12.08.2019 Views

Bruk Bibelen: Bibelutstilling (nn)

Bruk Bibelen: Bibelutstilling - nynorsk

Bruk Bibelen: Bibelutstilling - nynorsk

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

BRUK BIBELEN

Bibelutstilling

Mine ord skal aldri forgå.

Matt 24,35

2

© Bibelselskapet 2015

ISBN 978-82-541-0901-4

Omslagsfoto: Hans Johan Sagrusten

Design: Åsmund Sand

Sats: Ole Arnøy

Trykk: Strålfors

Bibelutstilling

Ingen hadde trudd at ei bibelutstilling kunne skapa

slikt engasjement lokalt! Frå dei eldste gardane i

bygda har folk kome med store,gamle skinnbiblar.

Den aller eldste er frå 1600-talet! Hundrevis har

kome og bøygd seg ned for å kika på dei gamle,

gotiske bokstavane. Dei korte tekstene med informasjon

til kvar bibel blir lesne nøye. Bibliotekaren

står ved sida av og smiler.

Mål: Å visa at Bibelen er ein

del av den norske kulturen

og har ei lang historie i landet.

Tid: Frå ein dag til fleire

månader.

Stad:

- I ei kyrkje eller eit

forsamlingshus

- På biblioteket

- På ein bokkafé

- I eit galleri

- På eit lokalt by- eller

bygdemuseum

Tal på personar:

Ingen grenser.

Kven gjer kva:

- Ei planleggingsgruppe

førebur utstillinga i god tid,

ved å informera i kyrkjebladet,

lokalpressa o.l.

- Samarbeid med andre

aktørar i lokalmiljøet, som

biblioteket, historielaget

eller eit galleri, vil auka interessa

for utstillinga.

3

Bibelutstilling

Kven har den eldste Bibelen i byen/bygda? Ligg det

ukjende skattar i skåp og kommodar? Ei bibelutstilling

engasjerer langt ut over den faste forsamlingskjernen.

Både kulturelt og litterært interesserte menneske vil

setja pris på ei utstilling av dei eldste biblane i byen eller

bygda.

I norske byar og bygder finst det tallause gamle biblar.

Mange familiar og gardar har biblar som slekta har teke

vare på gjennom generasjonar. Nokre av dei har fungert

som slektshistoriebøker der namn,årstal og store hendingar

er førte inn med sirleg skrift. Andre er velbrukte,med

lause ark og fingermerke som tyder på ivrig bruk gjennom

mange år.

Men mange veit ikkje kor gamle desse biblane er eller kor

sjeldne dei kan vera. Ei lokal bibelutstilling kan visa fram

desse biblane så alle kan få sjå dei og hjelpa eigarane til å få

dei datert.

Forsamlinga kan gå ut breitt og spørja: «Kven har den

eldste Bibelen i bygda/byen?»

- I lokalavisa

- I kyrkjebladet

- På internett

- Ein kan kontakta historielaget og lokalhistorikarar

- Kva finst på lageret til det lokale biblioteket?

- Kanskje finst det ein gammal bibel i safen i kyrkja?

4

For somme kan ein bibel frå byrjinga av 1900-tallet vera

svært gammal. Det er viktig å ta på alvor alle som kjem med

den gamle Bibelen sin. Utstillinga bør ta med alle gamle bibelutgåver

som blir leverte inn.

Det kan òg henda at nokon kjem med gamle bøker som dei

trur er biblar,men som viser seg å vera ein huspostill eller

ei anna oppbyggjeleg bok. Desse bøkene bør ein likevel ta

med i utstillinga,sidan dei høyrer til i den same fromleikstradisjonen.

Desse var òg viktige bøker for dei som

brukte dei.

Forsamlinga må tenkja gjennom kvar ei slik utstilling skal

synast fram, og kor lenge ho skal bli ståande. Det er ikkje

sikkert det er best å ha utstillinga i ei kyrkje. Kva med det

lokale biblioteket?

Det er viktig å tenkja på følgjande når ein lagar ei bibelutstilling:

- Alle bøker må merkast tydeleg,slik at ein veit kven som

eig dei.

- Ein må gjera ei skriftleg avtale om kor lenge bøkene skal

lånast ut, kva dei skal brukast til og kven som har

ansvaret for dei.

- Det bør ordnast med ei forsikring eller ei anna avtale

som seier kven som har ansvaret for bøkene så lenge

utstillinga varer.

- Det kan vera naudsynt med vakter og kanskje glasmontrar

som kan låsast.

5

6

- Ein bør laga ei kort skildring av kvar bok,som fortel kven

som eig henne, kor gammal ho er og kvar ho blir oppbevara.

- Ta også gjerne med små historier som fortel noko om

korleis bøkene vart brukte, eller ein anekdote om ein av

personane som har vore eigar.

På bibel.no/bruk-bibelen finst det ei liste over 38 ulike bibelutgåver

som har kome ut i Noreg frå 1550 til 1938. Ved

hjelp av opplysingane her kan ein tidfesta dei fleste biblar.

Bruk skildringane av bibelutgåvene til å merka dei innsamla

biblane. Fyll ut med opplysingar om den konkrete

Bibelen som utstillinga viser.

Andre arrangement

Parallelt med utstillinga kan andre arrangement vera med

og skapa interesse for Bibelen:

- foredrag om Bibelen

- temakveldar i kyrkja eller på biblioteket

- samtalemøte der ein engasjerer lokale profilar til

samtale om Bibelens plass i dagens samfunn

- bibelmaraton

- kunstutstilling,til dømes Nelly Bubes bilete av bibelske

motiv,sjå nellybube.no

- bibeltorg

- munnleg forteljarkveld med ei lengre bibelforteljing og

song

- Bibelreisen for hele forsamlinga,sjå bibel.no/kurs

Frå gamle til nye biblar

Det er viktig at ei bibelutstilling ikkje berre presenterer

Bibelen som ei historisk bok,men som ei aktuell bok for

menneske i dag. Utstillinga kan bli ei hjelp for menneske

til å byrja å lesa i Bibelen,anten på nytt eller for første gong.

Forsamlinga bør ha ein medviten strategi for dette.

Samtidig med bibelutstillinga kan ein:

- Stilla ut dei nyaste bibelutgåvene frå Bibelselskapet

- Selja nye biblar,gjerne i samarbeid med den lokale

bokhandelen

- Ha tilgjengeleg enkle bibelleseplanar,særleg for nye

bibellesarar

- Presentera Bibelen i digitale format,som mobilapp,

e-bok og lydbibel, eller som dagleg SMS eller e-post

- Sjå bibel.no/bruk-bibelen for ei oversikt over

elektroniske utgåver av Bibelen

Forsamlinga kan òg kjøpa inn nokre biblar som kan gjevast

bort i gåve,som ei takk til dei som har vore med på utstillinga.

Slik sørgjer ein for at dei får ein ny bruksbibel, ved

sida av det gamle klenodiet i bokhylla.

Utstillinga kan brukast til å invitera dei som kjem, inn i eit

fellesskap rundt Bibelen:

- Ei bibelgruppe for nye bibellesarar

- Temakveldar om Bibelen i forsamlinga

- Eit innføringskurs om kristen tru

7

Bibelutgåver

Sjå bibel.no/bruk-bibelen for å sjå bilete og få utfyllande

opplysingar om 38 ulike bibelutgåver som har kome ut i

Noreg frå 1550 til 1938. Bruk skildringane av bibelutgåvene

til å merka dei innsamla biblane. Fyll ut med opplysingar

om den konkrete Bibelen som utstillinga viser.

Døme på bibelutgåver:

1550 Christian IIIs bibel / Reformasjonsbibelen

Tittelark: Biblia/Det er den gantske Hellige Scrifft/udsæt

paa Danske. Prentit i Københaffn/aff Ludowich Dietz.

Dette er den første dansk/norske bibelen. Han vart òg kalla

Christian IIIs bibel. Kongen var svært aktiv for å få ut ein

bibel på dansk, fordi han sjølv las i Bibelen kvar dag. Han

8

var god ven med Martin Luther og brevveksla med han, og

han gav Luther gåver. Kongen avgjorde at det var ein tysk

Lutherbibel som skulle vera tekstgrunnlag for omsetjinga.

Lutherbibelen frå 1545 vart brukt. Det fanst vel heller ingen

teolog i Danmark som kunne hebraisk og gresk ordentleg

på denne tida.

Bibelen hadde 1104 sider og var utstyrt med 92 tresnitt av

den tyske kunstnaren Erhard Aldorfer. Bibelen hadde tre

tittelark som alle var like. På midten av tittelarka er det eit

bilete av eit tre. Det deler tittelbladet i to delar. Den venstre

sida svarar til den gamle pakta. Greinene som vender i den

retninga er tørre og nakne. Den høgre sida viser den nye

pakta. Her er greinene friske og fulle av lauv. På baksida av

hovudtittelarket er det eit portrett av kong Christian III.

På det neste arket står det danske riksvåpenet.

Språket i Bibelen var godt, og det fekk mykje å seia for utviklinga

i det danske språket.

Det fanst ingen dansk boktrykkjar som kunne ta på seg

den store oppgåva det var å trykkja ei så stor bok. Ein boktrykkjar

vart henta opp frå Rostock i Tyskland med heile

trykkeriet sitt. Det tok 18 månader å trykkja Bibelen. 3000

eksemplar vart trykt. I dag kjenner ein til 120 eksemplar

som er bevarte. Av desse er 11 komplette. I Noreg finnes

det 46 eksemplar. Av desse er fire komplette. Bibelen er i

folioformat.

Prisen på biblane var 5 dalar,tilsvarande prisen på ein okse

eller 30 tønner rug.

9

1589 Fredrik IIs bibel

Tittelark: Biblia Det er / Den gantske Hellige Scrifft / paa

Danske / igen offuerseet oc Prentet efter Salige oc

Høylofflige ihukommelse / Kong Frederichs den II.

Befalning. Cum Gratia & Priuilegio. Kiøbenhaffn 1589

I denne Bibelen var teksta, i motsetnad til utgåva frå 1550,

trykt i to kolonnar. 1550-utgåva vart trykt i ein kolonne.

Verken i 1550-utgåva eller i denne var teksta delt inn i vers.

Teksta i denne utgåva var den same som i 1550-utgåva,

men nokre feil var retta. Denne utgåva frå 1589 var både

større og betre utstyrt. Ho hadde vorte utstyrt med

Luthers fortaler til dei bibelske bøkene,men òg med innhaldsoversikt

til kvart kapittel. Bibelen hadde òg ei

bibelordbok.

Frederik IIs bibel vart trykt av ein dansk boktrykkjar med

namnet Mads Vingaard. Bibelen hadde 1522 sider og hadde

totalt 119 tresnitt som var kopiar etter den kjende teiknaren

og kobberstikkaren Virgil Solis. Bibelen har tre

tittelark,som alle er like: eit fremst i Bibelen, eit føre profetane

og eit føre Det nye testamentet. Det underlege er at

tittelarka berre viser scener frå Det gamle testamentet.

Bibelen har eit koparstukke portrett av kongen, og av det

danske riksvåpenet.

Bibelen vart trykt i 1500-2000 eksemplar. I dag kjenner ein

til 180 eksemplar. Av dei er 18 komplette. I Noreg er det 49

eksemplar,av dei er sju komplette.

10

Barnebibelutstilling

Kva finst av barnebiblar og biletbiblar rundt omkring i

heimane? Kan ein invitera til ei utstilling av desse?

Finn gode rom der vaksne og born kan vera saman. Set i

stand lesekrokar og mjuke puter der ein kan sitja ned og

«smaka» på gammalt og nytt av barnebiblar. Ei veksling

mellom eiga tid med boka og ei samlingsstund med høgtlesing

er eit godt høve for alle aldersgrupper. Om det finst

munnlege forteljarar mellom dykk, kan denne stunda bli

magisk.

Ein kan gjerne kopla dette saman med ei barnekunstutstilling.

Då vil det vera naturleg å ta fram eller vandra til

biletet som illustrerer den bibelforteljinga som blir fortald.

Eller kva med å utfordra det lokale biblioteket til å laga ei

slik utstilling?

11

Foto: Torstein Ihle

12

Barnekunstutstilling

Saman med ei bibelutstilling kan forsamlinga arrangera ei

barnekunstutstilling med motiv frå Bibelen. Dei tolkingane

born gjer av bibelhistorier er ofte tankevekkjande og opnar

for nye perspektiv.

Ei lokal barnekunstutstilling kan brukast på mange måtar:

- Foreldre og besteforeldre kan inviterast til ei eiga

før-vising for å sjå på kunsten.

- Utstillinga kan henga i kyrkjerommet gjennom eit heilt

kyrkjeår, eller i høgtidene.

- I forkynninga kan det visast til bileta som heng i kyrkjerommet,når

ein kjem til dei aktuelle tekstene og

høgtidene.

- Ein kan trykkja opp bileta i ei bok der dei står side om

side med bibeltekstene.

- Ein kan arrangera forteljarstunder som er knytte til eit

eller fleire bilete.

13

Kunstutstillinga

«Den store forteljinga»

Kunstutstillinga «Den store forteljinga» har 56 bilete som

er måla av Nelly Bube. Den visuelle forteljinga til denne

respekterte kasakhstanske kunstnaren går gjennom

Bibelen («Frå Eden til Damaskus») og likningane som

Jesus fortalde («Sennepsfrøet»).

Utstillinga er synt fram i kyrkjer og bedehus over store

delar av landet. Bibelselskapet hjelper lokale forsamlingar

med å setja saman eit kulturprogram knytt til utstillinga.

Det er gratis å leiga utstillinga. Arrangøren dekkjer fraktutgiftene.

Sjå bileta og les meir på nellybube.no

Foto: Dag Kjær Smemo

14

Bibeltorg

Her kan alle finna noko spennande med ulike måtar å nærma

seg Bibelen på. Ein treng eit større lokale, om mogleg

også uteaktivitet. Fint å kombinera med ei utstilling.

Forslag til torgbodar:

1 Miniførelesing eller video

snuttar om korleis Bibelen har

vorte til, henta frå bibel.no

/undervisningsmateriell

2 Barnebod med barnebiblar,

bibelteikneseriar eller kortare

bibelfilm.

3 Biletbod med bibeltekster, sjå

bibel.no/vandreutstilling

4 Utkledingsbod med bibelske

klesdrakter, sjå

bibel.no/klaer

5 Bibelkort i krukke, sjå

bibel.no/bibelkrukke

6 Dataspel med bibelsk tilsnitt.

7 Lita utstilling av gamle biblar

og biblar på ulike språk og i

ulik storleik.

8 Målehjørne for bibeltekster.

9 Forteljarbod.

10 Baking.

11 Skrivestove for avskrift av

bibeltekster.

12 Diktarbod, skriv eit bibeldikt

eller ein bibelrapp, evt. høgtlesing

av bibeldikt (til dømes

frå Ulstein/Walgermo (red):

Bibeldikt, Verbum 2014). Gje

høve til å dela dikta med

kvarandre.

13 Bibelsk konkurransebod, sjå

heftet Bibelleik.

14 Ordets skole, sjå heftet

Bibelstudiar frå heile verda

eller bibel.no/meditasjon.

15

Kven har den eldste Bibelen hos dykk?

Få dei gamle biblane fram i lyset!

I heftet finn du:

• Bibelutstilling

• Barnebibelutstilling

• Barnekunstutstilling

• Kunstutstillinga «Den store

forteljinga»

• Bibeltorg

ISBN 978-82-541-0901-4

Bibelen open for alle

9 788254 109014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!