Med lykti i hand · Garborg som diktar og tenkjar
Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.) ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida. «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.
Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.
«MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg.
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
ø | arne garborg og individualismen

(b. 11:83.) Det kan altså sjå ut til at gudsfornektaren Nietzsche har hjelpt

Garborg fram til ei form for deisme.

Slik dette livsmysteriet blir framstilt i «Troen paa Livet», står det fram

som blind drift, nærmast ei amoralsk vitalistisk kraft. Men om vi trekkjer

Haugtussa inn i synsfeltet att, som han altså skreiv samtidig, så kan det

sjå ut som om denne livskrafta blir styrt etter ein nokså klår verdiskala

trass i alt. Dette blir tydelegast om vi ser på livsfilosofien til den urgamle

risen Gumle, som Veslemøy møter i Skarekula. Han knirkar og fresar

fram for henne sin bistre livsfilosofi; men lesaren ser godt at «Gumlemål»

er ei forvridd utgåve av Garborgs eige natur- og historiesyn – eit vrengebilde

med motsett verdilading! Det Gumle avskyr, er dét som Garborg

set høgt. Gumle fortel kor herleg jutul- og risetilveret var før livet og

utviklinga tok til. Då var det risane som rådde over verda; det var natt –

utan måne og stjerner. Og risane hadde ikkje anna å gjøre enn å more

seg, sprenge berg, sprute eld, lage uver – slåst, bryte, klore, skalle – eller

døse og late seg. Godt, godt! Aldri sol, ingen vokster, ingen dag, stillstand.

Endå betre! Men så byrja øydeleggingane: Æsene tok over for

risane, sol for mørke, dag for natt, vår for vinter, naturen blei frodig, til

slutt kom mennesket og begynte å dyrke «grønkande grendir». I staden

for den gode, gamle, aude og ville stillstanden fekk ein endring i retning

av kultur. Verre enn verst! Dette blir som nemnt ei samanfatning – på

vranga – av Garborgs eige syn: Livet utviklar seg i ein slags spiral – gjennom

ein rundgang av framgangar og atterslag, som vekslinga mellom

vinter og sommar – men likevel i ein stigande kurve. Altså skimtar vi bak

Gumles raseri at Garborg sjølv ser på evolusjonen og historia som styrt i

ei viss lei – frå negativitet mot positivitet. Då blir liv og moral nærskylde.

Det gode er slikt som gir liv; det vonde er slikt som hemmar liv. Akkurat

dette poenget blir også illustrert ved at det er to hovudpersonar til stades

under bergtakinga av Veslemøy i Skarekula – både Fanden og Døden –

moralens og livets fiendar.

Som nemnt kjem dette moralske perspektivet ikkje fram i «Troen paa

Livet», bare i bildesekvensane i Haugtussa, som han altså skreiv samstundes.

29