03.01.2020 Views

Med lykti i hand · Garborg som diktar og tenkjar

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.) ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida. «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.
«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

med lykti i hand

retorikarar og idehistorikarar. Den siste bolken vår presenterer nokre

døme. Øyvind Bakke Haaland viser at romanen Fred er ein roman om

pietismen i Noreg. Og fordi pietismen er eit moderne fenomen, fødd av

den moderne individualismens sjølvfokusering, blir Fred eit framhald av

«dekadanseromanen» Trætte Mænd. Medan Trætte Mænd handlar om

Kristiania-intelligensiaens frustrasjonar, fortel Fred om ein folkeleg

dekadanse der den jordiske røyndommen misser sitt verde bak eit kaos

av himmellengt og helvetesangst.

Det overordna grepet i Eldrid Lunden sitt essay er at det som framfor

noko kjenneteiknar Garborgs forfattarskap, er «sekulær dogmekritikk».

Dette inneber at han alt omkring 1880 nærmar seg modernismen, som

jo ønskjer å framstå som antidogmatisk. Fokus blir då ikkje poetologiske

«-ismar», «det nasjonale», «religionen», «forfattar-personlegdommen»

osv., men alle desse – som delar av ein heilskap. Analysar av Trætte Mænd,

Fred, Haugtussa og Læraren blir «fire variasjonar» over denne hypotesen.

Som forfattar var Garborg retorisk medviten, ikkje minst i sakprosa

og i brev, der han på ulike måtar kunne ha ein språkleg og tekstleg leik

gåande med lesaren. Dette blir synleg gjennom Sveinung Times retoriske

analyse av det kjende sjølvbiografiske brevet som Garborg skreiv til litteraturhistorikaren

Gerhard Gran 20. Juli, 1896. Time viser her korleis

Garborg på ein til dels sjølvironisk måte konstruerer livslinja si i skrift i

fleire vendingar. Han viser også korleis dei to lause trådane i Garborgs

liv, det religiøse og det nasjonale, etter kvart samlar seg til det Time kallar

«ein livstråd».

Boka er blitt gitt ut med støtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Rogaland

fylkeskommune. Redaktørane takkar for støtta, og håpar at boka kan

bidra til å kaste nytt lys over ein av dei mest markante diktarane og tenkjarane

i Noreg.

Oslo, 25. januar 2011

eskil skjeldal, gudleiv bø og norunn askeland

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!