Bruk Bibelen: Bibelmaraton (nn)
Bruk Bibelen: Bibelmaraton - nynorsk
Bruk Bibelen: Bibelmaraton - nynorsk
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
BRUK BIBELEN

Bibelmaraton
Heilt frå du var eit lite barn, har du kjent

dei heilage skriftene, som kan gje deg

visdom til frelse ved trua på Kristus

Jesus. Kvar bok i Skrifta er innanda av

Gud og til nytte i opplæring, formaning,

rettleiing og oppseding i rettferd, så det

mennesket som høyrer Gud til, kan bli

fullt utrusta til all god gjerning.

2 Tim 3,15–17

2

© Bibelselskapet 2015

ISBN 978-82-541-0900-7

Omslagsfoto: Hans Johan Sagrusten

Design: Åsmund Sand

Sats: Ole Arnøy

Trykk: Strålfors
Bibelmaraton

Det er ei heilt spesiell stemning i rommet. I fleire

dagar har orda frå Bibelen vorte lesne høgt. Nokre

sit stilt og følgjer med på lesinga,somme med attlatne

auge,andre med peikefingeren i sin eigen

bibel. Folk kjem og går. Nokre står og snakkar lågt

saman ute på gangen. I storsalen er det foredrag om

Bibelen. Snart har vi kome fram til den siste boka,

og det siste kapitlet skal lesast.

Mål: Å bli kjende i Bibelen og

læra dei lange linene i

forteljingane.

Tid: 20 minutt – 80 timar.

Stad: I ei kyrkje eller eit forsamlingshus

med fleire rom,

helst sentralt i lokalmiljøet.

Tal på personar:

2 – 160 personar.

Kven gjer kva:

- Til kvar tid trengst det to

som skifter på å lesa.

- Ein full bibelmaraton

inneheld 80 vakter på ein

time kvar.

- Det trengst leiarar som

organiserer lesarane,

ordnar med mat og tek

imot tilhøyrarane.

3
Korleis gjer vi det?

Å lesa gjennom Bibelen kan samla heile forsamlinga.

Den lange lesinga gjev oversikt over Bibelen og viser oss

dei lange linene gjennom boka. Dersom heile Bibelen er

for krevjande, kan ein lesa berre Det nye testamentet,

alle evangelia eller eit einaste evangelium.

Om dei første kristne står det at dei las frå skriftene sine «så

langt tida tillét» (Justin Martyr ca.år 150 e.Kr). Den lange,

samanhengande lesinga frå Bibelen gjev ei heilt anna og

djupare oppleving enn å lesa nokre få vers om gongen. Ein

bibelmaraton er eit stort løft som krev god planlegging,

men både lesarar og tilhøyrarar får kjenna at det er ei stor

oppleving.

Ei førebuande øving kan vera å arrangera eit kurs i

Bibelreisen ei veke eller to i forkant av bibelmaraton. Då

vil fleire på ein morosam og enkel måte ha fått ei oversikt

over den store forteljinga i Bibelen. For meir informasjon,

sjå bibel.no/kurs-bibelreisen.

Det kan lagast stuttare variantar av bibelmaraton. I dette

heftet finst det fleire ulike forslag til val av tekster og

lengde på lesinga. Bruk gjerne kreativiteten til å laga andre,

lokalt tilpassa variantar. Tenk likevel nøye gjennom både

tid,stad og førebuing til arrangementet.

4
Ein bibelmaraton kan arrangerast på ulike stader:

- I ei kyrkje

- I eit anna forsamlingshus

- På det lokale biblioteket

- På eit kjøpesenter eller i ei gågate

- På eit bygdetun eller friluftsmuseum

Gode tips til bibelmaraton:

- Bibelmaraton må kunngjerast lang tid i førevegen,slik at

mange nok melder seg som lesarar.

- Lesarane les i skift på ein halv eller ein heil time.

- To lesarar deler på det same skiftet og les annakvart

kapittel.

- Det trengs difor minst to biblar med stor skrift.

- Inviter nokre til å lesa på andre språk,til dømes framandspråklege

i nærmiljøet.

- Varier gjerne mellom bokmål,nynorsk og samisk, om

mogleg.

- Dersom ein får dårleg tid mot slutten, les parallelt i to

team.

Dei som skal lesa:

- Legg vekt på god fordeling når det gjeld alder, kjønn og

kyrkjetilknyting.

- Legg vekt på variasjon i målformer og språk.

- Les gjerne frå både nye og gamle bibelomsetjingar.

- Inviter gjerne kjende personar til å vera med og lesa,til

dømes politikarar, idrettsutøvarar m.m.

5
- Pass på at dei som er inviterte, får enkle og kjende

tekster å lesa,til dømes frå evangelia.

- Kom i hug at eldre ofte ikkje les så fort som yngre.

Rammene rundt lesinga:

- Lag tydelege skilt som syner kvar lesinga går føre seg.

- Parallelt med lesinga kan det vera undervising om

Bibelen og andre aktivitetar i eit anna rom.

- Kom i hug å ha mat og drikke tilgjengeleg, både til dei

som les og til dei som hører på.

- Legg gjerne avsluttinga av lesinga til eit møte eller ei

gudsteneste,slik at det siste kapitlet i Johannes’

Openberring blir lese i fellesskap.

Kunngjering og publisering:

- Viss lesinga skal gå føre seg på offentleg stad, er det

viktig å spørja politi og kommune om tillating.

- Bruk lokalpressa til å få gode oppslag om arrangementet

på førehand.

- Samarbeid med det lokale biblioteket om ei eiga bibelutstilling.

- Samarbeid gjerne med ein lokalradio om overføring av

heile eller delar av lesinga. Dette må klarerast med alle

som skal lesa.

Ein bibelmaraton kan gjennomførast i mange ulike variantar.

Finn den lengda og vanskegraden som passar lokalt,

i oversikta på dei neste sidene.

6
Kortdistansen:

Bergpreika

Tid: 20 minutt

Bergpreika er den mest kjende tala i verdshistoria. Ho har

inspirert mange av dei andre store talene i historia,til

dømes Martin Luther Kings store taler. Ho kan lesast i

staden for preika i ei gudsteneste eller eit møte, eller ho kan

lesast som del av ein tur, ein forsamlingsdag eller ei anna

fellesskapssamling.

Foto: Det Nederlandske Bibelselskap

7
Mellomdistansen:

Eit heilt evangelium

Tid: 2-4 timar

Lengda på dei fire evangelia er nokså ulik. Lukasevangeliet

er nesten dobbelt så langt som Markusevangeliet,som er

det stuttaste. I staden for ei vanleg gudsteneste kan forsamlinga

by inn til lesing av Markusevangeliet,som tek

omkring to timar. Eit heilt evangelium kan òg delast opp i

fleire delar og lesast i løpet av ei helg, ein leir eller eit anna

arrangement som går over fleire dagar.

Foto: Hans Johan Sagrusten

8
Milløpet:

Dei fire evangelia

Tid: 12 timar

Å lesa dei fire evangelia i samanheng gjev ei heilt unik

fordjuping i personen Jesus frå Nasaret. Lik fire portrettmålarar

gjev evangelistane oss kvar si tolking av Jesus, frå

litt ulike vinklar. Evangelia kan lesast i løpet av ein dag eller

ei helg.

Alternativt kan forsamlinga lesa eit evangelium kvar helg i

ein månad. Etter lesinga kan ein innby til samtalegrupper,

der ein snakkar om dei fire ulike framstillingane ein har

høyrt:

- Kva likskapar er det mellom evangelia?

- Kva skilnader la de merke til?

- Kva er favoritt-evangeliet til kvar einskild?

- Kva tekst vart de særleg gripne av?

9
Halvmaraton:

Heile Det nye testamentet

Tid: 20 timar

Heile Det nye testamentet kan lesast på omkring 20 timar.

Tekstmengda er berre omkring ein firedel av lengda på

Det gamle testamentet. Ved å konsentrera seg om Det nye

testamentet unngår ein å introdusera nye bibellesarar for

dei vanskelegaste tekstene i Det gamle testamentet. Ein

bibelmaraton for konfirmantar kan difor med fordel halda

seg til NT.

Lesinga kan gå føre seg utan stans i løpet av eit døgn, eller

ho kan delast opp over to dagar,til dømes laurdag og

sundag. På ein konfirmantleir kan all undervisinga bytast

ut med lesing av Det nye testamentet,med spørsmål og

samtale på slutten av kvar dag.

Ein kan òg fordela dei 27 bøkene i Det nye testamentet på

dei 26 vekene i eit halvår,slik at ein kvar helg har ei bok i

NT som tema. Ein slår då gjerne saman dei to stutte breva

2 og 3 Joh.

10
Foto: Det Nederlandske Bibelselskap

11
Bibelmaraton:

Heile Bibelen

Tid: 80 timar

Ein full bibelmaraton er krevjande å gjennomføra og krev

god planlegging. Men attendemeldingane etter gjennomført

maraton er ofte overveldande:

«Endeleg har eg fått oversikt over heile Bibelen!»

«Det var så mykje eg ikkje visste stod i Bibelen!»

Men ei full gjennomlesing av Det gamle testamentet krev

òg at arrangøren er førebudd på å svara på vanskelege

spørsmål. Dei blodige hendingane i Josva og Dommarane

er krevjande for mange nye bibellesarar. Andre synest det

er mykje einsformig stoff i Mosebøkene og dei historiske

bøkene. Ein bør gje sjansen til å stilla spørsmål og samtala

om vanskelege tekster før,under eller etter lesinga.

Det er vanleg å rekna 80 timar som ramme for bibelmaraton,men

det er vanskeleg å treffa nøyaktig med tida når

tekstmengda er så stor. Mange opplever at det tek mellom

80 og 85 timar. Det er viktig å leggja inn litt «slakk» i programmet,slik

at ein blir ferdig til den tida ein har bestemt

seg for,til dømes under eit møte eller ei gudsteneste.

12
Foto: Det Nederlandske Bibelselskap

13
Triatlon:

Undervising, lesing

og samtale

Tid: 80 timar

Mange av tekstene i Bibelen er vanskelege å skjøna.

Skildringane av krigar og slag i Det gamle testamentet kan

skapa mange spørsmål og verka skremmande på nye bibellesarar.

Andre tekster i Bibelen kan vera vanskelege å setja

inn i den rette samanhengen. Difor kan bibelmaraton

gjerne supplerast med undervising før lesinga og samtale

etterpå.

Emne for undervisinga før lesinga startar, kan vera:

- Kva er den raude tråden i Bibelen?

- Kven er dei ulike personane i Det gamle testamentet?

- Kva skal vi tenkja om dei vanskelege tekstene?

- Korleis er forholdet mellom Det gamle og Det nye

testamentet?

- Må eg tru heilt bokstavleg på alt som står i Bibelen?

Etter undervisinga bør det gjevast høve til å stilla spørsmål,gjerne

skriftlege og anonyme, og leiarane i forsamlinga

bør vera tilgjengelege for å svara på spørsmål og vera

med i samtala.

14
Restitusjonsfasen:

Bibelgrupper

Tid: Innan ei veke etter bibelmaraton

Å gjennomføra ein bibelmaraton er eit stort løft, og det er

lett å gløyma det viktige etterarbeidet. Mange får lyst til å

lesa og læra meir etter å ha vore med på lesinga. Det er

viktig å ta tak i denne oppglødde stemninga med det same.

Forsamlinga bør difor ha eit ferdig opplegg for bibelgrupper,som

deltakarane kan melda seg på. Etterarbeidet

kan innehalda ulike tilbod:

- Bibelstudiegrupper som les ei og ei bok i Bibelen

- Samtalegrupper som tek for seg tema frå Bibelen

- Alphakurs eller andre kurs som gjev ei enkel innføring i

kristen tru

15
Ei vandring frå perm til

perm på 80 timar!

I heftet finn du:

• Korleis gjer vi det?

• Kortdistansen: Bergpreika

• Mellomdistansen: Eit heilt evangelium

• Milløpet: Dei fire evangelia

• Halvmaraton: Heile Det nye testamentet

• Bibelmaraton: Heile Bibelen

• Triatlon: Undervising, lesing og samtale

• Restitusjonsfasen: Bibelgrupper

ISBN 978-82-541-0900-7

Bibelen open for alle

9 788254 109007