12.08.2019 Views

Bruk Bibelen: Bibelstudier (nn)

Bruk Bibelen: Bibelstudier - nynorsk

Bruk Bibelen: Bibelstudier - nynorsk

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

BRUK BIBELEN

Bibelstudiar

frå heile verda

Den andre dagen samla dei seg

hos Esra, den skriftlærde, for å

granska lovorda – leiarane for

familiane i heile folket,

prestane og levittane.

Neh 8,13

2

© Bibelselskapet 2015

ISBN 978-82-541-0898-7

Omslagsfoto: Dag Kjær Smemo

Design: Åsmund Sand

Sats: Ole Arnøy

Trykk: Strålfors

Bibelstudiar

frå heile verda

I sofakroken i ei varm stove. Du lèt att auga.

Høyrer røysta til leiaren ta deg gjennom bibelteksta

som du alt har lese. Roleg. Du ser det for deg.

Er til stades der det skjer. Nokre indre bilete blir

annleis enn du hadde tenkt på før. Når du opnar

auga att, har du noko å dela med dei andre.

Mål: Å trenga djupare inn i

bibelteksta.

Tid: For å studera Bibelen i

lag er det fint å ha sett av ein

kveld. For sitt eige bibelstudium

er det godt å setja av

fem minutt til ein halv time.

Stad: Helst innandørs, men

ved godvêr utandørs.

Tal på personar: Gruppa bør

ikkje vera større enn at alle

får sagt noko i løpet av

kvelden. Eiga innleving krev

berre deg sjølv til stades.

Kven gjer kva:

Ein leiar tek gruppa gjennom

meditasjon og spørsmål.

Åleine treng du inga førebuing.

3

Korleis gjer vi det?

Det finst mange fine opplegg for bibelstudiar. Dei slitesterke

opplegga er dei som hjelper ein til å leva seg inn i

bibelteksta utan at ein må lesa noko på førehand. Ein

kan leva seg inn i ei bibeltekst på eiga hand,men det kan

òg bli ein større dimensjon ved dette om ein gjer det i ei

gruppe der meditasjonen blir leia på ein open måte.

I alle bibelinnlevingar er det lurt å tenkja: Korleis ser det ut

her? Kva høyrer vi? Kan ein lukta noko, kjenna noko,

korleis kjennest stemninga ut? Ofte vil ein oppleva at

teksta byrjar å leva på ein annan måte enn då ein las første

gongen.

4

Foto: Torstein Ihle

5

Golfen: «Forteljinga åleine»

Ofte går tida i ei bibelstudiegruppe med til å diskutera kva

teksta tyder,medan sjølve forteljinga kjem i bakgrunnen.

Metoden «Forteljinga åleine» frå Bibelselskapet i Golfen

kan hjelpa oss til å oppdaga kva det står i teksta.

«Forteljinga åleine» passar godt for ei bibelstudiegruppe,

men kan òg brukast i ei større forsamling,med ein leiar

som les høgt og stiller spørsmål. Metoden kan til og med

gjennomførast av berre to bibellesarar.

Punith (20) var ein av deltakarane under eit «Forteljinga

åleine»-kurs som Bibelselskapet i Golfen arrangerte for

gjestearbeidarar frå India. Etter å ha studert teksta i

Apg 20,7–12,sa han:

- Teksta vart verkeleg levande! Det var akkurat som om

Paulus snakka rett til meg, i min situasjon!

6

Foto: Joyce van de Veen

7

Slik gjer de det:

1. Les stilt gjennom teksta ein gong, kvar i sin bibel.

2. Be om hjelp til å hugsa og forstå teksta.

3. Les teksta høgt saman (eventuelt kan ein leiar lesa høgt).

4. Lat att Bibelen og fortel historia om att for deg sjølv.

5. Gå saman to og to fortel historia om att for kvarandre.

6. Ta opp att alle replikkane i historia til kvarandre,slik dei

må ha vorte sagt.

7. Still enkle spørsmål om historia til kvarandre,til dømes:

a. Kven er personane i forteljinga?

b. Kva gjer dei,og kva seier dei?

c. Kva val gjer dei,og kva blir konsekvensane av desse?

d. Kva lærer vi om Gud i denne forteljinga?

e. Kva seier Gud til deg gjennom denne forteljinga?

Forslag til tekster:

Matteus 8,5–13; Matteus 17,1–9; Markus 2,1–12; Markus 4,35–41;

Markus 10,46–52; Lukas 10,25–37 og Lukas 19,1–10 (frå studieheftet

«Simply the Story» frå Bibelselskapet i Golfen)

8

Foto:Tor Tjeransen

9

10

Egypt: «Auget – lyset – handa»

Når alle i bibelstudiegruppa får koma fram med oppdagingane

sine, får vi ei rik oppleving av teksta. Og når alle

fortel kva teksta inspirerer dei til å gjera, blir bodskapen

nær og utfordrande.

Biskop Pavly (48) i Den koptiske kyrkja i Egypt brukar ofte

metoden «Auget – lyset – handa» i sitt arbeid med bibelstudiar

mellom unge i Egypt. Metoden har tre steg:

- Med auget gjer vi observasjonar og prøver å oppdaga mest

mogleg av det som står i teksta.

- Med lyset prøver vi å finna bodskapen i teksta.

- Med handa spør vi oss kva teksta utfordrar og inspirerer

oss til å gjera.

Dei første spørsmåla skal få deltakarane til å lesa teksta

nøye. Sidan går spørsmåla djupare,til bodskapen i teksta

og kva teksta utfordrar oss til å gjera.

- Eg vil bruka meir tid saman med folk som andre ser ned

på,sa ein deltakar i eit bibelstudium som biskop Pavly

heldt i Noreg,ut frå Matteus 9,9–11.

Slik gjer de det:

Leiaren førebur spørsmål ut frå dei tre punkta «auget –

lyset – handa». Nedanfor finn de nokre døme på slike

spørsmål. Leiaren skal ikkje svara på spørsmåla sjølv,men

gje deltakarane god tid til å svara.

Leiaren skal heller ikkje gje si vurdering av svara,men la

alle i gruppa koma fram med sine tankar om teksta. Til saman

gjev alle svara ei brei og djup forståing av teksta.

Metoden passar godt for korte tekster frå evangelia.

1. Auget – kva står det i teksta?

- Kor mange substantiv/verb/pronomen finn de?

- Kor mange personer møter de?

- Kvar utspelar handlinga seg?

- Kva gjer dei ulike personene?

- Kva er grunnen til at dei handlar slik?

2. Lyset – kva er bodskapen i teksta?

- Korleis reagerer dei som Jesus møter?

- Kjem nokon i ein valsituasjon med fleire alternativ?

- Skjer det ei endring med nokon av dei?

- Kva seier teksta er grunnen til endringa?

- Kva vil de seia er bodskapen i teksta?

3. Handa – kva utfordrar teksta deg til å gjera?

- Kva får du lyst til å endra på når du les dette?

- Er det noko i haldningane dine du vil endra?

- Er det ei handling du blir inspirert til å gjera?

- Kven vil få glede eller hjelp av dette?

- Når vil du gjera det?

Forslag til tekster:

Matteus 9,9–11; Markus 5,25–34; Markus 10,17–22; Lukas 8,1–3;

Lukas 10,38–42; Lukas 17,11–19 og Johannes 6,66–69

11

12

Cuba: Bibelgruppe med éin bibel

Kva gjer de når det berre finst éin bibel i bibelgruppa? Då

må de dela på den eine Bibelen de har – og skriva dykkar

eigen kopi av eit vers i teksta.

Sonia Domecq (55) arbeider i metodistkyrkja i byen

Santiago aust på Cuba. Forsamlinga har omkring tretti

bibelstudiegrupper, og Sonia er leiar for to av dei.

- Det er ikkje nok biblar til alle som går i bibelgruppene,

fortel ho.

- Vi har ikkje fått tak i nye biblar på lenge.

Fordi deltakarane ikkje har kvar sin bibel, er det viktig at

teksta blir lesen høgt,slik at alle kan lytta til henne. Så kan

dei stilla spørsmål og snakka saman om teksta dei har

høyrt.

Deretter blir Bibelen send rundt i gruppa,så folk kan slå

opp og lesa sjølve. Til slutt er det mange som vil låna

Bibelen til Sonia.

- Folk vil skriva av bibelvers vi har snakka om i bibelgruppa,

seier ho.

Mange i verda har ikkje sin egen bibel. På Cuba er det stor

mangel på biblar, og for mange kristne er det høgste ønsket

å få sin eigen. Likevel samlast dei for å studera Bibelen i lag.

Metoden nedanfor er laga ut frå korleis bibellesarar på

Cuba sjølve fortel at dei brukar Bibelen.

Metoden passar godt for lengre tekster frå evangelia.

Deltakarane treng papir og skrivesaker.

Slik gjer de det:

1. Den som har Bibelen, les teksta høgt for dei andre.

2. Deretter stiller den som har Bibelen nokre spørsmål for

å kontrollera at alle har fått med seg hovuddraga i

forteljinga:

a. Kva personar fortel teksta om?

b. Kva er handlinga?

c. Kva seier personane i forteljinga?

3 Bibelen blir send rundt i gruppa, og kvar av deltakarane

får etter tur høve til å dela opplevinga si av teksta:

a. Kva for ein del av teksta feste du deg spesielt ved?

b. Les denne delen av teksta høgt for dei andre.

c. Kvifor feste du deg ved dette?

4. Deltakarane samtalar om teksta,ut frå dei følgjande

spørsmåla:

a. Kven i teksta identifiserer du deg med?

b. Korleis trur du denne personen opplevde møtet med Jesus?

c. Kva lærer denne teksta oss om kven Jesus er?

5. Til slutt får alle papir og skrivesaker, og deltakarane gjer

anten punkt a eller b:

a. Den som har Bibelen, les teksta høgt. Alle skriv av heile teksta

og tek avskrifta med seg heim.

b. Bibelen blir send rundt i gruppa,og kvar einskild skriv av minst

eitt bibelvers som han eller ho tek med seg heim.

Forslag til tekster: Markus 5,21–43; Lukas 7,36–50; Lukas

24,13–35; Johannes 3,1–21; Johannes 4,1–42; Johannes 11,1–44 og

Apostlenes Gjerninger 17,16–34

13

Italia: Ordets skule - Lectio Divina

Denne måten å lesa Bibelen på har lange tradisjonar i klosterlivet.

Ordets skule byggjer på Lectio Divina,som har

røter attende til kyrkjefedrane på 300-talet. Dei fire stega i

Lectio Divina er lectio (lesing),meditatio (meditasjon),

oratio (bøn) og contemplatio (ettertanke). Vi har fått inspirasjon

til Ordets skule frå kardinal Martini i Milano.

I 1980 starta han bibelarbeid for ungdom og opna katedralen

og Bibelen for dei unge.

Mange har gode røynsler frå bibelgrupper som brukar

Ordets skule. Kvart medlem av gruppa deler si oppfatning

av teksta, og inga tolking er rett eller gale. Alle lyttar til

kvarandre utan å argumentera eller starta ein diskusjon.

Slik blir det fine samtaler etter delerunden.

Ein kan gjerne bruka preiketeksta for sundagen som

utgangspunkt for Ordets skule. Ein finn oppdaterte opplegg

under bibel.no/meditasjon.

14

1. Førebuing

Lat det bli stilt rundt deg og inne i deg. Ver open for at Gud

talar til deg gjennom dagens bibelord. Du kan òg tenna eit

lys og høyra på stille musikk.

2. Lesing

Les dagens bibelord langsamt og merksamt. Les gjerne

høgt for deg sjølv fleire gonger. Noter ting du legg merke til

i teksta. Finn eit nykelord i teksta og lær det utanåt.

3. Innleving

Sit godt og lat tankane falla til ro. Lev deg inn i teksta. Kva

ser du? Kva høyrer du? Er det noko i teksta du sansar på

annan måte? Kva er det i teksta som rører ved kjenslene

dine? Kven identifiserer du deg med i teksta og kvifor?

4. Bøn

Tenk at Jesus er nær og høyrer på det du seier. Tal med

Jesus om det dagens bibelord har minna deg om. Be med

dine eigne ord. Det du set ord på, kan du lettare overgje til

Gud. Ord frå Bibelen eller faste bøner kan òg vera til stor

hjelp.

5. Handling

Kva vil du gjera med det denne teksta har synt deg?

- Er det menneske du ønskjer å møta på ein annan måte?

- Er det ein vane som du vil endra på?

- Er det ei forsømd oppgåve du vil ta tak i?

Forslag til tekster: Matt 3,13–17; Matt 15,21–28; Mark 5,21–43;

Luk 1,39–56; Luk 7,11–17; Luk 7,36–50; Luk 10,38–42; Luk 15,4–10;

Joh 4,1–30; Joh 6,1–14; Joh 20,11–18

15

Noreg: Bibelgruppe med

Jesus-meditasjon

Eit døme: Jesus som tolvåring i tempelet (Lukas 2,41–52)

Jesus har vore med foreldra sine til påskefeiringa i

Jerusalem. Då det store reisefølgjet med slektningar, vener

og grannar gjev seg på vegen heimover, blir Jesus att i tempelet.

Her er han oppteken med å lytta og stilla spørsmål til

dei som underviser. Alle er forundra over kor klok han er.

Prøv å falla til ro før innlevinga. Les først gjennom teksta

ein gong. Lat att auga medan leiaren les innlevinga, éi

setning om gongen.

Innleving

Tenk deg at du er til stades i tempelet i Jerusalem. Sjå føre

deg ein plass der du er. Prøv å førestella deg atmosfæren på

staden. Kva lydar og lukter er det der? Sjå føre deg dei

skriftlærde. Tenk deg Jesus som tolv år gammal gut. Sjå

korleis han er med i samtala når dei lærde drøfter Guds ord.

Han både lyttar og han stiller spørsmål. Merk deg kor ivrig

han er etter å skjøna og setja seg inn i kva Gud, Far hans i

himmelen, har tala om gjennom skriftene i Det gamle

testamentet.

Kva er dei første tankane og kjenslene dine?

Til samtale

Vilje til å lytta Det står om Jesus at han lytta til samtala.

Å lytta inneber eit ønske om og ein vilje til å skjøna. Kva

16

tenkjer du det inneber å lytta? Reflekter over samanhengen

mellom det å lytta til Gud og det å ha vilje til å omstilla

livet etter den innsikta han gjev.

Spørsmål Jesus stilte òg spørsmål til det han høyrde. Ein

kan stilla spørsmål fordi ein vil setja andre fast. Ein kan òg

stilla spørsmål fordi ein ønskjer å få større forståing av det

ein samtalar om. Det er tydeleg at Jesus stilte spørsmål

med respekt. Dei andre kjende seg ikkje under åtak,men

undra seg over vitet hans.

Korleis kan vi stilla gode spørsmål som ikkje inneber åtak,

men som uttrykkjer eit ønske om å forstå betre?

Å gøyma i hjartet Bibelen fortel at Maria gøymde det ho

hadde opplevd, i hjartet sitt. Det hender det «går opp eit

lys» for oss. Vi forstår noko nytt og spennande,men det får

ikkje alltid så stor innverknad på livet vårt. Kanskje gløymer

vi det vi har sett og forstått, fordi det ikkje kan brukast

med ein gong. Kva trur du det tyder å gjera som Maria gjorde

når ho gøymde alt ho høyrde, i hjartet sitt?

Bøn Jesus, eg bed om at eg må bli betre kjend med deg.

Hjelp meg å gøyma deg i hjartet mitt. Takk for at eg kan

lytta til og læra av Ordet ditt.

Forslag til tekster: Joh 3,1–15; Esek 47,1–9 og 12 og Joh 7,37–39;

Sal 23 og Joh 10,11–15; Matt 5,1–16; Joh 11,17–27.37–44; 4 Mos

21,4–9 og Matt 27,45–53; Apg 1,3–14; Apg 2,1–11; Apg 9,1–19a; Åp

1,9–18 (Henta frå bibelgruppeheftet Å kjenne ham som kjenner deg av

Sven Aasmundtveit, Verbum 2006.)

17

Frå Fattigdoms- og

rettferdighetsbibelen

- Les Bibelen med desse «brillene»:

• Kven er det som lid på grunn av fattigdom eller urettferd i

denne teksta?

• Kva er det som er urettferdig her?

• Kven har ansvar for at andre må lida?

- Ta tid til refleksjon over bibelteksta i forhold til ditt eige

liv og livet i kyrkja.

- Kva er den konkrete utfordringa til oss i dag?

Eit døme: Ein god bodskap for fattige. Jesus i synagogen i

Nasaret (Lukas 4,14–21)

Les bibelteksta. Les gjerne òg innleiinga til temaet i

Fattigdoms- og rettferdighetsbibelen, ein artikkel som er

skriven av Lemma Desta, fødd og oppvaksen i Etiopia,

kom til Noreg i 2003, er teolog,arbeider som koordinator

for Fleirkulturelt kyrkjeleg nettverk i Norges Kristne Råd.

Refleksjon

1. Kva forhold har du til fattigdom? Har du opplevd det?

Har du sett og snakka med ein som er verkeleg fattig?

2. Kva tenkjer du at Jesus ventar at hans kyrkje skal gjera

med fattigdom?

18

Handling

1. Ta kontakt med forsamlingar eller organisasjonar i

området ditt og bli med i kampen mot fattigdom.

2. Snakk med ein som sit på gata og bed deg om pengar

eller mat.

Forslag til tekster: 5 Mos 10,17–19; Neh 5,1–13; Job 1,1–2,13; Sal

72,1–14; Jes 58,1–12; Matt 19,16–26; Mark 12,41–13,2;

Luk 12,13–21; Joh 13,1–17; Jak 2,1–13 (Henta frå Fattigdoms- og

rettferdighetsbibelen, Verbum 2015)

Foto: Dag Kjær Smemo

19

Studer Bibelen! Tygg på Ordet!

Du kan gjera det åleine og saman med

andre.

I heftet finn du:

· Korleis gjer vi det?

· Golfen: «Forteljinga åleine»

· Egypt: «Auget – lyset – handa»

· Cuba: Bibelgruppe med éin bibel

· Italia: Ordets skule – Lectio divina

· Noreg: Bibelgruppe med Jesusmeditasjon

· Frå Fattigdoms- og rettferdighetsbibelen

ISBN 978-82-541-0898-7

Bibelen open for alle

9 788254 108987

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!