Strategiplan 2023 - 2026
Overordna mål, strategiar og satsingsområder for Fjordkysten og Sunnfjord 2023 - 2026
Overordna mål, strategiar og satsingsområder for Fjordkysten og Sunnfjord 2023 - 2026
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
STRATEGIPLAN 2023 - 2026
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 1
VISIT FJORDKYSTEN OG SUNNFJORD
STRATEGIPLAN 2023 – 2026
Det nye selskapet Visit FjordKysten og Sunnfjord, er ei samanslåing av dei to destinasjonsselskapa Visit FjordKysten og reiselivsdelen av Sunnfjord
Utvikling (Visit Sunnfjord), og har vore operativ som ei eining sidan 01.04.22.
Med denne fusjonen har vi i nasjonal samanheng eit sterkt destinasjonsselskap som er betre rusta til å utnytte det potensiale som finst i marknaden.
Både ved ein forbetra utøving av marknads- og utviklingsrelaterte oppgåver samt at ein betre kan utnytte det potensiale som området har og med det
bidra til å styrke utviklinga av næring og samfunn.
Nasjonale og internasjonale kartleggingar peiker på at Norden, Noreg og Vestlandet spesielt kan komme styrka ut som reisemål inn i framtida. Både i
den nasjonale og ikkje minst den internasjonale marknaden. Næringa i FjordKysten og Sunnfjord si oppgåve vert å utnytte situasjonen, styrke innsatsen,
og drive utvikling for å auke marknadsandelane til FjordKysten og Sunnfjord. Herunder å jobbe for at reiselivsaktørane skal levere så høg kundeverdi,
at betalingsvilje og gjenkjøpsfaktor aukar.
Side 2 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
INNHALD
Forretningsidé, visjon og mål ......................................................................................................................... side 4
Marknad og segment ...................................................................................................................................... side 6
Marknadsposisjonering .................................................................................................................................... side 7
Formål, oppgåver og utviklingsplan ............................................................................................................ side 8
Overordna strategiar og satsingsområde ................................................................................................. side 11
Organisering ...................................................................................................................................................... side 14
Reiselivet si verdiskaping .............................................................................................................................. side 18
Rolleavklaring aktørar ..................................................................................................................................... side 19
Reisemålet FjordKysten og Sunnfjord ....................................................................................................... side 21
Økonomi og budsjett ...................................................................................................................................... side 24
Prioriterte satsingsområde ........................................................................................................................... side 25
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 3
1. Forretningsidé, visjon og mål
1.1 Forretningsidé
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal gjennom målretta marknadsføring skape reiselyst til FjordKysten og Sunnfjord. Vi skal jobbe systematisk med
merkevarebygging av FjordKysten og Sunnfjord som destinasjon. Vår hovudoppgåve vil vere marknadsføring og sal, produktutvikling og kompetanseheving,
og slik medverke til auke i trafikk heile året, lokal verdiskaping og betre lønsemd og konkurranseevne for medlemsbedriftene.
Visit FjordKysten skal vere reiselivsnæringa sin felles reiskap, nettverksorgan, produktkoordinator og spydspiss i marknadsføringa av kommunane,
lokale reisemål og opplevingar. Gjennom samla og koordinert innsats skal det arbeidast for å utvikle totalproduktet FjordKysten og Sunnfjord slik at det
fører til ei positiv utvikling til beste for medlemsbedrifter, arbeidstakarar og lokalsamfunn.
1.2 Visjon
Vi skaper reiselyst for FjordKysten og Sunnfjord heile året.
1.3 Misjon
FjordKysten og Sunnfjord skal gjennom berekraftig reiselivsutvikling, innhaldsutvikling, kompetanseheving, marknadsføring og historiefortelling skape
engasjement, begeistring og samhandling, både internt og eksternt.
1.4 Hovudmål
FjordKysten og Sunnfjord skal vere eit attraktivt val for kvalitetsbevisste gjestar som etterspør ekte opplevingar, og som er gode bidragsytarar til lokal
verdiskaping.
1.5 Resultatmål
Reiselivsbedrifter og samarbeidspartar vel Visit FjordKysten og Sunnfjord som den sterke og naturlege aktøren for å skape reiselyst og verdiar for
reiselivet i regionen.
1.6 Våre verdiar
Prinsippet om ei berekraftig utvikling skal vere gjennomgåande for all aktivitet i verksemda til Visit FjordKysten og Sunnfjord og for destinasjonen.
Visit FjordKysten og Sunnfjord har fokus på god samhandling på alle nivå i sin aktivitet. Vi utviser begeistring og engasjement i vårt arbeid for reiselivet,
og formidlar ekte og særeigne opplevingar. Vi har fokus på lønsemd og høg kvalitet i heile verdikjeda.
Side 4 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 5
2. Marknad og segment
2.1 USP FjordKysten og Sunnfjord – reason to go
Kombinasjonen av kontrastfylte natur- og kulturopplevingar i eit romsleg og urørt del av Vestlandet. Møte med vestlendingen, oppleve kulturarven. Fred
og ro, god plass, ekte og autentisk, gjestfritt. Eldorado for varierte natur- og kulturopplevingar i pakt med og i respekt for natur og kulturarv.
2.2 Marknad
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal rette sin aktivitet mot marked og segment som vil tilføre lønsam og berekraftig trafikk. I vårt marknadsarbeid skal vi
rette oss hovudsakleg mot Noreg og våre nære marknader.
2.3 Målgrupper eksternt
Visit FjordKysten og Sunnfjord sine målgrupper eksternt er turoperatørar, transportselskap, bedrifter, media og den individuelle turisten.
2.4 Målgrupper internt
Reiselivsbedrifter, øvrig nærings- og organisasjonsliv, kommunane og lokalsamfunna i regionen. Media regionalt og nasjonalt. Marknadsføring, informasjons-
og salsverksemd skal bidra til å skape auka aktivitet, fleire tilreisande til FjordKysten og Sunnfjord og betre lønsemd for våre medlemsbedrifter.
2.5 Segment
Innsatsen skal rettast både mot den norske marknaden og mot internasjonale marknader, og mot prioriterte segment.
Dei prioriterte segmenta er: 1. Dei eventyrlystne 2. Dei kunnskapssøkande.
Felles for målgruppene er at dei er velutdanna, bereiste og har over gjennomsnittleg god økonomi. Dei er interesserte i naturopplevingar, aktivitetar,
kultur, historie og søker kunnskap og stadar og opplevingar.
2.6 Geografi
Internasjonalt: Heilårsturisme krev at vi finn lønnsame målgrupper både i europeiske marked og oversjøisk. Hovudvekta av innsatsen skal rettast mot
marked i Europa med god tilgjengelegheit til Vestlandet. Dei prioriterte marknadsområda for dei kommande fire åra vil vere: Tyskland, Nederland, USA,
Storbritannia, Frankrike, Spania, Italia, Danmark, Sverige.
Norge: Vestlandet, Austlandet. Nær- og regionalmarknaden er viktig for heilårsdrift.
Side 6 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
3. Marknadsposisjonering
FjordKysten og Sunnfjord er underkommuniserte geografiske område i Noreg med stort potensiale. Auka marknadsandelar kan realiserast gjennom
auka innsats for kompetanseutvikling, innhaldsutvikling / konseptualisering og marknadsføring.
Vi skal ta ein posisjon i marknaden som den kontrastfylte delen av Vestlandet; urørt og berekraftig – «det neste spanande – der ikkje alle andre drar».
Dette tiltrekk mange og mest dei som ønsker aktive opplevingar og som vil bruke tid og penger på ekte opplevingar.
VÅRT VERDIFORSLAG:
Målgruppa sine behov og korleis vi kan tilfredsstille
VERDISKAPING
· Frå hav
til bre
· Ytterpunkt
innan korte
avstandar
· Spektakulært fjordlandskap
og unike naturog
kulturopplevingar som er
lett tilgjengelege
· Spennvidda og
komplementariteten er dei fremste
eigenskapane: Natur, skjergard,
øysamfunn, kulturliv,
industrihistorie
· Kopla saman av
flotte vegar og
fjordar
· Opplevinga av å besøke og ta del i ekte
samfunn og livet der
· Alt tett innpå – naturen, folket og
inntrykka
· Ei oppleving av slik livet
SMERTEFJERNING
kan levast
· Eit romsleg og urørt
Vestland
INNHALD
· Her slepper ein dei største
turistgruppene
· God plass og lite turisme
· Ekte opplevingar
· Mange fastbuande
· Gode vegsamband og få bussar
FJORDKYSTEN
SUNNFJORD
Frå hav til bre i eit
romsleg og urørt Vestland
Breitt spenn og lett tilgjengeleg
– som skapt for eventyr!
• Meir ekte
• Større spennvidde
• Meir å gjere
HØYDEPUNKT
· Naturfenomen (fjord,
fjell, kyst, isbre, foss, dyreliv)
· Livsendrande opplevingar
· Lært noko
· Oppleve noko spektakulært og
heilt annleis
BEHOV
· Mange andre turistar/
følelsen av masse-turisme
· Trollfigurar og typiske turistfeller
· Bussar med grupper
SMERTEPUNKT
· Dra dit «ingen andre reiser»/
«oppdage nye stadar»
· Kjenne på eventyrlysta;
utvide horisonten, utvikle meg
· Kjenne på/ utfordre grensene
· Unike og meiningsfylte opplevingar
og ny inspirasjon
· Aktive opplevingar i urørt natur
· Lokal kultur (mat, drikke,
menneske, historie)
· Bærekraft (miljø, samfunn...)
FJORDKYSTEN / SUNNFJORD
TURISTEN / GJESTEN
(Kva målgruppa ønsker seg)
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 7
4. Formål, oppgåver og utviklingsplan
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal vere bedrifter, kommunar og organisasjonar som har interesser knytt til reiselivsnæringa og profilering av regionen
sitt felles sals- og marknadsføringsorgan. Selskapet skal ta ei koordinerande rolle for berekraftig reisemålsutvikling samt vere eit kompetansesenter og
ein ressurs for reiselivsnæringa og kommunane i Sunnfjord og kystområda frå Solund til Kinn.
Posisjonering
SoMe,
presse og
influence
Strategisk
samarbeid
(IN, FN, mm)
B2B
turoperatører
FJORDKYSTEN
SUNNFJORD
Innholdsproduksjon
MICE
Kampanje,
aktiviteter
Oppgaveområda vil variere over tid og skal definerast iht eigarane sine / medlemmane sine behov. Typiske
oppgåver vil vere innan: Marknadsposisjonering, marknadsføring, innhaldsutvikling, digital strategi
og gjennomføring. Selskapet skal sikre god samhandling med ressursmiljø og partnarar i Fjord Norge,
Visit Norway m.fl. Selskapet skal jobbe internt med aktørane i næringa, mot prioriterte målgrupper i
marknaden, samt gjennomføre aktiviteter mot MICE, B2B/turoperatørar. Selskapet skal arbeide for ei
sunn utvikling av reiselivsnæringa for å sikre auka sysselsetting og verdiskaping. Selskapet skal opptre
som reiselivsnæringa og kommunane sin felles interesseorganisasjon og talerøyr.
Digital /
web
Selskapet skal vere reiselivet i regionen sin representant i relevante lokale, nasjonale og internasjonale fora. Mål for og operasjonalisering av innsatsen
vert nedfelt i kontinuerlige strategi- og marknadsplanar. Selskapet skal ivareta vertskapsfunksjonen i dei kommunane som har avtale om dette.
Digitalisering bidreg til å korte ned vegen mellom reiselivsbedrift og gjest. Dette er vesentleg for selskapet. Ei satsing på digitalisering av presentasjon,
marknadsføring og sal, kortar ned vegen, fjernar mellomledd og bidreg til at meir av verdiskapinga blir i regionen. Reiselivsnæringa og tilstøtande
aktørar innan kultur, mat og drikke og opplevingar, vil ha stor nytte av eit effektivt, moderne og digitalisert kompetansesenter for formidling og sal.
Side 8 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
Det er utvikla følgjande overordna utviklingsplan for selskapet:
VERDISKAPING
Steg 1:
ETABLERE OG ORGANISERE
FOR SAMHALD
· Etablere selskapet med ny eigarstruktur
· Utvikle strategiplan 2022 – 2026
· Organisering med stillingar og oppgåver
· Samle eigarmassen/ medlemmar til eit fellesskap
· Utvikle marknadsplan, med pakketering av
eksisterande tilbod
· Starte arbeidet med
“Bærekraftig reisemålsutvikling”
Planlegge med kommunane og sikre støtte
· Bevisstgjere og gi innhald “besøksforvaltning”
· Merkevarestrategi, slagord, kommunikasjonsplattform
og marknadsføringsmateriell
Steg 2:
UTVIKLING OG VEKST
· Implementering av merkevare og marknadsmateriell
hos reiselivsbedriftene
· Tilrettelegging og satsing mot MICE marknaden
· Utvikle felles sal/ bestillingsløysning
for B2C og B2B (bidrag til sal for bedriftene)
· Utvikling av nytt tilbod og innhald, strukturering av
innhaldspakkar mot definerte målgrupper
· Sertifisert som “Bærekraftig reisemål”
(alle kommunar)
Steg 3:
POSISJON
Målbilde 2025
Vi skal ta ein posisjon i marknaden som den
kontrastfylte delen av Vestlandet; urørt og
berekraftig – “det neste spennande – der
ikkje alle andre drar”.
Dette tiltrekker mange og mest dei som
ønskjer aktive opplevingar som vil bruke tid
og pengar på ekte opplevingar.
Fjordkysten og Sunnfjord har nådd nye
nasjonale målgrupper og samtidig engasjert
tilreisande frå nærområdet.
Våre marknadsandelar mellom
internasjonale turistar har auka betydeleg.
› 8 mnok
› 5% EBIT
FJORDKYSTEN
SUNNFJORD
2026
Frå hav til bre i eit
romsleg og urørt
Vestland
Marknadsandel 0,11%
Medlemmar 100
Salsinntekter 150
Totale inntekter 6
Gj.sn. tal døgn 2,2
Marknadsandel 0,15%
Medlemmar 125
Salsinntekter 400
Totale inntekter 7
Gj.sn. tal døgn 3
Marknadsandel 0,20%
Medlemmar 150
Salsinntekter 1
Totale inntekter 8
Gj.sn. tal døgn 4
2022 2023 – 2024 2025
TID
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 9
Side 10 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
5. Overordna strategiar og satsingsområde
5.1 Bygge merkevare og ta posisjon
Gjennom felles profilering og marknadsføring skal vi bygge meirverdi for regionen. FjordKysten og Sunnfjord skal vere den mest attraktive destinasjonen
i Fjord Norge for prioriterte marknadar og målgrupper som ønsker å oppleve det ekte og autentiske Vestlandet «off the beaten track». Vi skal prioritere
tilreisande som respekterer og bidreg til å ta vare på natur- og kulturverdiane våre, og bruker FjordKysten og Sunnfjord heile året. Merkevarestrategi,
kommunikasjonsplattform og marknadsmateriell, herunder implementering hos medlemsbedrifter.
5.2 Fokus på marknadsføring og sal
Selskapet skal gjennomføre og koordinere marknadstiltak i form av deltaking i forbrukar- og bransjekampanjar, i eigen regi nasjonalt og internasjonalt i
samarbeid med Fjord Norge og Visit Norway med mål om styrka synlegheit i prioriterte marknader gjennom:
• Meir segmentert og effektiv kommunikasjon heile året
• Fortsatt fokus på å fylle opp sommarsesongen
• Fokus på salsutløysande tiltak
• Auka marknadsføring av skulder- og lavsesong
• Tilrettelegging og marknadsføring av destinasjonen og medlemsbedrifter for firmaturar og B2B / turoperatørar. Bidrag til sal for medlemsbedriftene.
• Innhaldsproduksjon og strategisk storytelling som motiverer til deling og engasjement
• Sterk digital synlegheit.
• Aktuelle marknadssegment er Adventures in the world of natural beauty og Broadening my cultural horizon. Kjernen i opplevingane skal vere
«Ny energi, opplading og aktivitet i unik natur med påfyll frå kultur og lokalmat» med overordna verdiar som berekraftig, ekte, kontrastar, ro og fred.
Målet med marknadsføringa er auka trafikk og verdiskaping heile året. Vi skal ha fokus på kundereisa, med mål om at FjordKysten og Sunnfjord skal
vere lett å forstå, nå og kjøpe.
5.3 Web og sosiale media
Digitalisering av presentasjon, marknadsføring og sal; Digitale plattformar, web, sosiale media.
Utvikle felles sal / bestillingsløysingar for B2C (business2customer) og B2B (business2business).
Vi skal ha ei levande og oppdatert heimeside for FjordKysten og Sunnfjord, og vere godt synlege gjennom Visit Norway sine nettsider. Vi skal ha eigne
digitale strategiar og køyre kampanjar på sosiale media og Google både gjennom eigne og kjøpte flater, for destinasjonen og for medlemane. Det er
eit mål å gjere medlemsbedriftene gode og synlege på dei digitale plattformane. Det vert satt opp årlege fokuskampanjar for å sikre at måla om auka
synlegheit for medlemane vert nådd.
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 11
5.4 Konseptutvikling, produktpakking og booking
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal forsterke arbeidet med utvikling av differensierte opplevingskonsept og produktpakkar som rettar seg mot ulike
lønsame segment. Produktpakkane skal vere bookbare gjennom heimesida til FjordKysten, og gjennom avtaler med andre aktuelle distribusjonsledd.
Produktutvikling for skulder- og lavsesong er ein prioritet, og vi skal ha eit spesielt fokus på å synleggjere attraktive tilbod basert på lokale mat- og
kulturopplevingar i tillegg til multi adventure.
Produktpakkar og konsept skal ha elementa av det som er genuint for FjordKysten og Sunnfjord. Vi skal fylle destinasjonen med eit bredt spekter av
relevante opplevingar som reflekterer marknadsposisjonen vi ønsker å ta; Meir ekte, større spennvidde, meir å gjere. Opplevingar som aleine og samla
skaper «reason to go» og aukar betalingsviljen.
Alle produkt skal kvalitetssikrast, og segmenterast etter reisemotiv heller enn demografi.
5.5 Berekraftig reisemål
Starte opp 2-årig prosjekt for å arbeide for å oppnå «Merket for Bærekraftig Reisemål». Implementere verktøy og utvikla handlingsplan i Stategi- og
tiltaksplanar for selskapet.
5.6 Innhaldsproduksjon, storytelling og bildedatabase
Godt innhald i form av tekstar, bilete og film er ei prioritert oppgåve for Visit FjordKysten og Sunnfjord, og vår viktigaste kapital framover.
Bilete og film vert ein essensiell og viktig del av marknads- og salsarbeidet gjennom digitale flater. Visit FjordKysten og Sunnfjord skal ha fokus på
historiefortelling; å utvikle og produsere dei gode fortellingane om FjordKysten og Sunnfjord, naturen og kulturen, folka som bur her og levemåtar.
5.7 Bergen som innfallsport
Bergen er både ein viktig innfallsport og ein stort nærmarknad for FjordKysten og Sunnfjord. Vi skal nytte vår nærheit til Bergen som innfallsport i kommunikasjonen.
Vi skal også vidareutvikle samarbeidet med Visit Bergen med tanke på synlegheit og sal gjennom turistinformasjonen i Bergen.
5.8 Vertskap og lokalkunnskap
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal vere vertskap for presse- og visningsturar, med mål om å bidra til auka omsetnad for medlemsbedriftene. Vi har
ansvar for distribusjon av informasjon om reisemålet til samarbeidspartar og aktuelle reiselivsportalar, samt til reisande i planleggingsfasen og på reisemålet.
Dette både gjennom analog informasjon som reiseguidar og brosjyre, og gjennom digital informasjon på websider og i sosiale media. FjordKysten
og Sunnfjord skal vere tilgjengeleg og synleg, relevant og oppdatert. Vi skal ta vare på kvalitetar og kjerneverdiar for destinasjonen i utarbeiding av
informasjonsmateriell.
Side 12 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
5.9 Kompetanseheving
Visit FjordKysten og Sunnfjord har ei klar rolle i å legge til rette for og stimulere til kompetansehevande tiltak for medlemane. Ei viktig oppgåve er å
hjelpe bedrifter i oppstart og tidleg fase med deling av bransjekunnskap. Slik kunnskap skal delast direkte med medlemane, gjennom facebookgrupper,
nyhendebrev og på nettverkssamlingar. Selskapet skal tilby relevante kompetansehevande kurs, og bidra med kompetanse som kan styrke verdiskapinga
i medlemsbedriftene.
5.10 Destinasjons- og produktutvikling
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal vere ein samlande faktor som ser marknaden sine behov og løyser fellesoppgåver som er viktige for reisemålet si
totale utvikling. Det er viktig å fokusere på dei oppgåvene som gjer at destinasjonen skal utvikle seg og vere attraktiv i marknaden.
Visit FjordKysten og Sunnfjord si viktigaste rolle når det gjeld produktutvikling er å kartlegge og samordne ulike produkttiltak på destinasjonen, samt å
initiere og koordinere tiltak i tett samarbeid med medlemer, kommunar og lokalsamfunn. Visit FjordKysten og Sunnfjord si rolle er videre å knyte produkt
og opplevingar saman, og initiere til samarbeid mellom overnattingsbedrifter og opplevingsprodusentar.
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal gjere produkt og produktpakkar lettare tilgjengeleg for kundar, både på staden og for online booking. Vi skal utvikle
turforslag med eigen bil, offentleg transport, sykkel, og gjere desse synlege digitalt saman med lettfatta ruteinformasjon og prisar og kartmateriell.
Det skal vere ei klar rollefordeling mellom utføringsansvar fordelt på destinasjonsselskap, kommunar, lokale næringsselskap og reiselivsaktørar.
Visit FjordKysten og Sunnfjord tek ei koordinerande rolle for å sikre best mogleg samhandling og utvikling i tråd med trendar, behov og destinasjonen
sine satsingsområde. Større prosjekt skal forankrast både i kommunar og blant reiselivsaktørane.
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 13
6. Organisering
STYRET
DAGLEG LEIAR
MARKNAD OG
SALSANSVARLEG
INNHALD OG
KOMMUNIKASJONSANSVARLEG ANSVAR FOR DIGITALISERING PROSJEKTUTVIKLING
INNHALD OG OPPLEVING
MICE / B2B
ADVENTURE /
OPPLEVING
DIGITALISERING
KUNST OG KULTUR
SPESIALISTGRUPPER
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal gjennom kunnskap om lokalt reiseliv og opplevingsnæring (handel, tenesteytande, mat & drikke, kultur og opplevingar
mm) sikre god oversikt. Vidare skal destinasjonselskapet etablere nokre spesialistgrupper som er mindre grupper der FjordKysten og Sunnfjord sin
fremste ekspertise innan eit spesielt viktig område vert samla. Disse blir eit kompetansesenter / fagleg råd til selskapet. Eksempel på slike spesialistgrupper
kan vere innan; Digitalisering, den profesjonelle MICE marknaden (B2B, konferansar, møter, hotell etc.) og innan opplevingssturisme. Det er
ønskeleg at flest mogleg næringsaktørar / bedrifter blir aktive i det nye selskapet. Slike grupper er eit av tiltaka for å få til dette.
Side 14 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
STYRET
GENERALFORSAMLING
FYLKET
VISIT SUNNFJORD FJORDKYSTEN
INNOVASJON NORGE • FJORD NORGE
DESTINASJONER
SPESIALISTGRUPPER
REISELIVET I
MÅLØY
REISELIVET I
FLORØ
REISELIVET
I FØRDE
(NAUSTDAL)
DIGITALISERING
MICE / B2B
ADVENTURE /
OPPLEVING
KUNST OG
KULTUR
REISELIVET I
GAULAR
REISELIVET I
ASKVOLL
REISELIVET I
HYLLESTAD
REISELIVET I
SOLUND
REISELIVET I
JØLSTER
REISELIVET I
FJALER
Dette er nokre av dei lokale reiselivsmiljøa som det nye
selskapet vil forholde seg til og jobbar for.
MEDLEMMER
For at selskapet skal vere operativt effektivt og ivareta medlemsbedrifter og eigarkommunar på ein god måte vert det lagt opp til ein desentralisert
driftsmodell for selskapet. Ein desentralisert driftsmodell vil også gi fleksibiltet og attraktivitet og bidra til å kunne rekruttere kvalifisert kompetanse til
selskapet.
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 15
6.1. Organisasjonsstrategi
• Alle tilsette er engasjerte, samarbeidsfokuserte, får ansvar og tillit og er inspirerte for å få resultat.
• Styrke reisemålet med gode alliansar og auka samarbeid på tvers av regionar
• Vere ein aktiv samarbeidspart for medlemane, Fjord Norge og Visit Norway / Innovasjon Norge.
• God på kommunikasjon internt og eksternt.
• Jobbe i.h.t. oppsette planar.
• 4 tilsette innan utgangen av 2023.
• Fast styresamling og internsamling årleg.
• Fokus på inntektsbringande aktivitet og god prosjektstyring.
• Det skal utarbeidast årlege handlings- og marknadsplanar. Kvart år skal vi utarbeide ein statusrapport på måla i Strategiplanen. Slik vil vi få indikasjonar
på om vi arbeider rett og vi kan justere arbeidet slik at vi når måla i planen.
6.2. Kjernekompetanse
• Visit FjordKysten og Sunnfjord skal ha oppdatert marknadskunnskap. Vi skal sikre god marknadskommunikasjon og effektive marknadsføringstiltak.
• Selskapet skal ha god kompetanse på reisemålsutvikling, marknadsføring, sal og innhaldsproduksjon.
6.3. Medlemsstrategi
• Vi skal ha 2 årlege møter; Kick-Off i januar/februar, og haustmøte.
• Det skal vere minst to årlege medlemsmøte lokalt i kvar kommune.
• Visit FjordKysten og Sunnfjord skal utvikle og formidle kravspesifikasjonar og «beste praksis» til medlemane innan relevante tema.
• Vi skal halde medlemane oppdatert gjennom nyhendebrev, facebookgrupper, mail og direkte kontakt. Medlemane forpliktar seg til å halde Visit
FjordKysten oppdatert om tilbod, produkt, prisar, sesong, opningstider m.m. på sine produkt, samt å delta på medlemsmøter m.m.
• Vi skal legge til rette for kompetansehevande tiltak for medlemsbedriftene.
• Vi forutset sponsing av presse- og visningsturar.
• Vi skal tilby personleg rådgjeving og konsulent-tenester for medlemsbedrifter etter behov.
• Visit FjordKysten og Sunnfjord skal initiere til samarbeid mellom medlemsbedrifter.
Side 16 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 17
7. Reiselivet si verdiskaping
Reiselivet er ikkje lengre ei særeigen næring, litt på sida av anna næring og samfunnsutvikling. Både PWC og E&Y har i 2021 utvikla verdiskapingsanalyser
som peikar på reiselivet si stadig meir sentrale rolle på Vestlandet. Opphavet til ei bedrift, innbyggjarane sin identitet og regionen sitt omdømme
er alle faktorar i regional attraktivitet. Reiseliv kan knytast tett mot «bulyst», rekruttering av talent og investeringar.
2021 – Næringsstrategi for Vestlandet, PwC
Spektakulær og variert natur, god plass, trygg samfunnsstruktur, teknologisk utvikling og tjenesteintegrasjon, elektrifisering og berekraftig utvikling er
nokre av komponentane som er knytt tett saman i forståinga av moderne samfunn som mange ønskjer å besøke og lære av. Dette passar FjordKysten
og Sunnfjord godt. Det ligg eit unytta potensiale i å knytte dette tettare og betre saman.
Ei kartlegging gjennomført av Menon 2021, om destinasjonsselskapa si verdiaukande rolle peiker på to sentrale bidrag til næring og samfunn.
Destinasjonsselskap produserer fellesgode og tjenester for lokalbefolkninga og turistar.
Ved å bygge tilgjengeliggjerande infrastruktur for naturopplevingar, aukar sannsynet for at
lokalbefolkninga har glede av naturen. Samtidig vert slitasje og skade som følge av bruk,
redusert. Destinasjonsselskap forbetrar konkurranseevna til reiselivsnæringa gjennom
marknadsføring, koordinering av produkttilbod og fellesgodeproduksjon.
Destinasjonar med ei sterk reiselivsnæring har typisk fleire opplevingstilbod, noko lokalbefolkninga
nyt godt av. I tillegg vil lokal verdiskaping og arbeidsplassar, og auke sannsynet
for tilflytting og vekst i kommunen og andre næringar.
Side 18 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
8. Rolleavklaring aktørar
FjordKysten og Sunnfjord opererer i eit økosystem der verdiskaping skjer i samhandling med fleire aktørar. Nokre av dei viktigaste aktørane er:
NÆRINGSAKTØRANE I REISELIVET: Ansvar for eige sal, produktutvikling i bedrifta, eigen kompetanseheving og aktiv deltaking i nettverkssamlingar.
KOMMUNANE: Ansvar for å implementere reiseliv i planverk, tilrettelegging av areal for reiselivsverksemd, sikre rask sakshandsaming ved søknader,
lokal infrastruktur som veg, parkering, skilting, toalett, tømmestasjonar, strandrydding/avfallshandtering, sikre at reiselivet sine behov er teke med ved
innspel til offentlege ruter for buss/ferje/båt. Forplikte seg til langsiktig satsing for å bygge ein attraktiv destinasjon gjennom 3-årige avtaler
LOKALE REISELIVS-/ NÆRINGSFORUM: Representerer lokalt reiseliv og bidreg til tettare samarbeid mellom besøksnæringa lokalt, og mellom kommunen
og besøksnæringa. Reiselivsforuma definerer og prioriterer lokale produktutviklingstiltak som fremjar det lokale reisemålet si utvikling og attraktivitet
for besøkande.
NÆRINGSFOREININGAR/ FØRSTELINJETENESTE: Samarbeidspartar i prosjekt og næringsutvikling. Disse er både breide næringsforeningar og meir
spesialiserte samarbeid relatert til reiseliv.
VISIT NORWAY: Nasjonalt destinasjonsselskap med hovudoppgåve å posisjonere, merkevarebygge og marknadsføre Norge. Betydelig innsats innan
marknadsinnsikt og segmentering.
INNOVASJON NORGE: Nasjonalt og regionalt utvikling- og innovasjonsselskap som er
ein del av det offentlege verkemiddelapparatet. Støtter kompetanseutvikling og satsingar
bl.a. innan reiselivet.
FJORD NORGE: Regionalt destinasjonsselskap for Vestland, Rogaland og Møre & Romsdal.
Koordinerer utviklingsinitiativ i næringa samt internasjonal merkevarebygging og
marknadsføring av Fjord Norway.
VESTLAND FYLKESKOMMUNE: Sentral støttespelar til reiselivet i FjordKysten & Sunnfjord
ift planutvikling, innhaldsutvikling og finansiering av aktiviteter.
FJORDKYSTEN OG SUNNFJORD: Ansvar for sal og marknadsføring av destinasjonen,
på vegne av medlemskommunar og medlemsbedrifter. Sikre god og profesjonell vertskapsfunksjon
i regionen. Stimulere til kompetanseheving og produktutvikling, og
arbeide for berekraftig og positiv utvikling til beste for reiselivsnæringa og lokalsamfunna.
Dokumentasjon og måling av resultat og måloppnåing.
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 19
Side 20 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
9. Reisemålet FjordKysten og Sunnfjord
Ein står midt i ein teknologisk revolusjon, der både reisemålet, infrastrukturen og bedriftene må levere på stadig meir digitaliserte gjestar. Stadig fleire
av dei besøkande er opptekne av helse og sunnheit, både i form av fysisk aktivitet, velvære og sunn mat. Aktivitetsferie som kombinerer kulturell utveksling
og aktivitetar i naturen veks raskare enn bransjen elles, og mjuk aktivitetsferie utan spesielle krav til ferdigheiter og låg risiko er størst i volum.
Milleniumsgenerasjonen, som er framtidas kundar, er opptekne av selskap som har eit formål. Dei er engasjerte og ønsker å bli engasjerte.
Når ein legg til rette for besøkande gjennom produkttilbod, marknadsføring og sal er det viktig at utviklinga blir gjort på lokale interesser sine premiss.
Lokale verdiar og identitet må vere førande for utviklinga. Det må vere eit mål å tiltrekkje seg gjestar som har god betalingsevne- og vilje, som blir lengre
på staden og ynskjer eit opphald som harmonerer med lokalt verdigrunnlag.
Gjestar som i hovudsak kjem for å oppleve naturen, kan i langt større grad bli freista til å bli lengre og bruke meir ved at vi gjer mat- og kulturopplevingar
meir tilgjengeleg for turistane.
Heilårs aktivitet i bedriftene er nøkkelen til auka verdiskaping, betre vilkår for både bedrift og tilsette og eit gode for lokalsamfunnet. Næringa er i stor
grad prega av sesongaktivitet. Lukkast ein i å trekke nok gjestar til reisemålet til å oppretthalde eit attraktivt tilbod heile året vil ein også sikre betre inntening
for bedriftene, betre vilkåra for dei tilsette og sikre fleire heilårs busette i kommunen. Innbyggjarane og nærmarknaden er ei viktig kundegruppe,
og ved å produktutvikle også for desse kan ein sikre viktig aktivitet året rundt.
Natur og aktivitetsbasert reiseliv
FjordKysten og Sunnfjord har det vestlegaste fyret, dei vestlegaste øysamfunna og den vestlegaste byen i Noreg. Vi har eit mylder av levande øysamfunn
og landemerke som stig rett opp frå sjøen og kritkvite strender. I HAFS-regionen og også lenger nordover langs kysten har vi ein unik geologi og
geologisk historie. Fjordkysten Regional- og Geopark har ambisjonar om å bli ein UNESCO Global Geopark. Sunnfjord kommune jobber med avklaringar
i f.h.t. å bli ein Nasjonalpark-kommune. Nasjonal turistveg Gaularfjellet har særeigne kvalitetar med imponerande fossefall som slynger seg gjennom
grøne dalar.
Heile regionen har eit godt utbygt nettverk av toppturar og mindre krevande fotturar. I indre delar av destinasjonen er det gode forhold for ski og
isbre-turar og aure- og laksefiske. Langs kysten er det gode forhold for sjøfiske, og idelle forhold for å oppleve det røffe vinterveret med stormwatching.
Destinasjonen har også naturgitte fortrinn for sykling. Forholda ligg godt til rette for å utvikle gode tilbod innan både tursykling, landevegssykling og
stisykling / terrengsykling. Å synleggjere moglegheitene som finst for tursykling vil vere steg 1 i ei langsiktig utvikling.
Kajakk er ein attraktiv aktivitet for heile destinasjonen. Det er attraktive område å padle i både langs kysten og i fjordane, og vi har fleire aktivitetsbedrifter
som tilbyr padling som produkt. Kyst- og fjordlandskapet med sine kontrastar i lys og vær er ein spennande opplevingsarena for små og store eventyrlystne.
Naturleg, forfriskande og ekte. Kontrastar i lys, vær og landskap. God plass, fred og ro.
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 21
Kunst og kultur
Destinasjonen har ei rik historie, med lange spor etter levd liv. Kysten vår og spesielt Dalsfjorden er sentral i vikinghistoria. I Gulen i sør ligg Gulatinget,
«demokratiets vogge», og i Hyllestad ligg dei største kvernsteinsbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Vi har mellomalderkyrkja på Kinn,
og sorenskrivargardar på Svanøy og i Fjaler. Vi har helleristingsfelt, museum og galleri på øyar og i byar. Krigshistorie, fiskerihistorie, handelshistorie
og industrihistorie. Kunstnerar som Astrup, Eikås, Slettemark og Jakob Sande høyrer heime i regionen vår. Difor er dei historiske banda til kuns lange
og sterke. I arbeidet med å utvikle heilskaplege tilbod til turistar i FjordKysten og Sunnfjord er denne delen av kulturarven vår ein stor ressurs. I tillegg
har vi Teaterfestivalen i Fjaler, eitt av dei mest aktive teatermiljøa i Noreg, og Førdefestivalen som i 30 år har brakt verda til Sunnfjord. I Jølster ligg
Astrup-tunet og Jølstramuseet.
Mat og matopplevingar
I løpet av dei siste åra har ein sett ei positiv utvikling innanfor mat og matopplevingar i FjordKysten og Sunnfjord. Å kunne tilby gode matopplevingar
spelar ei viktig rolle når turistar skal velge reisemål. I strategiperioden vil ein jobbe videre med mat og matopplevingar, for å utvikle dette til å bli ein
faktor som aukar attraktiviteten til FjordKysten og Sunnfjord som destinasjon.
Næringa
Næringa er prega av mange små og mellomstore aktørar. Hotella i byane har normalt jamt over god trafikk heile året, der yrkesreisande sørger for driftsgrunnlaget.
I periodar er det fullt belegg på hotella i byane. Også dei mindre hotella i bygdene har ei hovudvekt av bedriftskundar og yrkesreisande.
Variasjonar i aktiviteten i næringslivet lokalt gir utslag også for hotella. For alle hotella er det viktig med tilførsel av ferie- og fritidsreisande i sommarsesongen,
og for spesielt hotella i bygdene også i skuldersesongane og om vinteren. Lenger sesong kan bety mykje for utviklinga til desse hotella.
Det er mange som driv med hytteutleige. Fleire har i mange år retta seg mot fiskeglade turistar, hovudsakleg frå Tyskland, og har hatt godt belegg og
mykje gjenkjøp og ofte ein sesong som strekker seg frå mars – oktober. Det er fleire mindre kaféar og serveringsstadar kring i bygdene som er avhengig
av turistar i sommarsesongen for å overleve. Dette gjeld også mange nærbutikkar kring i bygdene.
Det har vore ei auke i tal aktivitetsbedrifter, men det er framleis prega av få og små aktørar. Dei største arbeidsgjevarane i opplevingssegmentet er knytt
til dei heil- eller deleigde offentlege verksemdene som museum, historiske bygg og liknande.
Infrastruktur, transport og reisemønster
Dei offentlege transporttilboda er viktige for reiselivet i regionen. Spesielt gjeld dette ekspressbåten mellom Bergen og Nordfjord, i tillegg til dei lokale
båt- og ferjerutene. Flyplassane i Førde og Florø er ein ressurs for reiselivsnæringa i destinasjonen. Innlandsaksen, frå Sogn gjennom Skei til Nordfjord,
har i dag stor turisttrafikk og er godt etablert. Bergen er ein viktig innfallsport for turistar som kjem med fly og internasjonale båt- og ferjeruter, og samarbeid
med turistinformasjonen i Bergen er sentralt.
Som destinasjon er vi avhengige av å samarbeide med destinasjonsselskapa omkring oss, lokale og sentrale myndigheiter, transportaktørar og reiselivsbransjen
for å forbetre kommunikasjonen i form av infrastruktur og rutetilbod til og frå regionen.
Side 22 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
Satsing på å legge til rette for nullutslepp framdrift for båtar ved bruk av både hydrogen og elektriske motorar i Florø kan gje spanande nye og grøne
reiseopplevingar langs kysten. Destinasjonen må ha fokus på utvikling av grøn mobilitet internt.
Samarbeidspartnerar
Visit FjordKysten og Sunnfjord forvaltar reisemålsarbeidet i regionen, og er eigd av kommunane og reiselivsnæringa i området. Kommunane er òg viktige
samarbeidspartnarar for å gjennomføre utviklingsprosjekt. I tillegg samarbeider destinasjonsselskapet tett med andre offentlege instansar: Vestland
fylkeskommune, departement, Statsforvaltaren og Innovasjon Norge. Visit FjordKysten og Sunnfjord er medlem av NHO reiseliv. I arbeidet med å utvikle
dei kommersielle tilboda må det jobbast tett saman med næringa, og på sal- og marknadsarbeidet saman med Fjord Norge og Visit Norway-systemet i
tillegg til strategiske forretningssamarbeid.
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 23
10. Økonomi og budsjett
Samanslåinga gir oss eit godt høve til å framtidsrette selskapet, aktivitetar og organisasjonen. I budsjetteringa har vi lagt til grunn at reiselivet i Fjord-
Kysten og Sunnfjord har eit større verdiskapingspotensial enn det som så langt er realisert.
Reiselivsnæringa si samla omsetning i området Visit FjordKysten og Sunnfjord er i eit normalår (2019) forsiktig estimert til 400 mill. kr. Sjølv om pandemien
har treft næringa hardt, så har reiselivet i FjordKysten og Sunnfjord klart seg relativt bra, og viser god utvikling ved inngangen til 2022.
Vi planlegg med ein forsiktig vekst (omsetnadsmessig estimat) på vegne av reiselivsbedriftene i nettverket. Selskapet har ved oppstart 80 medlemsbedrifter.
Det er ein ambisjon at tal medlemsbedrifter skal aukast til 150 medlemer gjennom aktivt rekrutteringsarbeid.
Ei auka satsing på digitalisering, berekraftige opplevingar, auka attraktivitet til Vestlandet og produktutvikling på nytt innhald vil bidra til å auke topplinje
og lønsemda ytterlegere. Vi legg også til grunn ei auka satsing på «nærturisme» som venteleg vil utvide marknadsgrunnlaget samanlikna med dagens
situasjon. Budsjettet vil derfor legge opp til ei svak auke i kostnader for å understøtte det vekstpotensialet som næringa har.
BUDSJETT VISIT FJORDKYSTEN & SUNNFJORD
INNTEKTER 2023 2024 2025 2026
Kommunetilskot 3 256 300 3 353 989 3 454 609 3 558 247
Variable tilskot 1 100 000 1 100 000 1 100 000 1 100 000
Marknadsavtaler 780 000 870 000 955 000 1 060 000
Eige sal, netto innt. 150 000 200 000 250 000 300 000
Prosjekt 900 000 900 000 300 000 300 000
SUM 6 186 300 6 423 989 6 059 609 6 318 247
KOSTNADER
Lønskostnader 3 296 920 3 395 828 3 497 702 3 602 634
Tiltak handlingsplan 1 730 000 1 730 000 1 300 000 1 300 000
Driftskostnader 830 000 854 900 880 547 906 963
SUM 5 856 920 5 980 728 5 678 249 5 809 597
RESULTAT 329 380 443 261 381 359 508 650
Side 24 · STRATEGIPLAN 2023 – 2026
11. Prioriterte satsingsområde – tiltak på kort og lengre sikt
Prioriterte
Satsingsområde
1. Attraktivitet gjennom berekraft
2. Noreg
3. Norden, Europa, USA
4. Digitalisering
– inkl. produktpakking og booking
5. Konseptutvikling
– Målgrupperetta konsept
6. Historier som fenger
7. Utvikle merkevara FjordKysten og Sunnfjord
Tiltak kort sikt
2023
• Oppstart av 2-årig prosjekt for å bli merka som berekraftig
reisemål (Innovasjon Norge).
• Sette saman langhelg og kortferie konsept retta mot norske
segment; venne-, par- og familiemarknadar.
• Sette saman konsept for firmaturar retta mot norske bedrifter.
• Holde kontakten med turoperatørbransjen.
• Segmentering og utvikling av kommunikasjon mot ulike
målgrupper, medier og influencere.
• Samarbeid med Fjord Norge og IN.
• Utvikle virtuelle visningsturar og verktøy for turoperatørar.
• Delta i ny, framtidsretta nettløysing for Vestlandet.
• Auke tal produktpakkar og produkt tilgjengeleg gjennom
bookingsystem på heimesida, evt. gjennom fleire salskanalar.
• Kompetansebygging for medlemane innan digitalisering og
booking.
• Produksjon av innhald som støtter sal.
• Utvikle innsiktsbaserte konsept, som gjer oss meir spiss i
marknadskommunikasjonen og som gir grunnlag for
produktutvikling hos våre næringsaktørar.
• Produksjon av målgrupperetta innhald og kommunikasjon
av konsept.
• Styrka satsing på innhaldsproduksjon, spesielt med bruk av
film for produksjon av målgruppeorienterte historier om våre
aktørar og opplevingar.
• Bevisst bruk av satsingsområda våre gjennom all
kommunikasjon.
Tiltak lengre sikt
2024 – 2026
• Gjennomføring av tiltak i saman med kommunar og
reiselivsnæringa.
• Segmentert innhaldsutvikling.
• Auka innovasjon og tilpassing til nye målgrupper.
• Visningsturar for turoperatørar.
• Delta på workshops i samarbeid med Fjord Norge og
Innovasjon Norge.
• Kontinuerleg utvikling av innhald og optimering.
• Fokus på salsutløysande innhald.
• Bevisstgjering og konkrete bidrag for kvalitetsheving i
bedriftene.
• Tiltak for å redusere gap ift målgruppe-forventningar.
• Salsutløysande kommunikasjon av konsept.
• Visningsturar for utvalte media og influensere, i eigne regi og
i samarbeid med Fjord Norge.
• Kontinuerleg produksjon og distribusjon av målgr.orienterte
historier.
• Bevisst bruk av satsingsområda våre gjennom all
kommunikasjon.
STRATEGIPLAN 2023 – 2026 · Side 25
A til Å • www.atilaa.no