alltid

Foto: Hans Johan Sagrusten

8


godt for øyret. Ha gjerne noko musikk å lytta til i forkant og

etterkant av brevet,slik at sinnet blir stemt og får tid til å

landa til slutt.

Brev som er fine å lesa på denne måten, er

· Galatarane

· Efesarane

· Filipparane

· Kolossarane

· Jakobs brev

· Peters 1. og 2. brev

· Johannes’ 1. brev

Med musikk og roleg lesing er dette eit opplegg som tek

rundt ein time.

9


Høgtlesing som preike

På Langfredag er det i mange kyrkjer vanleg å lesa heile

lidingshistoria frå eit av evangelia. Dette er vanlegvis den

einaste bibellesinga som strekkjer seg over meir enn eit

kapittel i norske forsamlingar i dag. Kvifor ikkje lesa fleire

kapittel i samanheng også elles i året?

I staden for den tradisjonelle preika kan ein våga å bruka

20-30 minutt i ei gudsteneste til å lesa lengre tekster. Bruk

gode tekstlesarar,slik at bokstavane får liv medan ein

lyttar. Øv godt på førehand. Det kan vera fint å ha ei kort

innleiing som set teksta og høgtlesinga inn i ei ramme.

Forslag til tekster som høgtlesing

· Forteljingane om då Jesus vart fødd (Lukas 1–2)

· Jesus møter enkeltmenneske (Johannes 2,23–5,30)

· Bergpreika (Matteus 5–7)

· Likningar om himmelriket (Matteus 13,1–52)

· Likningar om det som vart funne att (Lukas 15)

· Jesu avskilstale (Johannes 14–17)

· Oppstoda (Johannes 20–21)

· Pinse (Apostelgjerningane 2–4)

· Paulus’ første tale på misjonsreise

(Apostelgjerningane 13)

10


· Ein ny himmel og ei ny jord

(Johannes’ openberring 21–22)

· Skapinga (1 Mosebok 1–3)

· Forteljinga om Rut (Rut 1–4)

· Forteljinga om Jona (Jona 1–4)

Foto: Det Nederlandske Bibelselskap

11


Les Bibelen med meir enn auga

– lat han lyda med røysta og i øyra!

I heftet finn du:

• Korleis gjer vi det?

• Bibellesevener

• Brevlesing som kveldssamling

Høgtlesing som preike

ISBN 978-82-541-0897-0

Bibelen open for alle

9 788254 108970

More magazines by this user
Similar magazines