03.01.2020 Views

Med lykti i hand · Garborg som diktar og tenkjar

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.) ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida. «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.
«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

ø | arne garborg og individualismen

(b. 10:97). Her festar han seg ved korleis Nietzsche ved ein kolossal subjektiv

kraftprestasjon tvingar heile røyndommen inn under sin eigen

subjektive visjon. Han forkastar naturvitskapen og spottar dei lærde med

deira

(…) ‹småe setningar og sanningar› (…) Den sannkjennande er den

skapande. Dei store sanningarne kan ein ikkje rekna og røyna seg til;

dei må ein sjå – den som hev det rette, synske auga. Og dette auga

hadde han sjølv (…) tenkjarskaparen, han som i seg umfatar alt og ut

av seg sjølv gjev meining til alt. (b. 10:101.)

Gjennom sin subjektive visjon ser han «livslova» – som overstyrer alle

påstått «objektive sanningar», og som opnar for «overmennesket» – hans

overmenneske – «Over-Nietzsche», som han formar ut i Zarathustrafiguren

sin. Og Zarathustra seier at

(…) mennesket må bli sterkt, ‹Vondt›. Sjølvhugen skal herdast (…)

Me må attende til det fyrrhistoriske (…) Difor vil den nye filosofien

stempla um til ‹godt› det som fyrr heitte vondt: sjølvviljen, styrken,

den harde hug og det krigssterke mot; viljen til magt skal heita heilag

(…) Hard skal han vera, og fus og tyrannisk; han skal vera ‹rovdyret›,

‹umennesket›, som ‹ikkje sparar sin næste›, og som heilt vil seg sjølv.

(b. 10:103–4.)

Alt dette i motsetnad til folk flest no – som er vortne «dekadente» av (den

kristne) «‹trælemoralen› (…) med si læra um sjølvfornegting og forsaking,

um næstekjærleik og medynk med andre (…) samvitsagg, sjølvpining,

sjølvforagt, skam.» (Sst.)

Så langt gir altså Garborg først ein ganske lojal presentasjon av Nietzsche

sin visjon om «overmennesket». Men så innvender han at det er

meir religion enn filosofi i dette. Og ikkje nok med dét – under Nietzsches

«religion» meiner han å skimte den religionen som dei båe har brote opp

25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!