30.10.2025 Views

Om Bilbransjens opplæringskontor Sogn og Fjordane

Er du like flink med hendene som med hovudet? Likar du motorar, elektro og mekanikk? Då er bilbransjen noko for deg! Dei som arbeider med bil er sikra jobb i ein bransje med svært godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. I dette magasinet kan du bli betre kjent med BOK-sfj og moglegheitene innan bilfaget.

Er du like flink med hendene som med hovudet? Likar du motorar, elektro og mekanikk? Då er bilbransjen noko for deg! Dei som arbeider med bil er sikra jobb i ein bransje med svært godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. I dette magasinet kan du bli betre kjent med BOK-sfj og moglegheitene innan bilfaget.

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

BLI LÆRLING I

BILBRANSJEN

Autoservice · Aurland Bil og Maskin · Auto 8-8 Forum (Førde) · Autohuset Sogn · AutoMarin · Bil Body · Bildeler Førde · Bilhuset

Førde · Bilpartner Vest · Bilpleiehallen · Bilskadesenteret · Bilskadesenteret Nordfjord · Biltema Førde · BilXtra Nordfjordeid · Carfix

Vik · Dale Servicesenter · Diesel-Elektro · Eid Motor · Eid Service senter · Eide & Co · Finio · Florø Bil og Havneservice · Florø

Bilskade · Florø Bilverksted · Fortun Bensinstasjon · Førde Bilsalg · Førde Bilservice · Førde Motorsport · Frydenbø Bil · Fure Mekaniske

· Gaular Bil · Gaupne Bilsenter · GT Bil · Hatleberg Bil & Maskin · Hermansverk Servicesenter · Hetle Auto ANR · Høyanger Bil ·

Intakt Bilskade Fjordane · Janco Bilrep · Jæger Sentrum, Biltreff · Jølster Bil · Kaupanger bil · Kveen · Leikanger Auto · Leiv Austr heim

· MEKO Norway (Førde) · Norddal Auto · Norsk Motor Import · Norsk Scania · Opus · Per A Øren · PS Bil · Skadesenteret Riko

· Skadesenteret Sogn · Slinde Transport · Sogn Bil & Båt · Sogn Bilskade · Stadt Servicesenter · Stårheim Bilverksted · Stryn

Bilverksted · Stryn Mek. Verksted · Sunde Auto · Sunnfjord Bil · Svelgen Motorsenter · Team Verksted Vest · Terdal Bilservice

· Tesla Norway · Tistels Auto · Toyota Nordfjord og Førde · Toyota Sogn · Trucknor Firda · Trucknor Førde · Trucknor Sogn og

Fjordane · Vest Auto · Vest Service · West Maskin


Kontakt

Roald Standnes

Dagleg leiar og teknikar

bilfaget, lette køyretøy

Mobil: 951 68 513

E-post: roald@bok-sfj.no

Thomas Einen

Opplæringskonsulent og teknikar

bilfaget, lette køyretøy

Mobil: 476 86 083

E-post: thomas@bok-sfj.no

Inge Jeppesen

Opplæringskonsulent og teknikar

bilfaget, lette køyretøy

Mobil: 943 64 377

E-post: inge@bok-sfj.no

OPPLÆRINGSKONTOR

Etter ny lov er opplæringskontora

definert som

«samarbeidsorgan for

lærebedrifter». Oppgåva

vår er å rettleie, støtte og

kvalitetssikre fag opplæring

i læretida.

VI RULLAR VIDARE

I 30 år har Bilbransjens opplæringskontor Sogn og Fjordane

følgt opp lærlingar, frå Øvre Årdal i aust til Florø i vest.

Dei tre tilsette rettleiar, støttar og kvalitetssikrar fagopplæring.

Opplæringskontoret er eigd av medlemsbedriftene,

og gir godt samhald lokalt. Dei syt for at lærlingar

får kompetansen dei treng for å gå opp til fagprøva

og ut i arbeid. – Vi strekk oss langt for å gi kvar enkelt ei

framtid i bilbransjen, seier dagleg leiar Roald Standnes.

Bilbransjen er en bransje som skrik etter kompetanse. Det er

variasjon i kva fagbrev ein kan velje, og det er noko for ein kvar

smak. Om ein syns det er kjekt å bruke henda, kan ein skru på alt

frå motorsyklar til store lastebilar, alt etter kva ein vil. Er nokon glad

i system, er kanskje fagbrev i delelager vegen å gå. Her bestill ein

delar som mekanikarane treng og syt for at dei er på plass og i eit

oversiktleg system. Det viktigaste er personlege eigen skapar; du bør

vere medmenneskeleg, sosial og interessert i bilfaget, fortel Roald.

For oss er det viktig å følge opp den enkelte lærling, og vi har som

mål å besøke alle bedriftene og lærlingane minst fem gongar i

året. Nokre lærlingar treng kanskje meir oppfølging enn dette, og

då strekk vi oss så langt vi kan for å yte det vesle ekstra slik at

vedkommande er klar og trygg på kompetansen sin. Vi ser at den

ekstra jobben vi gjer med oppfølging lønnar seg.

Kursar lærlingar og fagarbeidarar

I tillegg til kurs for lærlingar, arrangerer vi kurs for fagarbeidarar

som ynskjer seg meir kompetanse, tilsaman blir dette omlag 80

kursdagar i året. Vi er grunnlagt for å hjelpe bilbransjen med kompetanse.

Difor reiser vi til deltakarane, i staden for at deltakarane

reiser til oss.

Med lærlingsamtaler og individuell oppfølging av lærlingar i heile

fylket blir det mange timar på vegen. Vi likar jo bil, så å køyre litt er

berre kjekt, smilar karane.


KVIFOR DU BØR VELJE

BILBRANSJEN

Jobb livet ut

Det er fleire retningar du kan gå etter fullført fagbrev.

Dersom ein ønskjer er dette ein bransje du kan

vekse og utvikle deg i. Du kan bygge på fagbrevet

og bli teknikar, som er ansvarleg for dei vanskelegaste

reperasjonane og nødvendig for at verkstaden

skal vere godkjent. Du kan bli mellomleiar

eller leiar i ei bedrift. Det er berre fantasien som set

grenser.

Avansert teknologi i stadig utvikling

Bilbransjen er i stadig endring, med nye teknologiar

og løysingar som formar kvardagen på verkstaden

og i salshallen. Elektriske køyretøy, avansert elektronikk

og digitale system krev fagfolk som kan halde

seg oppdaterte og lære undervegs. Det gjer at

du aldri står stille – du får høve til å utvikle deg fagleg

og vere ein del av ei framtidsretta næring som

heile tida opnar for nye moglegheiter.

Godt utval arbeidsplassar

Bilar trengs i både bygd og by i heile landet. Det er

mange årsaker til at folk busett seg og flyttar dit dei

gjer. Det fine med bilbransjen er at du kan studere

og få relevant kompetanse akkurat der du vil vere

– enten det er å flytte heim til bygda eller oppleve

storbyen. Uansett kvar du er treng folk trygg transport,

reparasjonar og vedlikehald, og det gir stabile

og varierte jobbmoglegheiter for framtida.

Ein bransje for alle

Mange trur framleis at det er ein fysisk krevjande

jobb, men dette er ikkje lenger tilfelle. Verkstaden er

fylt med utstyr som hjelper med krevjande og tunge

løfteoperasjonar. Det fører til mindre skade og slitasje

på kroppen, slik at fleire kan gå i jobben og

mykje lenger enn før. Så lenge interessa for bil og

køyretøy er der, er bilbransjen noko for deg.

“Meistringskjensla er det som absolutt er det

kjekkaste med jobben. Det er ein fantastisk

følelse når du køyrer ut bilen der alt er i orden,

og ser smilet og letta i auga til sjåføren.”

Ingrid Marie Rygg

tunge køyretøy, Trucknor Førde


SLIK BLIR DU LÆRLING

Meld deg på konkurransen om læreplassane våre! Bilbransjen treng rekruttering og

folk med fagbrev.Det er fleire vegar til fagbrev, og BOK-sfj har lærlingar i både ordinært

løp og tilpassa opplæring. Vi har eit tett samarbeid med Vestland fylkeskommune og

lærebedriftene våre. På neste side kan du lese om Lars og Victor, to vaksne som får fagbrev

i bilfaget gjennom tilpassa opplæring.

Ordinært løp

Trinn 1:

• Kvalifiser deg med lite fråvær og gode karakterar på vg1 og vg2. Sett gode spor etter deg når du er

utplassert i bedrift.

Trinn 2:

• Fyll ut og send søknad om læreplass gjennom www.vigo.no til fylkeskommunen før 1. mars, medan

du går på vg2.

Trinn 3:

• Sjå etter ledige læreplassar på vår nettside: www.bok-sfj.no

• Send i tillegg ein søknad med CV til dei bedriftene du vel ut frå nettsida.

• Møt gjerne personleg opp med søknaden.

• Send alltid søknaden til fleire bedrifter.


ALDRI FOR SEINT Å

STARTE I BILBRANSJEN

Den unge bilteknikaren har varierte arbeidsdagar – alt frå vanskeleg feilsøking til byting av bremseskiver.

Lars Forsberg og Victor Mettenes trivast med å jobbe praktisk med hendene. No tek dei fagbrev i voksen alder.

Lars Forsberg og Victor Mettenes har allereie fleire år i arbeidslivet. Eit ønske om å jobbe med

bilar enda med at dei skifta beite. Med tilpassa opplæring og engasjerte hjelparar er dei no

lærlingar i bilfaget, lette køyretøy – ein bransje dei ønskjer å jobbe i resten av karriera.

Victor har prøvd fleire yrke, mellom anna trafikkdirigent

og gravemaskinførar. Felles for alle er at

dei har med bil og motor å gjere. Eg var klar for eit

skifte og sendte inn ein søknad til Janco Bilrep. Eg

fekk positivt svar og blei kalla inn på intervju. Det

var dagleg leiar sitt forslag å ta fagbrev parallelt

med jobb, fortel han. Etter dette blei opplæringskontoret

kopla på, og no er Victor lærekandidat. Eg

starta som lærekandidat i 2022, og skal i utgangspunktet

vere det i fem år før eg går opp til fag prøva.

No er det komen nye ordningar som gjer at eg kanskje

kan klare det på fire år, og BOK-sfj er i gang med

å sjå om det er mogleg.

Frå offshore til verkstad

Lars var ferdig på vidaregåande i 1995. Etter dette

starta han i oljen og jobba offshore på rigg. Ønsket

om å få seg jobb på land kom etter at han stifta

familie, og bilfaget var eit enkelt val. Eg har skrudd

heile livet og likar å jobbe med hendene, så no får

eg utøve gamle kunstar, smiler Lars. Eg skal faktisk

ta fagprøva i oktober, så det blir spanande. Parallelt

tar eg PKK-kurs slik at eg kan ta EU-kontrollar.

Ein blir aldri utlært

Sjølv om dei begge har skrudd nesten heile livet gir

utvikling av teknologi nye utfordringar. No er datamaskiner

ein viktig ressurs for å gje diagnose på

kva som er feil på bilen. Eg likar godt å finne ut kva

som er feil på bilar, men når vi er lærlingar er det

ikkje alltid ein har nok erfaring til å finne feilen. Då

er det godt å vite at ein får ekstra tid til å finne ut av

og fikse problema på bilane som kjem inn. Dei andre

mekanikarane på verkstaden er flinke til å forklare

og vise oss slik at vi blir betre og får meir kunnskap,

forklarar Lars.

Viktig med godt samspel

Både Janco Bil og BOK-sfj er viktige brikker for at

dei no endar opp med fagbrev. Janco oppfordra

oss til å ta fagbrev, og opplæringskontoret syt for

at det praktiske er på plass for at vi kan gjere det

i vaksen alder. Det er eit godt arbeidsmiljø, og her

ser vi fram til å jobbe – også med fagbrevet i handa,

avsluttar Victor.


10 ÅR MED MINLOGG

Firda

Torsdag 15. mars 2018

bil&motor

Lærlingar som Vegard og Susanne har fått nytt loggverktøy

Full kontroll på læretida

17

MinLogg gir full oversikt til både lærlingar, fagansvarlege og opplæringskontor. No fyller plattformen

10 år. Til høgre: Faksimile frå Firda 15.03.2018.

Vi trengte ei digital plattform der lærlingen enkelt

kan registrere kva læremål dei har jobba med,

og kva dei treng å jobbe meir med fram mot fagprøva.

Vi prøvde fleire system som kunne registrere

arbeids timane til lærlingane våre på ein god måte

utan hell. Dermed slo tanken oss; kvifor utviklar vi

i kkje systemet sjølv? Og med det vart MinLogg til, eit

system som no kan skilte med over 3.000 lærlingar.

Sikrar nok kompetanse til fagprøva

Det viktigaste for opplæringskontoret er at det er

enkelt for lærlingar å registrere arbeid som blir utført.

MinLogg syner grafisk kor mykje kompetanse

som er oppnådd, men likte viktige er det at den

òg syner kor mykje kompetanse som manglar i dei

uliek måla for faget.

Instruktøren og ansvarlege for opplæringa vil undervegs

i læretida sjå kva som manglar av kompetanse

og legge til rette for at alle måla i læreplanen blir

nådd. Dette er ei god sikring for at flest mogleg lærlingar

er trygge på eigen kompetanse den dagen

dei går opp til fagprøve.

loggar lÆretida: Bilmekanikarlærling Vegard Marius Benjaminsen, og delelagerlærling Susanne Larsen hos Autoforum i Førde brukar «Min logg» for dokumentere

– Når eg loggar kan eg få opp

ei prosentvis framstilling av kor

mykje som er fullført. Og som

du ser, så har eg fått godkjent 74

oppgåvene dei gjer i læretida, og for å sjå kor stor del av måla dei har oppfylt.

begge Foto: roy sunde, rein design

bil: Lokalt samarbeid trinn, blir det meir variert igjen.

Benjaminsen fortel at det

skapte tidssparande

Når eg loggar

ikkje tek mykje tid å logge. Sjølv

kan eg få opp ei

digitalt verktøy. – Eg likar han å samle opp nokre dagar,

og fører det inn eit par gon-stilling

av kor mykje som

Sidan 1996 har opplæringskontoret fylgt opp lærlingar fram mot den prosentvis store fram-

fagprøva. For

har god oversikt over

gar i veka.

kva eg har vore gjennom,

og kva som

ein held styr på kva ein har prosent av oppgåvene, så

er fullført. Og som du ser,

– Det går heilt fint, så lenge så har eg fått godkjent 74

manglar, seier Vegard gjort. Det einaste som tek litt eg er snart ferdig

tid er ein har oppgåver som

over 10 år sida såg vi eit behov for å få betre oversikt på Marius Benjaminsen.

Vegard marius benjaminsen

kompetanse

ikkje er definert på førehand, bilmekanikarlærling lærlingen sit med

seier han.

Bilmekanikarlærlingen er

ringskontor brukar «Min logg»

saman med delelagerlærling Frå kaos til oversikt mest på PC.

Susanne Larsen to av lærlingane

som har teke i bruk det nye løpet til lærlingar som Vegard Kvalitetssikring

Å kvalitetssikre utdanningsog

har lært i løpet av læretida. Dette blei starten på MinLogg hjelpemiddelet – «Min ein logg». og Susanne skreddarsydd krev god oversikt. – «Min logg» starta med eit ønskje

om på endå betre vis kvali-

plattform for

Det kjem fram i ei pressemelding

frå Bilbransjens opplæ-

at lærlingar i dei mange ulike tetssikre at opplæringa til lær-

Opplæringskontora skal sikre

ringskontor Sogn og Fjordane. medlemsbedriftene gjennomfører

hundrevis av oppgåver i læreplanar. For å garantere Vil gje solid oPPlÆring: Roald Standnes i Bilbransjens

lingar skjer etter nasjonale

Det digitale verktøyet er utvikla

av Førde-bedrifta Mediebruket høve læreplan. Det kan verke dette må vi ha kontroll over kva opplæringskontor seier at medlemsbedriftene er opptekne av at

registrering av kompetansen til lærlingar.

for Bilbransjens opplæringskontor

Sogn og Fjordane (BOK). med det digitale verktøyet har gjort før dei skal opp til

kaotisk og stressande, men lærlingane har gjort og ikkje har lærlingane får best mogleg opplæring i læretida.

fagprøve,

fortel Roald Standnes, dagleg

leiar i BOK Sogn og Fjordane

i pressemeldinga.

Ifølgje Standnes er det å hal-

som ingen kan seie krev for mykje

av dei. Det må vere så enkelt

og automatisert at alle fører

logg, seier Stannes.

Sogn og Fjordane. Og dei slepper

gjerne fleire inn.

– «Min logg» er eit fantastisk

produkt, som stettar alle våre

opplæringskontora, mentorane

i bedriftene og lærlingane full

oversikt.

Med «Min logg» kan lærlinga-

prosent av oppgåvene, så eg er ne logge oppgåver raskt og enkelt.

Og lærlingen, lærebedrifta dei ønskte difor seg eit digitalt – deler g jerne med andre kjekt at to lokale bedrifter kan

de styr manuelt tungvint, og

krav og forventingar. Det er

snart ferdig, seier Benjaminsen,

i pressemeldinga.

og BOK kan like enkelt sjå kva loggsystem. Systema dei først Verktøyet er i dag bruk av BOK gå saman om å skape noko, spesielt

når det blir så bra. Om an-

– For meg blir det i den fasen læreplanmål lærlingen manglar sjekka, kravde mykje skriving Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret

for offentleg sektor i dre ønskjer å kjøpe og bruke

av opplæringa eg er i no mykje øving i.

for lærlingen, og gav liten oversikt

over om måla var nådde. Sogn og Fjordane, til Opplærings-

ei systemet, kvar så er det berre å ta tid

Tilgjengeleg dei same oppgåvene. dokumentasjon Alt eg har Brukarane kan jobbe både frå

er no «veldig» godkjent, seier PC, nettbrett og mobil. Lærlingane

brukar det mest på mobil, men alle er ikkje like glad i å Romsdal, og Opplæringskonto-

Bilbransjens opplæringskontor.

– Lærlingane må føre logg, kontoret i bilfag Nordmøre og kontakt, seier Roald Standnes i

Larsen.

Når ho går vidare til neste medan lærebedrift og opplæ- skrive. Vårt krav var eit system ret for anlegg og bergfagene

Ikkje berre er MinLogg eit verktøy å sikre kompetanse,

men det er også dokumentasjon på kva

lærlingen kan. Nokre lærlingar kan oppleve at den

fagansvarlege på arbeidsplassen skiftar jobb. Det

kan også vere at lærlingar ønsker å endre retning

eller ta fleire fagbrev. Då ligg all informasjon klar til

den nye fagansvarlege eller som dokumentasjon

for å redusere læretida. Mangel på dokumentasjon

kan i verste fall føre til at ein må utsette fagprøva.

For lærlingar som har tilpassa opplæring kan dokumentasjon

gjennom MinLogg og liknande system

vere ein enkel løysing for å korte ned læretida.

Fleire kan bruke MinLogg

I 10 år har MinLogg rulla og gått sin gang, og etterkvart

har også andre opplæringskontor og arbeidsinstitusjonar

tatt i bruk plattforma. Mellom anna

brukar NAV MinLogg for å kartlegge kva den enkelte

har gjort og lært på utplassering.

Det er framleis plass til fleire opplæringskontor og

arbeidsinstitusjonar i MinLogg – eit system som er

skreddarsydd til opplæring. Ta gjerne kontakt med

oss i BOK-sfj dersom du er interessert.


TRYGT MED BOK-SFJ I

RYGGEN

I snart 20 år har Trucknor Sogn og Fjordane hatt lærlingar gjennom Bilbransjens opplæringskontor

Sogn og Fjordane (BOK-sfj). Bedrifta driv med service, vedlikehald og reperasjon av

lastebilar og bussar. Dagleg leiar Arvid Gimmestad meiner ordninga både er gjevande og ein

god måte å sikre framtidig arbeidskraft på. Med BOK-sfj som støtte blir det enklare, tryggare

og meir effektivt – både for oss og for lærlingane, fortel han.

Bilbransjen er alltid på jakt etter fleire hender, og

lærlingar er ein viktig del av rekrutteringa. Sidan

2006 har Trucknor Sogn og Fjordane samar beida

med BOK-sfj – eit samarbeid som har ført til at

bedrifta har hatt lærlingar sidan. Vi har verkstad for

tunge køyretøy, og har hatt fleire lærlingar innan

både bilfaget, tunge køyretøy og reservedelsfaget.

Spesialistar i sine fag

Det er ikkje til å legge skjul på at det følgjer ein del

administrativt arbeid med å vere lærlingbedrift.

Verkstadane er spesialistar i sine fag – anten det

er reperasjon, billakkering eller bilpleie. Systema

er omfattande, og då er godt å ha eit opplæringskontor

i ryggen som er spesialistar på opplæring.

For oss i Trucknor fungerar BOK-sfj som eit bindeledd

mellom oss og fylkeskommunen. Dei syt for

at alt det praktiske frå lærekontrakt til fagbrev går

så knirkefritt som mogleg, både for bedrifta og for

lærlingen, fortel Arvid.

Ein felles arena for kunnskapsheving

I løpet av året arrangerar BOK-sfj over 80 kurs, både

for lærlingar og fagarbeidarar. Kursinga tek for seg

både teori og praktisk opplæring. Når opplæringskontoret

samlar lærlingar frå fleire bedrifter, så

skapar det eit godt fagmiljø på tvers av bedrifter og

lærlingar. Nokre av lærlingane kjenner kvarandre

frå før, medan andre er nye i området. Her får dei ein

arena til å bli kjent med fleire lærlingar, og er både

nyttig og kjekt, meinar den daglege leiaren.

Kan fokusere på det vi er gode på

Før vi starta å bruke BOK-sfj for snart 20 år sidan,

hadde vi alt ansvar for opplæring og oppfølging

sjølve. Vi såg at dette tok mykje tid og ressursar frå

tilsette, som heller kunne brukast i produksjonen.

Å bruke eit opplæringskontor gjer at vi kan fokusere

på det vi er gode på, nemleg å skru på store bilar,

avsluttar Arvid med.


LÆRLING I BILBRANSJEN

Det handler om å finne det som passar deg

– og elske det du gjer

Godt utval av arbeidsplassar i heile landet, bygd og by

Varierte arbeidsdagar, interessante arbeidsoppgåver

Du lærer faget gjennom praksis og praktisk teori

Gleden av å kunne fikse bil eller motorsykkel sjølv

Fagbrevet hjelper deg vidare

Gode moglegheiter for utvikling og høgare utdanning

Fysisk aktivitet i arbeidsdagen

Du får jobbe med avansert teknologi

som er i konstant utvikling

For deg som har lyst på ei praktisk utdanning,

Bli sjølvsikker, dyktig og arbeidsklar i ditt fag!

A til Å • www.atilaa.no

1. år 2. år 3. år 4. år

Vg1 – Vidaregåande trinn 1 Vg2 – Vidaregåande trinn 2 Vg3 – Vidaregåande trinn 3 eller opplæring i bedrift

Teknologi- og industrifag

Køyretøy

Bilskade, lakk og karosseri

Bilfaget, lette køyretøy

Bilfaget, tunge køyretøy

Hjulutrustningsfaget

Motormekanikarfaget

Motorsykkelfaget

Sykkelmekanikarfaget

Reservedelsfaget

Billakkerarfaget

Bilpleiefaget

Bilskadefaget

Chassispåbyggjarfaget

Påbygging til generell

studiekompetanse

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!