Bruk Bibelen: Bibelvandring (nn)
Bruk Bibelen: Bibelvandring - nynorsk
Bruk Bibelen: Bibelvandring - nynorsk
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
BRUK BIBELEN

Bibelvandring
Kom, følg meg!

Matt 4,19

2

© Bibelselskapet 2015

ISBN 978-82-541-0904-5

Omslagsfoto: Dag Kjær Smemo

Design: Åsmund Sand

Sats: Ole Arnøy

Trykk: Strålfors
Bibelvandring

Vinden ruskar lett i håret. Fuglane syng. Somme set

seg ned på ein stein medan dei lyder. Blikket glid

utover landskapet medan nokre kjende setningar

lyd. Kan henda såg det nesten slik ut ved

Gennesaretsjøen,den første gongen desse orda

ydde? Underleg korleis bibelord høyrest heilt nye

ut her ute. Så reiser vi oss og går vidare langsmed

stigen mot neste post.

Mål:

Å oppleva bibeltekstene som

nye, å gjera bibelteksta

konkret

• I andre omgivnader enn der

dei vanlegvis blir lesne

• I samanheng

Tid:

Frå 15 minutt til ein heil dag

Stad: Ute - ein veg eller stig i

nærmiljøet, inne – kyrkjerom

eller forsamlingshus

Tal på personar:

Ingen grenser

Kven gjer kva:

Ein leiar eller ei leiargruppe

har lagt vandringa til rette og

hjelper til undervegs

Korleis bruka dette i

nærmiljøet:

• Ute – somme synest det er

lettare å bli med på ein tur

enn på ei gudsteneste

• Inne – somme synest det er

lettare å invitera med barnefamiliar

eller ungdom som

synest vanleg møteform er

framand

3
Bibelvandring ute

Å lesa frå Bibelen under ei vandring kan opna opp for

nye perspektiv. Mange av bibeltekstene vart først

fortalde på vandring eller i friluft.

Ei bibelvandring kan arrangerast på mange måtar:

Eingongs: Postane blir sette opp for ein dag, ei helg eller ein

leir.

Permanent: Postane blir laga for å kunna stå ute heile året.

Lokale handverkarar kan få oppdraget med å laga postar

som passar inn i kulturlandskapet.

Lokal tilknyting: Bibelvandringa kan finna dei gode tilknytingspunkta

mellom naturen, kulturlandskapet og bibeltekstene.

Ho kan for eksempel leggjast i nærleiken av ei

kyrkje,til den lokale turvegen som alle kjenner, langsmed

ein gammal pilegrimsveg eller på stader som har namn frå

Bibelen eller kyrkjehistoria.

Tilknyting til naturen: I eit kystlandskap kan ein velja bibeltekster

som utspelar seg på og ved sjøen eller havet,medan

ein i eit fjellandskap kan velja tekster som går føre seg på

fjellet.

Tilknyting til dagstidene: Ei vandring på føremiddagen kan

ta med tekster som utspelar seg om morgonen, og ei

kvelds- eller nattvandring kan bruka tekster som utspelar

4
seg om kvelden eller natta. Ei heildags bibelvandring kan

byrja med tekster som handlar om morgonen og slutta

med tekster som fortel om kveld og natt.

Alternativ til å gå: I lokalmiljøet kan det vera meir naturleg

å laga postar langsmed ei båtlei, ein sykkelstig eller ei

skuterløype. Her set berre fantasien grenser. Men tenk på

miljøet!

Foto: Torstein Ihle

5
Forslag til bibelvandringar ute

Utandørs gudsteneste

Mange stader har forsamlinga alt ein tradisjon for utandørs

gudstenester på eit fjell, ein historisk stad eller eit

bygdetun. Andre stader har forsamlinga enno ikkje oppdaga

alt det gode som kan liggja i kombinasjonen mellom

gudsteneste og natur.

Ei vandringsgudsteneste kan delast opp i fleire delar,slik at

innleiinga går føre seg på ein stad, før vandringa held fram

til andre stader og sluttar attende ved utgangspunktet.

Bibellesingane kan leggjast til stader på vandringa der dei

passar inn tematisk eller visuelt. For eksempel kan lesingar

der planter og tre blir nemnde, leggjast til stader der ein ser

dette, og tekster om hav og sjø kan lesast ved ei strand, eit

vatn eller ein bekk.

Ei tradisjonell preike kan erstattast av ei lengre bibellesing,

gjerne frå eit av evangelia. Eventuelt kan ein knyta nokre

få ord til lesinga, for å setja teksta inn i ein samanheng eller

forklara vanskelege ord og omgrep.

Omkring år 150 e.Kr.skriv Justin Martyr at det var slik

preika var ordna i oldkyrkja: «Man leser fra apostlenes erindringer

(dvs. evangeliene) og profetenes skrifter (dvs. Det

gamle testamentet) så langt tiden tillater. Deretter sier forstanderen

noen formaningens ord, der han oppfordrer oss

6
til å etterleve de gode ting vi har hørt» (Omsetjing: Oskar

Skarsaune).

Ting å hugsa på:

• Grundig kunngjering av at dette blir ei vandringsgudsteneste

• Minna forsamlinga på å ta på seg gode klede og skor,

kanskje ha med sitteunderlag

• Høve til å setja seg ned eller ta ei pause

Foto: Dag Kjær Smemo

7
Fjelltur med Bergpreika

Nokre stader har forsamlinga freista å arrangera ein fottur

eller fjelltur etter gudstenesta. Andre har valt å leggja

nokre av gudstenestene i året på ein fjelltopp, på ein setervoll

eller på ein utfartsstad utanfor byen. Under eit slikt

arrangement kan ein lesa heile Bergpreika.

Dei fleste talene i evangelia vart haldne utandørs, og Jesus

kunne peika på det som tilhøyrarane såg omkring seg

medan han tala: «Sjå på fuglane under himmelen! ... Sjå

liljene på marka!» Også i dag kan det å sitja i graset og lytta

til ei bibellesing gje ei sterk oppleving av teksta.

Bergpreika inneheld nokre av dei mest kjende tekstene frå

Jesu munn,slike som Sæleprisingane, Fadervår og Den

gylne regelen. Ho gjer stadig inntrykk på alle som høyrer

henne,uansett om ein høyrer orda for første gong eller er

ein kjend bibellesar.

Det tek ca. 20 minutt å lesa heile Bergpreika i Evangeliet

etter Matteus, kapittel 5-7. Lesinga kan gjerne koma i staden

for preika i ei friluftsgudsteneste. Eit anna alternativ

er å samlast til tre fjellturar i løpet av året og lesa eit kapittel

under kvar tur. Då kan ein ha tid til samtale etter lesinga.

8
Ting å hugsa på:

• Kan de finna ein stad som minner om landskapet der

Bergpreika vart halden?

• Er det ein stad i nærmiljøet som har eit namn som minner

om noko i teksta?

• Skal de engasjera ein bibelforteljar eller skodespelar til å

framføra teksta?

Foto: Torstein Ihle

9
Påskevandring ute

Vandringa kan byrja tidleg om morgonen,slik at ein når

fram til siste stasjon med det same sola står opp. Viss vandringa

blir lagd til påskedag, blir dette ekstra verknadsfullt.

Ved starten på vandringa: Teksta «Følg meg!» kan lesast

eller delast ut på eit ark som deltakarane har med seg på

vandringa.

Første stasjon: Skjærtorsdag/det siste måltidet

Bibeltekst: Matt 26,17-22

Kva treng vi: Papir, blyantar og konvoluttar

Aktivitet: Vi skriv namnet vårt på kvart vårt skuldbrev. På brevet

skriv vi ned det vi angrar mest på av det vi har gjort i livet – og det vi

angrar at vi ikkje har gjort. Brevet blir lagt i lukka konvolutt, og ein tek

det med til neste stasjon.

Andre stasjon: Langfredag/krossen

Bibeltekst: Kol 2,13-15

Kva treng vi: Ein stor trekross av grove materialar, ei pakke spiker og

fleire hamrar.

Aktivitet: Vi tek fram skuldbrevet og spikrar det til trekrossen, etter

at bibelteksta er lesen. Handlinga med å spikra skuldbrevet til

krossen minner oss på at vår skuld frå no av blir boren av Jesus.

Krossen blir boren med vidare på vandringa av dei siste deltakarane

eller av leiarar.

10
Tredje stasjon: Påskemorgon/grava

Bibeltekst: Luk 24,1-10

Kva treng vi: Mange telys, eit sikkert underlag for lysa, fyrstikker og

noko å sløkkja med. Ein kan òg setja eit ikon eller noko anna som

minner om den oppstadne inne i den tomme grava.

Aktivitet: Vi tenner lys i den tomme grava. Grava kan lagast til i ei

snøhole om vinteren eller inne i eit mørkt rom om sommaren. Ein

person kan vera kledd i kvitt og stå ved sida av grava med orda:

«Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der

han låg!» (Matt 28,6)

Fjerde stasjon: Påskedag/møte med den oppstadne

Bibeltekst: Joh 21,4-13(14-17)

Kva treng vi: Brød som er baka på førehand, eller som kan steikast

over open eld. Fisk i små foliepakker som kan steikast eller varmast

opp over bålet. Vi treng òg noko å kasta søppelet i, samt noko å

sløkkja bålet med. Respekter reglane for kva tid det er tillate med

open eld i naturen.

Aktivitet: Denne stasjonen bør helst leggjast attmed eit vatn. Bålet

bør leggjast slik at ein ser sola med det same ho renn. Nokon har vore

tidleg oppe og tent eit bål, ordna med sitjeplassar rundt bålet og lagt

brød og fisk på elden. Bålet må ha tilsyn heile tida og sløkkjast vel

etterpå. Når deltakarane i påskevandringa kjem fram, står sola opp.

Påskeevangeliet blir lese høgt medan deltakarane får fisk og brød å

eta. Den store trekrossen blir boren med til bålet, og alle skuldbreva

blir brende.

Gjennom desse handlingane får deltakarane i påskevandringa ei

sterkare oppleving av det som hende i påska i Jerusalem. Etter

vandringa bør ein ha ei samtale der ein talar saman om dei ulike

stasjonane og høyrer korleis deltakarane opplevde dei.

11
Rute 66

Den legendariske vegen «Route 66» i USA har inspirert oss

til ei bibelvandring som vi har kalla «Rute 66». Under denne

vandringa blir det lese ei tekst frå kvar av dei 66 bøkene i

Bibelen,med ei kort innleiing til kvar tekst. Om ein ønskjer

det, kan deltakarane lesa tekstene sjølve, frå oppsette plakatar

eller eit teksthefte dei får utdelt og ber med seg.

I løpet av denne vandringa kan deltakarane få oversikt

over dei lange linene i Bibelen. Ein liten smakebit frå kvar

bok i Bibelen gjev også lyst til å lesa meir. Somme vil kanskje

oppdaga nokre vakre tekster som dei ikkje visste om

frå før.

Dei 66 stasjonane kan hengjast opp eller setjast fast langsmed

ei turløype. Dette krev mykje arbeid og førebuing. Ein

mykje enklare variant er å laga et teksthefte ein les frå ved

kvar stasjon. Sjå forslag til tekstutval på

bibel.no/bruk-bibelen.

Nokre stader i Noreg finn vi ein fylkesveg med nummer

66. Langsmed denne vegen kan det leggjast ei bibelvandring

med ei stutt lesing frå kvar av dei 66 bøkene i

Bibelen. Dette kan skapa interesse i lokalmiljøet. Dei fleste

stader er Fylkesveg 66 nokså stutt og kan eigna seg til ei

bibelvandring.

Mange stader går vegen gjennom fleire lokalsamfunn og

innom fleire forsamlingar. Ei bibelvandring kan vera eit

godt høve til å stella til eit felles arrangement mellom to

eller fleire forsamlingar,som kan møtast langsmed denne

vegen. Eit felles arrangement mellom forsamlingar kan

sjølvsagt gjerast over alt og treng ikkje å vera knytt til

Fylkesveg 66.

12
Fylkesveg 66 finst på følgjande stader: (kjelde: Wikipedia)

Øvre Eiker – Nedre Eiker:

Fylkesveg 66 i Buskerud går mellom

Vestfossen i Øvre Eiker og

Nedberg i Nedre Eiker. Lengda på

vegen er 6,8 km.

Hamar – Ringsaker: Fylkesveg

66 i Hedmark går mellom

Trehørningen i Hamar og Alu i

Ringsaker kommune. Lengda på

vegen er 3,5 km.

Stord: Fylkesveg 66 i Hordaland

går mellom Sagvåg og Sagvåg

ferjekai i Stord kommune. Vegen

er 706 meter lang.

Frosta: Fylkesveg 66 i Nord-

Trøndelag går mellom Kråklund

og Lein i Frosta kommune. Vegen

er 2,7 km lang.

Eigersund: Fylkesveg 66 i

Rogaland går mellom Hellvik og

Hellvik stasjon i Eigersund kommune.

Vegen er 246 meter lang.

Tromsø: Fylkesveg 66 i Troms

går mellom Nordhella og

Nordkjosen i Tromsø kommune.

Vegen er 22,9 km lang.

Vennesla: Fylkesveg 66 i Vest-

Agder går mellom Graslia i

Vennesla og fylkesgrensa ved

Grua. Vegen er 8,6 km lang.

Ørsta: Fylkesveg 66 i Møre og

Romsdal går mellom Store-

Standal og Lekneset i Ørsta

kommune. Vegnummeret består

hovudsakleg av ferjesamband.

Sjølve vegen på Store-Standal er

25 meter lang.

Ting å hugsa på:

• Tenk på trafikktryggleiken. Skal deltakarane ha refleksvest

på seg?

• Høyr med lokale styresmakter/politiet før de legg opp til

bibelvandring langsmed trafikkert veg.

• Sjekk med lokale grunneigarar.

13
Rute 27

Ei stuttare bibelvandring kan gjennomførast som Rute 66,

men kan innehalda berre 27 stasjonar, det vil seia ei lesing

frå kvar av dei 27 bøkene i Det nye testamentet. Denne

varianten er meir overkomeleg, ikkje minst for konfirmantar

og ungdom. For mange nye bibellesarar vil eit møte

med tekstene i Det nye testamentet vera meir enn nok å

setja seg inn i.

Det meste som står ovanfor om Rute 66,gjeld òg for Rute 27.

Skilnaden er at ein kan tillata seg å lesa litt lengre tekstutdrag, i alle

fall frå nokre av bøkene,under ei stuttare vandring.

Ei slik vandring kan leggjast langsmed Fylkesveg 27, som finst

fleire stader i landet:

14

Ski: Fylkesveg 27 i Akershus går

mellom Dysterlia i Ås og Skotbu

stasjon i Ski.

Nedre Eiker – Drammen:

Fylkesveg 27 i Buskerud går mellom

Mjøndalen i Nedre Eiker og

Frydenhaugveien i Drammen.

Alta: Fylkesveg 27 i Finnmark går

mellom Gakori og Kvilekrysset i

Alta kommune. Vegen er 3,5 km

lang.

Ringebu – Folldal: Fylkesveg 27

går mellom Ringebu og Folldal.

Lengda på vegen er 82,7 km, av

dette er 26,1 km i Oppland og

56,6 km i Hedmark.

Stjørdal: Fylkesveg 27 i Nord-

Trøndelag går mellom Europaveg

14 og Flornes i Stjørdal kommune.

Lengda på vegen er 0,4 km.

Kristiansand: Fylkesveg 27 i

Vest-Agder (Tollbodgata) går

mellom Honnørbrygga og Elvegata

i Kristiansand kommune.

Vegen er 880 meter lang.
Forslag til tekster

Kva for tekster ein ønskjer å lesa under ei bibelvandring kan varierast.

På bibel.no/bruk-bibelen finst det forslag til tekster som kan lesast.

Ein kan sjølvsagt velja å lesa andre tekster enn dei som er føreslegne,

ut frå følgjande kriterier:

• Sidan det skal lesast 66 tekster, bør dei fleste vera nokså stutte.

• Tekstene bør vera sentrale i dei bøkene dei representerer.

• Dei fleste tekstene bør vera kjende, men ein kan òg leggja inn nokre ukjende

perler.

• Ein bør leggja vekt på ein viss raud tråd i lesingane, slik at ein kan skjøna

noko av samanhengen mellom bøkene i Bibelen.

DØME:

Første Mosebok 1,1-5:

Gud skaper verda

Det første som står i Bibelen, er at

Gud skapte verda. Det første som

vart skapt, var lyset.

Andre Mosebok 3,1-6:

Gud openberrer seg for Moses

Då Israelsfolket var slavar i Egypt,

synte Gud seg for Moses. Han førte

folket ut frå Egypt og gav dei

boda på Sinaifjellet.

Tredje Mosebok 16,20-22

Syndebukken

Gud bad Moses byggja ein heilagdom

i ørkenen. Ein gong i året, på

den store soningsdagen, skulle

Aron, bror til Moses, bera fram offer

for folket der.

Matteus 6,25-34

Ver ikkje urolege

Då Jesus stod fram, underviste

han ofte tilhengjarane sine utandørs.

Han peika på det folk kunne

sjå omkring seg, til dømes fuglar

og blomar, og tala ut frå det.

Markus 4,35-41

Jesus stiller stormen

I dei fire evangelia blir det fortalt

om mange under som Jesus gjorde.

Eit av dei mest kjente skjedde

då han stilte stormen på

Gennesaretsjøen.

Lukas 24,1-12 Jesus står opp

Alle dei fire evangelia sluttar med

forteljinga om at Jesus stod opp

frå dei døde. I alle evangelia er det

ei gruppe kvinner som er dei

første augnevitna.

15
16

Bibelvandring inne

Vi går frå stasjon til stasjon utan hastverk. Kvar stasjon inviterer

til ein kvil i ettertanke. Kvar stasjon inneheld noko

vi kan ta, kjenna, høyra, lukta eller sjå på. Det kan vera fint å

røra seg til roleg musikk,men det er ikkje naudsynt. Ein

kan gjerne gå stilt,akkompagnert av roleg musikk. Eller det

kan vera ei leidd vandring.

For alle som vil ha eit forhold til bibelforteljingar og bibeltekst,

er det ein overraskande fin ting å kunna røra seg fysisk

saman med teksta. Det ligg ein liten løyndom i det å gå

teksta inn i kroppen. Ei hjelp på vegen kan vera ei bibelvandring

i kyrkjerommet eller forsamlingssalen. Denne

vandringa er også lett å flytta ut i naturen. Ho kan tilpassast

både små og store saman,særleg viss dei små får noko

lesehjelp undervegs.

Forslag til bibelvandringar i kyrkjerommet kan vera med

tema påske, jul, ei bibelsk salme, likningar, læresveinar, ei

stuttare bibelforteljing.

Påskevandring inne

Set opp stasjonane på førehand. Ha ei ramme for vandringa.

Ramma kan vera gudstenesta, og vandringa kan

koma i staden for preika eller forbønsdelen. Ho kan òg fylla

eit møte, der ein innleier med song og innføring i vandringa,

og sluttar av med song. Heile forsamlinga blir leidd

frå stasjon til stasjon. Bilete og musikk er fint å bruka ved

sida av vandringa.
Palmesundag

– greiner som ein kan veifta med

og syngja ein hosianna-song.

Høve til å teikna eller forma

noko ut frå temaet «glede» («eg

er glad»). Forteljinga om palmesundag

kan forteljast enkelt.

Skjærtorsdag

– bitar av pitabrød å eta. Kanskje

også nokre av smakane frå påskemåltidet:

bitre urter minner

om at slavetida i Egypt var bitter,

mos laga av eple, nøtter, honning

og druejuice minner om mursteinsdeigen

dei laga som slavar

i Egypt, persille dyppa i saltvatn

minner om tårene i Egypt og

vandringa gjennom Sivsjøen,

pitabrød som minner om det

usyra brødet dei baka i all hast

då dei drog ut frå Egypt.

Forteljinga om påskemåltidet

for Jesus og læresveinane kan

forteljast enkelt.

– lystenning ved ein kross.

Gjerne med ein enkel song om

krossen, som solo- eller fellessong.

Forteljinga om at Jesus blir

teken til fange, forhøyrd og

krossfest langfredag kan forteljast

så enkelt det er mogleg å

få til.

Påskeaftan

– stille ved eit bord med svart

duk. Ingen lys eller pynt. Skriv

eller teikna ei bøn. Tema «sorg»

(«eg er lei meg»).

Påskemorgon

– ei «hole» av eit eller anna slag

der ein kan finna eit stort påskeegg.

Når ein opnar det, får ein

noko godt. Egget er som grava,

det ser hardt og glatt ut på utsida,

men inni er det noko godt

som held på å bryta fram. Lat

gjerne ein person vera utkledd

som engel, som fortel alle som

kjem inn i grava at «Han er ikkje

her, han er stått opp!» Og så blir

dei bodne godt frå påskeegget.

Langfredag

17
Salme 23

«Herren er

min hyrding»

Her treng ein ikkje å følgja rekkjefølgja

i teksta. Då kan ein vera

i si eiga ro, samtidig som ein er

merksam på dei andre: ein fordeler

seg jamt ut over stasjonane,

ei tekst ved kvar stasjon.

Mindre born treng nokon som

les for dei. Kanskje kan dette løysast

på den enklaste måten ved

at kvar stasjon har sin faste leiar.

Bilete av den gode hyrdingen.

Heile Salme 23 å meditera over.

«Kjenne-kasse» = kasse med

hòl å stikka handa inn i og gjetta

kva ein kjenner. Inni kassa noko

ull, stein og noko seigt. Ull som

kan gje oss assosiasjonar til

sauene, stein som kan vera ein

kontrast og samtidig den steinete

ura ein sau kan gå seg vill i,

noko seigt fordi det er leikande

ekkelt. Tekst: «Herren er min

hyrding, eg manglar ikkje noko».

23,1

Madrass som ein kan kvila seg

på. Tekst: «Han lèt meg liggja i

grøne enger.» 23,2

Bord med blått stoff, vassmugge

med glas å drikka av.

Tekst: «Han leier meg til vatn

der eg finn kvile.» 23,2

Stav ein kan gå ei lita runde med,

for å kjenna korleis han støttar.

Tekst: «Om eg så går i dødsskuggens

dal, er eg ikkje redd for

noko vondt. For du er med meg.

Din kjepp og din stav, dei trøystar

meg.» 23,4

Bollar å eta. Tekst: «Du dukar

bord for meg framfor mine fiendar.

Du salver mitt hovud med

olje. Mitt beger renn over.» 23,5

(Her er det òg mogleg å ha ein

nattverdstasjon.)

Utenåt-stasjonen: Ein kan ha ei

leidd utanåtlæring av heile

salmen. Knytt gjerne kvar

meiningseining til ei rørsle, då

hugsar ein lettare. Denne

stasjonen bør vera på ein stad

der ein ikkje uroar andre.

18
Sauen som

vart funnen

Dette kan vera eit innslag i ei

gudsteneste eller på eit møte.

Det krev at ein ikkje har spreidd

seg ut over eit for stort rom.

Gøym 99 «sauer» rundt i rommet

og ein som du har kontroll

på ikkje blir funnen. Det skal

vera den eine som kom bort.

«Sauene» kan vera alt mogleg

som kan assosierast med ordet

sau; bomull, garn, kvite steinar,

dorullar, leiker – bruk fantasien!

Be om hjelp til å finna alle sauene.

Tel opp. Når 99 er funne,

manglar det framleis ein. Du finn

han til slutt.

Les eller fortel likninga.

Nelly Bube. Foto: Dag Kjær Smemo

19
Gjer bibeltekst og bibelforteljing

fysisk! Gå dei inn i kroppen!

I heftet finn du:

· Utandørs gudsteneste

· Fjelltur med Bergpreika

· Påskevandring ute

· Rute 66

· Rute 27

· Påskevandring inne

· Salme 23 «Herren er min hyrding»

· Sauen som vart funnen

ISBN 978-82-541-0904-5

Bibelen open for alle

9 788254 109045