03.01.2020 Views

Med lykti i hand · Garborg som diktar og tenkjar

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.) ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida. «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.
«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

med lykti i hand

kritikken av statskyrkja som sjølvtilfreds samfunnsstøtte for dei mette og

velnøgde i det nye klassesamfunnet. Men han avviser Kierkegaards

kristne tru og premissane for denne trua. Når det gjeld Nietzsche, avviser

han samfunns- og menneskesynet. Men han er likevel fascinert av

visjonane hans – både den kreative fantasien og den råkande kritikken

av etablert vanetenking. Det same gjeld sikkert energien, temperaturen

og intensiteten i Nietzsches skrifter. Og altså ideen om å bruke psykisk

energi på å gi sine eigne mål og sitt eige strev meining.

Dette siste kan i sin tur ha hjelpt han til å utvide perspektivet sitt frå

Nietzsche sitt «rovdyr-menneske» til eit menneskebilde som er naturnært,

men likevel humanistisk og historisk. Eg tenkjer på Veslemøyfiguren

i Haugtussa. Garborg plasserer dikt-forteljinga om Veslemøy reint

historisk på «det gamle Jæren» – det Jæren som han meiner å hugse frå

sin eigen barndom – før det var blitt øydelagt av kapitalisme og pietisme,

som ifølgje Garborg var ein psykisk reaksjon på kapitalismen. Livsopplevinga

til hovudpersonen blir lagd så tett som råd opp til naturen;

psyken hennar følgjer naturens sykliske skiftingar, og livssynet hennar er

ei blanding av folkeleg kristendom og naturreligion – eller av

«Heidendom, Katolicisme og halvforstadin Lutherdom», slik han formulerer

det sjølv (i brev til Knut Liestøl 3. juli 1916, i b. 12:187.).

Om lag samstundes som han skriv på Haugtussa, kjem både artikkelen

om Nietzsche og den vidgjetne artikkelen «Troen paa Livet». Denne siste

er på visse måtar ein teoretisk refleksjon over det livsbildet som

Haugtussa presenterer. Han må i denne artikkelen ha tatt utgangspunkt

i Nietzsche sitt krav om å skape meining i sitt eige liv. Men Garborg fører

resonnementet vidare til det ikkje lenger avgrensar seg til det eigne livet,

men til alt liv: For dersom mitt liv og mitt strev har meining for meg –

slik Nietzsche hevdar – då er eg djupast sett i pakt med alt liv, legg

Garborg til. For endå om dei fleste organismar ikkje spør etter meining,

så ligg det ei eller anna mysteriøs meining i den viljen til liv som synest

å leve i alt levande. Her løyner sjølve livsmysteriet seg, seier Garborg så.

Og har vi «trang til at personificere», kallar vi dette livsmysteriet for Gud.

28

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!