Med lykti i hand · Garborg som diktar og tenkjar
Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.) ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida. «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.
Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.
«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg.
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
med lykti i hand

I tallrike enkeltheter og hele problematikken faller slektskapen med

Søren Kierkegaard sterkt i øynene. Om Ibsen selv sa at han hadde lest

lite av ham og forstått enda mindre, så lå tankene i luften. Dessuten

var begge de Brand-modeller Ibsen selv har nevnt [Chstistopher

Bruun og Gustav Adolf Lammers] sterkt påvirket av Kierkegaard.

(Beyer 1975:264.)

Det er neppe tvil om at dei fleste lesarar og teatergjengarar tok det for

gitt at Brand gjennomgåande opererte på Kierkegaards religiøse stadium.

Når vi då oppfattar avvisinga av Brand som Kierkegaard-kritikk, blir det

eit verkeleg susande svingslag. For viss den lidenskapeleg truande Brand

er ein estetikar, då inneber det at Garborg avviser Kierkegaards religiøse

stadium som estetikk – Kierkegaards lidenskapelege tru blir ekstatisk

sjølvsuggesjon. Det blir ingen avgjørande skilnad på det estetiske og det

religiøse stadiet; jamvel om det første blir oppfatta som sekulært og

amoralsk og det andre som himmelvendt og eit føredømme for alle, så

er dei i røynda to sider av samme sak: Det er to ulike former for massasje

av sinn og kjensler.

Og kanskje var det endå fleire lag her: For det første altså ein

indirekte kritikk av Kierkegaard bak Brand-kritikken. Og for det andre

var det truleg bak Kierkegaard-kritikken ein indirekte kritikk av norsk

vekkings-kristendom. For Kierkegaard var viktig for den lågkyrkjelege

vekkingskristendommen i siste helvta av 1800-talet. (Rasmussen

2002:191–200.) «Dei vakte» i Norge var rett nok meir ortodokse når det

galdt visse gamle lutherske konfesjonskrav enn Kierkegaard var. Men

dei henta støtte hos han i striden mot det moderne naturvitskaplege

verdsbildet, som tok til å gjøre seg gjeldande for alvor i nettopp denne

perioden. Kan hende den viktigaste debatten innan den intellektuelle

eliten i Norge i desse tiåra galdt nettopp dette: Kva status skulle

naturvitskaplege metodar, rasjonalisme og positivisme ha i freistnadene

på å forstå den ytre verda, og kva status skulle tradisjonelle førestillingar

om åndelege krefter bak den ytre naturen ha? I dette spørsmålet var

22