28.01.2013 Views

Om ribes-sortene - Skog og landskap

Om ribes-sortene - Skog og landskap

Om ribes-sortene - Skog og landskap

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Rapport utarbeidd av:

Stein Harald Hjeltnes

Planteforsk Njøs

Postboks 42

6863 Leikanger

Genetiske ressursar i Ribes

Solbærsorten ’Narve Viking’ (Foto: Johannes Øydvin)

På oppdrag for genressursutvalget for kulturplanter, desember 2003

1

FØREORD

Rapporten er utarbeidd på oppdrag for genressursutvalget for kulturplanter hausten 2003, og

under utarbeiding av manuskriptet har eg hatt stor hjelp frå fygjande personar:

Ragnar T. Samuelsen, Planteforsk Holt

Nina Heiberg, Planteforsk Njøs

Arnfinn Nes, Planteforsk Kise

Johannes Øydvin, inst. For plantefag NLH

Sigbjørn Vestrheim, inst. For plantefag, NLH

Finn Måge, inst. For plantefag, NLH

Eg der svært takksam for verdfulle innspel til rapporten frå desse personane.

BAKGRUNN

Ribes er ei stor og artsrik slekt, som har fleire ville og forvilla arter i Noreg. Solbær, rips og

stikkelsbær høyrer til denne slekta, og dette har vore, og er til dels, svært viktige hagebær i

Noreg. Handelsdyrking er særleg knytt til solbær, men historisk sett har også rips hatt ein viss

kommersiell betydning.

Solbær (Ribes nigrum L.) finst i store ville bestand i Nord-Sverige og Nord-Finland, og det

vart også gjort innsamlingar i Svanhovd i Pasvikdalen i Finnmark midt på 1970-talet. I

motsetnad til dei talrike sortane frå innsamla ville typar i Sverige og Finland, er det ikkje

lansert sortar frå innsamla materiale frå ville bestand av solbær i Noreg.

Hagerips (Ribes rubrum L.) er forvilla frå hagar i Noreg, og store bestand med ville raudrips

(Ribes spicatum Robs.) finst m.a. i Nord-Noreg. Tromsø museum har registrert 91 lokalitetar

med ville rips nord for polarsirkelen sidan 1878. I regi av Nordisk Genbank (NGB), vart det

registrert, kartfesta og omtalt 128 typar fyrst på 1980-talet, og tidlegare er det samla inn kring

100 typar frå ville bestand og småhagar i Finmark, m.a. i Alta-området (Samuelsen, 1986).

Det bør her nemnast arbeidet som m.a. Knut Furu i Alta gjorde på 1970-talet for å finna gode

typar av rips. Utval frå ville bestand og småhagar i Nord-Noreg vart utprøvde ved Planteforsk

Holt og avd. i Alta, og det står enno att ein del utval frå dette materialet (Samuelsen et al.

1995; Samuelsen, 2002).

Det har også vore samla inn og karakterisert viltveksande rips i Sør-Noreg (Asdal, 1984), og

ein del av dette står enno i samlingar ved NLH, der det er gjort observasjonar og målingar på

eit 30-tals genotypar i 2002 og 2003 (Vestrheim, pers. oppl.). Tilsvarande målingar er utførde

på det innsamla materiale på Holt, og genressursutvalget får eigne rapportar om dette arbeidet

(Samuelsen, 2002). I ein framtidig bevaringsstrategi for Ribes, må ein ta omsyn til verdfulle

gener både i ville bestand, utval frå ville bestand og namngjevne sortar.

Bærbuskar har lang dyrkingshistorie her i landet. Fyrste kjende omtale i Norden er i urteboka

til Henrik Smid i 1547, og vidare skreiv Christian Gartner i 1694 om at rips, solbær og

stikkelsbær var dyrka i Trondheim på den tid. Bærbuskane var i byrjinga mest nytta som

medisinplanter, men etter kvart vart bæra også verdsette som vinråstoff (særleg rips). Frå ca.

1750 vart det starta omfattande sortsforedling i England, og rips-sortimentet utviklar seg

vidare frå ca.1800 med Nederland i føringa. Storfrukta solbærsortar kom fyrst frå om lag

1850, og då særleg frå England. Frå 1870-åra og fram til 1940 var det til dels betydeleg

bæreksport frå Noreg, og det var særleg solbær, blåbær og tyttebær som vart eksporterte

2

(Heggli, 1956). Ei norsk samling av Ribes bør ha med sortar som representerer også denne

tidlege framvoksteren av dyrkinga.

Foredling i Ribes har særleg vore konsentert til solbær, og her er det Johannes Øydvin som

har vore den leiande sortsutviklaren. Magne Heggli starta foredling i solbær ved NLH i 1956,

og sidan dette har det vore drive meir eller mindre kontinuerleg sortsutvikling i solbær her i

landet. Rips har vore mindre påakta i foredling, men Johannes Øydvin har hatt fleire seriar,

den fyrste laga ved NLH i 1966. Seinare på 80-talet med kryssing av dei nord-norske sortane

Komsa, Losvar og Syttinord med eigne utval og Raud Hollandsk, men det kom ikkje sortar ut

av dette materialet. Tromsø museum hadde ein ekspedisjon i Georgia på kring 2000 m.o.h., og

samla inn frø av svartrips (Ribes biebersteinii). Johannes Øydvin fekk ein del av dette frøet i

1992, som bar for fyrste gong i 1998. Utvalet L 1/7-98 er teke vare på som foreldresort, og

Johannes kryssinga denne seleksjonen med Nortun i 1999 og 2000 for å få inn sterkare

raudfarge og høgare innhald av antioksydantar (Øydvin, 2003). Dette utvalsarbeidet held

fram. Rolf Nestby laga 3 kryssingsseriar ved Kvithamar i 1987, 1989 og 1990 der målsetjinga

fyrst og fremst var å få betre sortar for Nord-Noreg. I desse kryssingane var utval frå ville

populasjonar med som foreldre. Det står att ein del av dette materialet både ved Planteforsk

Kvithamar og Holt, og seleksjonen er ikkje avslutta, men fleire av dei viste gode

enkelteigenskapar i forsøk ved Holt i åra 1997-2002 (Samuelsen, 2002). Det er idag ikkje

mogeleg å skaffa offentleg finansiering til foredling eller vidare utval i rips, slik at dette

arbeidet må gjennomførast på idealistisk basis. Verdfullt materiale kan gå tapt på grunn av

dette.

Innan stikkelsbær har det, så langt ein kjenner til, ikkje vore drive sortsforedling her i landet

før Johannes Øydvin utførde kryssingar i 2001. Dei fyrste frøplantebuskane frå dette arbeidet

vart utplanta våren 2003 (Øydvin, 2003). Elles bør nemnast at sortar etter kryssingar mellom

stikkelsbær og solbær har vore prøvedyrka under ulike nemningar her i landet. Namn som

”Wochesterbær”, ”Jostabær” og stiksolbær har vore brukt. Mange sortar har vore til prøving

og nokre har vore i handelen, men frå eit norsk bevaringssynspunkt er det lite aktuelt å ta vare

på desse typane.

Dei som arbeider og har arbeidd med Ribes, vil ynskja at det vert teke vare på eit rikhaldig

sortiment, som viser den utviklinga som har vore i produksjonen. Ut frå eit nasjonalt genetisk

perspektiv, vil det vera dei sikkert norske sortane som bør takast vare på. Av utanlandsk

sortsmateriale er det valt å ta med berre dei sortane som har vore aller viktigast i dyrking. Ei

utviding av samlinga bør vera koordinert gjennom arbeidet i Nordisk Genbank, slik at den

norske samlinga er back-up for andre nordiske samlingar. Det er også aktuelt å ta med sortar

som har vore vanleg planta i eit referansesortiment, slik at ein kan jamføra bærprøvar som

interesserte dyrkarar kjem med.

SORTAR DET ER VERD Å TA VARE PÅ I NORSKE ARKIV

Solbær

Bang Up

Gamal engelsk sort laga i 1895, som historisk sett har vore ein svært viktig handelssort og

småhagesort i Noreg. Lysbakken (1935) nemner at denne sorten er særs godt skikka til

eksport. Buskane er opprette, og sterke mot bladfallsoppar, men utsette for mjøldogg. Sorten

3

var svært mykje planta i kyststrók, og bærkvaliteten er god, men innhaldet av vitamin C er

lågt og avlinga er helst moderat.

Ben Nare

Utvikla ved Scottish Crop Research Institute (SCRI), og oppnådde svært gode resultat i forsøk

i Norge (m.a. Nes, 2000). Testa som P10/4/80 frå kryssinga (Ben Lomond x SCRI ND 17/7).

Egil Bjerkestrand ved Gartnerhallens eliteplantestasjon, Sauherad, føreslo namnet ’Ben Nare’

til foredlaren Rex Brennan ved SCRI, og han ”godkjende” dette namnet. Så langt ein veit er

sorten berre dyrka i Norge. Nare er namnet på eit høgt fjell i Sauherad kommune. Sorten fekk

namn i 2001, men har ikkje vore offisielt godkjend.

Ben Tron

Utvikla ved SCRI og har litt same bakgrunnshistorie som Ben Nare. Sorten vart testa som

P8/13/13 frå kryssing {ND12/26 x [(Vistavotnjaja x (Mendip Cross x R.dikuscha)x(Goliath x

Øjebyn)] x Westra}. Gode resultat frå Kise gjorde at dei kontakta Rex Brennan for å få sett

namn på sorten. Dette skjedde i den tida Johannes Thorsrud skulle gå av ved Kise, og

namnsetjinga var ei ”avskilsgåve” frå SCRI til han. Arnfinn Nes føreslo fleire namn, og

foredlaren valde ’Ben Tron’ som sorten fekk i 1992. Som Ben Nare har heller ikkje Ben Tron

vore offisielt godkjend til sortslista.

Boskoop kjempe

Nederlandsk sort laga i 1885 som var mykje planta i Noreg tidlegare. Synonym er

Hoogendyk’s Seedling, Boskoop Giant og Langtraubige Schwarze. Buskane er

kraftigveksande med utbreidd og høg vekseform, og dei er utsette for mjøldogg. Klasane er

lange og bæra er velsmakande med høgt innhald av vitamin C. Sorten vart etter kvart avløyst

av Silvergieter, men har historisk interesse (Sorten er nemnd som viktig av Lysbakken, 1935).

Hedda

Kryssing (Øjebyn x Melalahti) utført av Johannes Øydvin, utplanta og utvald hjå Kay Husaas,

Halden, og godkjend i 1985. Dette har vore ein viktig sort i Noreg og Danmark, og det kan

nemnast at i 1991/92 var 25% av stiklingane frå Gartherhallen av denne sorten. I Danmark

utgjorde Hedda 18% av solbærsortimentet i ein periode. Bæra er gode og fine, og kan gjerne

nyttast til pyntebær og andre særlege føremål. I dag går sorten ut av handelsdyrking, men

Hedda er framleis aktuell i småhagar. Buskane er medels opprette, bæra smakar søtt og godt

rett frå buskane, men dei har svak saftfarge og lågt innhald av vitamin C til solbær å vera (60-

70 mg).

Haakon

Kryssing (N5 x SCRI C2/1/62) utført av Johannes Øydvin, testa som N7 (1/9/47-89), og

lansert i 1994. Haakon er ein rein konserves-sort med relativt sure, men store bær. Busken er

riktytande med opprett vekst og god resistens mot mjøldogg. Bærklasane er svært tunge, men

fargeinnhaldet i safta er i svakaste laget (på nivå med Hedda og Kristin). Innhaldet av vitamin

C er litt høgare enn i sorten Kristin. Haakon mognar ei lita veke etter Hedda og 1-2 dagar før

Kristin (Måge & Grønnerød, 1999).

Kristin

Kryssing [Ben Tron x L I 11/46-85 (Hedda x E.M. 1428/70)] utført av Johannes Øydvin i

1986. Utvald som frøplante L I 3/33-89 i 1989, og testa som N 8. Utsend som sort i 1990.

Lansert som småhagesort, med opprett vekst, god etekvalitet, og med høg mjøldoggresistens.

Innhaldet av vitamin C er mellom Haakon og Hedda, mellom 80 og 100 mg/100 gram, noko

4

som er under ”minstekravet” på 130 mg som oftast blir stilt. Buskane er opprette, fine og

produktive, men med noko svake greinfeste som Ben Tron. Bæra har svært lågt innhald av

syre, og saman med høgt sukkerinnhald gjer dette at bæra er svært velsmakande (Måge &

Grønnerød, 1999). Fargen på safta er vurdert til å vera i svakaste laget, men busken er frisk og

yterik, og sorten har ein opplagd plass i ei norsk solbærsamling. Kristin vert dyrka i fleire

land, og kom m.a. inn på den nederlandske sortslista i år 2000.

Narve Viking *

Kryssing (Ben Tron x SCRI C2/1/62) utført av Johannes Øydvin våren 1991. Utvald som

frøplante S 3/187-94, og utplanta i klontest i 1995. Testa som N 14, og innmeld til

plantesortsnemnda 30.10.1997. Vart rettsverna både i Noreg og EU frå 14.12.2000. Det er

også formeiringsavtale med McGinnes i British Columbia for Canada. Bæra av Narve Viking

har høgt innhald av vitamin C (>200 mg/100 g mot rundt 80 for Kristin) og god saftfarge.

Buskane er opprette og resistente mot mjøldogg og bladfallsjukdomar. Sorten er yterik, og

svært lovande til både handelsdyrking og i småhagar.

Sigrid

Kryssing (Øjebyn x Melalahti) utført av Johannes Øydvin. Sorten har vore litt øksla, men har

ikkje vore i kommersiell produksjon. Lansert p.g.a. tideg bløming og såleis tilpassa område

med kort vekstsesong (Øydvin, 2003).

Silvergieter

Sorten vart foredla av van der Slikke i Nederland i 1926. Synonym er Silvergieter Zwarte.

Buskane er kraftigveksande og opprette, men svært utsette for mjøldogg og bladfallsoppar.

Bæra er store med tunt, seigt skinn, mild smak og medels innhald av vitamin C. Buskane er

ikkje særleg hardføre, men sorten vart raskt svært populær p.g.a. tilpassing til maskinell

hausting. Sorten er no ute av kommersiell dyrking, men er eit viktig vitnemål om ein epoke i

norsk solbærdyrking. Eit problem i ei framtidig samling er at buskane må sprøytast ofte mot

mjøldogg om dei ikkje skal gå ut p.g.a. dette.

Sunniva

Kryssing (Øjebyn x Melalahti) utførd av Johannes Øydvin. Sorten er mykje lik Hedda, og er

minst like god, m.a. set buskane fleire skot frå basis. I og med at det måtte veljast ein i den

offentlege avlen, fall valet på Hedda, og Sunniva vil neppe bli øksla vidare her. Nokre buskar

vart sende til Selje i 1996 i samband med tusenårsmarkeringa av St. Sunniva der

(http://www.katolsk.no/biografi/sunniva.htm.) Knut Sakshaug (1994) skriv i ein artikkel at

Sunniva og Ben Alder kan erstatta Öjebyn i nordlege Sverige. Bæra er helst små, veks på

medels store klasar og smaken er mild og god. Bæra har helst svak saftfarge og lågt innhald

av vitamin C.

Svarteper (NLH X/7 eller X-7)

Avkom etter fritt pollinert frøplante av kryssing (Boskoop Kjempe x Bang Up). Opprinneleg

kryssing utført av Magne Heggli v/NLH i 1956, og etter sjølvpollinering av 3 frøplanter vart

det planta ut kring 800 F2-planter. Johannes Øydvin selekterte materialet for vidare utprøving,

medan Bjarne Ljones sette namn på sorten. Svarteper er ein herdig busk med god resistens

mot mjøldogg, og bærklasane er lange. Buskane er nedliggjande, og sorten har aldri vorte

særleg utbreidd i dyrking.

Varde Viking *

Kryssing (Narve Viking x Titania) utført av Johannes Øydvin i 1997. Utvald som frøplante

5

B II 15/27-01 i 2001 og testa som N 15. Innmeldt til plantesortsnemnda 4.12.2001. Ein stødig

og frisk busk, som har store bær og bærklasar, og med god smak i frisk tilstand. God resistens

mot mjøldogg og bladfallsjukdomar, men er mottakeleg for filtrust (Øydvin, 2003).

Victor Viking *

Kryssing (Titania x Kristin) utført av Johannes Øydvin i 1997. Utvald i 2001 som frøplante

B I 18/1-01, og testa som N 17. Innmeldt til plantesortsnemnda 4.12.2001. Ein opprett og

frisk busk, med store bær og bærklasar, og god smak i frisk tilstand (Øydvin, 2003).

Øjebyn

Funnen i Øjebyn i Nord-Sveige, og vart raskt populær i småhagar p.g.a. mjøldoggresistens.

Buskane er utoverliggjande og svært hardføre. Bæra er store og mognar tidleg, men innhaldet

av vitamin C er helst lågt. Øjebyn er ein typisk småhagesort, men i dag vert sorten erstatta av

andre sortar i dei fleste område. Sorten har hatt ein viktig plass i norsk solbærdyrking, og bør

vera med av den grunn.

Rips

Altas

Sorten er eit utval i vill rips (Ribes spicatum) i Alta, fyrst planta i hage hjå gardbrukar Arvid

Johansen. Utvalet vart samanlikna med anna ripsmateriale frå 1976, m.a. av Ragnar T.

Samuelsen ved Planteforsk Holt. Sorten vart godkjend i 1987, og er den einaste norske sorten

som står på sortslista. Det er ein sort for Nord-Noreg, som har helst lita interesse for dyrking i

Sør-Noreg. Busken vert helst liten, men ber rikt og årvisst. Små til medels store, jamstore bær,

som sit i tette, lange klasar (Bjerkestrand, 2003; Samuelsen, 1987).

Fortun

Kryssing mellom Raud Hollandsk x Jonkheer van Tets. Kryssa ved NLH i 1966 av Johannes

Øydvin, og frøplanta vart selektert av same person ved Planteforsk Njøs. Utvalet vart gjort i

1969, og testa som RØ 8/54-69, RHJT 1. Sorten vart namnsett i 1972, og kjerneplanter finst

framleis ved eliteplantestasjonen på Sauherad. Fortun mognar svært tidleg og har lange klasar

og medels store bær. Bærfargen er ljos, og smaken er mild og god. Bladforma er

karakteristisk konkav, særleg i toppen. Set rikeleg med skot, men kan vera noko

utoverliggjande. Buskane er helst utsette for bladfallsoppar.

Jotun

Kryssing mellom Raud Hollandsk x Jonkheer van Tets. Kryssa ved NLH i 1966 av Johannes

Øydvin, og frøplanta vart selektert av same person ved Planteforsk Njøs. Utvalet vart gjort i

1970, og testa som RØ 6/55-70. Sorten vart namnsett i 1972, og kjerneplanter finst framleis

ved eliteplantestasjonen ved Sauherad. Medels tidleg mogen (seinast av dei tre sysken-sortane

Jotun, Fortun og Nortun). Bæra er medels raude, medels store, og sit i ein tett og ikkje særleg

lang klase. Smaken er god og litt syrleg. Blada er myrkt grøne, svakt glinsande, ofte svakt

raudfarga, og fell seint av. Buskane er noko utsette for bladfallsoppar, og liknar i veksten på

Raud Hollandsk. I eit forsøk med 15 rips-sortar ved NLH hadde denne sorten lågast kartfall,

og høgast tal blomar og bær pr. klase (Heiberg, 1986).

Kvit Hollandsk

Dette er eit namn som har vore brukt på mange ulike typar, og det kan tenkjast at fleire ulike

sortar har vore planta under same namn. Den beste typen av dei som vart prøvde ved NLH er

den mest motstandsføre mot bladsjukdomar. Sorten er ikkje identifisert, men er delvis spreidd

6

som Kvit Hollandsk. Det er såleis rimeleg å tru at det finst fleire typar av Kvit Hollandsk

rundt om i landet. Det bør takast vare på det beste utvalet frå NLH og den korrekte sorten.

Kvitrips har vore ein svært mykje brukt i vinproduksjon, og historisk sett har sorten Kvit

Hollandsk vore viktig.

Losvar

Utval i viltveksande bestand, plantea i hage på Losvar gard, og teke vare på av Knut Furu i

Alta. Utvalet vart testa som nr. 386 (Samuelsen, 1986) og namnsett i 1976. Losvar er ein

særdeles kraftigveksande og robust busk. Buskane kan bli mannshøge, og tåler godt sjøsprøyt

slik at den også er eigna som prydbusk og levekst i ugjestmilde strók. Bæra mognar tidleg, og

sorten har lange klasar med medels store bær.

Nortun

Kryssing mellom Raud Hollandsk x Jonkheer van Tets. Kryssa ved NLH i 1966 av Johannes

Øydvin, og frøplanta vart selektert av same person ved Planteforsk Njøs. Utvalet vart gjort i

1969, og testa som RØ 6/20-69. Sorten vart namnsett i 1972, og kjerneplanter finst framleis

ved eliteplantestasjonen ved Sauherad. Dette er den av dei tre sortane som vart lanserte i 1972

som har hatt størst utbreiing, og det er framleis ein viss etterspurnad etter denne sorten. Bæra

sit i medels lang klase, er tidleg mogne, myrkt raude og store. Safta er myrk, og smaken er

svakt syrleg og særs god (Øydvin, 1978). Buskane er noko utsette for bladfallsoppar, og i

tillegg for ripsbladlus (Cryptomyzus ribis) som gjev raude vablar, særleg i toppen av skota.

Raud Hollandsk

Dette har vore standardsorten av rips i Noreg som i mange andre land. Det er ein riktytande

sort med god vinterherdigskap og høg resistens mot bladfallsoppar. Veksten er kraftig og

opprett, og når buskane vert eldre vert dei ofte snaue frå grunnen. Bæra er medels store, faste

med store frø og er sterkt syrlege. Mogninga er helst seint, og i Nord-Noreg vert bæra mange

stader knapt mogne. Bæra eignar seg til friskkonsum, innfrysing og konservering.

Utval frå ville rips i Nord-Noreg

Etter kvart som evaluering av materiale vert ferdigstilt, er det aktuelt å ta vare på sortar med

særlege eigenskapar. Som døme kan nemnast typar med tidleg mogning, god vekseform, god

plantehelse, god vinterstyrke, god bærkvalitet og høg yte-evne.

Utval frå ville rips i Sør-Noreg

Etter vurdering av ulike karakterar av utval i dei ville rips-typane som står ved NLH, er det

naturleg at det også vert gjort eit utval som representerer desse på ein god måte i den norske

gensamlinga.

Andre sortar

Ut frå eit genetisk synspunkt kunne det vore rett å teke vare på særlege karakterar, sjølv om

ikkje sorten har vore i dyrking. Dette blir meir innretta mot sortsforedling, og mindre mot

kulturhistorie og den genetiske arven i Norge. Sorten ’Rubin’ inneheld mindre syre enn andre

ripssortar, og kunne vore teken med ut frå eit genetisk synspunkt, men det er her valt å

overlata bevaringsansvaret til det landet sorten kjem frå.

Stikkelsbær

Så langt ein kjenner til, har det ikkje vore drive sortsutvikling i stikkelsbær her i landet, og dei

sortar som skal takast vare på i ei evt. nasjonal samling må då vera dei viktigaste utanlandske

7

sortane. Landbruksteljingane frå 1929 til 1959 viste at det var kring ein million

stikkelsbærbuskar her i landet, slik at denne veksten har hatt ein større plass enn det ein gjerne

skulle tru. Etter 1959 har talet på stikkelsbærbuskar gått dramatisk ned, og det er i dag helst få

buskar att. Stikkelsbær er også ein typisk småhagevekst, der det er 1-2 buskar pr. eigedom, og

buskane vert gjerne gamle. Mitt forslag er å ta vare på 8-10 sortar som kan gje eit tverrsnitt

av eigenskapar og betydning, og dei som då vert aktuelle er fylgjande:

Achilles

Gamal engelsk sort frå fyrst på 1800-talet. Store, raude, nesten glatte bær som mognar seint.

Busken er lite hardfør og berre medels sterk mot mjøldogg. Nemnd av Lysbakken (1935).

Careless

Hovudsort i England. Store, kvitgrøne, ovale litt håra frukter. Svært gode bær, men sorten er

mottakeleg for mjøldogg

Grüne Kugel

Svært stort, grønt, nesten glatt bær. Tjukt skal, med søt-syrleg smak. Mottakeleg for

mjøldogg.

Hinnonmäen Keltainen

Finsk sort frå 1938 med synonym Hinnonmäki gul. Sorten vart spreidd i Noreg frå 1950-talet.

Mjøldoggresistent, små, gule bær med helst svak kvalitet, men har vore mykje spreidd frå

planteskular.

Hönings Früheste

Tysk sort frå 1902. Viktig tidlegsort som er mottakeleg for mjøldogg. Medels store, gule bær

med tunt skal og god smak. Nemnd av Lysbakken (1935).

Lepaan rød

Denne sorten har vore spreidd som ”Hinnonmäen rød” frå norske planteskular, men dette er

eit namn som ikkje er skildra i litteraturen. Truleg er dette synonym for den finske sorten

’Anneli’, også kalla ’Lepaan rød’. Bæra inneheld mykje syre, men det er ein fullt brubar sort

(Finn Måge pers. oppl).

Whineham’s Industry

Skotsk sort frå 1830-åra. Ikkje særs herdig, kraftig busk med mykje tornar, og utsett for

mjøldogg. Store, raude bær med spreidd håring. Av dei aller mest dyrka sortane. Nemnd av

Lysbakken (1935).

White Lion

Engelsk sort frå 1835. Store, ovale til pæreforma, grøne bær med spreidd håring. God smak

og tunt skal, men buskane er utsette for mjøldogg. Yellow Lion nemnd av Lysbakken (1935).

Whitesmith

Engelsk sort frå før 1817. Dei medels til store bæra er grøne, ofte med raude prikkar, og er

svært gode. Den mest dyrka kvite sorten, men er utsett for mjøldogg. Nemnd av Lysbakken

(1935).

8

KLONARKIV I DAG

Dei største klonarkiva innan Ribes i dag er hjå Gartnerhallens eliteplantestasjon på Sauherad,

ved Planteforsk Holt i Tromsø og ved institutt for plante- og miljøvitenskap, NLH. Ved Holt

har dei også ei mindre sortssamling for Arktisk-alpin botanisk hage i Tromsø.

Eliteplantestasjonen har inntil no oppretthalde eit sortiment som er større enn det som er

aktuelt salssortiment, men dette vil neppe verta slik i framtida. Holt har eit stort materiale av

nordlege sortar i solbær, og dessutan av nordlege ripstypar både frå innsamla vilt materiale og

frå sortsutvikling. Rå videregående skole har bygd opp samlingar av stikkelsbær, og har også

samlingar av solbær og rips. Ved NLH finst også samling av innsamla rips-typar. Forsøk med

Ribes-sortar finst m.a. ved Planteforsk avd. Kise og NLH. Ein pensjonert prest i Oslo har ei

stor samling av stikkelsbær (Andersson, 2000).

BEVARINGSSTRATEGI

Ribes vert best bevart via levande klonsamlingar. Ville typar vert sikrast bevart in situ så

lenge bestanda ikkje er trua. Dei ville bestanda er stort sett lite trua, men dei viktigaste burde

vore koordinatfesta og markerte på kart, slik at dei kan gåast gjennom om ein er ute etter

særskilde eigenskapar t.d. i samband med foredling. For at karta skal ha tilstrekkeleg

detaljeringsgrad, bør dei ikkje ha større målestokk enn 1:100 000.

Mitt forslag er at det vert etablert ei nasjonal samling innan Ribes, der det vert teke

utgangspunkt i framlagde forslag til mandatsortliste. Denne samlinga må byggjast opp av

mest mogeleg friskt materiale, som vert testa for viktige virus før etablering. Det må også

etablerast duplikat av samlinga, anten nasjonalt eller internasjonalt, og samlinga må koblast

inn mot internasjonale databasar via Nordisk Genbank. I dette ligg registrering av passport-

data og deskriptordata, slik at samlinga vert ein aktiv del av eit internasjonalt nettverk.

Samlinga må etablerast på ein stad der alle sortar vil overleva og gje god utvikling, og den bør

stellast som ei kommersiell planting når det gjeld kultur og plantevern. Samlinga bør såleis

etablerast ved ein institusjon i Sør-Noreg som ligg i eit område der Ribes har gode

føresetnader for dyrking. Innan rips er det kjent at ein del av det nord-norske materialet p.g.a.

fotoperiodereaksjonar ikkje utviklar seg tilfredsstillande i sør. Det bør såleis vera ei eiga

samling med nord-norsk materiale ved ein nordleg lokalitet.

I og med at sortane er svært ulike med omsyn til resistens mot ulike sjukdomar (jfr. Neste

avsnitt), kan det vera aktuelt å gruppera sortane etter resistens, slik at det kan gjennomførast

eit meir intensivt plantevernprogram på dei delene av sortimentet som krev det.

Det er eit prinsipielt spørsmål kor vidt samlinga skal leggjast til eliteplantestasjonen, som

også har nye sortar av Ribes, eller om den bør leggjast til ein annan lokalitet. Det treng ikkje

vera noko krav til sortimentet sin fytosanitære status utover at det er fritt for dei fårlegaste

vira. Difor vil det etter alt å døma vera for høg risiko å leggja samlinga til eliteplantestasjonen

dersom det ikkje skal brukast ressursar til å rensa og testa materialet for alle vira. Det mest

aktuelle vil såleis vera å leggja samlinga til ein lokalitet som har utstyr og kompetanse til å

halda ved like ei slik samling, men som ikkje har aktivitet som kjem i konflikt med dette ut frå

gjeldande lover og forskrifter, eller har stor kommersiell produksjon i sitt nærområde.

SJUKDOMAR OG SKADEDYR SOM MÅ TAKAST OMSYN TIL

Den viktigaste skadegjeraren i solbær med tanke på bevaring er nesletoppvirus (Black currant

Rervsion Virus=BRD). Rips er også mottakeleg for dette viruset, men i mykje mindre grad,

medan stikkelsbær ser ut til å vera immun (Jones, A.T. 2002). Dette viruset vert overført ved

solbærgallmidd (Cecidophyopsis ribis), og er så godt som uråd å bli kvitt. Ikkje ein gong

9

varmeterapi er effektivt nok til å rensa materialet. Ved Pometet i København måtte dei rydda

heile solbærsortimentet i 2002 p.g.a. denne skadegjeraren.

Symptom på nesletoppvirus ligg m.a. på http://www.ars-grin.gov/cor/ribes/ribsymp/

Stikkelsbærmosaikk (Gooseberry Vein Banding=GVBD) er viktig i alle Ribes (Jones, A.T.

2002). Dette viruset vert overført ved bladlus.

For å påvisa nesletoppvirus og stikkelsbærmosaikk var det tidlegare nødvendig med

testpoding, og det tok om lag 2 år å påvisa infeksjon. I dag er det utvikla PCR-teknikkar m.a. i

Skotland og Finland, der dei kan analysera knoppar i kvile og resultatet er klart etter 2 dagar

(Jones, A.T. 2002). Planteforsk Plantevernet har laboratorium med kompetanse til å køyra

slike PCR-testar, men så langt har dei ikkje arbeidd med primerar for desse to vira. Analysetenester

kan kjøpast ved finsk eller skotsk laboratorium for eit slikt prosjekt, alternativt kan eit

slikt analyseoppdrag samordnast med testing i framavlsarbeidet ved eliteplantestasjonen.

Mjøldogg og bladfallsjukdomar er også viktige skadegjerarar i Ribes, og i eit sortiment med

mange mottakelege sortar må det gjennomførast eit plantevernprogram, slik at infeksjonane

vert haldne på eit lågt nivå. Sortane bør grupperast etter mottakelegheit, slik at dei mest

mottakelege får ekstra vern mot sjukdomar.

Det finst fleire sommarfugllarver og bladveps-arter som år om anna kan gje store skader i

Ribes, men dette er oftast herjingar som ikkje er årvisse. Det er såleis ingen grunn til å ha

noko fast plantevernprogram mot desse med mindre det vert svært sterke herjingar. Dette kan

førekoma t.d. ved sterke åtak av stikkelsbærbladveps som kan snau-eta heile buskar slik at

berre bladnervene står att. Lengst nord i landet er rips utsett for åtak av solbærgallmygg, o

gdet kan år om anna vera sterke åtak av ripsbladmøll og ripsskotmøll (Johansen & Samuelsen,

1983).

Bladlus og bladmidd kan også gjera skade i enkelte år, men viktigaste av desse er

solbærgallmidd. Denne gallmidden kan herja mykje i kyststrok, og er vektor for

nesletoppvirus. Symptoma på gallmidden er oppsvulma knoppar som turkar inn, og det kan

bli lange snaue greinparti ved herjing. Etter kvart vil heile plantingar kunna bli raserte.

INNSAMLING AV MATERIALE

Det er forholdsvis kurant å få tak i det meste av materialet som bør vera med i ei nasjonal

samling av Ribes, men ein del eldre solbærsortar må lokaliserast i privathagar, evt. hentast frå

utanlandske arkiv. Mange sortar er lokaliserte i eksisterande klonarkiv, men den fytosanitære

status for materialet er p.t. ikkje definert i andre arkiv enn på eliteplantestasjonen. Ved

innsamling bør alt materialet testast for nesletoppvirus og stikkelsbærmosaikk ved Planteforsk

Plantevernet eller ved eit utanlandsk laboratorium. Negativt testresultat må føreliggja før

materialet vert stukke. Dette er viktig for å unngå å måtta rydda alt ved eit seinare høve.

KOSTNADER

Innsamling og etablering av samlinga er ein eingongskostnad som bør gå som eit særskilt

prosjekt. Testing for vira vil medføra ein stor kostnad (i storleiksorden kr 1000 – 1500 pr. sort

for 2 vira), og elles vil kostnadane til innsamling og etablering av felt vera i storleiksorden kr.

50-100.000. Felta må fornyast om lag kvart 20.-25. år, og stellast årleg med skjering,

gjødsling, vatning og plantevern. Det skal informerast om materialet til offentlege og private,

og karakterisering skal utførast på oppdrag frå m.a. Nordisk Genbank. Årlege kostnader til

10

klonarkiva må forhandlast fram mellom institusjonen som får oppdraget og

genressursutvalget.

INFORMASJON OG PRESENTASJON

Informasjon frå samlinga kan vera i samband med vitjing av grupper som t.d. hagelag,

skuleklassar, studentar, og i fagtidsskrifter. Ei Ribes-samling vil også vera svært eigna til å

laga undervisningsopplegg kring ulike produkt av bær, og fokus kring vitaminer og antioksydantar.

Dette kan gjerna koblast inn mot grunnskulen, eller også mot andre målgrupper.

Informasjon og karakterisering av materialet må også kommuniserast til internasjonale

samarbeidspartnerar, fyrst og fremst via Nordisk Genbank.

Presentasjon av materialet gjennom god skilting i samlinga, og også informasjon kring viktige

personar i samband med Ribes i Noreg og kva dei har gjort for utvikling av sortimentet. Kor

stor vekt som skal leggjast på presentasjon, vil i stor grad avhenga av tilgang på ressursar og

engasjementet til dei personar som arbeider med samlinga.

KONKLUSJONAR

Det er føreslege å ta vare på 15 solbærsortar, 7 rips-sortar og 8 stikkelsbærsortar til ei norsk

kjernesamling. For å sikra materialet, er det tilrådd å etablera ei sentral sørleg samling og i

tillegg ei nordleg samling for nordleg materiale med særlege fotoperiodereaksjonar. På Holt

har dei meir enn 40 vinterherdige, tidlege sortar og utval i solbær frå dei nordlege deler av

Sverige, Finland og Russland, i tillegg til nokre eigne utval. Framtidig sikring av dette

materialet bør samordnast med dei andre landa gjennom NGB, då det ikkje er eit direkte

nasjonalt ansvar å ta vare på dette materialet frå eit genetisk eller historisk synspunkt.

Omfanget av samlingane kan verta noko større som del av internasjonale nettverk i form av

duplikat og/eller referansesortiment for karakterisering.

LITTERATUR

Andersson, V. 2000. Samler stikkelsbær. Norsk Hagetidend 116 (7/8): 460-461

Asdal, Å. 1984. Registrering av viltvoksende Ribes I Sogn og Fjordane og Oppland.

Hovedoppgave ved NLH, 1984: 92 s.

Asheim, H. 1986. Variation in Ribes rubrum L. in Scandinavia. Acta Horticulturae 183: 39-

46.

Bjerkestrand, E. 2003. Personleg opplysning.

Furu, K. 1976. Villrips. Norsk Hagetidend 92: 207.

Furu, K. 1985. Registrering av villrips – Ribes spicatum i Finnmark og Nord-Troms. SFFL

rapport: 30 s.

Heggli, M. 1955. Identifisering av solbærsorter. Frukt og bær 1955: 58-75.

Heggli, M. 1958. Sortsgransking i stikkelsbær. Frukt og bær 1958: 46-53

Heiberg, N. 1986. Fruit drop in red currants. Acta Horticulturae 183: 257-261.

Johansen, T.J. & R.T.Samuelsen. 1983. Møll som skadedyr på rips og solbær. Norden

87:15,36.

Jones, A. T. 2002. Important Virus Diseases of Ribes, their Diagnosis, Detection and Control.

Acta Horticulture 585 (1): 279-285

Leisner, M. 1986. Sortsvurdering i rødrips. Frukt og bær 1986: 11-17 (berre Jotun)

Lysbakken, S. 1935. Lærebok i hagedyrking. Aschehoug, Oslo 1935: 275 s.

Måge, F. & K. Grønnerød. 1999. Erfaring med solbærsortar ved NLH. Norsk frukt og bær 2

(1): 16-17

11

Nes, A. 2000. Prøvedyrking av ny solbærsort frå Skottland ? Norsk Frukt og Bær 3(2): 9.

Nes, A. 2001. Presnetasjon av den nye solbærsorten ’Ben Nare’. Norsk frukt og bær 4(3): 23

Nes, A.; A.Hjeltnes; M.Meland; M.Flønes & R.Nestby. 1992. Dyrkingsverdien av ripssortar

for Sør- og Midt-Noreg. Norsk Landbruksforsking 8(3-4):199-216

Nes, A. & M.Meland. 1992. Vurdering av 46 sortar og utval av solbær i Sør-Noreg. Norsk

landbruksforsking 6(4): 381-400

Olafsson, A. 1979. Solbærsortar. Institutt for fruktdyrking, NLH, stensiltrykk nr. 23: 24 s.

Sakshaug, K. 1994. Ben Alder och Sunniva kan ersätta Öjebyn. Frukt- och bärodling 36 (4):

64-65

Samuelsen, R.T. 1983. Rips i nord. Frukt og bær 1983: 17-19.

Samuelsen, R.T. 1986. Wild currant (Ribes spicatum Robs.) registration and collecting for

breeding and domestication purposes in the Arctic Norway. Acta Horticulturae 183: 33-38

Samuelsen, R.T. 1987. ’Altas’ – Ny ripssort for nordnorske hager. Norden 91(12): 26.

Samuelsen, R.T. 2002. Rapport 2002 om observasjoner i rips i nord. Prosjketrapport til

genressursutvalget: 15 s.

Samuelsen, R.T.; A. Bjørnstad & H. Nilsen. 1995. Sorter og utvalg av rips prøvd i nord.

Planteforsk Holt forskingssenter, trykk 1/95: 40 s.

Øydvin, J. 1978. Skildring av tre nye ripscultivarar, ’Fortun’, ’Nortun’ og ’Jotun’, og

kjennemerke på foreldra. Gartneryrket 68: 452-456

Øydvin, J. 1999. ‘Narve Viking’ solbær. Norsk frukt og bær (2): 26-27

Øydvin, J. 2003. Personleg opplysning

12

VEDLEGG:

Adresseliste for lokalitetar med sort

Sortnamn Kjelde for materialet

Solbær

Bang up

Ben Nare Eliteplantestasjonen

Ben Tron Eliteplantestasjonen

Boskoop kjempe

Hedda Eliteplantestasjonen

Haakon Eliteplantestasjonen

Kristin Eliteplantestasjonen

Narve Viking* Eliteplantestasjonen

Sigrid Johannes Øydvin

Silvergieter

Sunniva Eliteplantestasjonen

Svarteper

Varde Viking* Eliteplantestasjonen

Victor Viking* Eliteplantestasjonen

Øjebyn Eliteplantestasjonen

Rips

Altas Eliteplantestasjonen

Fortun Eliteplantestasjonen

Jotun Eliteplantestasjonen

Kvit Hollandsk NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

Losvar Planteforsk Holt

Nortun Eliteplantestasjonen

Raud Hollandsk Eliteplantestasjonen

Stikkelsbær

Achilles NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

Careless NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

Grüne Kugel NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

Hinnonmäen Keltainen NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

Hönings Früheste NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

Lepaan rød (“Hinnonmäen rød”) NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

Whineham’s Industry NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

White Lion NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

Whitesmith NLH, inst. For plante- og miljøvitenskap

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!