03.01.2020 Views

Med lykti i hand · Garborg som diktar og tenkjar

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.) ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida. «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.
«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

AG

«MED LYKTI I HAND»

GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR

ESKIL SKJELDAL, GUDLEIV BØ OG NORUNN ASKELAND (RED.)

efrem forlag

«MED LYKTI I HAND»

AG

«MED LYKTI I HAND»

GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR

ESKIL SKJELDAL, GUDLEIV BØ OG NORUNN ASKELAND (RED.)

efrem forlag

INNHALD

7 «MED LYKTI I HAND» FORORD

«AA HJELP MEG DU, SOM HJELPA KAN!»

GARBORG PÅ LEITING

15 gudleiv bø Arne Garborg og individualismen

49 jan inge sørbø «Om den saa skal føre til Helvede»

67 jon hellesnes Verdsleg religion? Eit essay om

Arne Garborg som moralteolog og religionskritikar

83 arnfinn haram o.p. Den burtkomne kyrkja

– kyrkja i Arne Garborgs truskamp

105 eskil skjeldal Rastløs, mellom Gud og den annen

– etisk teologi hos Arne Garborg

129 nina myking Arne Garborgs møte med

spiritisme, teosofi og antroposofi

147 tor obrestad Vegen mot Jesus Messias

«FORMER LÆT SEG HERMA,

MEN IKKJE AAND»

GARBORG I SKOLEN

173 norunn askeland Garborg, læraren og lærebøkene

187 geir winje Garborg i rle-faget? Religion i det moderne

203 eva maagerø Garborg på Finneferd – om Garborgs

reiseskildring fra Nord-Norge i 1905 og om bruk av teksten i skolen

«DIN UMULIGE G.»

GARBORG SOM VENN

229 sigrid bø grønstøl «Sån passelig skilt»

– kunstnarparet Garborg

245 ine fintland Forfattarportrett i brevvekslingar

– Arne Garborg, Hulda Garborg og Amalie Skram

«POKKER, DETTE BREV BLEV

JO EN BIOGRAFI ALLIGEVEL!»

GARBORG I LITTERATURHISTORIA

279 øyvind bakke haaland Kristelig dekadanse

i Arne Garborgs Fred

305 eldrid lunden Sekulær dogmekritikk hos

Arne Garborg med utgangspunkt i Haugtussa og Fred

327 sveinung time Om å konstruere livslinja si,

eller: Om korleis to lause trådar blir ein livstråd

350 BIDRAGSYTARAR

«MED LYKTI I HAND»

arne (aadne) eivindson garborg (1851–1924) lever for ettertida

på fleire måtar enn dei fleste andre diktarar. Han lever ikkje berre

gjennom diktverka sine, men også ved at han meir enn dei fleste forma

det samfunnet som no formar oss. Sjølv koketterte han med at han var

upraktisk. Men han makta i alle høve å bli midtpunkt og symbolfigur

for ei folkerørsle som sette viktige spor i norsk historie. Ikkje minst

inspirerte han den meir praktiske kona si Hulda. Utan han hadde neppe

nynorsken nådd ei slik utbreiing som den gjorde. Og målrørsla forløyste

uttrykksevna til generasjonar av skrivande kvinner og menn – kvardagsmenneske

og diktarar; somme av nynorskdiktarane våre ville kanskje ha

blitt diktarar likevel – men ikkje dei diktarane som dei blei. Dei miljøa

som held folkelege tradisjonar levande innan musikk, dans, forming,

kokekunst osv., ville neppe ha hatt slik breidd og kraft utan ekteparet

Garborg. Bunaden ville neppe ha vore festplagg i alle samfunnslag.

Truleg ville den norske respekten for «motkulturar» vore mindre. Den

norske toleransen for dialekt-bruk ville også ha vore vesentleg mindre.

7

med lykti i hand

Kort og godt: Arne Garborg lever ikkje berre i språk- og litteraturhistoria

vår, men i dei sær-norske kulturmønstra som han var fødselshjelpar for.

Men det finst sider ved Garborgs innsats som har vore etter måten lite

påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, den Garborg som Ivar Mortensson-Egnund

i minnetala si mintest som ein mann «med lykti i hand», på

evig leiting «etter upphavsbrunnen og årsakskrafti». Egnund tala òg om

Garborgs «gode engel» – som lova Garborg å få «byggje bru» til framtida

med tankane sine. Vi som står bak denne boka, tar vårt utgangspunkt i

at engelen heldt lovnaden sin! Tenkjaren Garborg var viktig for si samtid,

men dette aspektet ved forfattarskapen hans er i dei siste generasjonane

blitt trengt til sides av diktaren og språkmannen. Vi meiner at han har

ein bodskap nettopp til vår fleirkulturelle tid: Ingen sanningar er

sjølvsagde lenger; vi tar imot tankeimpulsar frå alle verdshjørne heile

tida, og vi må difor, som Garborg, tenkje sjølve. Då blir det viktig at han

gjør oss medvitne om vår eigen tradisjon, som han kritiserer, samtidig

som han er eit føredømme for oss med sin vilje til dialog med det

framande.

Difor er den første og største bolken av denne boka vigd til «Garborg på

leiting». Gudleiv Bø skriv om individualisme, kollektivisme og kristen

humanisme hos Arne Garborg. Han tar utgangspunkt i Garborgs

reaksjonar på Ibsen, Kierkegaard, Nietzsche og Tolstoj, og analyserer

deretter dei religiøse skriftene med særleg fokus på utviklinga hans mellom

«Troen paa Livet» (1895) og Den burtkomne Faderen (1899). Til slutt

blir perspektivet utvida til Garborgs utopi om ein alternativ modernitet,

inspirert av norsk slektstradisjon, Bibelen og Henry George.

Det djupe eksistensielle alvoret følgde Garborg heile livet. Jan Inge

Sørbø koblar dette alvoret til den åndelege uroa, og viser at det som bind

dei to saman, er Garborgs redsle for helvete. Garborgs søken dreier seg

heile livet om kva som er sant i objektiv forstand, og dermed sant for alle.

Alvoret i å fare vill hadde Garborg lært noko om i oppveksten. Det

kunne i bokstaveleg forstand «føre til Helvede». I denne artikkelen

8

forord

argumenterer Sørbø for at Garborgs forplikting på «Sandheden», også i

spørsmålet om helvete, er langt å føretrekkje framfor ulne formuleringar,

som verken held fast ved eller forkastar dette vanskelege punktet i den

kristne læra.

Jon Hellesnes drøftar Garborgs innsats som moralteolog, og karakteriserer

den som både «heiderleg og heroisk». Men han problematiserer

Garborgs teologiske prosjekt på to punkt. For det første er den sinnelagsetikken

som Garborg les ut av evangelia, naiv; for det andre tar Garborg

for lett på det apokalyptiske perspektivet hos Jesus frå Nazaret. Garborg

konstruerer ein «dennesidig» livsfilosofi på grunnlag av forteljingane om

Jesus, men dette er det neppe sakleg grunnlag for.

Kva slags lære om kyrkja (ekklesiologi) finn vi hos Garborg? Var han

open for dei metafysiske sidene ved kristentrua, eller stoppa den religiøse

interessa hans ved moralfilosofen Jesus Kristus? Arnfinn Haram les

Garborgs kyrkjesyn opp mot den tidas progressive teologar, og finn

mange fellestrekk. Men er kristentrua likevel kanskje meir enn etikk?

Haram finn ei opning hos Garborg i Den burtkomne Faderen. Formspråket

i denne romanen utvidar sinnet og fører lesaren til bøna sitt

grenseland. Og kva som er på den andre sida av denne grensa, let

Garborg oss berre ane, hevdar Haram.

Der Haram tydeleg posisjonerer Garborgs teologi som eit

liberalteologisk prosjekt, forsøker Eskil Skjeldal å lese Garborgs teologi

i lys av klassisk kristen mystikk, skandinavisk skapingsteologi og nyare

jødisk moralfilosofi. Garborgs refortolking av kristendom som praktisk

engasjement i etikk og politikk botnar kanskje i eit skapingsteologisk syn

på gudserkjenning? Skjeldal argumenterer også for at Den burtkomne

Faderen nærmar seg klassisk kristen mystikklitteratur, og hevdar at

romanen opnar opp for ein kristen eksistensialisme og ein gudslengt som

norsk kristenliv ikkje kan forbigå.

Nina Myking undersøker Garborgs interesse for visse esoteriske

straumdrag som blei aktuelle i Noreg i tiåra rundt førre hundreårsskifte.

Han tok del i spiritistiske seansar, hadde kontakt med sentrale personar

9

med lykti i hand

innan teosofi og antroposofi og var vel innlesen på mykje av den aktuelle

litteraturen. Han var tydeleg skeptisk, men aksepterte ein karakteristikk

som vennen og antroposofen Ivar Mortensson-Egnund gav han: «(…)

religiøs er eg vel på min måte, um eg ingen ‹Religion› hev».

Tor Obrestad bygger på sin store kompetanse som Garborg-biograf

når han i sin oversiktlege artikkel skisserer Garborgs veg mot verket Jesus

Messias, verket som i følge Obrestad rommar den innsikta Garborg søkte,

og den sjelefreden han lengta etter. Vegen var lang og hard, for Garborg

søkte over alt der det kunne finnast meining. Men målet var heile livet

det same: å forstå kristendommens eigentlege vesen, og å vinne åndeleg

fridom. Dermed går Obrestad på tvers av sin eigen Garborg-biografi og

andre Garborg-forskarar sine synspunkt når han her argumenterer for at

forfattaren mot slutten av livet faktisk fann eit livssyn han kunne kvile i.

Arne Garborg såg på Noreg som «to nasjonar». Men innsatsen hans som

diktar, språkmann og journalist har sikra han klassikarstatus i båe

nasjonane – også den store nasjonen – den som vel pensum for alle ungdommar

i landet. Den andre bolken i boka vår handlar om Garborg i

skolen – kva posisjon han har – og korleis ein kunne fornye bruken av

diktinga og tankane hans. Norunn Askeland skriv om Garborgs plass i

lærebøker i norsk i ungdomsskolen og vidaregåande skole dei siste tjue

åra. Ho dokumenterer at Garborgs posisjon i norskfaget er raskt fallande,

kanskje på grunn av bortfall av godkjenningsordninga for lærebøker,

men truleg også fordi lærebokforfattarar og antologiredaktørar ikkje nyttar

høvet til å framheve den internasjonale Garborg og tenkjaren Garborg.

På bakgrunn av dette skisserer ho nokre nye typar Garborg-tekstar

for skolen, og nokre nye bruksmåtar.

Geir Winje peiker på parallellen mellom Garborgs haldning til

religiøsitet og det nye rle-faget i norsk skole (religion, livssyn, etikk).

Med sine omsettingar av urgammal indisk poesi, med si opne haldning

til okkultistiske straumdrag i samtida, med sine kunnskapar om kristen

tradisjon, og med si vektlegging av ein universell moral, opnar Arne

10

forord

Garborg for dialog mellom religionar og livssyn. Der er han på line med

målsettinga for rle-faget, som er at menneske med ulik tru skal forstå

og anerkjenne kvarandre.

Eva Maagerø tek for seg teksten «Ei finneferd» som Garborg skreiv

etter ei reise i Nord-Noreg i 1905. Ho viser at Garborgs reiseskildring

også er ein interessant tekst i dag og har eit stort potensial for skolen,

både på grunn av tekstlege val og eit innhald som inviterer til interessante

diskusjonar. Garborg skriv ein begeistra tekst i møtet med den nordnorske

naturen og menneske som bur i nord, og nyttar mange litterære

grep for å få fram begeistringa si.

Den eldre Arne Garborg fekk ord på seg for å vere ein folkesky einstøing.

Men han var ein sann venn og stimulerande samarbeidspartnar for svært

mange – nordmenn og utlendingar, målfolk og «heimedanskar», kvinner

og menn. Den neste bolken i boka handlar om Arne Garborg som venn.

Sigrid Bø Grønstøl skriv om kunstnarparet Garborg, særskilt sett frå

Hulda sin synsvinkel. Somme biografar har framstilt det ekteskapelege

samlivet mellom Hulda og Arne som trist og tragisk. Men Grønstøl

samanliknar relasjonen deira med andre vidgjetne intellektuelle par. Frå

eit slikt perspektiv blir Arne og Hulda «eit kunstnarpar i fortruleg og

produktiv balanse»; Hulda synest å oppleve «lidenskap i åndsarbeidet,

og kameratsleg likeverd i kjærleikslivet».

Brevvekslingane mellom Arne og Hulda Garborg og Amalie Skram

står i fokus for Ine Fintlands essay. Breva fungerer som medium for

utprøving av roller. Både brevskrivaren og mottakaren står ofte fram som

motsetnadsfylte: «Sjølvet blir (…) brote opp og sett saman på nye måtar,

brevet gir høve til å drøfta disharmonien.» Men framfor alt er breva «ein

arena for erfaringsutveksling der Arne, Amalie og Hulda oppmuntrar

kvarandre som forfattarar».

Garborg har overlevd alle litteraturvitskaplege «skolar», frå dei historiskbiografisk

orienterte, som Gerhard Gran, til vår tids flora av formalistar,

11

med lykti i hand

retorikarar og idehistorikarar. Den siste bolken vår presenterer nokre

døme. Øyvind Bakke Haaland viser at romanen Fred er ein roman om

pietismen i Noreg. Og fordi pietismen er eit moderne fenomen, fødd av

den moderne individualismens sjølvfokusering, blir Fred eit framhald av

«dekadanseromanen» Trætte Mænd. Medan Trætte Mænd handlar om

Kristiania-intelligensiaens frustrasjonar, fortel Fred om ein folkeleg

dekadanse der den jordiske røyndommen misser sitt verde bak eit kaos

av himmellengt og helvetesangst.

Det overordna grepet i Eldrid Lunden sitt essay er at det som framfor

noko kjenneteiknar Garborgs forfattarskap, er «sekulær dogmekritikk».

Dette inneber at han alt omkring 1880 nærmar seg modernismen, som

jo ønskjer å framstå som antidogmatisk. Fokus blir då ikkje poetologiske

«-ismar», «det nasjonale», «religionen», «forfattar-personlegdommen»

osv., men alle desse – som delar av ein heilskap. Analysar av Trætte Mænd,

Fred, Haugtussa og Læraren blir «fire variasjonar» over denne hypotesen.

Som forfattar var Garborg retorisk medviten, ikkje minst i sakprosa

og i brev, der han på ulike måtar kunne ha ein språkleg og tekstleg leik

gåande med lesaren. Dette blir synleg gjennom Sveinung Times retoriske

analyse av det kjende sjølvbiografiske brevet som Garborg skreiv til litteraturhistorikaren

Gerhard Gran 20. Juli, 1896. Time viser her korleis

Garborg på ein til dels sjølvironisk måte konstruerer livslinja si i skrift i

fleire vendingar. Han viser også korleis dei to lause trådane i Garborgs

liv, det religiøse og det nasjonale, etter kvart samlar seg til det Time kallar

«ein livstråd».

Boka er blitt gitt ut med støtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Rogaland

fylkeskommune. Redaktørane takkar for støtta, og håpar at boka kan

bidra til å kaste nytt lys over ein av dei mest markante diktarane og tenkjarane

i Noreg.

Oslo, 25. januar 2011

eskil skjeldal, gudleiv bø og norunn askeland

«AA HJELP MEG DU,

SOM HJELPA KAN!»

GARBORG PÅ LEITING

ARNE GARBORG OG

INDIVIDUALISMEN

GUDLEIV BØ

Individ og modernitet

individualisme er både ein måte å leve på og ei haldning til livet og

til andre menneske. Arne Garborg var neppe framand for individualisme

som ein måte å leve på; han var ein eigenrådig individualist i dét at han

braut med far sin og ættelojaliteten og sa frå seg odelsgarden. Hulda fortel

at han var ein einstøing i kvardagslivet, og som offentleg figur var han evig

opposisjonell. Likevel utviklar han etter kvart ei intellektuell overtyding

om at individualisme som livshaldning er problematisk, og han avskyr

dei kreftene i det moderne samfunnet som stimulerer individualismen.

Det er dei intellektuelle refleksjonane hans om dette vi skal følgje her.

Truleg har det funnest eigenrådige individualistar til alle tider. Men

individualisme som livshaldning blei ikkje «politisk korrekt» før med

moderniteten. Når helten Gisle i Soga om Gisle Sursson ser at søstera Tordis

15

med lykti i hand

flørtar med ein mann som far deira mislikar, drep Gisle friaren – for å

forsvare æra til ætta si. Og dette er med på å gi han heltestatus i verdiuniverset

i soga – han er ein heidersmann fordi han respekterer skikk og

bruk; han er overtydd antiindividualist – medan Tordis og kjærasten

prøvde å vere eigenrådige. Denne soga går føre seg i Norge og på Island

på 900-talet. Og på 1800-talet hadde ætta framleis rett til å godta eller

avvise ungdommens val av kjærast. Dette handlar mange av romanklassikarane

våre på 1800-talet om – frå Amtmandens Døttre av Camilla Collet

over Synnøve Solbakken av Bjørnstjerne Bjørnson til Garman & Worse

av Alexander Kielland.

Dette viser at einskildindividet i det førmoderne samfunnet var mykje

tettare innvevd i ymse slags kollektiv enn no – ikkje bare familie og slekt,

men også i grend og bygd, laug og arbeidsfellesskap. Alle desse kollektiva

var den einskilde forplikta i høve til. Det kunne gjelde kven ein burde

gifte seg med, eller meir generelle normer for oppførsel. Til gjengjeld for

innordninga hadde kollektivet eit visst ansvar for einskild-medlemmen,

m. a. mot alle slags forulempingar utanfrå. Livet i kollektivet var oftast

temmeleg statisk; det rådde gjerne eit forventningspress der om at du

skulle bli verande «den du var»; sosial mobilitet var nesten tabu.

Men den historiske «moderniseringsprosessen» har ført til at einskildindivida

no står mykje friare i høve til dei fleste kollektiv: Ein vel sjølv

yrke, venner, ektefelle, bustad osv. Sterkaste drivkrafta til endringane var

truleg kapitalismen; den einskilde skulle konkurrere på marknaden med

alle dei andre – i teorien ubunden av dei gamle gruppelojalitetane. Og

når einskildindividet blir berar av storsamfunnet, veks det fram forventningar

om juridisk vern av einskildindividet. Etter kvart får vi konstitusjonelle

demokrati der kvar og ein ideelt sett står like fritt – og like bunde

– av eit sams lovverk – jamvel kongen; det er ikkje lenger han som formar

ut og vedtek lovene, og han er sjølv underlagt lova.

Denne utviklingsprosessen har fått si eiga ideologiske referanseramme

både religiøst og allmennfilosofisk. På det religiøse nivået blir reformasjonen

ei drivkraft. Når Bibelen blir sett om frå latin til dei europeiske

16

ø | arne garborg og individualismen

morsmåla, er det fordi det ikkje bare er kyrkja og dei bibelkunnige som

er ansvarlege for folks religiøse liv; soknebarna er sjølve ansvarlege for å

kjenne og forstå Guds ord. Ei styrking av dette fekk vi truleg med pietismen

frå 1700-talet og frametter: Mest like viktig som kva ein trudde,

var det korleis ein trudde – om ein trudde lidenskapeleg og intenst; då

måtte ein kjenne etter på sitt eige sjeleliv; ein blei meir indrestyrt og sjølvmedveten,

og truslivet stimulerte eit eige språk for religiøse stemningar

– i salmar og andaktsliv. (Jfr. Haaland 2011.)

På eit sekulært nivå følgde viktige filosofiske retningar opp. Immanuel

Kant viser kor avgjørande einskildindividet sjølv er for all erkjenning: Vi

kan ikkje vite at eg ser det same som du; tingen sjølv er det ingen som kjenner

heilt presist. Det erkjennande subjektet kjem i fokus på ein ny måte.

Dette følgjer romantiske filosofar som Fichte og Schelling opp på kvar sin

måte. Og romantisk dikting viser ny interesse for sjeleliv og psykologi.

På eit meir konkret sosiologisk nivå utvikla det seg ei mellomform

mellom dei mange små kollektiva i det førmoderne og dei fristilte individa

i det moderne – nemleg nasjonalstaten. Tidlegare var europeiske

statar multikulturelle eller multinasjonale fyrstedømme. Men frå slutten

av 1700-talet og frametter byrja folkegrupper som opplevde at dei delte

historie, språk, religion og/eller sosiale verdiar, å erklære seg som

«nasjonar», og på det grunnlaget krevje at grensene mellom statar burde

falle saman med grensene mellom nasjonar. I løpet av eit litt forlenga

1800-tal – frå den franske revolusjonen i 1789 til Versailles-freden i 1918

– endra Europa seg frå eit kontinent av multinasjonale statar styrte av

noen få fyrste-dynasti til nasjonale demokrati. Og «nasjonsbyggarane»

meinte at nasjonen – kollektivet – stod over private interesser.

Garborg, Ibsen og Kierkegaard

ibsen var den diktaren som mest kraftfullt markerte overgangen

hos oss; i dramatikken frå 1850-talet og fram til og med Kongsemnerne i

1863 var han nasjonalromantikar. I dette dramaet – og i Fru Inger til

17

med lykti i hand

Østråt – gjeld konflikten nettopp ei avveging av pliktene mot nasjonen

i høve til pliktene mot dei nærmaste. Som nasjonalromantikar oppfatta

Ibsen nasjonen som noe delvis metafysisk. Han tenkte i nyplatonske

kategoriar: Alle dennesidige fenomen hadde sin idé – slik som i Platons

hole-likning. «Bak» nasjonen finst Guds idé med nasjonen. Han har ei

særskilt oppgåve for kvar nasjon, ei oppgåve som folket kan ane. (Bø

2000: 27, 179f.)

Men i Brand frå 1866 har denne paradisiske harmonien mellom Gud

og menneska brotna for Ibsen. Då nordmennene ikkje kom Danmark

til hjelp i krigen mot Bismarck og Prøyssen i 1863, vart det klårt for han

at det var eit botnlaust svelg mellom Norge på den eine sida og alt som

var rett og godt – dvs. i pakt med Guds vilje – på den andre. Difor er

Brand noe så nær det same på norsk som Paradise Lost er på engelsk:

Nesten alle norske kvinner og menn er ynkelege; dei lever nærmast

motsett dét som var Guds intensjon med dei. Det aningsfulle gudsnærveret

er tapt – det som fanst hos Adam før syndefallet. Bare det eineståande

sterke viljesmennesket – slike som hovudpersonen Brand – kan

ane, og følgje, Guds vilje. Dermed er mennesket rykt ut av alle kollektiv;

bare individet og gudsrelasjonen står att. Brand driv dette så langt at

jamvel dei aller nærmaste står i vegen for hans eige gudsforhold. Guden

hans gir han ikkje lov til å ta omsyn til kone og barn. Då vesle Alf døyr,

nektar han Agnes å sørgje; ho skal med glede akseptere Guds vilje. Men

han får sjølv problem med dette kravet når Agnes døyr frå han, og han

ikkje kan late vere å sørgje over henne. Alt dreiar seg om Gud;

medmenneska er helst i vegen for gudsrelasjonen.

Her har Ibsen skapt den stridaste individualisten i litteraturen vår.

Men sjølv om diktaren med ein del av seg sjølv ovundrar helten sin, og

kallar han «migselv i mine bedste øyeblikke», så er han ein for driven og

klok diktar til å late vere å problematisere det som Brand står for. Både

det ego-sentriske perspektivet hans og den menneskelege kulden som

han utviklar til alle medmenneske, er med på å undergrave den

individualismen som han representerer. Og Ibsen held fram med å

18

ø | arne garborg og individualismen

problematisere individualismen vidare ut gjennom forfattarskapen sin;

jfr. Peer Gynts egoisme – eller dei visjonære, men omsynslause genia i

dramatikken frå 1890-talet – Bygmester Solness, John Gabriel Borkman.

Ibsen viser at individualismen skaper problem for forholdet mellom

menneska: Korleis kan ein forsone individualisme på den eine sida og

kjærleik, lojalitet, moral på den andre? (Bø 2006.)

Det er her Arne Garborg kjem inn. Også for han blir oppfatninga av

kristendommen avgjørande for haldninga til individualismen. Mange

kjenner bakgrunnen hans med den strengt pietistiske faren, som han gir

eit portrett av i romanen Fred frå 1893. (Jfr. t. d. Tor Obrestads artikkel

i denne boka.) Garborg fortel i eit langt sjølvbiografisk – og sjølvironisk

– brev til Gerhard Gran frå 1896 at det første lesestoffet hans var

«Bibelen, Bibelen, Bibelen, fra Perm til Perm, item Psalmer, Postiller etc.»

(Garborg 1980, b. 12:153, note. Dersom ikkje andre utgåver blir nemnde

særskilt, gjeld alle tilvisingar til Garborg denne utgåva; eg viser bare til

bind og sidetal.) Og det tok tid før han stod fram som den stride kyrkjekritikaren

litteraturhistoriene skriv om. Då han først stod fram som skribent,

var han ein heller konservativ kristen. I artikkelen «Nåde for illusjonerne!»

frå 1872 ironiserer han – 21 år gammal – over spissborgarleg

snusfornuft og konvensjonell besserwissen – og appellerer til lesaren om

å gi rom for fantasi, abstrakte verdiar og personleg tru. (b. 10:24ff.) I det

lange essayet om Ibsens dobbeltdrama Keiser og Gallilæer frå 1873

kritiserer han Ibsen for hans evige tvil. Ibsen har «intet at give» fordi han

«er selv kun en Søgende», ein «som altså ikke er istand til at omfatte og

tilegne sig noget Bestemt i Overbevisning og Tro.» (Garborg 1874:6–7.)

I artikkelen «Kondenseret Kristendom» frå 1876 avviser han at ein skulle

kunne isolere tanken om nestekjærleik frå dogmatikken: «(…) den kristelige

næstekjærlighed [kan ikke] tænkes uden troens og åbenbaringens

forudsætninger». (b. 10:104.) Og han var ein av dei som offentleg forsvarte

Det akademiske kollegium då Universitetet i Kristiania i 1872

nekta Georg Brandes å førelese der på grunn av dei kristendomsfiendtlege

meiningane hans. (b. 10:105ff.)

19

med lykti i hand

Då Garborg seinare ut på 70-talet blei ein meir og meir pågåande kyrkjekritikar,

var det i første omgang kyrkja som sosial institusjon kritikken

galdt; ho var politisk konservativ og fungerte som samfunnsstøtte for eit

djupt urettferdig klassesamfunn. Men snart raknar også den kristne

dogmatikken for han. I «Den religiøse erkjendelses princip» frå 1881 (b.

10:236ff.) torpederer han på strengt erkjenningsteoretisk grunnlag den

same dogmatikken som han hadde forsvart i «Kondenseret Kristendom»

fem år før.

Når det så gjeld Garborg og individualismen spesielt, skal eg ta

utgangspunkt i Ibsen-kritikken hans. I det nemnde brevet til Gerhard

Gran fortel han at han i tenåra hadde opplevd Ibsen «som en

Sprængbombe»; Brand hadde gjort han «enda galere og mer overspændt»

enn alt anna – heilt til Peer Gynt «sprængte Brandgalskaben igjen og

efterlod alt i Ruiner og Røys. Jeg var nu ‹Tviler› og ‹Spotter› og alt og

ingenting og Gud ved hvad (…)» (b. 12:154.) Når ein ser kor intenst han

opplever Ibsens skrifter i desse åra, kan ein gjøre seg tankar om kvifor

han som ung skribent valde pseudonymet «Alf Buestreng». Det er med

dette namnet han signerer «Nåde for illusjonene» t. d. Kan det vere fordi

han kjenner seg som ein «son av Brand»? Som nemnt heiter sonen til

Brand Alf – den sonen som Brand let døy for at han sjølv skulle kunne

halde fram med å røkte gudsforholdet sitt. Arne tar altså pseudonymet

Alf, og legg så til eit etternamn – «Buestreng» – som konnoterer både

spenningar og aggresjon. Vi må kunne spørje om han med dette vil gi

luft til ei kjensle av at den far–son-relasjonen han sjølv har sprunge ut av,

forholdet til Eivind Garborg, liknar relasjonen mellom vesle Alf og

Brand i Ibsens drama.

Nettopp i dette perspektivet er det interesssant at den neste viktige

artikkelen han skriv om Ibsen – etter Keiser og Gallilæer – er i høve

urframføringa av Peer Gynt i 1877, men noe av det mest interessante her

er noen synspunkt han har på Brand. (b. 10:73ff.) Han meiner å sjå at

dette dramaet er inspirert av Søren Kierkegaards tankar. Men den danske

filosofen prøver å reise «livskravet i dets hele, nøgne, ubønhørlige

20

ø | arne garborg og individualismen

virkelighedsalvor» (b. 10:76). Og så kjem Henrik Ibsen «og digter hele

Søren Kierkegaard, med hud og hår, med alt hans fortvivlede alvor, lyslevende

om i et storartet poesibillede (…) Dette poesibillede var Brand.

Brand er ideelt, hvad Kierkegaard vilde, at tidens mand skulle være

virkelig . (…) Den absolut ethiske fordring er omsat i æsthetik (…) Hans

krav er digtet ind i livet i stedet for at leves derind.» (b. 10:76–77.)

Kva tyder omgrepet estetikk her? Simpelthen at «livskravet» er blitt til

diktekunst i staden for levd liv? Eit stykke på veg kan det sjå slik ut:

Brand-figuren har drag av «sentimental romanhelt-ideal»; viljeskravet

hans er «et vildsomt poetisk sværmeri». Men eg trur at Garborg legg noe

meir i uttrykket. Han brukar ordet estetisk om ein måte å leve livet sitt på

– slik Kierkegaard gjør når han skisserer sine tre «stadier» – det estetiske,

det etiske og det religiøse. For Kierkegaard er det estetiske stadiet nærmast

det same som å halde seg ironisk distansert til alt og alle, slik «Johannes

Forføreren» i Enten–Eller nyt å sjarmere kvinner i senk før han ignorerer

dei igjen. Det er unekteleg overraskande at Garborg karakteriserer den

alvorlege og sterkt religiøse presten Brand som ein slags estetikar! For at

dette skal gi meining, må Garborg her vri Kierkegaards «estetiske

stadium» til i og for seg å kunne romme eit oppriktig livsalvor, men dette

alvoret rettar seg ikkje utetter mot nesten, bare innetter – mot det eigne

subjektet. Garborg illustrerer poenget sitt med å peike på at Brand ikkje

vil noe bestemt – «der er egentlig ikke noget, som han vil, han vil intet

bestemt; han vil blot dette blå, poetisk almindelige: han vil ‹ville› (…)

Den virkelige viljekarakter (…) sætter sig bestemte opgaver og bærer dem

frem.» (b. 10:78.) Det må vere dette som er estetisk livshaldning for

Garborg – sjølvsuggesjon i staden for arbeid for medmenneska.

Ved første augnekast råkar denne kritikken bare Ibsens Brand. Men

indirekte blir det også ein kritikk av Kierkegaard. For det var ikkje bare

Garborg som oppfatta Brand som inspirert av Kierkegaard; det var ei

ålmenn oppfatning at det var slik. Francis Bull fortel at «Det var mange

lesere av ‹Brand› som mente at at Kierkegaard måtte ha vært direkte modell

for Brand-skikkelsen» (Bull 1960, b. iv,1:353). Edvard Beyer seier det slik:

21

med lykti i hand

I tallrike enkeltheter og hele problematikken faller slektskapen med

Søren Kierkegaard sterkt i øynene. Om Ibsen selv sa at han hadde lest

lite av ham og forstått enda mindre, så lå tankene i luften. Dessuten

var begge de Brand-modeller Ibsen selv har nevnt [Chstistopher

Bruun og Gustav Adolf Lammers] sterkt påvirket av Kierkegaard.

(Beyer 1975:264.)

Det er neppe tvil om at dei fleste lesarar og teatergjengarar tok det for

gitt at Brand gjennomgåande opererte på Kierkegaards religiøse stadium.

Når vi då oppfattar avvisinga av Brand som Kierkegaard-kritikk, blir det

eit verkeleg susande svingslag. For viss den lidenskapeleg truande Brand

er ein estetikar, då inneber det at Garborg avviser Kierkegaards religiøse

stadium som estetikk – Kierkegaards lidenskapelege tru blir ekstatisk

sjølvsuggesjon. Det blir ingen avgjørande skilnad på det estetiske og det

religiøse stadiet; jamvel om det første blir oppfatta som sekulært og

amoralsk og det andre som himmelvendt og eit føredømme for alle, så

er dei i røynda to sider av samme sak: Det er to ulike former for massasje

av sinn og kjensler.

Og kanskje var det endå fleire lag her: For det første altså ein

indirekte kritikk av Kierkegaard bak Brand-kritikken. Og for det andre

var det truleg bak Kierkegaard-kritikken ein indirekte kritikk av norsk

vekkings-kristendom. For Kierkegaard var viktig for den lågkyrkjelege

vekkingskristendommen i siste helvta av 1800-talet. (Rasmussen

2002:191–200.) «Dei vakte» i Norge var rett nok meir ortodokse når det

galdt visse gamle lutherske konfesjonskrav enn Kierkegaard var. Men

dei henta støtte hos han i striden mot det moderne naturvitskaplege

verdsbildet, som tok til å gjøre seg gjeldande for alvor i nettopp denne

perioden. Kan hende den viktigaste debatten innan den intellektuelle

eliten i Norge i desse tiåra galdt nettopp dette: Kva status skulle

naturvitskaplege metodar, rasjonalisme og positivisme ha i freistnadene

på å forstå den ytre verda, og kva status skulle tradisjonelle førestillingar

om åndelege krefter bak den ytre naturen ha? I dette spørsmålet var

22

ø | arne garborg og individualismen

sjølvsagt vekkingskristendommen konservativ, og «Kierkegaard kunne

oppfattes som en talsmann for (…) det kompromissløse forsvaret av

troen mot vantroen, og som talsmann for troen som den enkeltes helt

personlige valg.» (Rasmussen 2002:197.)

Det er altså rimeleg grunn til å gå ut frå at når Garborg går til åtak på

Ibsen og Brand, så er noe av poenget også å råke dei heimlege vekkingsrørslene.

Og kanskje skimtar vi bak alt dette Alf Buestreng – son av ein fanatisk

kristen som var open for alle hugskott «frå Gud», men avstengd frå

familiemedlemmene og deira ønske og kjensler. Kanskje har den vaksne

forfattaren Arne Garborg, delvis på grunnlag av sine heilt personlege

erfaringar, no endeleg nådd fram til den urikkelege overtyding at både

Brand og Kierkegaard – og Eivind Garborg – i røynda kolporterte sjølvsuggesjon.

For han har sjølv vore det verjelause offeret for eit gudsforhold

der medmenneska anten var «støy» i gudsforholdet eller eit instrument

for alliansen mellom Gud og Hans sjølvskrivne representant i familien.

Vesle Aadne ’ans Eivind – som Arne Garborg «heitte» i barndommen

mellom sambygdingane – hadde sjølv vore den sonen som faren ikkje

kunne ta omsyn til.

Garborg og Nietzsche

så langt har vi følgt Arne Garborgs åtak på den Kierkegaardinspirerte

kristne individualismen – der individet realiserer det djupaste

i seg sjølv gjennom si kristne tru, og der det å tru var heilt og fullt opp

til den einskilde. Men Garborg var minst like fascinert av den klårt

antikristne individualismen som Friedrich Nietzsche representerte. Slik

tilfellet var med Ibsen, byrja det med stor entusiasme for Nietzsche frå

Garborg si side. Hausten 1890 skreiv han til Jonas Lie at han då las Nietzsche

og Tolstoj: «To giganter – Kristus og Antikristen, slaven og herren,

Asien og Europa; man kan næsten svimle. Det er Nietzsche som har min

sympathi.» (Her etter Thesen, b. iii:50.) Og i artikkelen sin om Tolstojs

23

med lykti i hand

etterord til Kreutzersonaten frå 1890, der den eldre Tolstoj tar avstand frå

alt seksualliv(!), skriv Garborg:

Moralen har, som alle tvangsoppdragelsesmidler havt sin betydning

og sin tid. Men menneskehedens høieste ideal er frihed. Istedetfor

moral indsætter vi dannelse, og ved dannelse forstaar vi først og

fremst: udviklet skjønhedssans. Ikke moralens bud, ikke frygt eller

tvang, skal beherske menneskehedens handlinger; skjønhedsfølelsen

skal beherske dem. Skjønhedsbehersket frihed – det blir den

fremtidige ethiks sidste ord.» (b. 10:459.)

Men Garborgs haldning til Nietzsche utvikla seg likevel etter kvart til

fascinert ambivalens. Dette blir serleg tydeleg i den viktigaste artikkelen

Garborg skreiv om Nietzsche – ei 30 siders melding i Syn og Segn i 1895

av Lou Andreas-Salomés bok Friedrich Nietzsche in seinen Werken.

Artikkelen følgjer den kronologiske gjennomgangen i Andreas-Salomé’s

bok av Nietzsches mange utviklingsfasar. Som rimeleg kan vere, blir

Garborg særleg gripen av tilhøve i Nietzsche sitt liv som han sjølv kjenner

att frå sitt eige. M. a. refererer han at prestesonen Nietzsche «var religiøs

fødd», men

‹gud døydde› for han (…) han miste si barnetru (…) og dette tap vart

han til slik ein livsens saknad, at han aldri vann yver det att. All hans

seinare strid gjeng ut frå dette. Det er alt liksom ei leiting etter

skadebot for den tapte tru og den ‹døydde› gud.» (b. 10:89.)

Dette samsvara nok godt med Garborgs eigen bakgrunn.

Artikkelen gjør altså greie for Nietzsche si utvikling fram gjennom

heile hans produktive liv, og framstiller med stor velvilje diktarfilosofen

sine mange skiftande standpunkt. Men mest interessant i vår samanheng

er Garborgs utgreiing om Nietzsches «tredje standpunkt» – «Zarathustralæra»

– «den me serleg tenkjer på, når me nemner namnet Nietzsche»

24

ø | arne garborg og individualismen

(b. 10:97). Her festar han seg ved korleis Nietzsche ved ein kolossal subjektiv

kraftprestasjon tvingar heile røyndommen inn under sin eigen

subjektive visjon. Han forkastar naturvitskapen og spottar dei lærde med

deira

(…) ‹småe setningar og sanningar› (…) Den sannkjennande er den

skapande. Dei store sanningarne kan ein ikkje rekna og røyna seg til;

dei må ein sjå – den som hev det rette, synske auga. Og dette auga

hadde han sjølv (…) tenkjarskaparen, han som i seg umfatar alt og ut

av seg sjølv gjev meining til alt. (b. 10:101.)

Gjennom sin subjektive visjon ser han «livslova» – som overstyrer alle

påstått «objektive sanningar», og som opnar for «overmennesket» – hans

overmenneske – «Over-Nietzsche», som han formar ut i Zarathustrafiguren

sin. Og Zarathustra seier at

(…) mennesket må bli sterkt, ‹Vondt›. Sjølvhugen skal herdast (…)

Me må attende til det fyrrhistoriske (…) Difor vil den nye filosofien

stempla um til ‹godt› det som fyrr heitte vondt: sjølvviljen, styrken,

den harde hug og det krigssterke mot; viljen til magt skal heita heilag

(…) Hard skal han vera, og fus og tyrannisk; han skal vera ‹rovdyret›,

‹umennesket›, som ‹ikkje sparar sin næste›, og som heilt vil seg sjølv.

(b. 10:103–4.)

Alt dette i motsetnad til folk flest no – som er vortne «dekadente» av (den

kristne) «‹trælemoralen› (…) med si læra um sjølvfornegting og forsaking,

um næstekjærleik og medynk med andre (…) samvitsagg, sjølvpining,

sjølvforagt, skam.» (Sst.)

Så langt gir altså Garborg først ein ganske lojal presentasjon av Nietzsche

sin visjon om «overmennesket». Men så innvender han at det er

meir religion enn filosofi i dette. Og ikkje nok med dét – under Nietzsches

«religion» meiner han å skimte den religionen som dei båe har brote opp

25

med lykti i hand

frå: kristendommen. For «overmennesket» er i slekt med «det nye

mennesket» i protestantisk «hugvendingslære» – den nyomvendte med

si frelsesvisse; og Nietzsches alminnelege menneskeforakt liknar på

«paulinsk pessimisme» – han tenkjer truleg på læra om arvesynda. Det

blir noe antihumanistisk ved båe alternativa: Hugvendingslæra underkjenner

verdien ved den menneskelege evna til tvil og refleksjon som

erkjenningsvegar, og dogmet om arvesynd er grunnleggande avvisande

til mennesket som art. Det er som om Garborg her kjenner att hos

Nietzsche noe av det han ser på som uakseptabelt i lutherdommen, og

det blir ikkje noe vakrare hos Nietzsche. (b. 10:104.)

Like interessant er det at Garborg ser ein likskap mellom Nietzsche og

Kierkegaard. For det første er det slik at når overmennesket gjennom ei

veldig kraftprøve maktar å nyskape seg sjølv, så omdannar det seg samstundes

frå vondt til godt; her jamfører Garborg med Kierkegaard: «kun

gjennem synden øines saligheden» (b. 10:106). For det andre påstår

Garborg at skapinga av overmennesket i røynda skjer gjennom ei estetisk

forløysing i slekt med sterke kunstopplevingar.

Overmennesket er ikkje til å forstå utan som det menneskjelege livskunstverk.

Soleis ser me, at etiken (…) hjå Nietzsche til slutt flyt yver

i æstetik (…) Det vart æstetik av den nye religionen. (Sst.)

Men då blir denne forvandlingsprosessen i slekt med overgangen hos

Kierkegaard frå det etiske til det religiøse stadiet, som vi hugsar at

Garborg avfeiar som estetisk. Altså er det ikkje bare Kierkegaards lidenskapelege

gudstru og frelsesvisse, men også Nietzsches gudløyse og

apoteose av «overmennesket» som Garborg stemplar som «estetisk»

sjølvsuggesjon.

Garborg ser også heilt klårt at Nietzsches tankar er «svært reaktionære»

i høve til politikk og samfunn. «Det moderne samfund er hans verste hat,

og det gyv med spott ut yver all næstekjærleik-politik (…) Folk ‹skal hava

det vondt›.» (b. 10:104, note.)

26

ø | arne garborg og individualismen

Det kan sjå ut som om Garborg legg fram Nietzsche sine tankar for å

prøve dei, og langt på veg finn han å måtte avvise både det erkjenningsteoretiske

grunnlaget og det meir substansielle innhaldet i denne

filosofien. Det blir om lag som med Kierkegaard. Han avviser sjølvsuggesjon

som grunnlag både når Kierkegaard vel å sjå bort frå den objektive

sanninga for å tru på Gud, og når Nietzsche vel å sjå bort frå den

objektive sanninga – for å erklære at Gud er død – og når han i tillegg

avfeier all moral.

Likevel heldt Garborg fast ved eitt aspekt ved Nietzsche sine tankar.

Dette har utan tvil samanheng med at Garborg hadde eit skiftande og

vanskeleg sinn. Når vi les somme av tekstene hans, blir vi slått av

humoren og ironien. Og han må ha vore ein morosam og fengslande

mann i godt lag – skal ein dømme ut frå samtidige rapportar. Dette

skulle tyde på at han var ein mann med sjølvtillit og overskot. Men han

var også ofte langt nede, livstrøytt, oppgitt og depressiv. Og denne sida

ved Garborg har henta styrke hos Nietzsche; han har funne ny tru på det

eigne subjektet som kraftkjelde og autoritet når det galdt å gi sitt eige liv

meining:

Me kunde med andre ord ved vår skapande vilje (…) gjeva verdi den

meining ho ikkje hadde; skapa innhald i tilværet. Om livet er meiningslaust,

so lat os sjølve gjeva det meining (…) det som livet lova os,

det vil me halda for det. Det er eit manndomsord av den høgste adel

(…) hans spott yver dei livstrøytte, dei leie, dei som hatar og baktalar

livet og endå heng ved det, yver viljeløysa og kraftløysa, dette umannslege

som breier seg i denne tid, – det er ein spott so salt og so frisk som

havet, eit reint helsebad for slakke viljar og krøkte ryggjer (…)

(b. 10:106.)

Vi ser altså at jamvel om Garborg avviser mykje av den substansielle kjernen

hos både Kierkegaard og Nietzsche, så hentar han inspirasjon frå dei

båe. Kierkegaard appellerer til Garborg med sitt oppriktige alvor og med

27

med lykti i hand

kritikken av statskyrkja som sjølvtilfreds samfunnsstøtte for dei mette og

velnøgde i det nye klassesamfunnet. Men han avviser Kierkegaards

kristne tru og premissane for denne trua. Når det gjeld Nietzsche, avviser

han samfunns- og menneskesynet. Men han er likevel fascinert av

visjonane hans – både den kreative fantasien og den råkande kritikken

av etablert vanetenking. Det same gjeld sikkert energien, temperaturen

og intensiteten i Nietzsches skrifter. Og altså ideen om å bruke psykisk

energi på å gi sine eigne mål og sitt eige strev meining.

Dette siste kan i sin tur ha hjelpt han til å utvide perspektivet sitt frå

Nietzsche sitt «rovdyr-menneske» til eit menneskebilde som er naturnært,

men likevel humanistisk og historisk. Eg tenkjer på Veslemøyfiguren

i Haugtussa. Garborg plasserer dikt-forteljinga om Veslemøy reint

historisk på «det gamle Jæren» – det Jæren som han meiner å hugse frå

sin eigen barndom – før det var blitt øydelagt av kapitalisme og pietisme,

som ifølgje Garborg var ein psykisk reaksjon på kapitalismen. Livsopplevinga

til hovudpersonen blir lagd så tett som råd opp til naturen;

psyken hennar følgjer naturens sykliske skiftingar, og livssynet hennar er

ei blanding av folkeleg kristendom og naturreligion – eller av

«Heidendom, Katolicisme og halvforstadin Lutherdom», slik han formulerer

det sjølv (i brev til Knut Liestøl 3. juli 1916, i b. 12:187.).

Om lag samstundes som han skriv på Haugtussa, kjem både artikkelen

om Nietzsche og den vidgjetne artikkelen «Troen paa Livet». Denne siste

er på visse måtar ein teoretisk refleksjon over det livsbildet som

Haugtussa presenterer. Han må i denne artikkelen ha tatt utgangspunkt

i Nietzsche sitt krav om å skape meining i sitt eige liv. Men Garborg fører

resonnementet vidare til det ikkje lenger avgrensar seg til det eigne livet,

men til alt liv: For dersom mitt liv og mitt strev har meining for meg –

slik Nietzsche hevdar – då er eg djupast sett i pakt med alt liv, legg

Garborg til. For endå om dei fleste organismar ikkje spør etter meining,

så ligg det ei eller anna mysteriøs meining i den viljen til liv som synest

å leve i alt levande. Her løyner sjølve livsmysteriet seg, seier Garborg så.

Og har vi «trang til at personificere», kallar vi dette livsmysteriet for Gud.

28

ø | arne garborg og individualismen

(b. 11:83.) Det kan altså sjå ut til at gudsfornektaren Nietzsche har hjelpt

Garborg fram til ei form for deisme.

Slik dette livsmysteriet blir framstilt i «Troen paa Livet», står det fram

som blind drift, nærmast ei amoralsk vitalistisk kraft. Men om vi trekkjer

Haugtussa inn i synsfeltet att, som han altså skreiv samtidig, så kan det

sjå ut som om denne livskrafta blir styrt etter ein nokså klår verdiskala

trass i alt. Dette blir tydelegast om vi ser på livsfilosofien til den urgamle

risen Gumle, som Veslemøy møter i Skarekula. Han knirkar og fresar

fram for henne sin bistre livsfilosofi; men lesaren ser godt at «Gumlemål»

er ei forvridd utgåve av Garborgs eige natur- og historiesyn – eit vrengebilde

med motsett verdilading! Det Gumle avskyr, er dét som Garborg

set høgt. Gumle fortel kor herleg jutul- og risetilveret var før livet og

utviklinga tok til. Då var det risane som rådde over verda; det var natt –

utan måne og stjerner. Og risane hadde ikkje anna å gjøre enn å more

seg, sprenge berg, sprute eld, lage uver – slåst, bryte, klore, skalle – eller

døse og late seg. Godt, godt! Aldri sol, ingen vokster, ingen dag, stillstand.

Endå betre! Men så byrja øydeleggingane: Æsene tok over for

risane, sol for mørke, dag for natt, vår for vinter, naturen blei frodig, til

slutt kom mennesket og begynte å dyrke «grønkande grendir». I staden

for den gode, gamle, aude og ville stillstanden fekk ein endring i retning

av kultur. Verre enn verst! Dette blir som nemnt ei samanfatning – på

vranga – av Garborgs eige syn: Livet utviklar seg i ein slags spiral – gjennom

ein rundgang av framgangar og atterslag, som vekslinga mellom

vinter og sommar – men likevel i ein stigande kurve. Altså skimtar vi bak

Gumles raseri at Garborg sjølv ser på evolusjonen og historia som styrt i

ei viss lei – frå negativitet mot positivitet. Då blir liv og moral nærskylde.

Det gode er slikt som gir liv; det vonde er slikt som hemmar liv. Akkurat

dette poenget blir også illustrert ved at det er to hovudpersonar til stades

under bergtakinga av Veslemøy i Skarekula – både Fanden og Døden –

moralens og livets fiendar.

Som nemnt kjem dette moralske perspektivet ikkje fram i «Troen paa

Livet», bare i bildesekvensane i Haugtussa, som han altså skreiv samstundes.

29

ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege

impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande

forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er

større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore

etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i

hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.

«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over

både mennesket og forfattaren Arne Garborg. Mange har eit inntrykk av Garborg

som ein folkesky einstøing, og nokre biografar har også framstilt kjærleikslivet

hans i tråd med dette bildet. Men boka viser at Arne og Hulda Garborg var eit

kunstnarpar i fortruleg og produktiv balanse, og at forfattaren var ein sann venn

og ein stimulerande samarbeidspartnar for mange i inn- og utland.

Dei fremste Garborg-kjennarane i landet har analysert forfattarskapen hans

ut frå teologiske, filosofiske, religionsvitskaplege, estetiske og litteraturvitskaplege

perspektiv, og formidlinga til nye generasjonar er vigd ein eigen bolk.

Hovuddelen i antologien er likevel «Garborg på leiting». Han har ein bodskap nettopp

til vår fleirkulturelle tid: Ingen sanningar er sjølvsagde lenger; vi må difor,

som Garborg, tenkje sjølve. Nylesingane av Garborg er motsetningsfylte, slik forfattaren

sjølv var det. Dei gjer at denne boka vil bidra til å kaste nytt lys over ein

av dei mest markante diktarane og tenkjarane i Noreg.

978-82-92922-26-2

www.efremforlag.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!