HAVmagasinet 2024
Siste nytt og viktig innsikt om næringslivet rundt havgapet i Florø.
Siste nytt og viktig innsikt om næringslivet rundt havgapet i Florø.
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
Siste nytt og viktig innsikt om næringslivet rundt havgapet i Florø.
HAVmagasinet
2024
A til Å Grafisk Design og Media
1
Unik industriby
Det er noko veldig unikt med denne vesle industribyen
i havgapet. I Florø finst det nemleg fleire store bedrifter
som ikkje berre er marknadsleiande innan sitt felt, men
også pionerar i det grøne skiftet og innovative i sitt fag.
Fleire av dei store tungvektarane opererer innan dei
havbaserte næringane. Samtidig har vi ein underskog
av mindre leverandørar, som spelar ei viktig rolle for at
næringslivet i Florø går godt for tida.
Vi må alle ta eit krafttak for havet
og arbeidsplassane i kystbyen.
Flora Industri- og Næringsforening skal vere ein møteplass
for utveksling av erfaringar og nye idear. Samtidig
må vi legge vekt på å heie kvarandre fram. Alle bedriftene
– både små og store – er avhengige av kvarandre
og brikker i eit felles puslespel.
Gjer kvarandre gode
Det er avgjerande at vi løftar fram den kompetansen
vi har i Florø, og den viktige innsatsen bedriftene gjer
Bjørn Hollevik
Styreleiar
både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Snakk varmt om
nabobedrifta og gi dei ein klapp på skuldra. Har du fleire
dyktige kandidatar i søknadsbunken som ikkje passar
inn hos deg? Tips ei bedrift i lokalmiljøet for å få vedkommande
hit, eller snakk saman for å finne ein jobb til
partnaren som blir med på flyttelasset.
Relasjon til havet
Byen Florø starta opp med blikket vendt mot havet, og
dei rikdommane som kom frå det store blå. Den dag i
dag hentar vi framleis rikdommen frå havet. Anten du
er elektrikar, båtbyggar, servitør eller sit på eit kontor på
basen eller midt i byen – så har jobben din ein relasjon
til havet.
Kraft i alle former
Vi går inn i framtida med blikket retta mot havet og det
havet gir oss. I Flora Industri- og Næringsforening har
vi sterkt fokus på kraft, og då tenkjer vi ikkje berre på
elektrisk kraft. Det er ei sterk kraft i det å stå saman, og
gjere kvarandre gode. Akkurat no er det grøne skifte
med grøn kraft dagsaktuelt. Vi treng meir kraft, og ikkje
minst så treng vi meir arbeidskraft.
Flora Industri- og Næringsforening består av:
A til Å Grafisk Design og Media • Accountor Førde • Advokatfirma Blikra, Slotterøy & Fonn, Avd. Florø • Advokatfirma
Tollefsen • Allbygg Florø • Arbeids- og Velferdsetaten • Auto 8-8 Forum • Avinor Florø Lufthamn • BB ServiceSystem SF •
Byggservice • Consto • Deloitte DKFB • E. Karstensen Fiskeoppdrett • Ecit Services • Equinor Energy • Ewos • Fanevik Bygg •
Ferstad Installasjon • Fjord Base Holding • Fjord Staff Management • Fjord1 • Florø Hamn KF • Florø Næringsbygg Florø Rør •
Fokus Elektro • Folkeuniversitetet • Global Florø • Grind • Grønsberg bygg • GS Maskin • Helgås bygg og taksering •
2 HAVmagasinet
Frå Florø til verda
Her i Florø lever vi ved og av havet. Kystbyen vart
etablert nettopp på grunn av havet og dei rike fiskeria.
Folk kom hit for å nytte ressursane som havet gav, for
å skape arbeidsplassar og å bygge eit samfunn. Dette
samfunnet lever og er høgst oppegåande den dag i
dag. Framleis er det havet som gir oss ei enorm verdiskaping,
trygge arbeidsplassar og gjer Florø til ein god
plass å bu.
Havnæringane er ein sentral del av økonomien og
kulturen i Florø. Det er ein imponerande aktivitet knytt
til desse næringane, som gir store ringverknader i
lokalsamfunnet. Men også internasjonalt med Florøbedrifter
som opererer i Senegal, Kina og Australia.
Vi har samla dei gode historiene om det gode næringslivet
i Florø – basert på ressursane frå og på havet – for
å vise verda kva Florø har å by på.
Foto: Egil Aardal.
HAVmagasinet
A til Å i samarbeid med Flora Industri- og Næringsforening.
Redaksjon: Anita Øygard, Charlotte Lindén-Nybø, Maria Benæs Hunvik og Malvin Horne.
havmagasinet.no
Hipphipp Flora • I O S Tubular Management • IVest Consult • Jon Strømsnes • K. Jansen • Kinn Regnskap • Kruse • Kvartalet
Florø • LPJ Trading Linja • Localhost • Marø Havbruk • Multi Maritime • NCC Norge • Neptun Energy Norge • Niprox
Technology • Nor Tekstil Norblikk • Norwell • Novaform • Origod • Petroleum Services • PP Florø • PWC • Ramco Norway •
Ramsdal Maskin • Salt Arkitekter • SAR • Slakteriet • Solvens • Sparebanken Sogn & Fjordane • Sparebanken Vest •
Trygve Ullaland • Vestnes Ocean • Victoria Hotell Florø • Walcon Maritime • Westcon Yard Florø • Quality Hotell Florø
A til Å Grafisk Design og Media
3
Familiane Karstensen og Sveen samarbeider på tvers av generasjonar. F.v. Harald Johan Karstensen, Nils Tore Karstensen, Silje Sveen,
Trond Sveen, Kristoffer Karstensen, Elin Tveit Sveen, Geir Karstensen og Gjert Erik Karstensen.
Riggar seg for framtida
Vi er glade for at neste generasjon ynskjer å jobbe med det same som oss og det er kjekt
å ha dei med i drifta, smiler Nils Tore Karstensen i E. Karstensen Fiskeoppdrett. Elin Tveit
Sveen i Marø Havbruk er einig, men vil samtidig få fram at det også er eit stort ansvar dei
etter kvart skal overlevere til neste generasjon. Begge selskapa har vore innovative og er
opptatt av å ta i bruk nye teknologiar. Samtidig legg dei sterk vekt på god fiskevelferd.
Vi lever etter mottoet:
«HAR LAKSEN DET BRA,
HAR VI DET BRA!»
Ny generasjon – nytt utstyr
I år skal selskapa bygge om 2 av lokalitetane med
ny flåte og fleire ringar. Då vil vi ha 4 lokalitetar med
moderne utstyr. Anlegga våre ligg vêrhardt til, så det
er viktig med solid utstyr. Når ekteparet Trond og Elin
Tveit Sveen og brørne Nils Tore og Geir Karstensen
trappar ned, så har neste generasjon eit veldig bra
utgangspunkt.
Må forstå fisken
Kunnskap om fisken er eit viktig fokusområde. For å
lukkast med god fiskevelferd, må vi forstå fisken. Kva
er det beste fiskefôret? Kvifor får fisken sår når den
er vaksinert mot same sjukdom? Korleis halde lusetalet
lavt utan å handtere fisken? Vi deltar i forsking og
ønsker alltid å lære meir, seier Elin – og er klar på at dei
har eit stort ansvar.
generasjonar med fisk har vi sloppe heilt unna avlusing.
Dette meiner vi er svært positivt.
Tar utfordringane på alvor
Dei to erfarne oppdrettarane legg ikkje skjul på at sår på
vinteren kan vere ei utfordring. Vi følgjer godt med og
har tett kontakt med fagmiljøa som kan hjelpe oss. Vi
gjer det vi kan med til dømes god ernæring og robust
smolt, og tilfører fisken probiotiske bakteriar som
styrkar immunforsvaret. Summen av fleire tiltak skal
betre velferda til fisken vår.
Saman er vi sterkare
Dei to selskapa var i 1996 dei første i Norge som starta
med formell samdrift, der ein samarbeider tett. Dette
har vore viktig for oss, og gitt oss tryggheit i gode og
vanskelege tider. Det har vore utfordringar med fleire
nedtrekk i løyva i vårt område, og auka skattetrykk.
Likevel ønsker vi å bidra til auka verdiskaping og positiv
aktivitet i våre lokalsamfunn.
Satsar på god fiskevelferd
Selskapa investerer tungt i forebyggande tiltak, for god
fiskevelferd og lusekontroll. Vi har i mange år hatt stor
suksess med bruk av laserteknologi mot lakselus. I fleire
karstensen.no
marohavbruk.no
4 HAVmagasinet
«Stadt Kinn» og «Stadt Florø» ute på oppdrag. Foto: Stadt Sjøtransport.
På oppdrag frå Florø til Afrika
Det har skjedd store endringar her hos Stadt Sjøtransport så langt i 2024, og fleire
nyheiter er undervegs, smiler dagleg leiar Martin Olsen fornøgd. – Den største endringa
er at vi har eit auka internasjonalt fokus i tillegg til fokus på lokale marknader.
Tidlegare har vi stort sett levert tenester til næringslivet på Vestlandet, men no har vi i
tillegg landa ei større langtidskontrakt på kysten av Vest-Afrika.
Firmaet som er styrt frå Kolkaia i Florø sentrum har 4
slepebåtar og rundt 35 mann i arbeid, og driv stort sett
med hamnebuksering, slepeoppdrag, assistanse og
nødtenester. Dei er det einaste lokale slepebåtselskapet
i Florø, og har gode lokale kundar frå Sognefjorden i
sør til Aukra i nord – og resten av landet ved behov.
Fokus på miljø og forbetringar
Taubåtane våre er drivne av dieselmotorar, men vi har
fokus på å spare miljøet gjennom interne retningslinjer
og program for å redusere utslepp av CO2 og NOX.
Vi ser og på alternative drivstoff, og har bidratt i eit
felles prosjekt med Hub for Ocean, der vi undersøkte
mogleg heitene knytt til hydrogen. Akkurat no jobbar
vi med å få på plass eit landstraumanlegg på vår eigen
base, slik at båtane kan bruke elektrisk energi ved kai.
Nye oppdrag i Vest-Afrika
Frå januar i år har «T/B Stadt Kinn» med mannskap
skifta beite. Den køyrer på fast oppdrag for eit stort
olje selskap i Senegal og Mauritania. For oss er dette
veldig spennande, og eit bevis på at vi kan konkurrere i
ein større marknad. Det betyr og at vi har ein båt mindre
i Florø, og at vi må sende mannskap sørover. Vi har
nyleg mista ei kontrakt i Bremanger, så dette er eit godt
bevis på at «når ei dør lukkar seg blir ei ny opna», smiler
ein optimistisk sjef.
Lokalt forankra
Samtidig som vi løftar blikket mot utlandet så er vi eit
lokalt forankra taubåtselskap, og vi har rikeleg med
arbeid lokalt, fortel ein fornøgd leiar. Vi er det einaste
taubåtselskapet som køyrer på fast kontrakt for Fjord
Base. Der hjelper vi større skip med hamnebuksering og
fortøying. Vi har månadlege oppdrag med rørbåtar som
skal til og frå basen, i tillegg til meir sporadiske jobbar
som dukkar opp etter behov
Fleksible og tilgjengeleg.
Oppdrettsnæringa er viktig i Kinn, og vi er ein viktig
assistent når til dømes store merdar skal transporterast.
Vi er fleksible og tar på oss jobbar med alt frå å assistere
skip og oljeplattformer til slep av vindmølledeler og
akutte bergingsaksjonar. Båtar og mannskap er utrusta
for å hjelpe fartøy i nød, og vi rykker ut på kort varsel.
For oss er det eit viktig ansvar å hjelpe til og hindre
havari, miljøulykker og andre hendingar.
tugs.no
A til Å Grafisk Design og Media
5
Eit av mange fartøy som legg til ved Florø hamn sine kaier får hjelp til trossing. Foto: Florø hamn.
Knutepunkt vest
Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt Vestlandskysten saman med verda.
Florø er eit naturleg bindeledd mellom sjøen, vegen og lufta, og eit knutepunkt for
sjø transport mellom Ålesund og Bergen. – Vi har satt kursen for vegen framover, seier
hamnesjef Linda Mortensen Midtbø og driftsleiar Ørjan Storesund.
– Primæroppgåva vår er å sikre eit godt hamne tilbod.
Vårt område strekk seg frå Hyllestad i sør, til den sørlege
delen av Kinn. Tryggleik er ein avgjerande faktor.
Er det manglar på kaier eller farar i farvatnet er det vår
opp gåve å løyse dette. Det kan vere alt frå å ha jamleg
vedlikehald på kaier til å reise ut på sjøen når vi får
meldingar om potensielle farar i farvatnet. Det dei fleste
kanskje ikkje veit er at vi handsamar søknadar om
flytebrygger, kablar og liknande i hamneområdet vårt.
– Ein gong fekk vi rapport om ei trekrone i sjøen og
hasta av garde i båten vår Ytterøyane. Då vi byrja å heise
trekrona, viste det seg at det var eit 15 meter høgt tre
som hadde satt seg fast i botn. Det var litt av ein jobb,
men vi fekk det til, seier Ørjan Storesund.
I drift heile døgnet
For å sikre ei trygg og smidig drift har dei ei ansvarleg
hamnevakt som sørger for all kommunikasjon mellom
sjø og land. Hamnevakta er på 24 timar i døgnet, og
hjelper til der det skulle vere behov.
– Vi har mange fartøy som er innom dei seks kaiområda
vi driftar i løpet av ein dag. Nokon ligg til kai
over ein lengre periode, medan andre er innom ein kort
tur for å losse eller laste varer. Då er det viktig å ha god
kommunikasjon internt og med aktørane som brukar
lokalitetane våre for å ha ei smidig drift, seier Linda.
– Hamna skal sørge for at all ferdsel på kaiene og i
våre farvatn er trygge. Ved uvêr og snøfall kan det bli
svært travelt for hamnevakta. Heldigvis er dei tilsette ein
fleksibel og triveleg gjeng som stiller opp og hjelper til
når det trengs.
Ei hjelpande hand i Florø hamn
At Florø hamn strekker seg langt for å hjelpe til er det
fleire som kan bekrefte. I løpet av eit år har hamna
rundt 7000 anløp. Nokre av fartøya som legg til kai
er faste travarar i hamnebassenget, som til dømes
brønnbåten «Ro Server» frå Rostein. Skipet fraktar fisk
frå oppdretts anlegga og inn til Slakteriet.
florohamn.no
6 HAVmagasinet
– Det skjer mykje viktig utviklingsarbeid som
posisjonerer Florø i front nasjonalt og internasjonalt
på fornybarfeltet. Vi skal vere ei drivkraft i utviklinga av
kystregionen og bidrar aktivt til å for sterke dette framtidsretta
arbeidet. Hamnehuset er det første næringsbygget
i gamle Sogn og Fjordane som vart BREEAMsertifisert,
som er Norge si fremste miljøsertifisering for
bygg. No er bygget fullt med havbaserte bedrifter.
«Ro Server» legg til ved kai E på Fugleskjærkaia. Foto: Florø hamn.
Det er trivelege folk du treff i
hamna, som tek oss godt imot
og hjelper oss med det dei kan.
Dei strekkjer seg så langt dei kan
for å ordne plass til oss, sjølv når
det er trangt om plassane.
Magne Egil Sleire, «Ro Server»
Ny og spennande tid
Verda er i endring, og med dette endrar Florø hamn
seg. Stabben fyr, eit av dei mest særprega fyra i landet,
har vore eit kjenneteikn i logoen i lang tid. No når
dei fornyar seg med ny logo, er fyret framleis med.
Den skal representere både bølgjene i havet og den
dynamiske drifta til Florø hamn.
– Vi har tilbydd kundane våre tilkopling til landstraumanlegg
sidan medio juni 2021 og det første året
leverte vi 1,5 GWh straum til fartøya. No legg vi til rette
for at det også vert lading for hurtigbåtane som skal gå
i Florø-bassenget. Vi følger utviklinga i bransjen, og skal
vere tidleg ute å legge til rette for at kundane våre kan
få nytte framtidsretta teknologi.
Liten organisasjon som gjer mykje
Florø hamn er ein liten organisasjon, med 6 tilsette,
drift 24/7, og store prosjekt i arbeid.
– Ein kan dra samanlikningar mellom Florø hamn og
eit isfjell. 90% av eit isfjell er usynleg frå havoverflata
og slik er det litt med oss også. Det er mange aktørar
og anløp som skal koordinerast der vêr og vind er ein
faktor. Samarbeid internt og mellom aktørane er viktig
for at vi skal ivareta alle så godt som mogleg. Dialogen
med leigetakarar, kunder og privatpersonar er grunnleggande
for at vi skal utvikle oss i takt med samfunnet.
På denne måten kan vi tilpasse oss og tilby eit godt
hamnetilbod, avsluttar hamnesjefen.
Saman med SFE har dei stifta selskapet Skipskraft, og leverer landstraum til fartøy som ligg til kai i Florø. Foto: Florø hamn.
A til Å Grafisk Design og Media
7
Oddvar Aarberg, Gosia Bigus, Malgorzata Slomka, Ronny Magnussen og Bjørn Tore Løkkebø. André Fimland Lothe mangler på biletet.
Ei allsidig bedrift
Walcon er ei allsidig bedrift som jobbar med alt frå bygging og utrusting av skip, havbruk,
fiskefôrfabrikkar og bygg – til å levere sløkkesystem i byggebransjen. Dagleg leiar
Bjørn Tore Løkkebø fortel at dei har rundt 170 fagfolk i jobb, langs heile Norge frå Finnmark
i nord til Oslo i sør, i tillegg til nokre oppdrag i utlandet. Basen vår er i Florø.
Røransvar hos Brødrene Aa
Walcon har oppdrag hos Brødrene Aa verfta, der vi
leverer komplett entreprisar innan rørsystem. Dette
oppdraget har vi hatt sidan januar 2014, og det inneber
at vi handterer alt av rørarbeid, innkjøp, teknisk arbeid
og bemanning. Det har vore ei utruleg spennande reise,
fortel produksjonsleiar André Fimland Lothe.
– Sidan samarbeidet starta har vi i gjennomsnitt hatt
mellom 10 og 20 mann fast på verftet i Hyen. Vi tilpassar
oss raske endringar, og gjennom desse 10 åra
har båtane gått frå dieselmotorar til hybridmotorar, og
no er det først og fremst batteri som gjeld.
Kabellegger i Romania
For tida har Walcon oppdrag på eit kabelleggerfartøy
som Vard Søvik bygger for Italienske Prysmian Group.
Båten, med det velklingande namnet «Monna Lisa», er
utvikla for avanserte operasjonar ned til 2000 meters
djupne. Prosjektleiar Ronny Magnussen fortel at dei
no har 10 mann i Romania for å førebu arbeidet med
montering av «karusellane» på skipet. – Når skroget
kjem til Norge og Vard Søvik skal vi auke opp til rundt
80 mann totalt, på rør og mekanisk installasjon.
Sikrar store bygg med sløkkeanlegg
Dei siste åra har Florøbedrifta hatt mykje folk i arbeid
i og rundt Oslo, der dei mellom anna har levert
komplette høgtrykks vanntåkeanlegg. Dette er ein
svært effektiv metode for kveling og nedkjøling av
brann. – Vi har levert alt av materiell, installasjon og i
gangkøyring av anlegga på nye Tøyenbadet, fortel Bjørn
Tore. – Det same gjeld Kommunegården i Bærum og
fleire datasenter rundt Oslo.
Havbruk frå Kinn til Adamselv
– Havbruksnæringa er blitt ei viktig kundegruppe for
oss, og her jobbar vi med alt frå mindre reperasjonar til
installasjon av store prosessanlegg, smiler Bjørn Tore
fornøgd. – Vi har tett samarbeid med Simona Stadpipe
på Stadtlandet som har spesialisert seg på havbruk og
PE-rør. Vi har vore med å bygge opp mange anlegg
langs kysten vår i dette samarbeidet. Akkurat no er vi
i gang med Norges største landbaserte oppdrett av
ørret på Rjukan. Det neste på agendaen er å bygge nytt
smoltanlegg for Grieg Seafood i Adamselv, omtrent så
langt nord ein kan komme i landet.
Vi treng meir folk
Vi er heldige som har rikeleg med arbeid, og vi er alltid
på utkikk etter kvalifisert arbeidskraft, avsluttar gjengen
i Walcon. – Vi tilbyr variert arbeid, der ein får oppleve
stadig nye prosjekt – på ulike stader i landet – og av og
til i utlandet.
walcon.no
8 HAVmagasinet
Dei tilsette i Evoy skal revolusjonere fritidsbåtbransjen. Foto: Evoy.
Evoy – ein global aktør
Evoy er først ute og marknadsleiar på elektriske motorsystem for båtar som vil køyre i
høg fart. No har dei selt elektriske motorsystem til 20 land. – Vi bygger morgondagens
teknologi, i dag.
Vi designar, utviklar og konstruerer plug-and-play
elektriske motorsystem for båtar i størrelsen 20-50 fot.
Evoy tilbyr både innanbords-, og utanbordsmotor, som
spenner frå 120 til 400 hestekrefter. Kvart system blir
levert med kablar og batteripakke, klar for installasjon
i ein ny båt eller ettermontering i ein eksisterande
båt. Motorsystema leverast óg med vår eigenutvikla
programvare for fjernvedlikehald, pluss ein egen app
som hjelper deg med lading, turplanlegging og meir.
– Først trudde vi at vi skulle bygge elektriske båtar, men
vi ombestemte oss, seier Leif Stavøstrand, gründer og
administrerande direktør i Evoy. – Kvifor vere båtbyggar
nummer 5.001 når ein kan levere elektriske motorsystem
til 5.000 båtbyggarar?
Levert til 20 land
Evoy blei grunnlagt i 2018 og har hovudkontoret sitt her
i Florø. Vi sette vår første prototype på vatnet i 2019.
I 2021 fekk kundane dei første nøkkelferdige elektriske
motorsystema i båtane sine. I dag har Evoy eit team
på 50 internasjonale tilsette og eit globalt nettverk av
båtbyggarar som installerer Evoy sine elektriske motorsystem.
Det gjer at vi har selt motorar til kundar i 20
ulike land – mellom anna Japan og Australia.
Nyt stillheita på sjøen
Fleire kommersielle aktørar og folk med eigen fritidsbåt
ønskjer å gå over til elektrisk drift. For berre nokre få
år sidan var dette ein nyheit, no er det ein del av framtida
vår. Vi kan peike på mange fordelar med å velje
elektrisk. Det er freistande for mange å reise med nullutslepp
og utan forureining av havet.
Men det har også praktiske fordeler som at det fjernar
drivstoff kostnadar og reduserer behovet for motorvedlikehald.
For både kommersielle og fritidskundar har
elektrisk båtliv ein sterk appell, fordi det er stille – du
kan fordjupe deg i naturen eller nyte ein samtale med
passasjerar utan å rope over støyen frå ein tradisjonell
motor.
Reisa har nettopp begynt!
evoy.no
A til Å Grafisk Design og Media
9
Ocean Electronics har levert maritim elektronikk på brua til fiskebåten M/S Støttfjord. John Sigurd Solberg er dagleg leiar og har videreutvikla
selskapet i over 30 år. Foto: Ocean Electronics og Anita Øygard.
Eit århundre med historie
Med røter heilt tilbake til starten av 1900-talet har den tradisjonsrike Florø-bedrifta
spesialisert seg på maritim elektronikk. Sidan den gong har Ocean Electronics utvikla
seg til å bli eit av dei største selskapa innan maritim elektronikk i landet.
Historia byrja i 1912 då Ludvig Solberg opna si eiga forretning
i Florø. Sidan den gong har dei vore omstillingsdyktige
og følgt endringane i bransjen. Sidan 1925 har
dei levert radioutstyr, noko dei i dag har reindyrka til
maritim sektor. Dagleg leiar John Sigurd Solberg tok
over i 1990, og er fjerde generasjon i familiebedrifta.
I 2018 slo dei seg saman med Måløy Radioforretning og
bytta namn til Ocean Electronics. Nyleg fusjonerte dei
med Westronics i Bergen for å sikre breiare og spissare
kompetanse, og har vakse til å bli eit av dei største
selskapa innan maritim elektronikk i Norge. Bedrifta har
vakse til 25 tilsette og ei omsetning på 100 millionar.
Vi er der kunden er
– Nesten alle kundane våre har ei tilknyting til
Vestlandet og Norge. Vi har kontraktar med reiarar,
fiske flåtar og verft langs den norske kysten. Ein del av
fartøya seglar over heile verda, og det er langt å reise til
Norge for service. Derfor koordinerer vi serviceoppdrag
der kunden er. Til no har vi reist ut til alle kontinent og
levert service på fartøy.
– I tillegg er vi importør for ein del merker, blant anna
eit gyrokompass frå Japan som vi leverer både i
Norge og andre land. Mange båtar blir bygd i andre
land, som Korea, Kina og Japan, der dei er utstyrt med
merker vi representerer. Då kan dei kontakte oss, så
kjem vi og utfører service. Kompetanse og service er
avgjerande for kundane våre. Etter samanslåingane har
vi fått betre kapasitet, og er meir fleksible.
Gode folk er viktigast
Oppskrifta for å halde det gåande, og vekse i ein tøff
marknad, er enkelt i følge han sjølv. – Det er menneska
som utgjer bedrifta. Vi har ei fagsterk bemanning som
består av teknikarar, ingeniørar og saksbehandlarar
med mange års erfaring i faget. Vi legg vekt på å vere
fleksible og dukkar opp der det trengs når det trengs.
Å knytte til seg kompe tanse er noko vi jobbar med heile
tida, og sørger for å halde oss fagleg oppdatert. Sjølv
om vi jobbar med kompetanse heving treng vi fleire
hender for å hjelpe kundane våre. No søker vi etter
fleire teknikarar, servicepersonell og lærlingar innan
maritim elektronikk.
oceanelectronics.no
10 HAVmagasinet
Vestnes Ocean innreier skip verda rundt. Her frå Salmar si havmerd «Ocean Farm 1». Foto: Vestnes.
Innfelt er den norske fiskebåten «Ecofive» frå Ulstein. Illustrasjon: Ulstein Design Solution/Bluewild.
Innreiar prisvinnande skip
Dei reiser overalt, frå Singapore til Tasmania og Polen. Med hovudkontor på Evja har
Vestnes Ocean reist verda rundt for å innreie skip. Den norske fiskebåten «Ecofive» blei
kåra til «Ship of the Year» under Nor-Shipping 2023. – Vi skal gjere ei totalinnreiing på
båten, seier dagleg leiar Jonny Bjørnset.
– Då båten kom til Westcon i oktober var det eit tomt
skal. Vi skal gjere ei totalinnreiing, som betyr at vi
utfører heile jobben frå å isolere skroget til det er ein
fullt innreia båt med nøkkelen klar i døra. Det er ein stor
og viktig jobb for oss. Prosjektet skal vere ferdig i juni,
og då har mellom 15 og 20 tilsette stått på i ein periode
over åtte månadar for å komme i mål.
Verdas største cruiseskip
Det er ikkje første gongen Vestnes jobbar med skip i ein
eigen særklasse. I porteføljen til Vestnes Ocean kan du
finne fleire skip frå luksuriøse cruiseselskap som Royal
Caribbean Cruise Lines, Celebrity og Ritz Carlton.
– Vi har gjort store jobbar med å innreie cruiseskip i
Frankrike. Den største jobben var for Royal Caribbean
sin «Wonder of the Seas», som er over 360 meter langt
og kan huse nærare 7000 gjestar. Vi begynte på jobben
i 2021, og har levert og montert innreiing som golvsystem,
veggar, tak og møblar på 4000 kvadrat meter.
Kvaliteten på arbeidet vårt fekk A1, den høgaste scoren
ein kan få, og det er vi skikkeleg stolte over. No er vi i
gang med å innreie det femte cruiseskipet for Celebrity,
og jobben skal vere ferdig i slutten av 2025.
Lokalt og internasjonalt
Det er over 60 år sidan familiebedrifta starta si
verksemd, og dei har no vakse til å bli ei bedrift med
internasjonale røter. Dei har mellom anna fast base i
Norge, Polen, India og Frankrike.
– Vi gjer jobben der kunden er, anten det er eit cruiseskip
i Frankrike eller ein fiskefarm i Kina. Sjølv om vi
er store internasjonalt, leverer vi óg i lokalmiljøet.
Vestnes innreier nybygg som kjem frå Brødrene Aa,
og heime i Florø innreier vi kontor, med alt frå glasveggar
til kontor stolar. Her har vi eigne møbel design,
Willy og Keys, og har på trappene eit nytt design som
skal lanserast på Nor-Fishing i august. Det blir veldig
spennande.
– Med ein ordrereserve ut 2026 ser vi lyst på framtida.
Det er sjølvsagt veldig stas, men det ligg høge
forventningar på oss. Vi må berre fortsette å levere topp
kvalitet på det vi gjer, avsluttar Bjørnset.
vestnesnorway.com
A til Å Grafisk Design og Media
11
Ocean Hyway Cluster jobber tett med industrien for å utnytte dei kommersielle moglegheitene innan hydrogen- og ammoniakkløysingar i
maritim industri. Foto: Ocean Hyway Cluster/Fortescue.
Ny industriell aktivitet og
ringverknadar ved nye etableringar
«Regjeringens visjon er at Norge skal være et foregangsland i utviklingen av en grønn,
sirkulær økonomi som reduserer den samlede miljø- og klimabelastningen og skaper
nye arbeidsplasser i hele landet. Ressurser må brukes og ombrukes mer effektivt i giftfrie
kretsløp og erstatte uttak av, og produksjon med nye ressurser». Dette seier Regjeringa i
sin handlingsplan som kom 14. mars 2024.
Ei raskare omstilling til ein meir sirkulær økonomi vil
bidra til å redusere Norge sitt globale klima- og miljøfotavtrykk.
Vestlandet er i ferd med å omforme den
maritime industrien gjennom miljøvennlege løysingar.
Ved å stimulere til utsleppsfri produksjon av både
hydrogen og ammoniakk og å nytte restråstoffet ved
denne produksjonen så markerer Vestlandet seg som
eit globalt knutepunkt for grøn næringsutvikling. Norge
har ressursar og kompetanse for å produsere klimanøytrale
løysingar som reduserer utsleppa våre. Den
maritime næringa står mellom anna for omlag 50 % av
Norge sine nasjonale utslepp. Så overgangen til nye
løysingar i den maritime næringa er svært viktig for
å nå nasjonale klimamål.
Som nasjonal klynge har Ocean Hyway Cluster
gjennom år bygd opp eit nettverk av bedrifter frå heile
denne næringa. Vår styrke ligg ikkje berre i vår eigen
kompetanse, men og i vår evne til å fasilitere samarbeid
og partnarskap, noko som er svært avgjerande i
realiseringa av dei framtidige hydrogenbaserte verdikjedane.
Som eit nasjonalt knutepunkt legg vi til rette
for synergiar og moglegheiter gjennom samarbeid,
slik at våre medlemmar kan realisere sine ambisiøse
satsingar og bidra til ein berekraftig vekst. Dette gir
ringverknader både lokalt, regionalt, nasjonalt og
internasjonalt.
Ringverknader av ny industriell aktivitet
I etableringa av ny industriell aktivitet basert på grøn
industriutvikling registrerer vi store ringverknadar
for den framtidige samfunnsutviklinga. Aktørar som
Fortescue er eit godt døme på dette. Etablering av
ammoniakkfabrikken på Holmaneset i Bremanger
kommune vil gje leverandørmoglegheiter både lokalt
og regionalt. Etableringa styrkar Norge sin posisjon i
det grøne skiftet med mål om å bli ein verdsleiande
maritim nasjon innan 2030 i henhold til regjeringa sitt
vegkart for Grønt industriløft.
I tillegg til ammoniakkfabrikken vil ein produsere
store mengder biprodukt, som oksygen og varme.
Dette gjev ytterlegare grunnlag for etablering av ny
næringsverksemd innan mellom anna; metallurgi,
kjemisk industri, avløpsrensing, medisinsk bruk, romfart,
fiskeoppdrett, brenselproduksjon, laserteknologi og
forsking og utvikling. Nye verdikjeder vil kunne etablere
seg både lokalt og regionalt i samband med denne
etableringa. Fortescue samarbeidar med partnarar
både i Norge og Europa for at grøn energi produsert
på Holmaneset skal bidra til ein grøn, sirkulær økonomi
som reduserer dei samla miljø- og klimabelastningane.
fortescue.no
oceanhywaycluster.no
12 HAVmagasinet
Landbasert oppdrett av torsk, laks og berggylt
Ved hjelp av kunnskap og erfaring bygger vi en solid lokal utvikling av en unik torskestamme
– Havlandet stammen.
havland.no
Vi har spisskompetanse
på fiskeri og havbruk
Vi kjenner bransjen godt og har eit stort,
lokalt fagmiljø som er klare til å hjelpe deg.
I lag finn vi løysingar som passar for
bedrifta di.
Les meir og avtal eit møte med ein av
rådgjevarane våre ved å trykke på
knappen nedanfor eller kontakt oss på
tlf 57 82 97 00.
Les meir og avtal møte
Steinar
Ryland
Roger
Svarstad
A til Å Grafisk Design og Media
13
Det vert stor aktivitet i dokka til Westcon dei neste 17 åra. Foto: Westcon.
Sikra arbeid til 2040
Det er høg aktivitet hos Westcon Florø for tida. Med ei stor kontrakt på vedlikehald av
fregattar og bygging av ny tørrdokk, vil Westcon vekse i tida som kjem. – Det er ei heilt
unik kontrakt vi har sikra oss, seier prosjektleiar Gunbjørg Nygård Melkiorsen.
Kongsberg Gruppen er tildelt ei strategisk rammeavtale
på driftsstøtte, vedlikehald og levetidsforlenging på Sjøforsvaret
sine fregattar i Nansen-klassen. Rammeavtala
er verdt 17 milliardar, og Westcon Yard Florø får ein del
av kaka.
17-års kontrakt
– Vi skal utføre dokking og skipsteknisk vedlikehald og
ombyggingar på fregattar i Florø. Det er ei stor og viktig
kontrakt for oss, som sikrar tryggleik for verftet og dei
tilsette. Arbeidet skal gå fortløpande i 17 år framover,
og så langsiktige kontraktar er sjeldan vare i verftsbransjen.
Vi skjøna tidleg at å jobbe med Forsvaret på
desse rammeavtalene gjer ein ikkje aleine. Derfor har vi
eit strategisk samarbeid mellom Westcon Yards, Coast
Center Base på Ågotnes, Wilnor Governmental Services
og Wilhelmsen Ship Management.
10 av 10 poeng
– Florø utmerka seg i anbodsprosessen. Vi leverte godt
på alle krav, og det som er spesielt kjekt er at vi fekk 10
av 10 poeng på punktet som går på kvalitet. At vi har ei
tørrdokk med overbygg er også ein stor fordel i dette
prosjektet. Vedlikehaldet av fregattane vil skje inne i
dokka og på nordre kai. Det første fartøyet er førespegla
vedlikehald på i januar 2025. Fram til då er det
mykje førebuing og planlegging som skal på plass.
Ringverknadar for lokalmiljøet
– Kontrakta er viktig for oss, men den er vel så viktig for
lokalmiljøet. Forsvaret er opptatt av lokal verdiskaping,
og rammeavtalen vil skape ring verknadar for bedrifter
i Florø. Vi har ein del lokale under leverandørar som vi
allereie brukar, og det vil drype arbeid på fleire bedrifter
i Florø. I tillegg vil det bety fleire besøkande som treng
kost og losji, og auka handel i butikkane. Det vil merkast
lokalt.
Fleire bein å stå på
Fregattprosjektet er ikkje det einaste som har auka
aktivitet hos verftet i Florø. Terje Totland har lang
fartstid i bedrifta med heile 34 år. No er han leiar
for skip, reperasjon og service, og planlegg alt
vedlikehalds arbeid på verftet.
– Det er høgt trykk hos oss og variasjon i kva som kjem
inn. Vi har alt frå offshorefartøy, lastebåtar, ferjer, og
tradisjon tru har vi riggar eller «juletre» som det heiter
her i Florø. No er det stor pågang på dokka og kaiene,
som gjer at vi har stort fokus på å jobbe straumlinjeforma
for å best mogleg nytte ressursane vi har.
– Den auka aktiviteten kombinert med forsvarskontrakta
gjer at vi no investerer i ei ny tørrdokk, på
vestsida av den eksisterande dokka. Den skal bli 140
meter lang og 30 meter brei. Investeringa gjer at vi kan
auke kapasiteten vår ytterlegare, og bli meir fleksible
ovanfor kundane.
westcon.no
14 HAVmagasinet
Til no har eg brukt tida godt på innkøyring. Sidan eg
skal planlegge og koordinere fleire avdelingar har
eg hittil brukt tida på å besøke dei ulike avdelingane
hos oss for å bli meir kjent med dei, før eg tar fatt på
fregattplanlegging på fulltid.
– Eg skal planlegge vedlikehald av fregattane som kjem
inn. Jobben min er å samle alle trådane, straumlinjeforme
arbeidet og finne alle samtidigheiter slik at det
ikkje blir krasj. Det er mange underleverandørar som
skal inn og gjere ein jobb, og dei må koordinerast.
Fartøya har ikkje plass til mange i breidda i gangane, så
her må ein ha god orden i sysakene.
Dei tilsette er klare for å levere på spennande prosjekt. Frå venstre:
Terje Totland, Håvard Vedvik og Gunbjørg Nygård Melkiorsen.
Fulle ordrebøker og nye, store
kontraktar gjer at vi over tid vil
trenge opp mot 100 fleire tilsette.
Skal koordinere underleverandørar
Med arbeid sikra dei neste 17 åra og auka aktivitet i
alle avdelingane treng dei fleire folk. Westcon Florø
har tilsett fleire allereie og blant dei nye tilskota finn
vi florøværingen Håvard Vedvik. Han er planleggar på
fregattprosjektet.
– Eg har ein master i maskiningeniør, og starta hos
Westcon på nyåret. Det er ei spennande stilling, og då
eg fekk tilbodet måtte eg berre seie ja.
– No er vi ein del nytilsette i Westcon og det kjem
endå fleire. Vi skal snart ha teambuilding med prosjektgruppa,
først litt svetting og deretter ein hyggeleg
middag. Det er ein kjekk gjeng med kollegaer her på
verftet og vi blir godt kjent på felleslunsjar på tvers av
avdelingar, toppturar og lønningspils.
Aukar bemanninga
Westcon Yards Florø er no 190 fast tilsette, og den auka
aktiviteten krev fleire ressursar. No skal dei over tid
rekruttere mellom 50 og 100 tilsette.
– Fulle ordrebøker og nye store kontraktar gjer at vi
treng endå fleire folk. Ein del vil sjølvsagt vere industripersonell,
men vi treng òg ressursar som stab- og
støttefunksjon. Vi har store team innan blant anna IT,
økonomi, innkjøp, og vakthold – her er det stillingar
som kan passe alle.
Framover skal Westcon auke bemanninga med både industripersonell og stab- og støttefunksjon. Foto: Westcon.
A til Å Grafisk Design og Media
15
Frå Florø formidlar Bravo Seafood laks og ørret til verden. Foto: Bravo Seafood.
Med verden som arbeidsplass
Det er mange detaljar som skal koordinerast, dokumenterast og følgjast opp når
25 000 tonn eller 60 millionar måltid med laks og ørret skal formidlast frå Florø til
forbrukarar i Europa og Asia. Salsselskapet Bravo Seafood har knekt koden.
I sjøbua ytst på Horne Brygge sin kaikant finn vi ein
gjeng med glade fiskehandlarar. Svein Helge Bruheim,
Håkon Åsvang og Tore Svarstad etablerte Bravo i 2008,
og har sidan då utvikla selskapet til å selje laks og
ørret til nesten 50 land. 2023 var eit spesielt år då dei
passerte 2 milliardar i omsetnad.
Vi er tilgjengelege
Dagleg leiar Karl Petter Myklebust meiner at nøkkelen til
suksess ligg i engasjerte og flinke medarbeidarar.
– Kjerneverdiane våre er ikkje tomme ord, men noko vi
lever opp til kvar einaste dag. Vi skal vere tilgjengelege
og engasjerte, og vi skal ha god kompetanse på det vi
driv med.
– Vi samarbeidar med familieeigde oppdrettselskap
langs heile den norske kysten. Totalt er det 25 selskap
som samarbeidar med oss for å få fisken ut i verda.
I 2023 selde vi 25.000 tonn laks og ørret, og det meste
er ferskt. Den ferske fisken har ei kort haldbarheit,
og derfor dårleg tid til å rekke fram til sluttmarknaden
og kunden i tide. Det er mange detaljar som skal
følgast opp og dokumenterast frå fisken er pakka til
den er levert hos kunden, og vi er med heile vegen.
Kundane og leverandørane våre legg merke til dette. Vi
er tilgjengelege heilt til fisken er levert, uansett tid på
døgnet.
Beherskar fleire språk
– Med verden som arbeidsområde er det viktig å forstå
kunden sin marknad. Ein stor del av fisken som Bravo
sel går til Asia, og er eit viktig satsingsområde for oss.
Derfor har vi styrka oss med folk med forskjellig kultur
og språkforståing. På distriktskontoret i Oslo har vi
tre dyktige fagpersonar på flyteamet vårt, leia av Qiao
Chen frå Kina. Til saman beherskar dei 6 ulike språk.
Store mål
Trass ein beskjeden stab på elleve tilsette, satsar dei for
å vere på topp i sin bransje.
– Vi skal vere det mest kostnadseffektive sals selskapet
for laks og ørret. Det må vi vere for å kunne tilby
konkurransedyktige vilkår til oppdrettarane og kundane
vi samarbeider med.
bravoseafood.no
16 HAVmagasinet
Vi kobler
mennesker og teknologi
VI TILBYR
∙ Utendørs areal
∙ Innendørs areal
∙ Kundetilpasset bygg
∙ Logistikktjenester
∙ Varehustjenester
∙ Verksted
∙ Overflatebehandling
A til Å Grafisk Design og Media
17
Vil revolusjonere frakt på sjøen
Gründer Svein Arild Vatsø er tidlegare skipper, og har farta mykje langs kysten. Ein dag
segla han forbi heimstaden Bremanger, og såg på alt godset som stod igjen på kaia.
”Her seglar vi med ledig kapasitet og kunne tatt godset til vareeigaren med oss, om vi
berre hadde visst om kvarandre”, tenkte han. Slik oppstod ideen om KeelSpot.
Eit seglande fartøy har 30-40 % ledig kapasitet i Norge
og Europa. KeelSpot er ein matchmaking plattform
mellom reiarar, speditørar og vareeigarar. Befraktarane
legg ut førespurnad for frakt av gods frå A til B. Reiarane
og speditørane kan melde interesse og gi eit tilbod.
– Her har vi allereie konkrete eksempel der ein vareeigar
ønskte frakt frå Måløy til Frankrike, og fekk
redusert fraktkostnad med 30 prosent ved å bruke ein
reiar som utnytta ledig kapasitet på vegen, seier Vatsø.
No har KeelSpot vore i drift i 5 månadar, og hittil er det
over 200 registrerte selskap og 1500 fartøy i databasen.
Til sommaren er dei ferdig med piloteringsfasen, og
Belgia, Nederland, Frankrike og England står for tur.
– Det er stor interesse frå reiarar, speditørar og vareeigarar
på å bruke KeelSpot, og kvar dag får vi inn nye
aktørar som vil nytte seg av plattforma.
Frå Batalden til verda
«M/S Fanøyvåg» frå Batalden utanfor Florø er kanskje den mest kjende fiskebåten i
verda. Korleis gjekk det til?
– I 2017 var vi på fiske på Haltenbanken, og eit av
Havforskningsinstituttet sine fartøy segla forbi oss og
knipsa bildet. Bildet blei lagt ut som stock-bilde på nett,
og deretter har det gått sin gang, seier skipper, reiar og
dagleg leiar Geir Henning Seljeseth.
Eit av eksempla er Fiskemannen sine skreikaker som
ein får kjøpt i den vanlege daglegvarebutikken. På
pakningen er «M/S Fanøyvåg» avbilda. Men det stoppar
ikkje der. I tillegg har fiskebåten blitt avbilda på framsida
av Aftenposten og på nettsidene til Innovasjon Norge
for å nemne nokre.
– Eg har mista teljinga på kor mange plassar biletet av
Fanøyvåg er i bruk. Båten har blitt avbilda på BBC og
nyleg blei eg fortalt av ein bekjent at han hadde sett
båten avbilda på t-skjorter og kapsar i Australia.
18 HAVmagasinet
På Slakteriet sløyer dei rundt 1 fisk i sekundet.
Kvalitet i alle ledd
I over 30 år har hjørnesteinsbedrifta Slakteriet sløgd fisk og sendt den ut i verda
frå Florø. Med lokalt eigarskap, er konsernet bygd på solide verdiar og ein indre
motivasjon om å skape trygge og gode arbeidsplassar. I løpet av ein vanleg
arbeids dag kan Slakteriet sløye opp til 50.000 fisk. Slikt blir det verdiskaping av.
– 50.000 fisk tilsvarar 56 fisk i minuttet, seier
produksjons sjef Aslak Hustveit. På dei mest travle
dagane kan vi sende 11 lastebilar med ferdigsløgd fisk i
kassar. Når vi sender fisk frå oss kan den same fisken bli
servert på ein tallerken i Singapore 2 dagar etterpå.
Strenge krav
– Vi pakkar og eksporterer fisk og då må fiskehelsa vere
på plass. Dei 38 landa vi eksporterer til har eigne krav vi
må følge i tillegg til norsk standard frå til dømes Mattilsynet.
På skulen vil karakteren ”A” vere meir enn 98%
rett, men når ein snakkar om matproduksjon er 2% eller
2 promille for stor feilmargin.
«Produced by SF-222»
Kassane som blir sendt frå Slakteriet i Florø er stempla
med «Produced by SF-222» på sida.
– Dette er vårt produksjonsnummer, og ute i verda blir
det sett på som eit kvalitetsmerke. Det viser at jobben vi
gjer, saman med gode oppdrettarar, er anerkjent i verda
og det synest vi er skikkeleg stas.
Gi folk ein sjanse
– Slakteriet er ei stor bedrift med 163 tilsette, og 106
av desse er knytt til produksjonen i Florø. Den innsatsen
dei tilsette legg ned og får til kvar einaste dag,
er vi skikkeleg stolte over. Dei er vår viktigaste ressurs
i bedrifta, og fortener applaus kvar einaste dag, seier
HR-sjef Cicilie Færestrand.
Vi kjenner på at vi har eit samfunnsansvar, og ønsker
å gi folk ein sjanse. Her er alle velkommen – kva
kompetanse du har er ikkje det viktigaste, så lenge du
har gode haldningar og eit ønske om å bidra i botn. Vi
skal gi deg den opplæringa du treng.
Eit springbrett
– Å jobbe i Slakteriet er eit springbrett med mange
karriere moglegheiter. Ein kan starte på golvet og jobbe
seg oppover karrierestigen internt eller bruke oss som
ein plass å starte. Vi heiar på alle.
slakteriet-as.no
A til Å Grafisk Design og Media
19
Den smilande gjengen på HR har ei viktig rolle i å vere kulturberar og premissgjevar i selskapet.
F.v. Malin Steinset, Camilla Nordal, Rebecca Liset, Øyvind Østrem og Heidi Felle.
Kombinerar innovasjon og
skipsfart
Dei er eit verdsleiande ferjeselskap med røter som går 170 år tilbake i tid. På Fjord1 sitt
kontor i Florø sit det menneske som kvar dag kombinerar innovasjon og skipsfart for å
sikre kritisk infrastruktur på kysten.
I dei nyleg oppussa lokala til Fjord1 møter du folk i
gangane på veg inn i eit møte. Ein liten gjeng sit i ei
sofa gruppe midt i ein ivrig diskusjon. Det er ei s umming
av gode samtalar. Her jobbar automasjonsingeniørar,
IT-teknikarar og økonomar på tvers for å utvikle framtidas
transport fartøy, seier HR-leiar Øyvind Østrem.
Menneska er kjerna i drifta vår
Utan dei tilsette hadde vi ikkje fått til den innovasjonen
og nyskapinga som vi har oppnådd i dag. Vi har ei topp
moderne fartøysflåte, der over halvparten er fornya og
elektrifisert. Det siste nybrotsarbeidet er på autonome
ferjer, som skal segle sambandet Lavik – Oppedal frå
2026. Til dette treng ein folk med variert bakgrunn.
Lærling/kadett i Fjord1
Du kan vere trygg på at du får den
beste kompetansen og springbrettet
for vidare karriereløp i
Fjord1. For å lære meir om dette
kan du scanne QR-koden.
Vil bryte med gamle tankar
HR-avdelinga har ei viktig rolle i å vere kulturberar og
premissgjevar i selskapet. Dei rekrutterer til både sjø og
land, gir støtte til leiarar, i tillegg til å jobbe med kompetanse
og personaloppfølging. Ein del av jobben er å
reise rundt på karrieremesser og fortelje om moglegheitene
i Fjord1. Mange blir overraska over variasjonen.
– Tanken om at du må vere maskinist eller matros for
å jobbe i eit ferjeselskap er fortsatt levande hos mange,
men er langt frå sanninga. Vi har tilsette med bakgrunn
frå fysioterapi, læraryrket og prosjektleiing, som dagleg
utviklar selskapet.
Mange vegar til jobb i Fjord1
– Vi ønsker å gi dei kommande generasjonane god
kunnskap og forutsetningar i arbeidslivet. Årleg får
lærlingar, kadettar og traineear tilbod om kontrakt hos
oss, med moglegheit for fast jobb etterpå. Ikkje alle har
eit tradisjonelt skuleløp og i samarbeid med NAV legg vi
til rette for dei som ønsker å jobbe. Om du vil vere ein
del av eit verdsleiande selskap som driv med innovasjon
er dette plassen for deg.
fjord1.no
20 HAVmagasinet
Visste du at Fjord1 ...
• ... har rekordmange lærlingar? Dei har
over 90 lærlingar i året!
• ... har 16,2 millionar reisande i året?
• ... er dei første i verda som skal utvikle og
drifte autonome ferjer?
Her skal eg jobbe
Trine Pedersen Espeseth skulle aldri flytte
utanfor ring 3, heilt til ho møtte ein mann
med skjegg frå Askrova. No bur ho på øya
og er innkjøpsrådgjevar i Fjord1.
Vi skal vere best
Petter Meisfjordskar vaks opp på sjøen og
har saltvatn i blodet. Faren er maskinist,
og jobba delar av si karriere i Fjord1.
Når det var sommarferie farta familien på
sjøen, og forma Petter sitt karriereval.
– Tidlegare jobba eg på Westcon, på den tida dei hadde
ombygging av ferjene til Fjord1. Det ga meg eit godt
innblikk i Fjord1 og teknologien ferjene er utstyrt med.
– Sidan november 2023 har eg jobba som teknisk
inspektør i driftsavdelinga til Fjord1. Driftsavdelinga er
på mange måtar hjartet i Fjord1. Her har eg ansvar for
ei definert fartøysportefølje. Eg sørger for at båtane er
i god stand, og planlegg framtidige verkstad opphold
med service og reperasjon. Ferjene er bygde opp
forskjellig, og ein teknisk inspektør kan operere fleire
typar ferjer som gass, batteri og autonomi – som vi no
er først på.
– Det som er så kjekt er at Fjord1 er ein stor arbeidsplass
med folk som har variert bakgrunn. Sidan vi er så
forskjellige har vi ulike innfallsvinklar og kan finne gode
løysingar saman. Fjord1 har klare mål om å vere best.
– Sidan eg flytta til Askrova har eg hatt auga retta
mot Fjord1. Dei er ein stor aktør og det verka som ein
spennande arbeidsplass. I det eg starta å søke etter
jobb, la Fjord1 ut tre ledige stillingar, og eg søkte på
alle. Brikkene falt på plass, og eg fekk tilbod om stilling
som innkjøpsrådgjevar. No har eg jobba her i eit år.
– Eg har jobba med sal i over 16 år. No sit eg på andre
sida av bordet som innkjøps rådgjevar, så eg snur litt om
på metodane. Her legg eg til rette for innkjøp i Fjord1
og leitar etter aktuelle leverandørar på alt frå motordelar
og dieselolje til kaffikoppar og sveler. Med så stor
variasjon i produkt, lærer eg noko nytt kvar einaste dag.
– Eg har mange kjekke kollegaer som på sin måte
bidrar til eit livleg arbeidsmiljø. Vi har eit levande miljø
med sosiale aktivitetar som folk kan bli med på. Sidan
vi har så stor variasjon i folk og arbeidsoppgåver, er det
mykje fagkunnskap og kompetanse som vi kan dele
mellom oss. Eg er komen for å bli.
Vil du vere med på laget?
Fjord1 er i stadig utvikling og treng
fleire tilsette. Om du vil vere ein del
av eit verdsleiiande selskap som
driv med innovasjon, sjekk ut alle
dei spennande stillingane Fjord1
lyser ut.
A til Å Grafisk Design og Media
21
Visjonen til Fjordane Friluftsråd er «tilrettelegging for friluftsliv for alle». Det skal vi oppnå gjennom mellom anna godt samarbeid med
nærings livet i Florø, fortel Karoline Kristin Vognild og Roger Auset.
Profesjonelle og frivillige
hand i hand
Omtrent midt i hamnebassenget finn du gjengen i Fjordane Friluftsråd. Dei er mest
kjende for å plukke plast i fjæra, men arbeidet dei gjer er mykje meir enn det. Hovudfokuset
vårt er tilrettelegging for friluftsliv for alle, fortel prosjektleiar Roger Auset.
Haldningsendringar, folkehelseperspektivet, friluftsskulane og StikkUt prosjektet er alle
viktige faktorar for å få «alle med».
Den blide trønderen er spesielt opptatt av samarbeid på
tvers, både av generasjonar og organisasjonar. Målet vårt
er å få til store ryddeaksjonar der næringslivet, skulane
og dei frivillige organisasjonane samarbeider.
Florø-bedriftene stiller opp
Fjordane Friluftsråd har god erfaring med næringslivet
i Florø. Dei er villige til å stille opp både med ryddeaksjonar
og økonomisk støtte. Det vi mest av alt vil satse
på framover er lokale aksjonar der til dømes ei bedrift
stiller med folk og utstyr eller eit måltid til ryddelaget -
og ikkje minst at dei ryddar i lag med ein skuleklasse eller
eit lag. Det vil vere motiverande for alle, og alle deltakarane
vil få ei god sosial oppleving – samtidig som ein ser
at det monnar.
Arbeidsplass i vekst
Roger Auset, som koordinerer prosjekta «Rydd Norge
Vestland», «Skuleturne for havet» og «Marin forsøpling
og førebyggande arbeid» har arbeidsdagen sin både ute
i feltet og inne på kontoret på Horne Brygge. Med seg på
kontoret har han i tillegg nytilsett prosjektleiar for «Rydd
Sogn og Fjordane» Karoline Kristin Vognild og Jan Erik
Hansen som driv StikkUt prosjektet. Kystrenovatørane
Eline og Kay Valvik har og basen sin på same stad.
Karoline er ny på laget
Karoline Kristin Vognild (27) er siste tilskot på stammen
til kontoret i Florø. Eg vart oppfordra til å søke stillinga
som prosjektleiar for «Rydd Sogn og Fjordane», og for
meg er dette ein spanande jobb, som passar med både
utdanning, bakgrunn og interesser. Karoline kjem frå
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og har samarbeidd
med friluftsrådet om ein del prosjekt tidlegare.
Ho har dessutan ei solid utdanning i «Miljø og naturressurser»
frå NMBU på Ås. Med spesialisering innan
forureining og økotoksikologi, er jobben i Florø midt i
blinken.
I den nye jobben ser Karoline spesielt fram til å jobbe i eit
team der ein legg vekt friluftsliv, og ein god kombinasjon
av profesjonelt og frivillig arbeid. For meg blir det mykje
planlegging og tilrettelegging for dei frivillige. Med ein
overordna jobb, der eg både skal vere ute på feltarbeid,
organisere aksjonar og skrive søknader og rapportar
for å få inn midlar, reknar eg med å vekse med jobben,
smiler prosjektleiaren fornøgd.
fjordanefr.no
22 HAVmagasinet
FISK
som har det godt
– smakar godt
På nordsida av Hundviksfjorden – mellom Nordfjordeid
og Sandane – ligg Eide Fjordbruk sitt oppdrettsanlegg
med økologisk laks. Desse laksane har
det betre enn dei fleste, med meir plass, reinare fôr
og mindre medisinering – og ein sikker teknologi,
forsikrar driftsleiar Lars Gunnar Hammersland.
Fiskevelferd i kombinasjon med god teknologi er avgjerande for at
vi kan gjere ein så god jobb som mogleg. Driftsleiaren på Hundvika
peikar og viser korleis dei har full oversikt over livet nede i merdane via
skjermane på arbeids- og fôrflåten. Arild Helle monterte det radiobaserte
Enivest-sambandet til lokaliteten våren 2021, og set pris på at
alt fungerer som det skal. Det kan vere friskt her, midt i kryssingspunktet
mellom fleire fjordarmar, og dermed utfordrande å få eit stabilt nett.
Vi har fokus på å drive berekraftig og å ta
vare på naturen og miljøet rundt oss. For å nå
desse måla er vi heilt avhengig av at den tekniske
sida fungerer.
Lars Gunnar Hammersland, driftsleiar Eide Fjordbruk
Optimal nettløysing
Kapasitetsbehovet til oppdrettsnæringa har eksplodert dei siste åra.
Sjur Gimmestad i Enivest, som har jobba tett i lag med Eide Fjordbruk
for å finne den beste løysinga for i Hundvika, fortel at næringa er eit
satsingsområde for dei. Til denne lokaliteten var det uaktuelt å få ut
fiber, men vi har fått ei god løysing med ei internettnode og radiolink
til fôrflåten.
Godt liv – god smak
Fisk som har det godt, smakar godt – er det enkle og viktige svaret på
kvifor vi er avhengig av eit stabilt nett midt ute på fjorden, smiler Lars
Gunnar. Vi har fokus på å drive berekraftig og å ta vare på naturen og
miljøet rundt oss. For å nå desse måla er vi heilt avhengig av at den
tekniske sida fungerer. Her på flåten er vi 3 personar med vanlege
arbeidsdagar frå kl. 7 til 15, men vi må ha god kontroll med drifta også
når vi ikkje er her. Dessutan driv vi i samdrift med andre lokasjonar
– og då er det ekstra viktig med eit nett som gjer at vi kan fjernstyre
anlegga saman.
Forskar på fôr
Eide Fjordbruk, som har sitt opphav lenger sør i fylket – i Eikelandsosen
– har satsa tungt i Nordfjord dei siste åra. Hundvika er eit av tre anlegg
dei er involverte i. Naturen, hardt arbeidande menneske og teknologisk
innovasjon har brakt dei dit dei er i dag – og slik skal vi fortsette å
jobbe oss inn i framtida, fortel driftsleiaren. Anlegget her på Hundvika
er ein FoU-konsesjon, der vi driv med forskingsarbeid på fôret. Målet
er å ta heile næringa i ei meir berekraftig og helsefremjande retning.
Berekraft og teknologi hand i hand
Enivest ser det som svært verdifullt å jobbe med eit selskap som tek miljøansvar,
seier Gimmestad, og legg vekt på at Enivest kan vere med på å
gjere dette arbeidet lettare. 95 % av klimaavtrykket
frå norsk laks kjem nettopp
frå fôr og fôrråverer, noko som
gjer arbeidet til folka her i Hundvika
ekstra viktig.
enivest.no
A til Å Grafisk Design og Media
23
Industridata server små og store kundar innan mange ulike næringar. F.v. Knut Morten Ullaland, Jørn Ove Klungreset, Thomas Lund og Eivind Gulestøl.
Komplett dataløysing til deg
Industridata har sidan 1996 sørga for trygg og enkel IT-drift for bedrifter. Anten du
treng nettverk, servarar, skyløysing, kameraovervaking eller møteromsløysingar har
Industridata det du treng. Portefølja er brei med små og store kundar innan mange ulike
næringar.
Virus i vinden
Med aukande digitalisering er datatryggleik viktig for
bedriftene. Virus og andre farar truar stadig, og kan få
store økonomiske konsekvensar dersom ein blir råka.
– Virus kan stogge all drift i ei bedrift på ubestemt tid.
Menneskelege feil er hovudårsaka til dei fleste dataangrep.
Med opplæring lærer dei tilsette å kjenne att
og unngå farar. Likevel ser vi at det er nødvendig med
ekstra beskyttelse og vi har derfor sikkerheitsløysingar
som berre tillèt bruk av godkjente program. Sikkerheitsløysinga
overvåkar maskinvaren kontinuerlig slik at
ein kan av dekke og blokkere unormal aktivitetet hos
brukarar, maskiner og prosessar.
Løftar opplevinga
– Vi har tatt eit stort steg for å tilby ein enda betre
oppleving med lanseringa av ein ny kundeportal. Den gir
kundane ei samla statusoversikt over alt IT-relatert, slik at
dei kan vere trygge på at alt fungerer optimalt til ei kvar
tid. Vi forstår viktigheita av å gjere denne prosessen så
enkel og tilgjengeleg som mogleg. Portalen er brukarvennleg
og gjev tilgang til all nødvendig informasjon på
ein stad. Slik kan bedrifter få innsikt i unormale aktivitetar
eller potensielle truslar.
Har bedrifta di backup på alle type data?
– Vi tilbyr ei heilskapeleg løysing for sikkerheitskopiering
av både fysiske og virtuelle tenarar, arbeidsstasjonar og
Microsoft 365 e-post, OneDrive, Teams og Share Pointdata.
Vi er eit tastetrykk unna
– Med lokale i Evjegata er vi tett på kundane i Florø. Vårt
fokus er å tilby god kvalitet og service, og våre tilsette
har brei erfaring innan ulike bransjar. Kontakt oss gjerne
så vi kan diskutere akkurat dine behov og finne løysingar
som passar for deg.
indata.no
24 HAVmagasinet
Den engasjerte gjengen i Origod er alltid på farten for å serve enkeltpersonar og næringslivet.
Foto: Photoevent. Innfelt ny dagleg leiar Ola Teigen.
Servar enkeltpersonar
og næringslivet
På Origod har ein alltid levert skreddarsaum, og det skal vi fortsette med, fortel nytilsett
dagleg leiar Ola Teigen. Arbeidet til Origod er prega av å vere eit stort samfunnsansvar,
anten vi leverer mekanisk arbeid til industrien, køyrer søppel- og flyttebil eller får folk
opp og fram til ein meiningsfull arbeidsdag.
Samfunnsoppdraget er ein av dei viktigaste grunnane
til at Ola søkte stillinga som dagleg leiar av attføringsbedrifta.
Det er ei spennande bedrift der ansvaret for
heile samfunnet og enkeltpersonar står i fokus.
– Dessutan har eg god erfaring med å jobbe i ein
organisasjon som nettopp har vore gjennom ein
saman slåings prosess, smiler eks-ordføraren og siktar til
Kinn kommune.
Servar havnæringane
– Eg har enorm respekt for arbeidet som er gjort i
Origod. Her er flinke tilsette og Petter Refsnes har
leia arbeidet på ein framifrå måte. Sjølv har Ola store
ambisjonar når det gjeld å serve industrien. I dag har
vi kundar innanfor alle maritime næringar i kystbyen.
Vi er ei typisk kystbedrift og frå verkstaden vår leverer
vi viktige komponentar og tenester til for eksempel
Niprox, Westcon, Evoy og basen for å nemne nokre.
Ei viktig brikke
– Det same gjeld tenester som vedlikehald av eigedom,
utkøyring av matter, bossbil og snøbrøyting. Vi er, som
det står på bilane våre, alltid på farten. Vi er ei viktig
brikke for mykje av næringslivet i Florø – og vi er stadig
på jakt etter nye kundar. Mange av våre tilsette tilhøyrer
gruppa som lett kunne stått på utsida av samfunnet.
Gjennom Origod opplever desse meistring og at ein er
ei viktig brikke i samfunnet.
Skreddarsaum til alle
Ola Teigen fortel at han er audmjuk for den jobben han
no skal inn å leie. Saman med styret og dei tilsette skal
vi stake ut kursen for framtida.
– Samfunnsoppdraget vårt er å få folk i i arbeid.
Samtidig skal vi vere ei viktig brikke for næringslivet og
samfunnet rundt oss. Eg vil gå for skreddarsaum på alle
nivå – der vi leverer det enkeltpersonane, samfunnet
og næringslivet treng.
origod.no
A til Å Grafisk Design og Media
25
Frå hovudtavler til belysningar på bustader – har det spenn i seg hjelper Ferstad Elektro til. Foto: Ferstad Elektro
Veksande elektroaktør
På Evja finn du den familieeigde bedrifta Ferstad Elektro, med Ronny Ferstad i spissen.
Nyleg fusjonerte Ferstad Elektro og Vest Elektro IKT, og til saman har det nye selskapet
over 80 års erfaring med stor kunnskap innan ulike kompetansefelt. Samanslåinga gjer
dei til ein stor elektroaktør i havgapet.
– Dei to selskapa har stort spenn i arbeid og
kompetanse. Ferstad Elektro er spissa på industri,
næring og oppdrett, medan Vest Elektro har ut merka
seg innan bustadblokker og nærings prosjekt. Når vi
no slår desse to saman får vi eit stort kompetansefelt,
og har blant anna styrka oss på ingeniørarbeid og
prosjektering. Dette gjer at vi er meir fleksible og kan
ta på oss større prosjekt der vi bygger alt av tavler og
styringar sjølve.
Frå store industriprosjekt til private hustandar
Det er ein god variasjon i arbeidet til bedrifta. Dei gjer
alt elektroarbeid i private hustandar, som lys, smarthus
stikkontakter og varmepumper eller jobbar i industrien,
anten det er på fiskeoppdrett, smelteverk eller skip. No
er Ferstad i gang med ein stor jobb på Westcon i Florø.
Storkontrakt på Westcon
– Westcon skal bygge ny dokk, og vi leverer elektroenterprise.
Det betyr at vi skal levere alt som har støt
i seg – frå lys, stikkontakter og hovudtavle, til svakstraumsarbeid
som tele, data og brannalarmar. Jobben
vår er allereie i gang, og vi skal vere ferdig til årsskiftet
2024/25. Vest Elektro gjorde den same jobben då den
første dokka på verftet vart bygd i 1994, så vi har god
kunnskap og erfaring med installasjon på tørrdokk.
Elektrifiserer havnæringa
–Vi har jobba mykje med oppdrettsanlegg, og lagar
blant anna landstraumløysingar der vi forsyner flåter via
sjøkablar som kan vege fleire tonn. Landstraumanlegga
forsyner oppdrettsanlegga med rein elektrisitet og fører
til store innsparingar i dieselforbruk. Dette bidreg til
reduserte utslepp og gir betre arbeidsmiljø for dei som
er ute på merdane.
På flyttefot
Selskapet har no base i Ytre Bremanger, Svelgen og
Florø. Den store samanslåinga fører til at dei har vekse
ut av lokala på Evja, og skal snart flytte inn i nyoppussa
lokale i Fjordgata.
– Med så mykje mannskap har vi for liten plass samtidig
som vi treng fleire montørar. Dei nye lokala i Fjordgata
har eit stort lager- og produksjonsareal, samt at vi kan
køyre bilane inn på lageret for å laste opp utstyr til ymse
jobbar. Utover dette får vi gode kontorfasilitetar for dei
tilsette.
ferstadelektro.no
26 HAVmagasinet
Sjøtjenester Florø
Vi driver med tjenester både over og under vann
VÅRE TJENESTER
• boring
• inspeksjoner
• fortøyninger
• bygging/reparasjon av kaier
• frakting
Steinvik er eit familieeigd havbruks konsern i
vakre Høydalsfjorden. Steinvik- gruppa driv matfiskproduksjon
av laks og aure på 9 lokalitetar
i tre kommunar: Kinn, Bremanger og Askvoll.
I tillegg til matfisk i sjø produserer vi settefisk,
storsmolt og rensefisk og har visningssenter.
A til Å - www.atilaa.no
Sjøtjenester Florø AS
Fjordgata 13
6900 Florø
Tlf. 976 75 889
evleirvi@online.no
www.steinvik.no
Bilverksted • Oljesenter • Drivstoff
Vi har mye
å lære av
hverandre
Bunkring større fartøy
Bunkring mindre båter
PKK/EU-kontroll, service og reparasjoner
av alle bilmerker opptil 7,5t.
Beliggenhet depot: N.Br.,61°36´15”, Ø.L.05°01´05”
Lagringskapasitet: 600 m 3
Smøreoljer: Shell og Mobil
Florø Hamn bunkringspunkt: Kai A (55 m) og C (140 m)
Florø Hamn kai: Dybde ved lavvann, pir innside 9 m og pir utside 11 m
Bunkringsbåt: Kan skaffes, inntil 700 m 3
Tankbil: 17 m 3
Flytebrygge: Dybde ved lavvann: 4 m, lengde 20 m
Drivstoff pumpe for kjøretøy: 98 Bensin - Blank diesel - Farga diesel (EN590)
Sloppvann/spillolje: Mottak etter avtale
Vann: Over kai
Åpent hverdager kl. 08 – 16.30
Strandavegen 19, 6905 Florø • Tlf. 414 00 010 / 958 15 953 • fbh.as
A til Å • atilaa.no
Vi liker å prate med folk, og er opptatt
av å lære. Vi har også mye å lære bort.
Prat med oss på telefon 57 75 00 00,
kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø eller
besøk oss på www.norwell.no
Your source of seafood value
Helge Landøy,
Landøy Fiskeoppdrett AS
A til Å Grafisk Design og Media
27
FLORA INDUSTRI OG NÆRINGSFORENING
– utvikling og vekst for byen lengst vest
INNOVASJON
INDUSTRIUTVIKLING
NÆRINGSUTVIKLING
FIN skal koordinere og fremje medlemmane
sine synspunkt på område av felles interesse
– og vere ein møtestad for utveksling av
erfaringar og nye idear.
Næringspolitisk påverknad
Informasjon / seminar
Infrastruktur
og kommunikasjon
Nettverksbygging
Sosiale og faglege arrangement
Tilgang på næringsareal
Betre lokale rammevilkår
f lorain.no
28 HAVmagasinet