Anne Karin Fonneland «Olav H Hauge og trea : Om å sjå naturen – og klimakrisa no!»
Forfattar er Anne Karin Fonneland. Kva som er normalt i naturen, er i endring. Klimaforskarar skildrar gradvise økologiske endringar som vi vanskeleg oppfattar, som shifting baselines. Forfattaren og gartnaren Olav H. Hauge såg tidleg at menneska ikkje berre var i harmoni med naturen, men skapte kritisk ubalanse over tid. Kva språk har vi for desse endringane? Boka syner korleis den ‘biletskjønne nasjonalromantikkens tablå’, ein kultur med mangfaldige sjikt av meining og levd liv, kan visa veg til ein realisme med berekraft. Fonneland viser oss den levande naturen og kombinerer fakta om klimaendringar og eigne erfaringar med nære lesingar av Olav H. Hauge sine dikt og dagbøker. Dei to forfattarane skildrar korleis det å ha eit nært forhold til, og omtanke for naturen, er blitt noko samansett, av og til plaga. Me ser naturen, og er sjølv del av den; økosystemet me inngår i, er truga. Historia til Fonneland er tankevekkjande, fengslande og viktig.
Forfattar er Anne Karin Fonneland.
Kva som er normalt i naturen, er i endring. Klimaforskarar skildrar gradvise økologiske endringar som vi vanskeleg oppfattar, som shifting baselines. Forfattaren og gartnaren Olav H. Hauge såg tidleg at menneska ikkje berre var i harmoni med naturen, men skapte kritisk ubalanse over tid. Kva språk har vi for desse endringane?
Boka syner korleis den ‘biletskjønne nasjonalromantikkens tablå’, ein kultur med mangfaldige sjikt av meining og levd liv, kan visa veg til ein realisme med berekraft. Fonneland viser oss den levande naturen og kombinerer fakta om klimaendringar og eigne erfaringar med nære lesingar av Olav H. Hauge sine dikt og dagbøker. Dei to forfattarane skildrar korleis det å ha eit nært forhold til, og omtanke for naturen, er blitt noko samansett, av og til plaga. Me ser naturen, og er sjølv del av den; økosystemet me inngår i, er truga.
Historia til Fonneland er tankevekkjande, fengslande og viktig.
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
OLAV H. HAUGE OG TREA
Om å sjå naturen – og klimakrisa no!
OLAV H. HAUGE OG TREA
Om å sjå naturen – og klimakrisa no!
Anne Karin Fonneland
OLAV H. HAUGE
Om å sjå naturen – og klimakrisa no!
OG TREA
essay
Efrem 2021
© Efrem forlag 2021
www.efremforlag.no
OmslagsbildeR: Nikolai Astrup: «Kari. Motiv fra Sunde» og
«Vårnatt i hagen», Wikimedia Commons
Forfattarfoto: Kvinnheringen
grafikk: Freepik
Omslag og sats: Lerø design
Trykkeri: LivoniaPrint
Skrift: Tisa Pro 11/14
Papir: 100g Munken Premium Cream 1,5
Forfattaren har mottatt støtte frå Det faglitterære fond
ISBN 978-82-92922-73-6
Boka er trykt på miljøvennleg papir
INNHALD
Innleiing – Dagbøker og frukthage 9
Klimafornekting 12
Oppdaging 17
Grunnstammer/ greiner 21
Samanheng? 32
Romantikk/ antroposentrisme/ økokritikk 38
Tilbake til jorda 47
Endring i jordbruket 52
Lån eller eigedom? 58
Skogbading 71
Å leva av tre 75
«Ser me naturi»? Om Olav H. Hauge 88
Plant eit tre 114
Dei vanskelege tala 117
Kontakt med naturen? 124
Kva gjev meining for framtida? 131
Litteratur 140
5
«Me kviler ikkje i tidi og naturi, har ikkje ro til å gå i gang med
sjølvgløymande arbeid. Kvar er so febrilsk uppteken med å gjeva
uttrykk for sitt eige ego, sine tankar, sitt vesle sjeleliv og driftsliv,
lenger rekk me ikkje. Og so kjem det usæle: Ser me naturi anten det
no er hav eller stjernor, fjell, skog, so er det oss sjølve me ser, våre
lengslor og draumar, våre sorger og sjuke tankar, me speglar oss i
naturi. Landskapet, naturi for hennar eigi skuld, ser me ikkje, gjev
oss ikkje av med å prøva skildra og gjeva att. Me er ego-sentrert,
har aldri ofra oss sjølve, me (er) alltid det viktigaste i kva me gjer,
me har gløymt å tena, det er det som er saki. Me kan då heller ikkje
tena kunsten.»
Olav H. Hauge
7
innleiing
– Dagbøker og frukthage
I dei siste åra har eg brukt ein del tid med forfattaren
Olav H. Hauge sine dagbøker. Gjennom lesinga har eg
funne at han ofte opplevde å vera fortvila over manglande
respekt for naturen. Det vart naturleg å tenkja på vår
eiga tid der klimaspørsmålet stadig har kome nærare.
Synlege teikn i naturen og rapportar frå mange hald om
naturkatastrofar, gav, og gjev, meir og meir ubehag.
Ein haustdag i 2019 såg eg at Folgefonna hadde endra
seg. Eg kunne sjå blåisen frå hagen vår i Hardanger. Eg
kjende uhygge og byrja å skriva om det; ville setja meg
meir inn i kva som er i ferd med å skje i naturen. Olav
H. Hauge vart den jordnære støttespelaren som eg har
henta svært mange sitat frå. Eg ville syna fram tankar
frå Hauge som eg meiner er nyttige i vår tid med klimakrise.
Eg såg også nærare på nokre av dikta hans og kom
til å lesa tekstane i eit meir økokritisk perspektiv. Olav
H. Hauge er kjend for å vera ein viktig lyrikar, men han
var også gartnar og fruktbonde. Hauge si forankring i
9
naturen hjelper oss til å sjå tilbake og gjev perspektiv
framover. Eg er takksam for at Det Norske Samlaget gav
ut dagbøkene til Hauge i år 2000.
Det vart naturleg å starta i frukthagen mellom trea der
eg sjølv var, men det vart også logisk å reflektera omkring
livsgrunnlaget til folk på Vestlandet som tradisjonelt
var jordbruk og fruktdyrking, men også skogsdrift
som har vore leveveg for svært mange i Noreg. Skogen
er i eit spenningsfelt når det gjeld omsyn til karbonlagring
og skogvern i motsetnad til omsynslaus utbygging
og vekstideologi. Små gardsbruk er under sterkt press,
og svært mange er nedlagde.
Eg har vore knytt til trea, landskapet og jordbruket frå
eg var barn. Dette er derfor ei forteljing om å høyra til i
ein kultur og i ein natur som eg har eit sterkt ønske om
å leva i og vidareføra til andre etter oss. Arbeidet med
denne teksten har ført meg nærare klimaforsking og
naturfilosofi som igjen har gjeve meg ei overtyding om
at klimasaka og klimavenleg matproduksjon er dei viktigaste
kampane vi må ta framover.
Vi er opplærte til å tru at naturen verkar uavhengig av
10
oss menneske. Det er ikkje slik. Alle planter, dyr, artar
og økosystem er avhengige av omgjevnaden og er dermed
også risikoprosjekt. Om eit ledd i prosessen vert
borte, kan liv forsvinna. Ved å sjå nærare på vilkåra til alt
som skal leva, aukar vi kunnskapen om å høyra til i ein
heilskap. Det er ei god kjensle som gjev meining, men
også ansvar.
11
KLIMAFORNEKTING
Det er haust. Eg plukkar plommer i Hardanger. Det er
varmare enn det brukar å vera på denne tida. Den første
hauststormen har vore her, men så kom sommaren
tilbake med uvanlege temperaturar. Eg likar sol når eg
skal hausta inn, men eg likar ikkje at det er uvanleg. Det
uroar meg. Eg vil ha det normalt.
Snart kjem regnbygene som følgje av dei høge temperaturane.
Då er det risikabelt for oss å ferdast på
vestlands- vegar. Styrtregn kan gje ras. Eg tenkjer på dei
som lever og arbeider i bygdene langs desse fjordane.
Dei har mange farlege, smale vegar å køyra på. I tillegg
har dei no fått aukande rasfare. Eg er trass alt heldig
som berre er her for å henta frukt i hagen ved sommarhuset
vårt i Norheimsund.
Neste dag kjem med varme og sol att. Eg sit i ein
frukthage der trea bognar av mogne plommer og veksande
eple og pærer. Eg har henta ned det vi skal ha.
Eg tenkjer at alt det andre kan gå til insekt og fuglar
som også skal leva. Det som fell ned gjev næring og ny
vekst. Så fint at det er slik. Hardangerfjorden ligg med
lys blå, silkemjuk overflate. Ender sym langs landet, og
lenger ute ligg eit svanepar som vanlegvis brukar å vera
12
nærare land. Det har kome sild eller brisling i fjorden.
Måkene vaktar på stimane som vert jaga av større fisk.
Dei høge fjella på andre sida av fjorden ligg stødige og
verkar milde på ein dag som dette. Mellom fjella over
Jondal ser vi Folgefonna, men har Folgefonna fått ein
gråare farge? Er ho i ferd med å smelta? Er det blåisen
som skaper denne litt gråare fargen?
I dei siste åra har eg nyoppdaga trea fordi eg veit at
dei er viktigare enn eg trudde. Eg merkar at eg er redd
for frukttrea om våren. Vil det koma normale temperaturar?
Vil det koma humler og bier som kan pollinera?
Eg ser på fruktbløminga med ny respekt. Angsten ligg
like under når eg går slik og observerer. Kor lenge vil
dette vara? Klarar vi å halda liv i biene? Har humlene
alltid vore så små? Det var mest ikkje veps dette året.
Kvar er vepsen?
I desse dagane brenn skogen i Amazonas. Avskoginga
auka med 80% i løpet av juni. Det er i så høgt tempo
at forskarar er redde for kollaps og ørkendanning.
Presidenten i Brasil har opna opp for at folk kan starta
brannane for å dyrka området som av nokre vert kalla
jorda sine lunger. Mange rasar over klimafornektaren
i Brasil som avslo pengestøtte frå G7 landa for å stoppa
brannane, men sanninga om skuld er meir komplisert.
Det handlar om kampen om ressursar som skal til for
å vera med i det økonomiske kappløpet. Europa og EU
er den nest største importøren av soya frå Brasil. Norsk
13
landbruks- og oppdrettsnæring importerer også store
mengder. Slik er ein med på å legitimera den miljøfiendtlege
politikken som m.a. Brasil fører i dag.
Temperaturen stig på jordkloden, og klimaforskarar
flest meiner at det er menneskeskapt. Vi aukar CO2-
nivået og slepper ut fossilt brennstoff slik at trea, havet
og kloden ikkje kan ta nok opp i seg for å skapa den
naudsynte avkjølinga som skal til for å gje god balanse.
Breane smeltar, tørkekatastrofar og verendringar
skadar jorda si evne til å produsera mat. Varme og tørke
sender menneske bort frå landområde, og det ser ut til
at vi er inne i ein farleg spiral. No handlar det om at ein
skal nå dei såkalla klimamåla for å stagnera og stoppa
den uheldige utviklinga. Miljøorganisasjonar og klimaforskarar
er einige om at det er krise. FN sitt klimapanel
har konkludert med at klimagassutsleppa må verta reduserte
med 45% innan 2030.
Eg tenkjer på selskapet eg var i for nokre dagar sidan,
der vi byrja å snakka om miljø og klima. Ein av gjestene
hevda med styrke at klimaendringane er naturlege. Det
er ikkje noko vi kan gjera med det. Det har alltid vore
klimaendringar, noko dei fleste er klar over, men frå
hans side vart det «menneskeskapte» avvist. Eg opplevde
at fleire heldt seg rolege og skeptiske, men etter kvart
kom utsegner som «det er jo lite vi kan gjera» og «bilane
våre må vi jo få køyra» og «det må jo vera ungdomen
som kjem til å gjera noko med dette». Eg følte på ubeha-
14
get og gav uttrykk for det. Eg såg plutseleg på oss som
ein gjeng egoistiske, halvgamle selskaps- og ferieløver
med eit framtidig overblikk: Kva vil dei seia om oss?
Er det fortrenging vi snakkar om? Sigmund Freud
tok som kjent utgangspunkt i seksualdrifta når han
forklarte korleis menneska kan fortrenga og omdanna
psykiske prosessar. Kulturen sine normer og reglar hindrar
at ein kan leva etter lystprinsippet. Fortrenging er
at driftsimpulsar møter motstand. I vårt tilfelle kan det
sjå ut til at vi sår tvil om motstanden sin relevans, eller
at vi utset motstanden mot klimaendringane fordi vi
heller vil leva etter lystprinsippet. For at lysta skal verta
fortrengd, må ulystmotivet oppnå større makt enn tilfredsstillingslysta,
meinte Freud. Når vert ulystmotivet
stort nok i vårt tilfelle? Det er likevel ikkje så underleg
at vi skyv frå oss ubehaget når vi vert konfronterte med
redsle for framtida og kjensle av skuld og hjelpeløyse.
Vi menneske har behov for å ha balanse i kvardagen vår.
Det krev mykje av oss å endra på det livet vi har. Vi vil
gjerne skyva frå oss det vonde og tenkja på noko anna,
slik eg gjer når eg helst vil leggja dette til sides og konsentrera
meg om trea.
Vi overtok ein frukthage og hus etter bestefar til
mannen min. I dei seinare åra har vi vore meir medvitne
om at trea også skal stellast. Det betyr klipping i
løpet av vinteren og tidleg vår, det betyr gjødsling, og
ikkje minst tynning når det byrjar å verta frukt. Seinare
15
er det å fjerna årsskot som trekkjer næring frå frukta, og
gjerne ny tynning. Det er i det heile svært mykje arbeid
med frukttre om ein skal gjera det etter oppskrifta. Det
er like før eg byrjar å snakka med trea no, sa eg til ei av
dei to døtrene våre i telefonen sist eg snakka med henne.
Vi opplever glede over samspelet og har oppdaga at
samspel går to vegar. Før trudde vi at trea skulle gje oss
frukt og at vi berre skulle ta imot. Det er ikkje slik. Vi må
gje omsorg og næring til kvart tre for å få godt resultat
tilbake. No ser vi kor mykje omsorga og samspelet betyr.
Vi har fått eit betre fellesskap med trea. Vi tek bilete
og frydar oss over bløminga om våren. Vi er stolte når
vi plukkar og smakar på frukta om hausten. Kvart eple
skal leggjast varleg ned i kassane. Vi har lært at eple skal
behandlast som egg.
16
OPPDAGING
Dei første barneåra budde eg på Hatlestrand i Kvinnherad.
Det er ei lita bygd ved Hardangerfjorden med utsikt
mot fjorden og til Folgefonna. Det var eit lite småbruk
med frukt- og lauvtre og med åsar og fjell i bakgrunnen.
Det var ein rik variasjon av ulike tresortar. Far min laga
disse (huske) til meg i eit stort eiketre. Der hadde eg ein
gong det eg kan kalla ei slags mystisk oppleving. Eiketreet
var stort med brei krone og kraftige greiner. Det
stod like ved løa vår, og frå dissa kunne eg sjå bakkar,
fjorden og vågen der båtar for inn og ut. Best hugsar eg
ospetrea i nærleiken av huset vårt som vart heilt gule
om hausten. Eg hugsar raslinga frå dei runde blada i vinden
og den blå himmelen over det heile. Eg hugsar også
gråskodde og regnbyer som skapte alt om til «tusse- og
trollskog». Eg hugsar alle hasseltrea. Eg og ei veninne
hadde kvar vår grein i eit stort tre. Der sat vi og speida
utover fjorden på ferja og andre båtar. Om hausten
henta vi mengder av hasselnøtter som vi slo sund med
steinar for å henta ut kjernane. Det smaka fantastisk. Eg
hugsar også alle kirsebærtrea som kom med strålande,
blanke og gjennomsiktige raudfarga kirsebær i mørkegrønt
lauvverk. Mest av alt hugsar eg likevel eiketre-
17
et eg hadde disse i. Det kom ei strålande sol gjennom
lauvverket på den store eika. Eg trur eg må ha vore ein
fem-seks år. Det vert sagt at slike opplevingar skal ein
ikkje tolka eller snakka om. Eg veit berre at det var ei
spesiell oppleving. Alt eg kan beskriva er ei god kjensle
av kontakt med naturen. Eiketreet var ein ven. Eg følte
meg trygg der. I diktsamlinga Når dei vakne ser frå 1999
har eg ein tekst med utgangspunkt i dette:
Det er når eg skal lytte til mitt eige mørke at eg strekkjer
meg som om det var greiner ned frå himmelen. I det store
eiketreet eg hadde disse i som barn, var det eit villare lys,
eit mjukare mørke. Alt det eg hugsar har eg på vekta som
dinglar fram og tilbake, og i barnet som no er borte. Eg held
det tomme tauet, kastar meg ut i rørsla som parerer røter og
greiner eg trass alt må innsjå har ei byrjing og ein slutt. Universet
mitt no er utanom dette. Der skal eg gripa meg sjølv.
Far min laga også lauvhytte til oss då vi var små. Eg
hugsar lukta av turrhøy og lauv. Det må ha vore ein fin
sommar. Far laga små høybører til oss ungane som vi
bar inn i løa. Vi hadde jonsokbryllaup der store og små
spela ulike roller og hadde midtsommarfeiring. Lauvhytta
vart borte med vinden og regnet då hausten og
vinteren kom. Då eg seinare i livet las «Lauvhytter og
Snøhus» av Olav H. Hauge, var eg tilbake til landskapet
i min eigen barndom:
18
LAUVHYTTOR OG SNØHUS
Det er ikkje mykje med
desse versi, berre
nokre ord, røysa saman
på slump.
Eg synest
likevel
det er gildt
å laga dei, då
har eg som eit hus
ei liti stund.
Eg kjem i hug lauvhyttone
me bygde
då me var små:
krjupa inn i dei, sitja
og lyda etter regnet,
vita seg einsam i villmarki,
kjenna dropane på nasen
og i håret –
Eller snøhusi i joli,
krjupa inn og
stengja etter seg med ein sekk,
kveikja ljos, vera der
i kalde kveldar.
Olav H. Hauge, frå Spør vinden (1971).
19
Eg kjende meg att. Dei små tilfeldige husa som gav vern
og vegger ei lita stund. Det var spennande å byggja og
fint å koma inn og sitja i byggverket etterpå. Ein brukte
naturen sine materialar og kunne kjenna på tilhøyrsla
og tryggleiken. «Å vita seg einsam i villmarki» skriv
Olav H. Hauge og opnar også eit element av vekst og
erkjenning. Det er ei spenning ved det å kjenna på einsemd.
Poeten samanliknar hyttebygginga med tilfeldig
versbygging. Det er ei leikande glede ved det å byggja
vers og små hytter. Det er både trygge og utrygge element
i diktet.
20
GRUNNSTAMMER / GREINER
I antikken var eika rekna for å vera heilag. Treslaget vart
knytt til guden Zevs som var gud for himmelen, regnet
og toreveret. Eika kunne snakka. Orakelet heldt til der.
Trea vart omtala som Quercus (eikeslekta). Ordet stammar
frå gresk og tyder styrke eller kraft. Også i norrøn
mytologi var eika knytt til toreguden, Tor. Den som søkte
tryggleik ved ei eik i torever, vart verna av guden Tor.
Nøtter og bork av eik vart rekna for gode lækjemiddel,
kan ein lesa i diktet Håvamål. I tidlegare tider var eikenøtter
viktig sikringskost. Svært mange hadde eik som
tuntre, men også lind, rogn og alm har vore vanlege
tuntre. Tuntrea skulle verna folket og livet i tunet. Det
var knytt overtru til det å få tuntreet skadd.
Skaldane i vikingtida brukte tresymbolet flittig. Egil
Skallagrimsson omtalar den døde sonen sin som ei broten
grein på slekta si stamme. Tuntrea sine greiner skulle
ein ikkje saga ned eller bryta. Det kunne bety død i
familien. Det kunne bety ulukke eller død for folket på
garden. Det var også vanleg å planta tre knytt til fødsel
og død. Ved klostergarden på Halsnøy kloster vart det
planta to store bøketre etter to jenter som døydde av dysenteri
i 1842. Bror til jentene heitte Niels. Han hadde
kanskje overlevd sjukdommen, det er usikkert om han
21
hadde dysenteri, men han skal ha vore sjukeleg i oppveksten.
Niels ville også ha eit tre. Dette treet vart planta
mellom dei to store trea. Det skulle visa seg at treet
fekk for lite kraft og lys. I 1993 fall eit av trea ned. Det
synte seg at alle trea hadde dårleg rotsystem, og alle vart
felte etter at det første hadde falle.
Mange har framleis tuntre, og tuntrea har fleire funksjonar.
Kanskje treng vi dei symbolske trea eller noko
som er større og høgre enn oss? Kanskje kjennest det
trygt med det som er der, men som også held fram når
vi ikkje er her lenger? Eiketreet frå barndommen min
står der framleis. Eg ser alltid etter det når vi reiser
forbi. Eg er glad for å sjå det. Trea held landskapet og
minna på plass. Trea skjermar for vind, regn og lyn. Trea
kan strekkja seg og breia seg ut som tak over oss. Men
ikkje minst, trea strekkjer seg nedover og utover i jorda.
Dei har røter nedover og held kontakten med jorda. Det
kjennest stabilt og trygt med eit stort tuntre.
Dronning Ragnhild frå Snorre sine kongesoger
drøymde om røter. Ho drøymde store draumar og var
ei klok kvinne, skreiv Snorre. Ho drøymde at ho tok ein
torn frå kjolen sin. Han vaks til ein tein og til ei grein
som sette røter i jorda. Etter kvart vart greina til eit stort
tre som breidde seg oppover og utover heile Noreg.
Stamma var grøn og fager, skreiv Snorre, men nedste
delen var raud som blod, og oppe i greinene var det kvitt
som snø. Ein draumetydar fortalde at Ragnhild skulle
22
verta mor til ei kongeætt som skulle ha makt over landet.
Rotnettet frå draumen var symbol på kongemakta
der éin mann skulle vera større og betre enn alle andre.
Det var Olav den heilage.
Yggdrasil, verdstreet, er det fremste kosmiske symbolet
i norrøn mytologi. Det vert omtala som livstre,
lagnadstre og verdstre. Verdstre som bilete på livet og
verda er eit universelt, kosmisk symbol. I Det gamle
testamente finn vi tresymbolet i to utgåver, som livsens
tre og treet til kunnskap om godt og vondt. Adam og
Eva åt av treet til kunnskap om godt og vondt og gjorde
noko ulovleg. Menneska vart kasta ut av Edens hage på
grunn av dette. Dei hadde fått kjennskap til kva som var
vondt og kva som var godt. Syndefallsmyten fortel kvifor
menneska lever med harde vilkår på jorda. Gud ville
ikkje at dei skulle eta av livsens tre fordi menneska då
kunne verta udødlege.
Verdstreet utgjer ei søyle i midten av jorda og bind saman
himmelen, jorda og underverda. Slike oppfatningar
finst i mange mytar og kulturar. Verdstreet Yggdrasil
fungerer som eit gedigent økosystem, ifølgje myten.
Treet syg vatn frå Nornebrønnen og det fuktige breier
seg heilt ut til dei ytste greinene. Frå greinene dryp
dogg over heile jorda. Alle elvane i verda spring ut frå
treet og kjelda i midten. Verdstreet er eit fantastisk bilete
på korleis det finst ei kosmisk lov som er oppretta av
gudane. Dette er ikkje eit statisk og idyllisk bilete. Det
23
finst farlege krefter som tærer på Yggdrasil. Fire hjortar
beitar i lauvet, dyr gneg og tærer på greinene, ein orm
gneg på røtene. Eit lite ekorn, Ratatosk, spring opp og
ned i treet og fører med seg sladder medan tida sjølv
tærer på Yggdrasil som også vert eldre og kan bryta saman.
Kanskje myten om dei tærande kreftene har vore
utgangspunkt for dette diktet av Olav H. Hauge?
FJELL ER TUNGE Å FLYTTA PÅ
Fjell er tunge å flytta på,
eikeroti seig å rikka,
kven vågar seg i kast
med dei store sakene i verdi?
Uksar og elefantar ber dei på ryggen
lange vegar, ørnar flengjer ut
blodige stykke og fyk
til ufser og avgrunnar,
ulvane rivst um dei
revane har dei til åte,
flugene skit dei til,
skjori stel sylvet,
ormen ber kruna.
Olav H. Hauge, frå Janglestrå (1980).
Heilagstaden til gudane er ved asken Yggdrasil. Der skal
24
dei ha domsmøte kvar dag. Asken er den største og beste
av alle tre ifølgje myten. Han har tre røter som held
han oppe, og som spreier seg særs vidt. Det er også ein
myte i norrøn mytologi at ein gud, Odin, hengde seg
i verdstreet for å få tak i runene, som betyr kunsten å
skriva og tyda skrift. Det skulle ein visdomsgud til som
kunne ofra seg, gjennom smerte og død, for å føra fram
kunnskap til gudar og menneske. Verdstreet hadde
også ein samfunnsmessing funksjon då tingplassen låg
ved treet der gudane skulle samla seg for å rådslå. Det
var plassen for lov, orden og forhandlingar. Ein måtte
inn til grunnstamma for å sjå heilskapen. I indisk mytologi
er røtene til verdstreet festa i himmelen. Gudane
oppheld seg der. Det er interessant å merka seg at i både
norrøn og gresk mytologi, samt i mange religionar og
filosofi, prøvde ein å femna om eit kosmisk verdsbilete.
Det vert nærliggjande å koma tilbake til klimaendringane
og naturlovene knytt til kosmos og samanheng.
I det gamle Hellas såg filosofane mennesket som ein
del av kosmos. Ordet kosmos tyder den rette ordenen i
eit sosialt fellesskap. Filosofane såg altets kosmos, samfunnets
kosmos og sjelas kosmos i samanheng. Desse
instansane var med på utviklinga av demokratiet og
humanismen. Mennesket si danning var ein del av tenkinga
for å utvikla den gode staten i pakt med kosmos.
Hos filosofen Platon er attråens dygd måtehald, viljens
dygd er mot, fornuftas dygd er visdom. Desse dygdene
25
er med og gjev rettferd. Lengten etter det gode, sanne og
rette er eit mål for enkeltmennesket si utvikling slik dei
tenkte det i pakt med samfunnet og naturen. Har vi tapt
innsikta om at vi er i ein stor samanheng?
Det ser ut til at «klimafornektinga» blant folk flest er
mykje meir vanleg enn eg trudde. Ho er også svært omfattande,
meiner Kari Marie Norgaard som har forska
på dette. I 2011 gav ho ut boka Living in Denial, Clima
Change, Emotions, and Evryday Life. Vi menneske høyrer
om klimaendringane og kjenner til mange fakta. Likevel
har vi «selektiv merksemd» for å verna oss. Det skjer
så mykje vondt i verda at det må haldast på avstand. I
tillegg er ‘fake news’ meir og meir vanleg, og vi har eit
demokrati- og informasjonsproblem som får oss til å
stengja av for merksemd på problema. Det er normalt å
vegra seg, meiner forskaren.
Vi høyrer og ser klimaunngåinga gjennom kommentarar
og spørsmål der det stadig vert sådd tvil
om det eigentleg er noko vi treng bry oss med. Vanlege
verkemiddel er fordummande latterleggjering
og skeptiske ytringar om menneske og politiske parti
som brukar tida på det grøne skiftet. Eg spør meg sjølv
kvifor mange synest å vera redde for dei grøne partia
og hentar fram eit debattsitat av Kåre Willoch frå
nettavisen.no i 2018:
«Tror du at huset ditt kommer til å brenne? Svaret er
nei, men du tegner jo brannforsikring. Ja selvfølgelig.
26
Sånn er det også med klimapolitikk. Er det risiko for at
mennesket påvirker klimaet, så er den risikoen så fatal
at vi er nødt til å gjøre det vi kan, og så vil vi oppdage at
en effektiv klimapolitikk vil koste en bagatell i forhold
til den gigaskade som vi risikerer å skape hvis vi ikke
fører en effektiv og litt kostbar klimapolitikk.»
I frukthagen i Hardanger hentar eg igjen fram poeten
og tenkjaren Olav H. Hauge som skreiv såkalla åndeleg
dagbok heile livet:
Jakt på kultur av dei rike og kulturlause, njotarane, dei
rotlause, sterile pengefolki! Dette er og jakt og øyding av
resursane i verdi. Den skapande evne lyt ha gropunkt og
veksestad. Dei vert færre og færre.
Dette skreiv han i dagboka påskeaftan 1974.
Tidleg på 70-talet var gruppa av «pengefolk» ei anna
enn det ho er no. No er mange av oss så mykje pengefolk
og «njotarar» at det halve kan vera nok. Vi veit det, men
mange orkar ikkje å gjera noko med det?
Den finske filosofen Georg Henrik von Wright har
beskrive korleis det økonomiske systemet og kapitalismen
er lausriven frå ein stadig tapande stat som
kan forsvinna heilt. Kapitalismen søkjer forbruk, og
forbruket «øyder» slik Hauge skreiv. Von Wright har
kome med nokre forslag som kan snu utviklinga. Han
meiner at dei multinasjonale storselskapa står utanfor
27
OLAV H. HAUGE OG TREA
Om å sjå naturen – og klimakrisa no!