Med lykti i hand · Garborg som diktar og tenkjar
Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.) ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida. «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.
Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.
«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg.
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
ø | arne garborg og individualismen

virkelighedsalvor» (b. 10:76). Og så kjem Henrik Ibsen «og digter hele

Søren Kierkegaard, med hud og hår, med alt hans fortvivlede alvor, lyslevende

om i et storartet poesibillede (…) Dette poesibillede var Brand.

Brand er ideelt, hvad Kierkegaard vilde, at tidens mand skulle være

virkelig . (…) Den absolut ethiske fordring er omsat i æsthetik (…) Hans

krav er digtet ind i livet i stedet for at leves derind.» (b. 10:76–77.)

Kva tyder omgrepet estetikk her? Simpelthen at «livskravet» er blitt til

diktekunst i staden for levd liv? Eit stykke på veg kan det sjå slik ut:

Brand-figuren har drag av «sentimental romanhelt-ideal»; viljeskravet

hans er «et vildsomt poetisk sværmeri». Men eg trur at Garborg legg noe

meir i uttrykket. Han brukar ordet estetisk om ein måte å leve livet sitt på

– slik Kierkegaard gjør når han skisserer sine tre «stadier» – det estetiske,

det etiske og det religiøse. For Kierkegaard er det estetiske stadiet nærmast

det same som å halde seg ironisk distansert til alt og alle, slik «Johannes

Forføreren» i Enten–Eller nyt å sjarmere kvinner i senk før han ignorerer

dei igjen. Det er unekteleg overraskande at Garborg karakteriserer den

alvorlege og sterkt religiøse presten Brand som ein slags estetikar! For at

dette skal gi meining, må Garborg her vri Kierkegaards «estetiske

stadium» til i og for seg å kunne romme eit oppriktig livsalvor, men dette

alvoret rettar seg ikkje utetter mot nesten, bare innetter – mot det eigne

subjektet. Garborg illustrerer poenget sitt med å peike på at Brand ikkje

vil noe bestemt – «der er egentlig ikke noget, som han vil, han vil intet

bestemt; han vil blot dette blå, poetisk almindelige: han vil ‹ville› (…)

Den virkelige viljekarakter (…) sætter sig bestemte opgaver og bærer dem

frem.» (b. 10:78.) Det må vere dette som er estetisk livshaldning for

Garborg – sjølvsuggesjon i staden for arbeid for medmenneska.

Ved første augnekast råkar denne kritikken bare Ibsens Brand. Men

indirekte blir det også ein kritikk av Kierkegaard. For det var ikkje bare

Garborg som oppfatta Brand som inspirert av Kierkegaard; det var ei

ålmenn oppfatning at det var slik. Francis Bull fortel at «Det var mange

lesere av ‹Brand› som mente at at Kierkegaard måtte ha vært direkte modell

for Brand-skikkelsen» (Bull 1960, b. iv,1:353). Edvard Beyer seier det slik:

21