03.01.2020 Views

Med lykti i hand · Garborg som diktar og tenkjar

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.) ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida. «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.
«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

ø | arne garborg og individualismen

sjølvsagt vekkingskristendommen konservativ, og «Kierkegaard kunne

oppfattes som en talsmann for (…) det kompromissløse forsvaret av

troen mot vantroen, og som talsmann for troen som den enkeltes helt

personlige valg.» (Rasmussen 2002:197.)

Det er altså rimeleg grunn til å gå ut frå at når Garborg går til åtak på

Ibsen og Brand, så er noe av poenget også å råke dei heimlege vekkingsrørslene.

Og kanskje skimtar vi bak alt dette Alf Buestreng – son av ein fanatisk

kristen som var open for alle hugskott «frå Gud», men avstengd frå

familiemedlemmene og deira ønske og kjensler. Kanskje har den vaksne

forfattaren Arne Garborg, delvis på grunnlag av sine heilt personlege

erfaringar, no endeleg nådd fram til den urikkelege overtyding at både

Brand og Kierkegaard – og Eivind Garborg – i røynda kolporterte sjølvsuggesjon.

For han har sjølv vore det verjelause offeret for eit gudsforhold

der medmenneska anten var «støy» i gudsforholdet eller eit instrument

for alliansen mellom Gud og Hans sjølvskrivne representant i familien.

Vesle Aadne ’ans Eivind – som Arne Garborg «heitte» i barndommen

mellom sambygdingane – hadde sjølv vore den sonen som faren ikkje

kunne ta omsyn til.

Garborg og Nietzsche

så langt har vi følgt Arne Garborgs åtak på den Kierkegaardinspirerte

kristne individualismen – der individet realiserer det djupaste

i seg sjølv gjennom si kristne tru, og der det å tru var heilt og fullt opp

til den einskilde. Men Garborg var minst like fascinert av den klårt

antikristne individualismen som Friedrich Nietzsche representerte. Slik

tilfellet var med Ibsen, byrja det med stor entusiasme for Nietzsche frå

Garborg si side. Hausten 1890 skreiv han til Jonas Lie at han då las Nietzsche

og Tolstoj: «To giganter – Kristus og Antikristen, slaven og herren,

Asien og Europa; man kan næsten svimle. Det er Nietzsche som har min

sympathi.» (Her etter Thesen, b. iii:50.) Og i artikkelen sin om Tolstojs

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!