Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Godbitar frå

den nynorske

populærmusikken

STEREO

© 2024

slagersong og

svartmetall

Arild Torvund Olsen
Arild Torvund Olsen

slagersong og

svartmetall

– godbitar frå den nynorske populærmusikken
© Fonna Forlag 2024

ISBN 978-82-513-0408-5

1. utgåve, 1. opplag

Ettertrykk forbode utan løyve.

Grafisk formgjeving: Arild Torvund Olsen

Skrifttypar: Dolly, Lato, Carlito og Learning Curve Pro

Foto av forfattaren: Mari Torvund Måseide

Prenteverk: GPS group, Bosnia-Hercegovina, 2024

Platene i boka er, der ikkje anna er nemnt, henta frå samlinga til forfattaren.

Hovudvekta av LP-omslaga er fotograferte til boka av Piotr Cabaj / Fylkessenter

for digitisering av kulturarven ved Interkommunalt arkiv for Møre

og Romsdal. Resten er fotograferte av forfattaren sjølv, dersom det ikkje står

spesifisert noko anna i kjeldelista.

På nokre av dei gamle pressefotografia har me, trass i lang tids leiting,

ikkje greidd å finna ut kven som er fotograf. Ta kontakt dersom

du er eigaren til eitt av desse bileta.

Bokprosjektet har fått stønad frå NOPA.

www.fonna.no
Innhald

5 Føreord

6 Vestlandsvalsen

8 Femtitalet

10 Kurt Foss & Reidar Böe synger viser av Jacob Sande

12 Annie Get Your Gun

14 Småsporven gjeng i tune

18 Bill / Eg må halde av mannen min

20 Gangdøra

22 Sekstitalet

24 Vi går ombord

26 Barneviser av Jan-Magnus Bruheim og Lulle Kristoffersen

28 Det hende i Taremareby

30 Både le og gråte

32 Karamell-dansen

34 Per Spelemann / Jenteord

36 Alexander’s snøgg time band / Hu hei kor er det vel friskt og lett

38 Birgitte Grimstad synger viser

40 David Harpeslagar / Saltstytta

42 Pop-Ola

44 The King and I

46 Seksten tonn / Kom alle fagre tandre terner

48 Ivar Medaas synger Beatles

50 Det kjem nok betre tider

52 Eit sliti kjøkengolv

54 The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music

56 Dobbeltportrett

58 Syttitalet

60 Saft

62 That’s Why Vol. 2

64 Tjugeni

66 Fordums frukter, friske frø

68 Ragnarock

70 Portrett

74 Comin’ Down the Valley

76 Kjerringrokk om kvinner

78 Midt på natta

80 Einsam

82 Frå skigard til øygard

84 Vårteikn

86 Tramp & trall

88 Du er eit svin

90 Kven syng den grøne songen?

92 Heks

94 Kjærleikens ferjereiser

96 Åttitalet

98 Ta meg med / Vi vandrar saman

100 Piaf

102 Kom heim

104 Rocken Bom

106 Diskografi for På Norsk L/L

108 Ha ti dæ!

110 Einsamflygar

112 Vindar

114 Sissel

116 Neonlys på Ivar Aasen

120 Nittitalet

122 Panzerfaust

126 Aspera hiems symfonia

128 Destination ÆØÅ

130 Blodhemn

132 Totusentalet

134 Jygri

136 Unholy Norwegian Hip Hop

138 There Is a Sound in the Back wheel jamfør Læreplan 97 /

I Egypt hadde guden for lærdom hovud som ei ape

140 Valkyrien Allstars / To måner

142 Bestevenn

146 Månesinn

148 Blondt i blondt

150 Gjennom marg og bein

152 Ruin

157 Etterord

158 Personlege favorittar / Om forfattaren

159 Takkeliste

160 Kjelder

166 Namneregister

3
The New Sound of

Edvard Grieg / Folk-Music

Dizzie Tunes

LP | TRLP 9 | TROLL 1969

Å jazza opp Grieg var nærast som tukling med nasjonalheilagdomar

å rekna, so då Dizzie Tunes spelte inn eit album

med nytolkingar av Grieg, gjekk det som det måtte

gå: Det vart bråk og ramaskrik. På departe mentsnivå.

1969

Den jazz- og bossanova-inspirerte plata The New Sound of Edvard

Grieg / Folk-Music, med arrangement av Sigurd Jansen,

har to delar: éi side med nytolkingar av folkeviser, og éi med

tolkingar av Grieg-songar med tekstar av Garborg og Vinje.

Og det her vart «Årets mest kontroversielle norske LP-plate»,

for å sitera Arbeiderbladet. Faktisk var arrangementa so kontroversielle

at ein av dei klassiske musikarane som skulle

spela på plata, reiste seg og gjekk i protest midt i innspelinga.

Det var kan henda ikkje heilt venta at det var Dizzie Tunes

som skulle stå for ei av dei mest omstridde platene som har

kome ut på nynorsk, men gruppa var på ingen måte ukjend

med nynorsken. Dei hadde alt gjeve ut to songar med tekst av

Hartvig Kiran, og i tillegg samarbeidde dei mykje med Vestlandsduoen

Kari og Ivar Medaas på slutten av seksti talet. Då

Vestlandsduoen song seg inn i radioane kringom i landet

med slagerane «Takk og pris» (1968) og «Det sa presten ikkje

noko om» (1969), var det faktisk Yngvar Numme frå Dizzie

Tunes som hadde skrive dei nynorske tekstane.

I 1969, då The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music kom

ut, hadde opphavsretten til komposisjonane til Grieg gått

ut. Det fanst likevel ein paragraf i lova som sa at det ikkje

var lov å offentleggjera tolkingar som kunne krenkja den

kunstnar iske eigenarten til verket eller opphavspersonen,

og det meinte Edvard Griegs fond at denne plata gjorde. Dei

skreiv difor til Kyrkje- og undervisnings departementet og bad

dei forby sal og distribusjon av plata. Departementet tok saka

og la henne fram for «det sakkyndige råd for ånds verker». Dei

konkluderte – etter å ha hatt plata oppe som sak på to møte –

at plata «må ansees som krenkende for Edvard Griegs, Vinjes

og Arne Garborgs egenart, og for innspilte verks egenart».

Men det vart ikkje noko forbod. «Platen er som helhet betraktet

så dilettantisk, og den sanglige utførelse så smakløs og

umusikalsk at man vanskelig kan tenke seg at den vil bli tatt

tilstrekkelig alvorlig til å kunne ha skadevirkninger.»

Trass i slik totalslakt frå rådet var aviser i samtida langt

meir positive. Det vanka skryt til so vel arrangementa til Jansen

som songprestasjonane til Dizzie Tunes og spelinga til dei

involverte jazzmusikarane. Signaturen B.K. i Bergens Tidende

var rett nok ikkje heilt overtydd «om at det er ønskelig, enn si

nødvendig, å synge og spille «Ved Rondane» med tilnærmet

latinamerikansk beat», men meinte likevel at plata låg «på et

etter norske forhold eksepsjonelt høyt fagmessig nivå». Og

jamvel om ikkje alle eksperimenta på plata var like vellukka,

inneheld The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music nokre

verke lege godbitar som står seg den dag i dag.

55
1 2

3

❶ Original konsertplakat med Saft frå oktober 1970, berre nokre få

månader etter at gruppa vart skipa. ❷ Etter andreplata Horn, der alle

tekstane var på engelsk, kunne den spellemannprisvinnande tredjeplata

Stev, sull, rock & rull by på fleire nynorske låtar att. Den geniale tittelen

var det Audun Tylden på Philips som fann på. Saft: Stev, sull, rock & rull |

lp, Philips 1973 ❸ Etter at Saft gav seg i 1974, spelte mange av dei originale

Saft-medlemene til dans i gruppa Brødrene Thues Ensemble. Den

fyrste plata til denne nye gruppa var i praksis ei Saft-plate, med fleire

låtar skrivne i Saft-tida, og denne testpressinga (prøveplate for å sjekka

lyden før plata går i produksjon) er då òg merkt med «Saft». Brødrene

Thue: Brødrene Thue | Testpressing, rca Victor 1975
Saft

Saft

LP | 2382 009 | Polydor 1971

På seinsumaren 1970 kunne ein lesa at medlemer frå dei

to bergenske sekstitalsgruppene Neither Nor og Human

Beings hadde slege seg i hop og byrja komponera låtar

saman. Målet deira var å utvikla ein eigen musikkstil, og

resultatet av samanslåinga vart til ei av dei mest legendariske

norske prog rock-gruppene: Saft.

1971

Med i den nye gruppa var Ove Thue (vokal), Trygve Thue (gitar,

fløyte og vokal), Rolf Skogstrand (bass og vokal), Magne Lunde

(trommer) og Tom Harry Hal vorsen (tangentar og fløyte).

Musikken deira var ei form for moderne, progressiv rock med

røter i den psykedeliske rocken, og attendemeldingane på dei

fyrste konsertane i september 1970 var særs gode. Bergens

Arbeider blad kommenterte at her hadde det endeleg kome ei

bergensk popgruppe «som er interessert i noe annet enn bare

å kopiere gamle hits», medan Bergens Tidende like godt slo

fast: «Aldri har noen norsk popgruppe vist bedre ting her i

landet.» Og det var ikkje berre bergenspressa som hadde sansen

for Saft. NRK fjernsynet sleppte gruppa til med fleire låtar

i ungdomsprogrammet Flimra hausten 1970, og det tok heller

ikkje lang tid før Polydor gav gruppa platekontrakt. I mars

1971 gjekk dermed Saft i studio for å spela inn debutplata si.

Gruppa har i ettertid fortalt at møtet med studiomiljøet

vart eit lite sjokk. Studiofolka i kvite frakkar ville helst at ting

skulle høyrast «pent» ut, medan Saft ville ha rå klang og vill

eksperimentering. Til dømes opna dei plata med eit opptak

av lydar frå toalettet. I tillegg til at dei eksperimenterte

musikalsk, prøvde Saft seg fram tekstleg òg. Jamvel om dei

i byrjinga skreiv mest på engelsk, hadde debutplata nemleg

noko so uvanleg som to rockelåtar på norsk: Den eine,

«Opus 1» av Trygve Thue, var skriven på bokmål og vart til

dels sungen på tulle-austlandsk. Det andre norske innslaget

var «Fjøsvise» av Ove Thue. Alt på sekstitalet, medan han var

i Neither Nor, hadde Ove Thue eksperimentert med nynorske

tekstar, og med «Fjøsvise» leverte han no den fyrste nynorske

rockeballaden i norsk platehistorie. Med nydeleg fleirstemd

koring frå Trygve Thue og Rolf Skogstrand står «Fjøsvise» att

som eit av høgde punkta på plata.

Debutplata til Saft er framleis særs ettertrakta, og særleg

fyrste pressingar går for høge summar på bruktmarknaden.

Etterspurnaden gjer at plata har vorte gjeven ut på nytt fleire

gonger, både her til lands og i utlandet, og på framsida av den

fyrste nyutgjevinga, som kom alt i 1973, har plateselskapet

lagt til ei raud stjerne med teksten «Including: FJØSVISE».

Eksperimentet med nynorske rockeballadar synte seg med

andre ord å vera vellukka for Saft, noko som òg viser att i

strøymetala frå nyare tid. Bortsett frå den seinare singelen

«People in Motion», som vart ein internasjonal suksess, er

det ingen av dei andre låtane til Saft som er i nærleiken av

strøymetala til «Fjøsvise».

61
1 2

3

4

Medaas og Jakob Sande

❶ Ivar Medaas tonesette mange Sande-dikt, til dømes «Pakta», som

vart singelen frå Vårteikn-albumet. På B-sida syng Kari Medaas «Då

Daniel drog» til Simon Vatne sin melodi. Ivar Medaas og Kari Medaas:

Pakta / Då Daniel drog | Singel, Polydor 1976 ❷ Gruppa Bergeners

var glade i Jakob Sande. På plata 5000 Bergeners , der dei mellom

anna tolkar «Likfunn», er Ivar Medaas med på fele. Bergeners: 5000

Bergeners | LP, Spoil Records 1978 ❸ Før dei grunnla Bergeners, spelte

Fred Ove Reksten og Alfred Kjerpeseth i gruppa Spoilband. På denne

plata har dei sett tone til Jakob Sande-klassikaren «Etter ein rangel».

Spoilband: Tre meter Spoilband | lp, Nett Records 1975 ❹ I 1975 og

1976 turnerte Gustav Lorentzen og Øystein Dolmen med Kari og Ivar

Medaas. Her ser me dei fire i lag i Nord-Noreg i 1975.
Vårteikn

Ivar Medaas

Lp | 2382 072 | Polydor 1976

Ein kveld seint på sekstitalet stod Gustav Lorentzen og

Øystein Dolmen, seinare betre kjende som Knutsen &

Ludvigsen, på scena i Studentersamfundet i Trondheim

og parodierte Kari og Ivar Medaas i nummeret «Med småfregnar

på». Om det var denne parodien som gjorde at

Ivar Medaas fekk auga opp for dei, seier soga ingen ting

om, men nokre år seinare hanka han i alle fall dei to inn

som musikarar og arrangørar på plata Vårteikn.

1976

Det var lett å høyra på framføringa av «Med småfregnar på»

at Dolmen og Lorentzen verkeleg skjøna seg på musikken

dei parodierte, og grunnen til det er enkel: Ivar Medaas var

ein av dei musikalske heltane deira. Dei har til dømes sagt at

«Den vesle jenta og folungen» stod øvst på den private hitlista

deira – over «Satisfaction» med The Rolling Stones – då

dei som tenåringar byrja spela saman. Denne forståinga for

musikken til Medaas gjorde at det vart full klaff då Medaas

ein sumardag i 1974, på ein grasbakke ein stad i Trøndelag,

drog dei to med i improvisert samspel – Medaas på hardingfele,

Dolmen og Lorentzen på gitar og mandolin. Faktisk vart

det sopass klaff at Medaas der og då inviterte dei to til å vera

arrangørar på den neste plata hans.

Ein kunne kan henda ha venta at samarbeidet mellom tre

gjøglarar som Medaas, Dolmen og Lorentzen skulle føra til

ei humorplate frå Ivar Medaas. I staden ser det ut til at møtet

forsterka den djupe musikaliteten som alle tre alltid hadde

med seg, og det er ikkje utan grunn at Bergens Tidende i 1976

kalla denne Medaas-plata for «det beste han nokon gong har

festa til platerillene».

Bortsett frå trommene til Arne Hågensen og litt steelgitar

frå Øystein Sunde er det Dolmen og Lorentzen som speler

alle instrumenta i kompet på Vårteikn. Ivar Medaas sjølv

syng og speler hardingfele, og hardingfele spelet hans har fått

mykje meir plass her enn på dei tidlegare Medaas-platene. I

ungdomen hadde Ivar Medaas gått i lære og spelt saman med

spele menn som Finn Vabø, John Rosenlid og Arne Bjørndal,

og alt i 1959 vann han fyrstepremie i klasse B for hardingfele

på landskappleiken, slik at han rykte opp til A-klassen. På

Vårteikn får han visa fram kunstane sine i fire hardingfeleinstrumentalar,

med «Bruremarsj» og «Hamborgar» – båe i

tradisjon etter John Rosenlid – som dei klåre høgdepunkta.

Fyrstnemnde har Dolmen og Lorentzen gjeve eit flott nedstrippa

arrangement for hardingfele og orgel, medan den

sistnemnde er drivande, elektrisk folkrock.

Undertittelen på Vårteikn er «Ivar Medaas syng Jakob Sande

og spelar hardingfele», og alle dei sju songane som ikkje

er instrumentalar, har tekst av Sande. Her er det mange fine

tolkingar, men den finaste augneblinken er nok der Dolmen

og Lorentzen får vera med på å framføra den gamle favoritten

sin, «Den vesle jenta og folungen».

85
1 2

3

Nynorsk tullepønk

❶ Nokre månader før Jahn Teigen var med på å gje ut «Du er eit svin»,

stilte han opp i denne aprilsnarren der Pioneer hevda dei hadde laga ein

radio med lydfilter som kunne omforma bokmål og engelsk til nynorsk,

slik at ein til dømes kunne høyra engelske rockelåtar på nynorsk. ❷ I

Aasen-året 1996 laga medlemer frå Gartnerlosjen pønkegruppa Aasen.

Aasen: Nordmannen | CD-singel, Tylden & Co 1996 ❸ Med Ragnar

Hovland i front tolka Dei Nye Kapellanane Sex Pistols i valsetakt – med

trekkspel. Dei Nye Kapellanane: Anarki i Noreg / Ivar Aasen og katten

hans | CD-singel, Tylden & Co 1998

«Anarki i Noreg, det kjem ein dag for deg og meg. Eg hatar trafikklys og kongehus, og eg skal rive alt i grus. Eg vil bli anarkist.»

Dei Nye Kapellanane
Du er eit svin!

Noregs Punklag

Singel | P.S. EN | AS Disco 1977

Den fyrste norske pønkesingelen var på nynorsk og var

signert gruppa Noregs Punklag. Eller var det her eigenleg

ei pønkegruppe? Og var det ikkje noko kjent med den

røysta?

1977

I nokre aviser kunne ein i 1977 lesa at Noregs Punklag var ein

aggressiv kvartett frå Moss, med Stein Hardberg på trommer,

Willy Farris på bass, Ragnvald Rømbo på gitar og Kåre Kloakk

på vokal. Kåre Kloakk hadde visstnok vakse opp på den harde

austkanten i Oslo før han 13 år gamal hamna på barneheim

i Moss. Oppveksten hadde fylt han med hat mot det etablerte

samfunnet, eit hat han kunne skrika ut som frontfigur i gruppa

Noregs Punklag.

«Du er eit svin!», som var Sex Pistols-låten «God Save the

Queen» med ny tekst, kom ut på singel i eit enkelt gråpapiromslag.

Men teksten var slett ikkje «hat mot det etablerte

samfunnet». Tvert imot var det ein tekst som handla om at

ungdomar er sløve og bør skjerpa seg.

Du er eit svin.

Høyr på faren din.

Det er inga framtid

i ungdomens sviming.

I november 1977 kunne Adresseavisen avsløra at Noregs Punklag

berre var tull, og at «Kåre Kloakk» eigenleg var Herodes

Falsk frå Prima Vera. Men det var heller ikkje heilt rett. For

jamvel om mannen som poserte som Kåre Kloakk på pressebileta,

var Herodes Falsk, var det ikkje han som song. Røysta

tilhøyrde Jahn Teigen, medan dei som spelte på plata, var

Jonas Fjeld Band. «Stadig forvirra? Ikkje etter denne vekas

episode av Forviklingar.»

På same vis som at såpeopera-parodien Forviklingar (Soap)

kom til Noreg før såpeoperasjangeren som han parodierer,

kom altso parodi-pønken til Noreg før pønken. Og i båe tilfella

kom parodiane på nynorsk.

Etter kvart var det fleire aviser som skreiv om at Noregs

Punk lag eigenleg var Prima Vera, og «Du er eit svin!» var

endåtil med på debutalbumet til Prima Vera i 1977. Likevel

tok det lang tid før alle skjøna spøken. Musikkavisa Nye takter

hadde til dømes ei framsidesak i april 1978 med tittelen

«Punkbølgen kommer ikke til Norge!», og der vart Noregs

Punklag drege fram som ei av dei få norske pønkegruppene,

tilsynelatande i fullt alvor.

Det at parodisingelen til Noregs Punklag kom ut før dei

meir genuine pønkeplatene, har i ettertid skapt ein del problem

for dei som skal skriva om den norske pønkehistoria.

Kan ein, i ein sjanger som er so oppteken av å vera «ekte»,

rekna ein parodisingel som den fyrste norske pønkeplata?

Kan henda ikkje. Men ei artig utgjeving er det lell.

89
1

2

3 4

5

Ekstremmetall og nynorsk lyrikk

❶ I tillegg til at Gylve Fenris Nagell har nokre sjølvskrivne nynorsktekstar

på Høstmørke, inneheld eine låten ukrediterte strofer frå Ragnvald

Vaage. CD-en kom i 1995, men det tok 13 år før me fekk ei offisiell

vinylutgåve. Isengard: Høstmørke | LP, Moonfog 2008 ❷ Originalmedlemene

frå trøndergruppa Manes gjev ut svartmetall under namnet

Manii. Alle tekstane på Kollaps er henta frå I Helheim av Arne Garborg.

Manii: Kollaps | LP, Avantgarde Music 2013 ❸ Lyrikaren Cornelius

Jakhelln er frontfigur i Solefald. På denne plata nyttar han både eigne

tekstar og tekstar av Olav Aukrust. Solefald: Norrønasongen | Ep, Indie

Recordings 2014 ❹ «Verdi oeydest» har tekst frå Voluspå-attdiktinga til

Ivar Mortensson-Egnund. Whoredom Rife: Nid | LP, Terratur Possessions

2018 ❺ Nynorskinnslaga her er henta frå Haugtussa og Voluspå,

men albumtittelen kjem frå Ragnar Hovland-boka Ein motorsykkel i natta.

Manes: Under ein blodraud maane | lp, Hammerheart Records 1999
Panzerfaust

Darkthrone

LP | FOG 005 | Moonfog 1995

Viser og lyrikk – og jazz og lyrikk – var etter kvart kjende

kombinasjonar, men på nittitalet fekk me ein ny variant:

svartmetall og lyrikk.

1995

Gruppa Darkthrone hadde platedebutert med daudmetallplata

Soulside Journey i 1991, den gongen som ein kvartett.

Frå og med andreplata A Blaze in the Northern Sky byrja dei

derimot å reindyrka eit svartmetall uttrykk, mellom anna inspirert

av grupper som svenske Bathory og sveitsiske Celtic

Frost. Lyden vart med vilje gjort styggare og mindre polert, og

kompliserte låtstrukturar og teknisk spelestil vart bytte mot

repeterande komposisjonar med vekt på stemning.

Etter kvart ramla nokre av medlemene ut av rekkene, og

den femte LP-en, Panzerfaust, var i praksis nesten ei soloplate

frå Gylve Fenris Nagell. Han spelte inn alle instrumenta sjølv

på ein firespors opptakar heime i stova si i 1994. Den andre attverande

medlemen, Ted Skjellum, kom berre inn i etterkant

for å leggja på vokalspora sine.

På denne tida var Nagell ekstremt produktiv. I tillegg til

å laga Panzerfaust stort sett på eiga hand spelte han inn fleire

andre plater i 1994 og 1995, til dømes med soloprosjektet Isengard

og det minimalistiske, Klaus Schulze-inspirerte syntprosjektet

Neptune Towers. Og minimalistisk synt får me òg

på det nynorske innslaget på Panzerfaust, nemleg sistesporet

«Snø og granskog (utferd)». Det å kalla introar for «innferd»

og sluttspora for «utferd» var noko svartmetallmiljøet henta

frå plata Rosensfole av Jan Garbarek og Agnes Buen Garnås.

Parantesen med «utferd» i låtnamnet signaliserer då at det

her er ein instrumental – i dette tilfellet med diktlesing over

– som kjem etter at den siste «vanlege» låten er ferdig.

Den alltid søkjande Nagell var fyrst ute med mykje. Han

var den fyrste som skreiv ein nynorsk ekstremmetalltekst

(«Vinterskugge» med Isengard), han var den fyrste som nytta

motiva til Theodor Kittelsen i ein ekstremmetallsamanheng

(i Darkthrone-forgjengaren Black Death i 1987), og med «Snø

og granskog» vart han den fyrste til å ta i bruk eldre nynorsk

lyrikk på ei norsk svartmetallplate.

Diktet «Snø og granskog» av Tarjei Vesaas, som i dette

høvet er nytta ukreditert, er på mange måtar ei perfekt oppsummering

av norsk svartmetallestetikk anno 1995: «Meterdjup

fonn kring mørke tre», som Vesaas skriv. Der ekstremmetallomslag

i andre delar av verda i stor grad var fulle av

blod, gørr, djevlar og zombiar, har Panzerfaust eit utydeleg

fotografi av ein person i eit landskap med snø og granskog.

Det at biletet er so mørkt og utydeleg, gjer at landskapet set

fantasien vår i sving. Samstundes gjer det grovkorna og fotografiske

uttrykket at me får ei kjensle av at bileta me skaper i

hovudet, er noko ekte som er dokumentert med fotoapparat.

Slik vert snø og granskog, i kombinasjon med fantasien vår,

eit langt meir effektivt bilete enn nokon djevel eller zombie.

123