03.01.2020 Views

Med lykti i hand · Garborg som diktar og tenkjar

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.) ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida. «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.
«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

ø | arne garborg og individualismen

Det kan sjå ut som om Garborg legg fram Nietzsche sine tankar for å

prøve dei, og langt på veg finn han å måtte avvise både det erkjenningsteoretiske

grunnlaget og det meir substansielle innhaldet i denne

filosofien. Det blir om lag som med Kierkegaard. Han avviser sjølvsuggesjon

som grunnlag både når Kierkegaard vel å sjå bort frå den objektive

sanninga for å tru på Gud, og når Nietzsche vel å sjå bort frå den

objektive sanninga – for å erklære at Gud er død – og når han i tillegg

avfeier all moral.

Likevel heldt Garborg fast ved eitt aspekt ved Nietzsche sine tankar.

Dette har utan tvil samanheng med at Garborg hadde eit skiftande og

vanskeleg sinn. Når vi les somme av tekstene hans, blir vi slått av

humoren og ironien. Og han må ha vore ein morosam og fengslande

mann i godt lag – skal ein dømme ut frå samtidige rapportar. Dette

skulle tyde på at han var ein mann med sjølvtillit og overskot. Men han

var også ofte langt nede, livstrøytt, oppgitt og depressiv. Og denne sida

ved Garborg har henta styrke hos Nietzsche; han har funne ny tru på det

eigne subjektet som kraftkjelde og autoritet når det galdt å gi sitt eige liv

meining:

Me kunde med andre ord ved vår skapande vilje (…) gjeva verdi den

meining ho ikkje hadde; skapa innhald i tilværet. Om livet er meiningslaust,

so lat os sjølve gjeva det meining (…) det som livet lova os,

det vil me halda for det. Det er eit manndomsord av den høgste adel

(…) hans spott yver dei livstrøytte, dei leie, dei som hatar og baktalar

livet og endå heng ved det, yver viljeløysa og kraftløysa, dette umannslege

som breier seg i denne tid, – det er ein spott so salt og so frisk som

havet, eit reint helsebad for slakke viljar og krøkte ryggjer (…)

(b. 10:106.)

Vi ser altså at jamvel om Garborg avviser mykje av den substansielle kjernen

hos både Kierkegaard og Nietzsche, så hentar han inspirasjon frå dei

båe. Kierkegaard appellerer til Garborg med sitt oppriktige alvor og med

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!