100. Rød komposisjon
100. Rød komposisjon
100. Rød komposisjon
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
RØD KOMPOSISJON
SITUASJONSPLAN 1:1000

EKSTERIØRPERSPEKTIV HANDVERKSTUN

Bygningsvern til venstre, varmeverkstad rett fram, tekstilverkstad til høgre

DRIFT

TEKN.

BYGNINGSVERN

VARME

TUN

ADM.

WC

FORMIDLING

TEKSTIL

RESEPSJON

PUBLIKUMSINNGANG

Frå tilkomsten får dei vitjande presentert eit nøkternt og matt

raudmalt anlegg, som ligg mellom trestammane, over svaberget, under

trekronene og delvis tilbaketrekt. Verkstaden har mange små vindauge

som gir eit hint om produkta og prosessane på innsida. Dei tre pipene

fortel også at her skjer det noko spennande. Går ein vidare ser ein

hovudinngangen som opnar seg mot ein, det er ikkje tvil om kor reisa

startar. Frå resepsjonsområdet ser ein opp og inn på Handverkstunet.

I tunet er det kanskje masse aktivitet. Økser i alle fasongar og lafting

med sinknovar. Er det stengt kan ein uansett gå runden i tunet å sjå

inn på dei ulike verkstadromma, alle maskinene, hyllesystemet og

alt verktøyet og produkta handverkarane har liggjande. Sjølvsagt

er det opent. Då kan ein gå runden, shoppe inntrykk frå verkstad

til verkstad. Kurs i tradisjonell høvling i det første bygget, så ein

smed som varmar og former, ein filigranssølvsmed som loddar,

filer og polerer, keramikaren som dreier, tørkar, brenn og glaserer,

glassblåsaren som bles, snurrar og dekorerer og til slutt ein som står

og garvar skinn. Neste gong skal eg melde meg på eit kurs.

UTSTILLING

RØD KOMPOSISJON
INTENSJONAR OG OVERORDNA GREP

Hovudintensjonen er å skape eit innhaldsrikt, inspirerande, funksjonelt og samlande

Handverkstun. Prosjektet består av 3 nye verkstadbygg, plassert mellom trea oppå

svaberga nordvest for eksisterande administrasjonsbygg. Bygga er organisert som ein

hestesko som opnar seg mot eksisterande administrasjonsbygg. Dei er trekt mot syd

for å gi visuell plass til ein tydeleg hovudinngang i eksisterande bygg.

Dei tre bygga vil saman med administrasjonsbygget definerer det nye Handverkstunet

ved MiA Follo Museum. Grepet styrkjer utgangspunktet for å etablerer ein arena for

bygningsvern og tradisjonshandverk.

Dei 3 verkstadbygga er knytt saman av ein sjenerøs og samanhengande takoverbygd

svalgang inn mot tunet. Verkstad for Bygningsvern er plassert mot syd, og med

direkte tilkomst frå utandørs driftsområde på baksida. Verkstad for varmearbeid er

plassert mot vest med høvesvis tekniske rom mot syd og publikumstoalett mot nord.

Verkstaden har effektiv tilkomst til driftsområdet gjennom portar i mellomrommet

mot Verkstad for Bygningsvern. Baksida av Varmeverkstaden vender ut mot

parkeringsplassen og har ein collage av vindauge som gir glimt av prosessane,

produkta og folka i arbeid på innsida. Verkstad for tekstilarbeid er plassert mot

nord og inneheld også eit felles undervisningsrom med peis og kjøken. Baksida

av tekstilverkstaden vender ut mot tilkomstområdet og syner på same vis som

Varmeverkstaden fram arbeidet og gjenstandane som vert produsert i bygget.

Verkstaden er organisert slik at dei største, tyngste, mest bråkete og varmaste

prosessane er samla nært tekniske rom og driftstun, medan prosessane vert gradvis

finare, reinare og stillare jo lenger frå driftsområde ein flyttar seg.

Dei tre verkstadbygga er bygd opp etter like prinsipp. Dei består av 2 store, sjenerøse

og sentralt plasserte arbeidsrom. I kvar kortende av bygga er det faste støttefunksjonar

som malerom, verkstadkontor, forbrenningsomnar, piper, tekstillager, peis med meir.

Langs heile bakveggen er det hengt på eit hylle- og lagersystem. Hyllesystemet er

også konstruksjon og heng på som ein svevande ryggsekk over terrenget på utsida. I

arbeidsromma er det tydeleg definerte og fleksible arbeidssoner og transportsoner. Ein

har effektiv tilgang til alle støttefunksjonar og hylle- og lagersystem. Sentralromma har

også ei samanhengande og stor vindaugsflate inn mot felles arbeidstun, som sikrar

god kontakt mellom dei ulike verkstadromma og ut mot Handverkstunet. Prosessane

vert også godt synlege frå vitjande til tunet og friluftsmuseet. Alle verkstadene har

plass til undervisningsgrupper på ca. 25 personar.

Eksisterande bygg er bygd om til å innehalde resepsjon, museumsbutikk, utstilling,

kontor og personalavdeling. Resepsjonsområdet med museumsbutikk er gjort om til

eit sjenerøst og ope rom, der også ein del av veggane er opna med glas til golvet.

Inngangspartiet vert tydelegare, trivelegare, meir funksjonelt, og gir også utsyn til

delane av friluftsmuseet som ligg på baksida, aust for eksisterande bygg. For å

forsterke inngangen enda meir er det lagt til ein ekspressiv baldakin i cortenstål.

FORHOLD TIL OMGJEVNADENE

Den nye verkstaden har ei tydeleg innside og utside. Frå utsida fasadane relativt lukka,

men med mange små vindauge som gir glimt av prosessane på innsida. Dette skapar

nysgjerrigheit, men gjer også at verkstaden underordnar seg administrasjonsbygget og

tilkomstområdet.

Då verkstadbygga er plassert oppå høgda vert golvnivåa lagt over eksisterande

terreng slik at ein reduserer grunn- og fjellarbeid til eit minimum. Dei 8 trea som kan

vere omfatta av Forskrift om utvalde naturtypar er bevart i forslaget, og plasserer seg

fint ved innkøyrsle på driftstunet og inne i atriet i Handverkstunet. Kanskje må 1-2 av

trea fellast for å gi plass til fundamentering av bygga. På utsida av verkstadbygga og

driftsområdet skal tre av ein viss storleik bevarast, medan kratt fjernast. Verkstaden

vert då liggjande som del av eit skogsholt, i likskap med resten av friluftsmuseet.

Utandørs driftsområde på sydsida er skilt frå resten av anlegget med eigen avkøyrsle,

og er ikkje tilgjengeleg for publikum. Området er ope og fleksibelt med eit hovudlager

plassert mot friluftsmuseet i aust. Då lageret er det største og høgste bygget på

driftsområdet er det plassert for å gi minst mogleg sjenanse for naboane. Mot naboane

er det plassert opne lagerskur med godt takutsikk. Mellom skura er det etablert

skjermingsgjerde. Gjerda er plassert inn mot driftstunet slik at avgrensinga av tunet

vert rettlinja og at skura vert lagringslommer mellom gjerda. Skura har ulike djupner

mot nabo. Avgrensinga mot naboane vert trappa slik at ein ikkje får ein lang avvisande

vegg rett mot naboeigedommane. Dette gir også plass til ein del tre mellom sona

mellom naboar og driftsområdet. Ingen delar av driftsområdet er nærmare nabogrense

enn 4 meter. Verkstadbygga har nesten flate tak for å halde høgdene nede, tunet

opent, tilpasse seg eksisterande bygg og for å gi plass til mest mogleg av trekronene til

å leve fritt over anlegget.

PLAN 1:200

RØD KOMPOSISJON
SYNERGI MELLOM UTANDØRS- OG INNANDØRSAKTIVITETAR

Dei tre verkstadbygga har alle ei tydeleg og open innside med direkte tilkomst til

overbygd uteareal og Handverkstunet som ligg i midten. Tydelege transportsoner og

store dører i verkstadromma gjer at det er enkelt og effektivt å flytte aktivitetar og utstyr

ut og inn etter behov. Då verkstadene ligg med fronten mot kvarandre har ein god

oversikt og innsyn i mellom dei, og til og frå Handverkstunet.

GJENNOMFØRBARHEIT OG FLEKSIBILITET

Anlegget er enkelt å orientere seg i, tilfredsstiller krav til universell utforming og

har effektive og gode rømmingsforhold. Som arealoppsettet viser er det eit svært

arealeffektivt anlegg, med svært låg brutto/netto-faktor. Parkeringsplassen er etablert

i same område som eksisterande parkering, men har større kapasitet. Totalt er det 46

parkeringsplassar inklusive 2 HC-plassar.

FASADE NORD 1:200

Kvart av verkstadbygga har sitt eige autonome konstruksjonssystem. Dei kan enkelt

justerast i lengde og breidde og utkastet er såleis svært elastisk. Bygga har rasjonelle

konstruksjonssystem med enkle grunnformer og korte spennlengder. Trebyggeriet

består av tresøyler, trebjelkar og eit hyllesystem av massivtreskiver. Tette veggar og

takplate over bjelkelag er i massivtre. Eksisterande administrasjonsbygg er bygd om

innanfor eksisterande hovudinndeling og beresystem, og påverkar eksisterande statikk

i liten eller ingen grad.

Verkstadbygga er komponert av få men tydelege og funksjonelt bestemte

bygningsdelar. Mot terrenget har bygga ein base av betong. Varme og våte soner

har kjerneisolert skalmur av handbanka teglstein med grove fuger. Hovudvoluma

er bygd opp av limtre og massivtre med trefiberisolasjon og er kledd med uhøvla

trekledning malt med raud komposittmåling. Vindauge på utsida av anlegget er med

stepp-glas medan det inni tunet er klarlakkert treverk rundt vindauge og dører. Synlege

trekonstruksjonar og takutstikk er trekvite.

SNITT A-A 1:200

Eit senter for tradisjonshandverk og bygningsvern må ha høgt ambisjonsnivå på

materialbruk, detaljering og gjennomføring. Verkstadbygga er enkle og rasjonelle

bygg, men har samstundes nokre detaljar og tvistar som gjer dei interessante og tek

byggetradisjonen inn i vår tid. Det nye handverkstunet skal vere eit føregangseksempel

for korleis tradisjonshandverk kan nyttast i ny og god arkitektur.

AREALOVERSIKT

Romnr. NTA BRA BTA

BYGNINGSVERN (bygg A)

Verkstad - grovverkstad 16 120

Verkstad - maskinrom 17 71

Verkstad - malerom 18 30

Verkstad - kontor 19 14

Material- og verktøylager 21 inkl. i rom 16

Totalt BYGNINGSVERN 235 239 265

SNITT B-B 1:200

TRADISJONSHANDVERK - VARMEVERKSTAD (bygg B)

Verkstad - varmearbeid 28 186

Lager isolert - hylleystem 31 inkl. i rom 28

Teknisk rom 20 35

Sanitær - publikumstoalett 33 24 25

Avfallshandtering 11 12

TOTALT TRADISJONSHANDVERK - VARME 257 266 298

TRADISJONSHANDVERK - TEKSTILVERKSTAD (bygg C)

Verkstad tekstil 29 76

Lager 30 inkl. i rom 29

Undervisningsrom (med kjøken) 32 (33) 83

TOTALT TRADISJONSHANDVERK - TEKSTIL 159 160 183

TOTALT NYE BYGG 651 665 746

Brutto-/nettofaktor 746/651= 1,15

FOLLO MUSEUM (eksisterande bygg)

Administrasjon / kontor 6 71

Santiær - personalgarderober 7 52

Kjøken/møterom/lunsjrom 7 24

Lager, BK, korridor - 23

Adkomstområde (foaje/museumsbutikk) 5 95

TOTALT FOLLO MUSEUM 265

FASADE VEST 1:200

UTANDØRS

Lager utandørs 13 100

Drift utandørs inkl skur 12 1275

Undervisning utandørs 14 450

Overbygd uteområde 34 200

TOTALT UTANDØRS 2025

RØD KOMPOSISJON
INTERIØRPERSPEKTIV VARMEVERKSTAD TRADISJONSHANDVERK

RØD KOMPOSISJON
INTERIØRPERSPEKTIV GROVVERKSTAD BYGNINGSVERN

RØD KOMPOSISJON