12.08.2019 Views

Bruk Bibelen: Bibelmat (nn)

Bruk Bibelen: Bibelmat (nynorsk)

Bruk Bibelen: Bibelmat (nynorsk)

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

BRUK BIBELEN

Bibelmat

Smak og sjå at Herren er god!

Salme 34,9

2

© Bibelselskapet 2015

ISBN 978-82-541-0899-4

Omslagsfoto: Hans Johan Sagrusten

Design: Åsmund Sand

Sats: Ole Arnøy

Trykk: Strålfors

Bibelmat

Du kjem inn i rommet. Ei herleg lukt av nykokt

suppe spreier seg og får magen til å rumla. Du ser

omkring deg,og ser at folk smiler. Dei tenkjer det

same som deg: Å,så godt det skal smaka med noko

varmt i kroppen! Sidan sit de ned og et og kosar

dykk. Saman. Måltidet bind gode band mellom

dykk. Det er lett å snakka saman.

Mål: Skapa fellesskap,

inspirera til takksemd.

Tid: Frå ein halv time til ein

heilaftan.

Stad: Forsamlingssal,

kyrkjekjellar, bak i kyrkja.

Tal på personar: 10 – 100,

men bør reknast ut på

førehand (påmelding/oppteljing).

Kven gjer kva:

Nokre blir utfordra til å ta

med mat, evt. stella i stand

på kjøkenet og vaska opp.

Korleis bruka dette i lokalmiljøet:

Lågterskeltilbod for

små og store, kven som helst

likar å bli invitert til eit

velsmakande måltid.

3

Korleis gjer vi det?

Bibelen er ikkje berre bokstavar og ord. Han møter ikkje

berre auget og hovudet vårt. Bibelen møter oss som heile

menneske med heile sanseapparatet vårt.

Er det ikkje merkeleg kor sterkt minna våre er knytte til

smak og lukt? Noko vi trudde vi hadde gløymt for lenge

sidan, kan dukka fram når vi kjenner att ein spesiell smak.

Så kvifor ikkje knyta bibelforteljingar til smak? Så vi, og

kanskje endå viktigare:generasjonen etter oss, ikkje så lett

gløymer grunnforteljingane dei kan byggja livet sitt på?

Ver kreativ! Det finst utruleg mange gode matoppskrifter

rundt omkring. På Karmøy kokar fleire i forsamlinga dei

beste suppene sine og tek dei med på kyrkjekaffien når det

er hausttakkefest. Ei boblande glede over rikdomen i naturen

og Guds velsigning. Rundt om i mange heimar inviterer

ein til påskemåltid med lammelår på skjærtorsdag. Ei

førebuing til det som skal koma, ein smak av den store

påskeforteljinga. Somme vel å avstå frå pålegg på brødskivene

i fastetida,gje påleggspengane til fattige, og så

markera med eit bognande frukostbord på påskemorgon.

Det skal ikkje så mykje til før alt smakar av fest!

4

Tenk konkret! Kva er lett å få til? Ei lun fiskesuppe – har vi

bibelforteljingar om fisk? Kva med den store fiskefangsten?

Eller eit enkelt kveldsmåltid – har vi ei forteljing om

eit enkelt kveldsmåltid? Kva med dei som vandra til

Emmaus? Og kva kan ein ikkje koma med av ferske brødvarer

til Jesu ord om at han er «Livsens brød»?

Med inspirasjon i bøkene Englebrød og korskaker

(Verbum 2004) og Deilig er … (Dokka, Verbum 2001) har vi

her tre oppskrifter med bibelforteljing ved sida av. Om du

blir inspirert,send gjerne inn di eiga oppskrift med bibelforteljing

til nettredaksjonen@bibel.no,så blir ho lagd ut

på nettstaden bibel.no/bruk-bibelen.

5

Nokre forslag til oppskrifter:

Esaus raude linsesuppe

med lilla dipp

4 personar

1 lauk

3 kvitlaukfedd

1-2 gulrøter

1 raud paprika

3 ss olivenolje

1 ts sterk karri

2-3 dl raude linser

1 liter grønsakbuljong

3 laurbærblad

1 bunt timian

Lilla dipp

3 ss olivenolje

3 ss balsamicoeddik

1 kvitlaukfedd

1 bunt salvie

salt, gjerne Maldon

Slik gjer du

Grovhakk lauk og kvitlauk. Skjer gulrøter og paprika i terningar.

Varm oljen i ein kjele saman med karri. Steik grønsakene

nokre minutt i oljen.

Skyl linsene i kokt vatn. Ha linser, buljong, laurbærblad og

timian i kjelen og lat det koka i ca. 25 minutt. Pisk suppa jamn.

Bruk gjerne ein hurtigmiksar.

Ha olje og balsamicoeddik i ein liten bolle. Press kvitlauken i

blandinga. Finhakk salvien og ha den i kvitlauken saman med

salt. Pynt suppa med oljen.

Server gjerne skiver av ferske byggbrød til suppa.

6

Foto: Anne Kristin Aasmundtveit

Bibelforteljinga

Isak fekk tvillingar med kona si, Rebekka. Den første som

vart fødd, var Esau. Han var raud og lòden over heile kroppen,

lik ei kappe. Etter han kom Jakob til verda. Han trekte

seg ut or mora ved å halda fast i hælen til Esau. Då dei voks

opp, vart Esau jeger og Jakob gjekk heime. Ein gong hadde

Esau vore ute på jakt. Han kom utmødd heim og oppdaga

at Jakob hadde laga ei praktfull linsesuppe som var like

raud som han sjølv. Esau heldt på å døy av svolt og bad om å

få ein porsjon. Men Jakob sa: «Du må først selja meg førstefødselsretten

din!» Esau sa ja med ein gong og åt brød og

linser med stor hugnad (1 Mos 25,29–34).

Det var verken første eller siste gongen mat har verka

sterkt forførande.

7

Runde byggbrød

2 brød

25 g gjær

4 dl lunka vatn

1 flaske vørterøl (33 ml)

1 1⁄2 ts salt

4 dl byggmjøl

2 dl sammale spelt

2 ss olivenolje

ca. 7 dl kveitemjøl

Yoghurt til å pensla med

8

Slik gjer du

Bruk romtempererte ingrediensar.

Løys opp gjæren i lunka vatn (30-37 o C). Tilsett øl, salt, byggmjøl,

sammale spelt og olje og rør godt saman. Ha i kveitemjølet

litt etter litt og rør deigen godt. Ikkje ha i alt mjølet,

deigen kan godt vera litt klissete når han skal heva.

Lat deigen kvila ca. 3 timar under eit klede.

Slå deigen saman og elt i resten av mjølet. Del deigen i to like

store delar og form dei til to runde, litt flate brød. Legg brøda

på ei steikeplate som er dryst med mjøl. Lag eit hòl i midten

av brøda med eit glas. Pensla dei med yoghurt og prikk

deigen med ein gaffel.

Lat dei etterheva i ca. 20 minutt.

Steik brøda midt i omnen i 8-10 minutt ved 225-250 o C og

deretter i ca. 1⁄2 time ved 160 o C.

Foto: Anne Kristin Aasmundtveit

Bibelforteljinga

Vi smakar Gideon frå Det gamle testamentet når vi et

byggbrød. Han stridde mot midjanittane,som var fiendane

til israelittane. Ein av fiendane drøymde ei natt om eit

kjempestort byggbrød som rulla inn i leiren til midjanittane

og velta eit telt over ende. Draumen vart tydd som eit

teikn på at Gideon kunne slå fienden. (Dom 7,13-14)

Jesus delte ein gong ut mat til meir enn 5000 menneske av

fem små byggbrød og to fiskar. Forteljinga blir kalla for

brødunderet (Joh 6,1–15). Byggbrød,som var brødet til dei

fattige,smakar av siger og store mirakel.

9

Honningkake

500 g sukker

2,5 dl vatn

500 g honning

1 ts kanel

3 egg

3 ts natron

1 kg kveitemjøl

10

Slik gjer du

Ha sukker og vatn i ein kjele og kok lett til sukkeret er løyst

opp. Tilset honning. (Bruk gjerne utanlandsk honning, som er

mildare enn den norske.) Tilset kanel når dette har kokt opp

og er avkjølt. Pisk egga med natron og ha i røra. Sikt mjølet i

og rør det forsiktig inn. Smør tre brødformer godt med margarin.

Legg ein strimmel med bakepapir i botnen og opp langs

kortsidene. Fyll røra i formene og steik ved 180 grader i ca.

50-60 minutt.

Stikk ein bakepinne i midten av kakene for å sjå om dei er

ferdige, då skal det ikkje henga att deig. (Legg evt. bakepapir/matpapir

oppå kakene siste halvtimen av steiketida.)

Lat kakene avkjøla seg i forma på rist. Ved servering skjer

kaka i svært tynne skiver med smør og brunost. Held seg

lenge i plastpose og kjøleg, kan også frysast.

Foto: Hans Johan Sagrusten

Bibelforteljinga

Honningen er ein smak av det søte frå Guds ord. «Kor søte

dine ord er for ganen, betre enn honning i munnen» (Sal

119,103). Profeten Esekiel smaka på Guds ord i form av ein

bokrull og sa etterpå: «Då åt eg rullen, og han gav ein

søtsmak i munnen som honning» (Esek 3,3). Guds ord i

form av bokrullar blir òg etne i Johannes’ Openberring.

Dei smakar framleis som honning,men svid i magen (Op

10,10).

«Ve dei som kallar det vonde godt og det gode vondt,

dei som gjer mørker til lys og lys til mørker,

bittert til søtt og søtt til bittert!» (Jes 5,20)

11

Kvifor ikkje knyta bibelforteljingar til

smak? Så vi, og kanskje endå viktigare:

generasjonen etter oss, ikkje så lett

gløymer grunnforteljingane dei kan

byggja livet sitt på?

I heftet finn du:

• Korleis gjer vi det?

• Esaus raude linsesuppe med lilla dipp

• Runde byggbrød

• Honningkake

ISBN 978-82-541-0899-4

Bibelen open for alle

9 788254 108994

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!